Jølster kommune Arkiv: FE - 020, FA - V00 JournalpostID: 17/486-2 Sakshandsamar: Helgheim, Joar Dato: 31.08.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 062/17 Utval for Plan og Utvikling 13.09.2017 Høyring - forbod mot nydyrking av myr Vedlegg i saka: 1. Høring - Endringer i reglene om nydyrking - Forbud mot 86659 nydyrking av myr 2. Høringsnotat 86660 3. NIBIORapport_Kunnskapsgrunnlag om nydyrking av 86661 4. Tilleggsutredning knyttet til kostnadseffektivitet og klima 86662 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 2. Jølster kommuen rår til at høyringsframlegget vert endra slik at det ikkje vert gjeve noko generelt forbod mot nydyrking av myr. Jølster kommune meiner likevel at forbod mot nydyrking av djup myr kan vere aktuelt. 3. Når arronderingsmessig omsyn gjer det tenleg å dyrke djup myr saman med dyrkbar mineraljord og/eller grunn myr må det reknast som ein særskilt grunn for dispensasjon frå eit eventuelt forbod mot dyrking av djup myr. 13.09.2017 Utval for Plan og Utvikling Handsaming: Framlegg til nytt vedtak frå Venstre: 2. Jølster kommuen støttar eit forbod mot dyrking i djup myr.
Framlegg frå Steinar Dvergsdal SP som tillegg til til punkt 2:,der det ikkje kan nyttast utsleppsreduserane dyrkingsmetodar. Røysting: Det vart røysta punktvis: Punkt1: Samrøystes i samsvar med tilrådiga. Punkt 2: Framlegget frå V fekk 1 røyst og fall. Rådmannen sitt framlegg til punkt 2 med tilegg frå Steinar Dvergsdal fekk 7 stemmer og vart vedteke. Punkt 3: Framlegget frå V fekk 1 røyst og fall. Rårmannen sitt framlegg til punkt 3 fekk fekk 7 stemmer og vart vedteke. UPU-062/17 Vedtak: 2. Jølster kommuen rår til at høyringsframlegget vert endra slik at det ikkje vert gjeve noko generelt forbod mot nydyrking av myr. Jølster kommune meiner likevel at forbod mot nydyrking av djup myr kan vere aktuelt,der det ikkje kan nyttast utsleppsreduserane dyrkingsmetodar. 3. Når arronderingsmessig omsyn gjer det tenleg å dyrke djup myr saman med dyrkbar mineraljord og/eller grunn myr må det reknast som ein særskilt grunn for dispensasjon frå eit eventuelt forbod mot dyrking av djup myr. Saksutgreiing: Bakgrunn Framlegg til endring i jordlova 11, andre ledd, og forskrift om nydyrking, er sendt på høyring av Landbruks- og matdepartementet (sjå vedlagt brev, høyringsnotat og NIBIO-rapportar). Endringane gjeld i hovudsak eit generelt forbod mot nydyrking av myr. Forbod mot nydyrking av myr vert fremja av omsyn til klima. NIBIO har utarbeidd rapporten «Kunnskapsgrunnlag om nydyrking av myr - Sammenstilling av eksisterende kunnskapsgrunnlag om nydyrking av myr og synliggjøring av konsekvenser ved ulike reguleringstiltak» på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (sjå vedlegg). Dei har også stått for ei tilleggsutgreiing knytt til «kostnadseffektivitet og klimaeffekter av forbod mot nydyrking av myr» (sjå vedlegg). Det er desse dokumenta som dannar det faglege grunnlaget for departementets høyringsframlegg.
Myr fungerer som karbonlager på same vis som olje- og gassreservoar. Når myr vert eksponert for luft startar ein prosess som frigjer CO2 (frå lageret av organisk karbon). Det vanleg å tenkje seg at dette skjer når myr vert dyrka. Det vert òg danna lystgass (som også er ein klimagass) frå dyrka jord. På eit eller anna tidspunkt, etter dyrking, tenkjer ein seg at det oppstår ei likevekt der like mykje C02 vert bunde som det som vert frigjort frå den dyrka jorda. Vurderingar Kunnskapsgrunnlaget som vert presentert i høyringsdokumenta er relativt tynt på fleire punkt, etter rådmannens syn. I NIBIO-rapporten vert m.a. følgjande sagt: «Det er generelt stor usikkerhet om klimagassutslippene fra dyrket myr og det finnes lite datagrunnlag for Norge. IPCC har foreslått en utslippsfaktor på 7,9 tonn CO2-C per hektar og år, (0,79 kg CO2-C m-2) for dyrket mark på myr1 i temperert og boreal klima, med et konfidensintervall på 2,9 til 8,6 tonn (IPCC, 2014). Vi har brukt IPCCs standard utslippsfaktor i denne rapporten». Noko av det same vert sagt om talfesting av utslepp av lystgass frå dyrka jord. Utover den generelle usikkerheita, knytt til IPCCs standard utslippsfaktor, peikar rapporten også på at val av dyrkingsmetode kan vere avgjerande for kor store klimagassutsleppa vert. Det gjeld særskilt dyrking av grunn myr på mineraljord. Det vert vist til lovande forsøk med dyrking gjennom omgraving (der mineraljord vert lagt oppå omgraven grunn myr). Dette som eit alternativ til tradisjonell dyrking og grøfting. Tilleggsutgreiinga ymtar om at eit generelt forbod mot nydyrking vil kunne hindre utslepp av mellom 85 000 og 169 000 tonn CO2-ekvivalenter år-1, i år 2030. Dersom forbodet vert retta berre mot djup myr er tilsvarande tal på mellom 46 000 og 91 000 tonn CO2-ekvivalenter år-1 (under føresetnad av at nydyrking av grunn myr ikkje aukar ved forbod mot nydyrking av djup myr). Grunn myr står altså for ca 54 % av CO2-ekvivalentane, i desse scenarioa. Kvaliteten på desse tala er ikkje betre enn føresetnaden dei byggjer på, og som nemnt er det stor usikkerheit om føresetnadane. Det gjeld både generelt og særskilt i høve val av dyrkingsmetode for nydyrking av grunn myr på mineraljord. I samband med utforming av klimapolitikken for Noreg har ein rekna med at totalt utslepp av drivhusgassar vil svare til ca. 54 500 000 CO2-ekvivalenter år-1, i år 2020. Eit forbod mot nydyrking av myr vil i så måte ha svært avgrensa effekt på dei totale utsleppa. Tek vi utgangspunkt i tala frå høyringsdokumenta vil nydyrking av myr (maksimalt) stå for ca 0,3 % av desse utsleppa (i ein situasjon utan forbod). Framlegget om forbod byggjer til sist på vurdering av samfunnsøkonomiske aspekt knytt til nydyrking av myr. Rådmannen finn at også dei vurderingane som er gjort av desse aspekta har klare svakheiter. NIBIO-rapporten viser ein modell for utrekning av samfunnsøkonomisk konsekvens, som byggjer på nokre enkle føresetnader. Når ein brukar modellar for å sjå på komplekse samfunnsspørsmål skal ein vere medviten at modellane i seg sjølv ikkje kan avgjere kva som er verdfullt for eit samfunn. Dei føresetnaden ein lagar seg for kva som skal tilleggjast verdi, i modellane, er avgjerande for det resultatet ein får. NIBIO meiner at det er liten tvil om at eit forbod mot nydyrking av myr er samfunnsøkonomisk lønsamt, utifrå bruk av slike modellar. Rådmannen vil hevde at det er eit «politisk» basert svar utifrå kva samfunnsomsyn modellane har verdsett heller enn eit «nøytralt fagleg» basert svar om kva som har verdi for samfunnet. NIBIO skriv då også at «Det er likevel et problem å vurdere tiltak som dette, som fremmer utviklingen mot én målsetting og hindrer utviklingen mot en annen. I dette tilfellet gir tiltaket en klar positiv klimavirkning, mens andre målsettinger om matforsyningssikkerhet og landbruk i hele landet kan bli svekket» (tilleggsutgreiing s. 27). Rådmannen merkar seg spesielt at det (for dei utgreiinga som er gjort) er lagt til grunn at det ikkje er noko mål å auke sjølvforsyningsgraden i Noreg. Når det gjeld matproduksjon så framhevar NIBIO-
rapporten at det berre er auke i kornproduksjonen (i Noreg) som er ønskeleg (av klimaomsyn). Rapporten drøftar ikkje om det kan vere behov for meir matproduksjon totalt sett, i ei verd med aukande folketal. Rapporten tar det også for gjeve at produksjon (og eventuell transport) av den maten som kan bli erstatta av matproduksjon med grunnlag i nydyrka myr i Noreg ikkje fører til ulemper for samfunnet (/klima og miljø). Utrekninga (av samfunnsøkonomisk konsekvens) tek heller ikkje omsyn til distriktspolitiske ambisjonar for landbruket, for eksempel knytt til busetjing og livskraftige (husdyr-) produsentmiljø med tilhøyrande foredlings- og leverandørindustri. I det heile tek ikkje utrekninga omsyn til at samfunnet vil ha positive interesser i nydyrking av myr. Det vil seie at ho legg til grunn at samfunnet berre har ulemper (knytt til klima) av nydyrking av myr. Forbodet har også ein klar geografisk dimensjon gjennom at det i størst grad råkar Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Nettopp for desse landsdelane reknar rådmannen med at distriktspolitiske omsyn kan gjer seg gjeldande. Rådmannen vil hevde at dei økonomiske vurderingane (som ligg til grunn for framlegget) bryt med dagens føremålsparagraf i jordlova ( 1), som seier at: «Denne lova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar. Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltinga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter» (Rådmannens utheving). Stortinget har, i samband med handsaming av regjeringas jordvernstrategi, signalisert at auka nydyrking er ønskeleg. Jølster kommunen legg i kommuneplanen til grunn at samfunnet har positive interesser knytt til nydyrking av areal, som grunnlag for auka fôr-, kjøt- og mjølkeproduksjon. Endra reglar for nydyrking vil påverke mogelegheitene for oppfølging av kommuneplanen. Det gjeld særskilt målet om «eit effektivt og allsidig landbruk som nyttar ressursane godt og tek god vare på natur- og kultur-landskapet», og dei tilhøyrande strategiane (Kommuneplanen sin samfunnsdel, s. 23) om å støtte opp om bøndene som driv stort og ønsker å utvide, gjennom å sette av areal til nydyrking og å vere pådrivar auke matproduksjonen i kommunen med minst 1 % årleg dei neste 20 åra ( ) kartlegge trongen for å omdisponere dyrka mark på Skei og Vassenden vurdere alternativ bruk av eksisterande areal, samt kartlegge område for nydyrking til erstatning. I kommuneplanens arealdel er det sett av ei «omsynssone landbruk». Dette gjeld område der «det ikkje gjevast løyve til tiltak som vil kunne vanskeleggjere nydyrking eller tiltak som kan redusere området sin verdi som eit potensielt nydyrkingsareal» (planføresegner s. 10). Innanfor omsynssona ligg det både djup og grunn myr, samt mineraljord, om ein annan. Det vil difor bli vanskeleg å oppnå god arrondering ved nydyrking, innanfor denne sona (og generelt i Jølster), dersom det vert forbod mot nydyrking av myr. Eit forbod mot nydyrking myr kan såleis også setje ein stoppar for dyrking av anna dyrkbar jord. NIBIO er klar over dette, men seier at dei ikkje kjenner omfanget av problemet. Dei finn likevel grunn til «å anta at det bedriftsøkonomiske tapet kan bli større hvis forbudet mot dyrking av myr lager problemer for god arrondering» (tilleggsutgreiing s. 25). Rådmannen vil legge til at det ikkje berre gjeld det bedriftsøkonomiske tapet men også samfunnsøkonomiske tap knytt til distriktspolitiske mål
mv. Konklusjonar Rådmannen meiner at det vil gagne samfunnet å ta klimaomsyn ved handsaming av nydyrkingssaker. Eit nydyrkingsprosjekt som vil føre til store «utslepp» av klimagassar (og eventuelt andre negative miljøeffektar) og som samtidig berre vil gje avgrensa positive effektar, for gardbrukar og samfunn, bør ikkje realiserast. Rådmannen er likevel negativ til å innføre eit generelt forbod mot nydyrking av myr. Dette utifrå dagens mangelfulle kunnskap om klimaeffektar knytt til nydyrking av myr, jamfør vurderingane ovanfor. Han meiner såleis at kritikken om manglande kunnskapsgrunnlag som møtte forslaget som vart sendt på høyring i 2010 (og deretter skrinlagt) også er gyldig i høve dagens framlegg. Rådmannen merkar seg også at det ikkje er vanleg, innanfor andre samfunnssektorar (som medverkar til monaleg større utslepp, som for eksempel energi og samferdsle), å late klimaomsyn «trumfe» alle andre samfunnsomsyn. Rådmannen ser det heller ikkje som naudsynt i nydyrkingssaker. Klima bør heller gå inn som eit omsyn som vert vektlagt saman med dei andre omsyna. Rådmannen meiner at omsyn til klima kan innarbeidast i jordlovas 11, andre ledd, på følgjande måte: For å unngå skadeleg utslepp av klimagassar og/eller skade på natur- og kulturlandskap, kan departementet gi føresegner for nydyrking. I føresegnene kan det fastsetjast forbod mot nydyrking og at nydyrking berre kan skje i samsvar med plan godkjend av departementet. Rådmannen oppfattar at det er meir krevjande å oppnå god og tenleg dyrka jord ved nydyrking av djup myr, enn ved nydyrking av grunn myr. Samtidig er omgraving, som kanskje kan vise seg å vere den mest «klimavenleg» metoden for nydyrking av myr (når ho ligg på mineraljord), mindre aktuell for djup myr. Klimagassutslepp frå nydyrka djup myr varer lenger ved, enn utslepp frå nydyrka grunn myr. Dei samla utsleppa vert såleis større ved nydyrking av djup myr. Dersom ein fyrst skal gå for eit forbod er det såleis meir som talar for eit forbod berre mot dyrking av djup myr, heller enn eit generelt forbod. Rådmannen registrerar også at fleirtalet i stortingskomiteen meiner at det er viktig å skilje mellom djup og grunn myr. Dersom det vert innført forbod, vil det vere tenleg at andre omsyn kan gje grunnlag for dispensasjon (frå forbodet). Rådmannen meiner omsyn til god arrondering bør gje grunnlag for slik dispensasjon.