Innhold. -Omtale av søknader hausten 2012. Prosjektomtalar SMIL hausten 2012



Like dokumenter
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Til Kopi: Tenesteleiar Einar Nedrelo Frå Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato

Omtale av SMIL-søknader våren 2012

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Rådmannen tilrår likevel at søkjar skal få 70% av godkjent kostnadsoverslag, altså eit tilskot på kr ,-.

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

Kvam herad. Siri Byrkjeland - søknad om omdisponering av areal - bygging av bustad/veg/ reiskapshus, gnr 7, brnr 189

Notat om historie og kulturlandskap

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 89/08 Tilskot til nærings- og miljøtiltak i Luster kommune 2008 Fordeling av resttilskot

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Kulturhistoriske registreringar

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Otta Dato: Tidspunkt : 18:00

S AK S F R AM L E G G

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - transport av materiale og proviant med traktor til Hjølmo

UTSIKTSRYDDING I LUSTER

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 243 V08 Arkivsaksnr.: 16 / 547

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Granvin herad Sakspapir

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Løyve til riving og oppføring av naust i Langedalen - Fitje Sameige

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Stølsheimen landskapsvernområde - løyve til utbetring av stølsstien ovanfor Negardstølen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Områdefreding Stødleterrassen

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - sankebu i Ljosdalen

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Lønnsundersøkinga for 2014

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Erling Bjørnetun/Liv Helen Nystuen Arkiv: 223 L02 Arkivsaksnr.: 14/346

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Plan og næring. Forvaltningsutvalet. Kopi: Jostein Aanestad

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 2: Kyrkjeteigen

Undredal sentrum Reguleringsendring detaljregulering gnr 51, bnr 20 m.fl

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 3: Kyrkjegata

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Myrkdalen Hotell Dato: Tidspunkt: 12:00 15:30

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - ombygging av stølshuset på Fristølen

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

Transkript:

-Omtale av søknader hausten 2012 Innhold 1 Restaurering av stølshus og stølsmiljø... 2 1.1 Restaurering av stølshus med mjølkebu på Kringla... 2 1.2 Restaurering av steinsel i Ormelid... 3 1.3 Oppattbygging av stølsløe på Dulsete... 4 1.4 Bevaring av stølsfjøs på Saupsete, gnr 99, bnr 3... 5 1.5 Restaurering av stølsfjøs på Saupsete, gnr 99, bnr 4... 6 2 Prosjekt på kulturmark... 6 2.1 Rydding av gamal beitemark på Eikjastrondi... 7 2.2 Ryddeprosjekt i Gaupne,- tilbakeføring til slått og beite... 8 2.3 Rydding av skog til beite på Heggmyrane... 9 2.4 Skogrydding rundt Breheimsenteret... 10 3 Steingardar og andre særeigne kulturlandskapselement... 11 3.1 Restaurering av steingarde på Øverland... 11 3.2 Rydde fram steingarde og tilrettelegge med gjerdeklyvar for stien til Molden... 12 4 Ferdselsvegar... 13 4.1 Gamlevegen mellom Ormbergstøl og Vigdalen... 13 4.2 Restaurering /rydding av gammal ferdselsveg til Joranger... 14 5 Ureiningstiltak... 15 5.1 Utedo på Sippelhaug... 15 6 Tiltak på bygningar som ikkje knyter seg til utmark... 16 6.1 Restaurering av stabbur på Høgi... 16 6.2 Restaurering av stabbur frå 1902, gnr 113, bnr 11... 17 6.3 Restaurering av stabbur på høgdegarden Rebni... 18 6.4 Reperasjon av driftsbygning på Rebni... 19 7 Bustadhus... 20 7.1 Reperasjon av grunnmur på stovehus, gnr 120, bnr 1... 20 7.2 Istandsetjing av stove frå krigens dagar... 21 7.3 Restaurering på Belgen, del 2... 22 1

1 Restaurering av stølshus og stølsmiljø 1.1 Restaurering av stølshus med mjølkebu på Kringla Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2527 Svein Tore Heltne 270 120 264 016 80 000 Svein Tore Heltne, gnr 45 bnr 1 søker om midlar til å rehabilitere stølsbygning på stølen Kringla. Prosjektet omfattar reperasjon av grunnmur og tak både på sel og mjølkebu, oppgåver som må gjerast for å redda bygningen. Kostnadsoverslaget inneheld utgifter til materialar, arbeidstid, helikopterflyging og riggarbeid. Kringla er eit flott stølsområde og det er viktig å ivareta stølsbygningane. Slike prosjekt er høgt prioriterte i tiltaksstrategien for Luster kommune. I godkjend kostnadsoverslag er det gjort fråtrekk for isolasjon. Vidare vert tilskotssatsen justert ned for å tilpassa slik at han vert på nivå med prosjekt det er naturleg å samanlikna med. Det vert sett vilkår om at søkjar nyttar gamaldags bølgjeblekk, eventuelt torv eller heller på taket i staden for pappshingel. Framlegg til løyving: Kr 80 000. Taket over mjølkebua er ikkje lenger tett. Detalj frå stølshuset på Kringla. 2

1.2 Restaurering av steinsel i Ormelid Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2743 Andreas Otterhjell 167 000 0 Selet til Andreas Otterhjell på Øvstestølen er særleg verdifullt fordi det er del av Ormelid, som er eit gardssamfunn med fire tusen års kontinuitet. Stølen er tidfesta til overgangen vikingtid-mellomalder, og freda i samband med at Øvre Ormelid vart freda etter kulturminnelova. Alderen på sjølve selet er ukjend. Skotet er i dag utan tak, men sjølve selet er tekt med bølgjeblekk. Hellene som har vore tak over skotet ligg inne i murane. Ved sida av å leggja torvtak på heile selet ynskjer søkjar å innreia det slik at det kan brukast i samband med tilsyn med geitene og i jakta. Administrasjonen ynskjer å sjå nærare på dette prosjektet, som også lyt vurderast i høve vernereglane av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Å utsetja handsaminga til våren 2013 vil truleg ikkje seinka framdrifta i prosjektet vesentleg. Bilete frå Øvstestølen. 3

1.3 Oppattbygging av stølsløe på Dulsete Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2577 Tage Skjaak Moen 35 000 35 000 25 000 Tage Skjaak Moen, gnr 24, bnr 1, søkjer om støtte for å bygge opp att ei løe som vart øydelagd under flaum. På grunn av fare for nye flaumar vil løa bli sett opp i enden av stølsgjerdet, lengst frå elva, litt høgare i terrenget enn ho stod før. Plassering og teikningar er godkjende av Breheimen nasjonalparkstyre. Bygningen skal oppattbyggast med ståande panel frå gammal løe og det skal også brukast bølgeblekk frå gammal løe. For å gjennomføra prosjektet trengst tre helikopterturar. Arbeidsforbruket er rekna til to veker. Den opphavlege løa var i bruk fram til 1964 og fôret som vart hausta på stølsgjerdet vart frakta heim til Moen med hest og slede om vinteren. Løa er tenkt teken i bruk til lagring av høy som ein del av slåtteprosjektet som er starta opp på Dulsete og Knivabakkgjerdet i regi av SNO. Stølsbygningane utgjer ein viktig del av kulturlandskapet vårt og er høgt prioriterte i SMIL-strategien. Prosjektet er godkjent av vernestyresmaktene og alt ligg til rette for at dette kan gjennomførast som eit godt SMIL-prosjekt. Kostnadsoverslaget vert vurdert å vera noko lågt. Administrasjonen går inn for ei løyving på 70 % av oppgjeven kostnad, kr 25 000. 4

1.4 Bevaring av stølsfjøs på Saupsete, gnr 99, bnr 3 Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2476 Thomas Feet 78 375 78 375 33 000 Fjøsar og løer i utmark har liten nytteverdi i moderne jordbruk, og er i lita grad eigna til å ta vare på gjennom ny bruk. Desse forsvinn difor raskare enn sela, som gjerne vert tekne vare på til fritidsbruk. Difor er det hyggeleg å sjå at det er planar om restaurering av to stølsfjøsar på same stølen, Saupsete. Den fyrste gjeld bevaring av den gamle stølsfjøsen til Thomas Feet i tilnærma opphavleg stand. Planane går ut på å rette opp grunnmur og skifte ut det som er skada av berande konstruksjonar og kledning. For framtida vil bygningen bli brukt til oppbevaring av bruksgjenstandar frå 30- og 40-talet og vedlikehald vil bli utført etter behov. SMIL-midlar skal nyttast for å bevare eller tilbakeføre i samsvar med lokal byggeskikk. Ved restaurering er det eit vilkår at gjenbruk av gamle kledningsbord skal veljast framfor ny material så langt det er rimeleg. Som ny kledning kan ukanta, ståande panel nyttast. Eventuelt nytt /restaurert tak må vera i tradisjonell utføring. Ettersom Thomas Feet ikkje er søkjegod for produksjonstilskot er han ikkje i Luster kommune si hovudmålgruppe, og bør få ein lågare tilskotsprosent enn søkjarar med sterkare landbrukstilknyting. Framlegg til løyving: Kr 33 000. Kommunen har motteke to søknader som gjeld restaurering av slike fjøs på Saupsete. Dette tilhøyrer Thomas Feet. 5

1.5 Restaurering av stølsfjøs på Saupsete, gnr 99, bnr 4 Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2625 Johannes Høgi 118 336 118 336 50 000 Johannes Høgi, gnr 99 bnr 4 søker om midlar til å restaurere stølsfjøsen på Saupsete for å kunne ta vare på han for framtida. Fjøsen er oppsett rundt 1947, har ståande ukanta kledning og det er bølgeblekk på taket. Bygningen er vurdert av Luster Byggservice AS som konkluderer med at kledninga hovudsakleg må skiftast. Tak og dør skal også restaurerast. Totalkostnaden vert dregen opp ved at alt arbeidet skal gjerast av fagfolk. Søkaren vil ta vare på bygningen for ettertida og nytte han til oppbevaring av ved m.m. Stølsfjøsane er viktige i det særprega kulturlandskapet som stølane våre utgjer. For å ivareta særpreget er det viktig at det blir brukt ukanta kledning, slik at noverande utsjånad vert ivareteken. Administrasjonen går,etter ei samla vurdering, inn for ei løyving på kr 50 000. Eit vilkår for løyvinga er at det vert brukt ukanta, ståande kledning og bølgeblekk. Den andre av to stølsfjøsar som skal setjast i stand på Saupsete. Denne tilhøyrer Johannes Høgi. 2 Prosjekt på kulturmark Kort om kostnadsvurdering for ryddeprosjekt For å unngå store sprik i tilskotet pr dekar har administrasjonen i stor grad lagt til side søkjarane sine eigne, sterkt varierande, kostnadsoverslag når det gjeld ryddeprosjekt. I staden er det sett opp ein mal som vert nytta som utgangspunkt for kostnadsvurderinga. Inntrykka frå synfaring avgjer om kostnadsgrunnlaget skal justerast opp eller ned; det er stor skilnad på å rydda fin vedaskog i flatt lende, i høve til å rydda krattskog i bratt og uframkommeleg terreng. Malen tek utgangspunkt i timesatsar på kr 150, 200 og 400 høvesvis for arbeid med hand, motorsag og traktor, og ein samla timebruk på 10,6 t/daa. (Den lågaste satsen, som gjeld arbeid utan maskin er 6

henta frå Handbok for driftsplanlegging, Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking, 2011/2012.) Med dette kjem ein ut med ein kostnad på om lag kr 2 000 pr daa. Ei tilnærming er å klassifisera ryddeprosjekta etter tre nivå, lett, middels og krevjande, der tilskotsgrunnlaget er høvesvis kr 1 000, 2 000 og 3 000. Dei fleste ryddeprosjekta vert klassifiserte som «middels». 2.1 Rydding av gamal beitemark på Eikjastrondi Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2405 Tomas Kjørlaug 28 900 18 000 13 000 Tomas Kjørlaug, gnr 113, bnr. 25 søker om midlar å rydda eit areal på om lag 7 daa attvakse beite i bratt og ulendt terreng ved Eikjastrondi. Området tilhøyrer gnr 107, bnr 2 som er ein del av landbrukseigedommen hans. Innanfor det omsøkte området er det også av eit mindre felt planta gran som har spreidd seg. Når det gjeld framtidig bruk er tanken å bruka det ferdigrydda arealet til beiting. Opning av attgrodde område og tilbakeføring til beite er generelt positivt med tanke på eit meir variert og betre kulturlandskap. Etter utrekning basert på Skog- og Landskap sitt kartverk og med fråtrekk for tilplanta gran, vert arealet 6 daa. På grunn av arbeidskrevjande terreng vert høg tilskotsats på 3 000 kr/daa nytta. Administrasjonen går inn for eit tilskot 70 % av godkjend tilskotsgrunnlag; kr 13 000. Bilete frå området som skal ryddast. 7

2.2 Ryddeprosjekt i Gaupne,- tilbakeføring til slått og beite Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2541 Stein Helge Kristensen 24 500 24 500 7 000 Stein Helge Kristensen, eigar av gnr 45 bnr 1 i Gaupne, ønskjer å rydde skog i randsonene til dyrka jord på garden sin. Dette er eit ledd i eit større arbeid for å oppnå betre arrondering og å redusera vassproblem. Planen er å rydde skog med påfølgjande nydyrking og tanken er at området i framtida både skal beitast og slåast. Fleire stikkrenner frå Engjadalsvegen munnar ut i overkant av arealet, og høgt vassinnhald har gjort jordarbeid og slåttearbeid vanskeleg. Dette har vore ein medverkande årsak til at området har grodd att. Området som er attgrodd har til saman eit areal på om lag 5 daa. Eventuelt nydyrkingsarbeid må gjennomførast etter godkjent nydyrkingsplan og det kan då søkast nydyrkingstilskot. Kristensen har planar om å utføre naudsynt grøftearbeid i samband med oppdyrkinga. For tida eksisterer det ikkje tilskotsordning for grøfting, men frå våren 2013 vert det sett av midlar til dette gjennom SMIL-ordninga. Kristensen har planar om å søke tilskot for grøfting som ei vidareføring av dette prosjektet. Arealet er tilvakse med stor or og anna lauvskog, og det er positiv at arealet no vert opna opp att og at vidare attgroing vert hindra. Arealet vert vurdert å vera middels arbeidskrevjande ( bruk av middels sats, kr 2 000 pr daa). Administrasjonen kostnadsreknar skogryddinga til kr 10 000. Ein rår til maksimalt tilskot på 70 %, dette gir ei støtte på kr 7 000 for rydding av arealet. Randsoner til dyrka mark i framgrunnen. 8

2.3 Rydding av skog til beite på Heggmyrane Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2574 Johannes Hauge 90 000 66 000 46 000 Johannes Hauge søkjer SMIL-tilskot til å rydde eit areal på 44 daa på Heggmyrane. Ein del av arealet består av skog av særs god bonitet, noko er tilvakse innmarksbeite og noko er klassifisert som uproduktiv skog. Hauge skriv i søknaden sin at han skal rydde all skog på det flate arealet. Det omsøkte området er avgrensa slik det går fram av kartet. Som framtidig bruk har Hauge tenkt å leige arealet ut til beite. Område som skal ryddast med fiolett farge. Halvdelen av arealet vert vurdert som middels arbeidskrevjande, resten lite arbeidskrevjande. Administrasjonen tilrår eit tilskot for dette arealet på kr 46 000. 9

2.4 Skogrydding rundt Breheimsenteret Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2578 Breheimsenteret 42 500 0 Breheimsenteret i Jostedalen søker som støtte til å rydde skog i områda rundt bygningen sin. Omsøkt areal ligg mellom senteret og vegen, og nord for Breheimsenteret. Føremålet er å få fram att utsikta. Sjølve Breheimsenteret er no lite synleg frå vegen for tilreisande, og det er også blitt mykje skog som skuggar for utsikten inn mot Nigardsbreen frå sjølve Breheimsenteret. Breheimsenteret har i fylgje søknad munnleg avtale med eigarane av grunnen der prosjektet skal gjennomførast. Det omsøkte arealet er på om lag 20 daa. SMIL-forskrifta 3 omhandlar vilkåra for å kunna søkja SMIL-tilskot. I tillegg til personar som eig eller driv ein landbrukseigedom, kan alle som er registrert i einingsregisteret søkja. Til den siste gruppa er fyrst og fremst tenkt ulike lag og organisasjonar, slik som grendelag, historielag, grunneigarlag osb. I andre avsnitt av 3 heiter det: Det kan ikke innvilges tilskudd til prosjekt eller tiltak på landbrukseiendommer som eies og drives av stat, fylke eller kommune med mindre tiltaket er et fellestiltak der en eller flere tilskuddsberettigede landbrukseiendommer er med. Ettersom søknaden gjeld eit enkelttiltak, er det ikkje høve til å gje tilskot til rydding av den delen av arealet som kommunen eig. Prosjektet vantar tilknyting til jordbruk, og likeeins til natur- og kulturminneverdiar. Det er ikkje tvil om den positive effekten av utsiktsrydding for opplevingsverdien for gjestene og lokalbefolkninga, men prosjektet vert vurdert å ikkje stetta målgruppe og føremål med denne tilskotsordninga. Dels etter skjøn, dels som fylgje av kommunal eige tilrår administrasjonen at søknaden vert avslegen, og at ein i staden ser på om det kan vera andre støtteordningar for dette prosjektet. 10

3 Steingardar og andre særeigne kulturlandskapselement 3.1 Restaurering av steingarde på Øverland Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2516 Jan Ove Fuglesteg 107 874 107 874 65 000 Jan Ove Fuglesteg søkjer SMIL-tilskot for å restaurera ein steingarde på garden Øverland i Fortun. Steingarden er høg og fint oppmura, og avgrensar tre sider av ein gamal hage, Solberghagen. Kostnadsoverslaget er levert av Geirr Vetti, og omfattar kun lønsutgifter til Sherpaer; 245 timar a kr 375 + mva. Søkjar har rekna seg eit tillegg på kr 20 000 mellom anna til rydding og køyring av stein. Dette prosjektet samsvarer godt med føremålet med SMIL-ordninga. Steingardar er også prioriterte i regionalt miljøprogram (RMP), noko som gjer det mogleg for Fuglesteg å søkja tilskot til årleg vedlikehald når steingarden er sett i stand. Ettersom Fuglesteg er næringsdrivande i landbruket fell han innanfor hovudmålgruppa for tilskotsordninga, noko Luster kommune også har valt å leggja vekt på gjennom tiltaksstrategien vår. Det er vanskeleg å vurdera arbeidsmengda i eit prosjekt av denne typen. Steingarden er til saman vel 150 meter lang, og relativt høg. Grovt rekna kan ein sei at 70 meter er i god forfatning med berre småskader, 30 meter er heilt eller hovudsakleg nedrasa, og 50 meter er inntil 50 % samanrasa. Kostnadsoverslaget er innanfor det normale for restaurering av steingardar. Med fråtrekk av meirverdiavgifta vert kostnadsgrunnlaget kr 108 000. Prosjektet oppnår ikkje maksimalt tilskot ettersom steingarden ligg bortgøymt til, og såleis har liten ålmenn opplevingsverdi. Framlegg til løyving: Kr 65 000. På nord-aust-sida av Solberghagen er steingarden i god forfatning. Diverre er biletet noko annleis på dei andre sidene. Frå synfaring 10. juli 2012. 11

3.2 Rydde fram steingarde og tilrettelegge med gjerdeklyvar for stien til Molden Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2561 Rune Rek Olsen 8 400 8 400 5 000 Rune Rek Olsen, gnr 100, bnr 3 på bruket Stokkebø på Sviggum søkjer om midlar til å fjerne tre og kratt langs ein steingard ved den mykje brukte stien til Molden. Ny grind og gjerdeklyvar vil bli sett opp. Søkar opplyser også at det vil bli utført stubbebehandling. Arealet er bortleigd til slått. Tiltaket vil ha positiv verdi når det gjeld oppleving og ivaretaking av kulturlandskapet. Steingjerder vert rekna som eit særmerkt kulturlandskapselement og vedlikehald av slike er prioritert i følgje tiltaksstrategien. Etter synfaring vert det konkludert med at steingarden er i relativt bra stand, men at det er mykje vegetasjon som må fjernast. Søkjar er ikkje søkjegod for produksjonstilskot. Administrasjonen går inn for å gje eit tilskot på kr 5 000. Sti og steingarde. 12

4 Ferdselsvegar 4.1 Gamlevegen mellom Ormbergstøl og Vigdalen Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2457 Jostedal historielag 33 750 33 750 17 000 Jostedal Historielag søker om midlar til å rydde delar den tidlegare ferdselsvegen mellom Jostedalen og Dalsdalen. I tidlegare tider var Jostedalen uframkommeleg ned til Gaupne på grunn av tronge gjel, og sambandet med Sognefjorden gjekk over Vigdalen til Kilen i Dalsdalen. Historielaget ønsker no å rydda og opna opp att strekninga mellom Ormbergstøl i Jostedalen og Vigdalen. Stormen i julehelga 2011, og eit skred same vinter resulterte i mykje trefall og rotvelter på strekninga, noko som gjer arbeidet ekstra omfattande. Av tryggleiksårsaker ønskjer dei fagfolk til å utføra arbeidet og har utarbeida eit enkelt kostnadsoverslag der dei legg til grunn at det vil gå med 75 arbeidstimar for å få prosjektet gjennomført. Denne gamle ferdselsvegen er eit viktig kulturminne og det er svært positivt at Jostedal historielag no vil retta opp att skadane etter Dagmar-stormen. Prosjektet bør sjåast i samanheng med kommunen sin eigen innsats for å setja i stand stien mellom Kilali og Kilen, ein annan del av det same vegnettet. Administrasjonen tilrår ei løyving på kr 17 000. Det er behov for rydding av den gamle ferdselsvegen mellom Ormbergstøl og Vigdalen 13

4.2 Restaurering /rydding av gammal ferdselsveg til Joranger Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2530 Arne Lad 50 000 0 Arne Lad, gnr 93, bnr 1 søkjer om midlar til rydding og muring på ein mindre strekning av den gamle ferdselsvegen mellom Marifjøra og Joranger. Noko av vegen er øydelagd, men stykkvis er denne ferdselsvegen i dag brukt som turveg. Strekninga som Arne Lad ønskjer å restaurera er på ca 100 m og ligg mellom Labakken og Marifjøra. Stekninga er avskoren av skjeringa mot riksvegen og attgrodd med mykje skog. Det er fine murar på begge sider av vegen. Den gamle ferdselsvegen som gjekk over Jordanger er eit viktig kulturminne. Dersom det skal løyvast midlar til dette prosjektet, er det ein føresetnad at det vert laga ein heilskapleg plan for korleis heile strekninga mellom Marifjøra og Joranger kan knytast saman. Administrasjonen går inn for å avslå søknaden i denne omgang, og oppmodar søkjarane om å arbeida vidare med ein heilskapleg plan for restaurering av ferdselsvegen mellom Marifjøra og Joranger. 14

5 Ureiningstiltak 5.1 Utedo på Sippelhaug Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2507 Nils Kroken 24 300 24 300 12 000 Nils Kroken gnr 182, bnr 1 i Kroken søker om tilskot for å sette opp ein ny utedo på stølen Sippelhaug. Utedoen skal vera felles for stølseigarane, og det er meininga at han også skal vera open og tilgjengeleg for alle andre som ferdast i området. Når det gjeld vedlikehald skal dette utførast av stølseigarane. I kostnadsoverslaget er det teke med diverse bygningsmateriell, arbeidskostnader og helikoptertransport, til saman på kr. 24 300 + mva. Ettersom dette prosjektet kjem inn under kategorien ureiningstiltak, og ikkje ivaretaking av kulturminneverdiar, skal det ikkje stillast krav til materialval eller handverksteknikkar i retning antikvarisk restaurering. Tiltak mot ureining har på det næraste vore fråverande i søknadsbunken heilt sidan tilskotsordninga kom. Ein skulle gjerne sett at mange fleire søkte SMIL-tilskot til denne kategorien tiltak. Erfaring tilseier at interessa aukar når det kjem gode prosjekt som vert snakka om, slik at fleire vert kjende med ordninga. Difor vert det vurdert å vera viktig å imøtekomma denne søknaden. Administrasjonen går inn for ei løyving på kr 12 000, med vilkår om at tiltaket vert godkjent etter Plan- og bygningslova, og at doen vert tilgjengeleg for alle. 15

6 Tiltak på bygningar som ikkje knyter seg til utmark 6.1 Restaurering av stabbur på Høgi Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2623 Johannes Høgi 128 097 0 Stabburet til Johannes Høgi er av ukjent dato. Som søkaren skriv, kan bygningsmaterialane i stabburet stamme frå eit eldre bygg, og kanskje frå ei kyrkje. Det er ingen tvil om at dette bygget er eit kulturminne, og det er sefrak-registrert. Stabburet står i eit inntakt kårtun på garden, litt lågare enn dagens tun, men i nær tilknytning til dette. Søknadne gjeld midlar til restaurering og flytting av stabburet, noko som krev løyve frå kulturstyresmaktene. Johannes Høgi har levert to søknader innan søknadsfristen 15. september. Administrasjonen ynskjer tid til å sjå nærare på dette prosjektet. Sogn og Fjordane fylkeskommune lyt ta stilling til verneverdien, og kor vidt det er tilrådeleg å flytta stabburet. Stabbur på Høgi. 16

6.2 Restaurering av stabbur frå 1902, gnr 113, bnr 11 Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2499 Torfinn Skjerven 100 000 100 000 24 000 Torfinn Skjerven, gnr 113, bnr 11, søker om midlar til restaurering av eit lite stabbur som tilhøyrer det gamle gardstunet på eigedommen hans. Bygningen har tidlegare vore brukt tradisjonelt til lagring og salting av kjøt og fisk, og treng no reperasjonar. Stolpane som er i betong er dårlege, vindskier og noko panel må også skiftast ut. I tillegg må taket skiftast eller tettast, og det same gjeld delar av golvet som er råte. Dør og vindauge kan restaurerast og treng antakeleg ikkje skiftast i sin heilheit. Det vert ikkje gjeve SMIL-tilskot til golv. Kostnadsoverslaget omfattar berre materialkostnader, men desse er noko høge. Det kan løyvast SMIL-midlar til utvendige og berande konstruksjonar, restaureringa skal følgja antikvariske prinsipp og så mykje som mogleg av opphavleg og eksisterande bygning skal bevarast. Når det gjeld skifte av tak skal bølgeblekk av same type som på eksisterande tak nyttast, eventuelt torvtak eller skifer/heller. Moderne takplater vert ikkje godkjende for bruk av tilskotsmidlar. Nye stabbursstolpar, eventuelt i tre og i tradisjonell lokal utforming kan også godtakast. Kostnadsoverslaget vert godkjend slik det ligg føre, fordi ein reknar at det som er sett opp for mykje på materialkostander truleg vil utgjera mindre enn rimelege arbeidskostnader. Administrasjonen går inn for å tilgodesjå prosjektet med kr 24 000. Stabbur på Indre Hafslo Støypte stolpar 17

6.3 Restaurering av stabbur på høgdegarden Rebni Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad 12/2576 Morten Svendsen Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 84 600 0 Morten Svendsen, eigar av gnr 22, bnr 1,3 og 4 på Rebni på Skjolden søkjer om støtte til restaurering av stabburet på garden. Stabburet er teke ned og oppbevart innandørs, og skal gjenreisast. Det er store skadar på det, og arbeidet er omfattande. Planen er at arbeidet skal starta våren 2013 med fullføring hausten 2014. Det er tanken at stabburet skal brukast som ekstra overnattingsplass og til lagerplass. Morten Svendsen har eit ikkje avslutta SMIL-prosjekt, rydding av kulturlandskapet på høgdegarden, med arbeidsfrist 18.05.2013. Administrasjonen tilrår å avslå søknaden i samsvar med prinsippet om at ein søkjar ikkje skal ha to prosjekt samstundes. Det er høve til å søka på nytt når ryddeprosjektet er avslutta. 18

6.4 Reperasjon av driftsbygning på Rebni Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2575 Kristina Rebni 396 100 396 100 60 000 Det blir søkt om midlar til å ta vare på driftsbygningen på gnr 22, bnr 2 på Rebni, Skjolden / Mørkridsdalen. Eigar er Kristina Rebni. Arbeidet er relativt omfattande, då det er nødvendig med demontering av eksisterande takkonstruksjon. Taket må monterast på nytt slik at bølgeblekk kan leggast på att med større overlapping. Kostnadsoverslaget, som er levert av Geirr Vetti, inneheld utgifter til bruk av stillas, transport, reperasjon, måling av noko kledning og taket, materialar og søppelhandtering. Høgdegardane er viktige og særmerkte i kulturlandskapet vårt. Gjennom tiltaksstrategien har kommunen sagt at ein ynskjer å framheva slike. Kostnadsramma for prosjektet er høg. For å hamna på nivå med andre prosjekt som dette kan samanliknast med, går administrasjonen inn for at tilskotet vert prosentvis noko redusert. Framlegg til løyving: Kr 60 000. Det er eit vilkår for SMIL-tilskotet at same type bølgeblekksplater som noverande vert brukt. Nyare takmateriale vert ikkje godkjent for bruk av SMIL-tilskotet. Driftsbygningen slik han ser ut i dag. Knekken i taket kjem ikkje veldig tydeleg fram på biletet. 19

7 Bustadhus Bustadhus skal, i fylgje lokal tiltaksstrategi, ikkje prioriterast, men heller ikkje utelukkast. Den kulturhistoriske verdien, og kor vidt bygningen vekkjer ålmenn interesse er moment som vert vektlagt i vurderinga. Husmannsstover og stovehusa på høgdegardane representerer verdiar som Luster kommune ynskjer å framheva særskilt. 7.1 Reperasjon av grunnmur på stovehus, gnr 120, bnr 1 Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 06/442 Espen Flåten 35 620 0 Espen Flåten, gnr 120, bnr 1, Flåten, søkjer om midlar til reperasjonsarbeid, graving og oppattbygging av grunnmur på hovudbygningen. Etter delvis utrasing er det blitt utført eit relativt omfattande grunnarbeid for å sikre/forankre berande konstruksjon og å bygge opp att grunnmur. Det er dette utførte arbeidet og litt som gjenstår, som Flåten søkjer om SMIL-midlar til. Flåten er klar over at det ikkje er vanleg å gje tilskot til prosjekt som er påbyrja eller sluttførte, men skriv som merknad at mesteparten av muren er sett opp att før søknad fordi innermuren rasa ut. Arbeidet er planlagt ferdigstilt denne hausten. I søknaden legg Flåten fram eit oversyn over utgifter på til saman kr 35 620 på det som er utført. Huset vert vurdert nytta som bustadhus etter at det er ferdig restaurert. I rundskriv 07/2005 til SMIL-forskrifta, heiter det at av hensyn til planlegging og prioritering av bruk av midlene, bør det normalt ikkje gis tilskudd til prosjekt / tiltak som allereie er påbegynt eller utført. Dette er for å sikra sakshandsamar høve til å samla inn tilstrekkeleg kunnskap om kvart prosjekt, noko som gjerne vert gjort ved synfaring, der ein får sjå tilstanden før noko er gjort. Administrasjonen ser ikkje grunn til å gjera unntak frå regelen, og føreslår avslag. 20

7.2 Istandsetjing av stove frå krigens dagar Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2477 Reidar Kreken 725 000 0 Huset, som står nær vegen i Krundalen, er sett opp i 40-åra, og er såleis ikkje verneverdig ut frå alderen. Kulturhistorisk sett er huset likevel verdifullt ved at det særleg tydeleg syner korleis mange hadde det i ei tid med krig og ressursmangel. Huset er lafta av uvanleg tynne materialar og ikkje kledd korkje på innsida eller utsida. Andre høgda er i reisverk, og kledd med hun, mest som ei løe. På taket ligg det bølgjeblikk, som eigaren har lyst å erstatta med torv, som opphavleg. Huset har ikkje hatt fast busetnad sidan 1969. Stova skal rettast opp i to hjørne, og deler av laftverket på oppsida må skiftast. Prosjektet omfattar vidare skrifte av vindauge, dørar og tak. For å få oppatt torvtak må søkjar gjera rekning med å forsterka ein del, då torv har høg eigenvekt og dårleg evne til å sleppa snøen. Veggane skal kleast, med unnatak av veggen på nedsida, som skal tjørebreiast. Isolering inngår også i prosjektet. I vår tid er det sterkt å tenkja på dei som budde her med ti born gjennom vintrane. Vert huset teke vare på utan å røra ved særprega vil det verta ståande som ein historieforteljar i Krundalen i mange år framover. Dersom søkjar kler huset, slik det går fram av søknaden, vil mykje av dei verdiane som SMIL har til føremål å lyfta fram, heller verta gøymde bak panelen. Ein kan heller ikkje sei at prosjektet innfrir krava til antikvarisk restaurering. Skal bygningen sin kulturlandskaps-verdi oppretthaldast, lyt isolasjon og kledning heller leggjast på innsida. Administrasjonen tilrår at søknaden vert avslegen. Huset i Krundalen ber preg av å vera sett opp i tronge tider. 21

7.3 Restaurering på Belgen, del 2 Arkivsaknr. Søkjar Oppgjeven kostnad Godkjend tilskotsgrunnlag Framlegg til løyving 12/2406 Hans Erik Lingjerde 75 156 75 156 25 300 På høgdegarden Belgen i Engjadalen det har tidlegare vore busetnad i lang tid, og stovehuset er antakeleg frå rundt 1860. Dette bruket vert i dag drive som tilleggsjord og det er ikkje fast busetnad her. Med hjelp av SMIL-midlar og eigeninnsats har eigaren tidlegare restaurert grunnmur og utført naudsynt dreneringsarbeid. Det vert no søkt om tilskot for å vidareføra arbeidet. Det er planlagt å skifte ut ein laftestokk, kledning i sør, defekt vindauge, kitte og måle, reparere dørar og å sette opp takrenne. Bygningen må jekkast opp og det må setjast opp stillas for å utføre arbeidet. Heile prosjektet er kostnadsrekna til kr 71 156. Høgdegardane pregar i stor grad landskapet i Luster og Belgen er nok eit eksempel på ein høgdegard som har mykje å seia for mange si oppleving av landskapet sidan den ligg i eit mykje brukt utfartsområde. Sidan det her er snakk om ein søkjar som ikkje mottek produksjonstilskot, kan dette prosjektet likevel ikkje prioriterast framføre prosjekt på bruk som mottek produksjonstilskot, jf kommunen sin tiltaksstrategi. At det har vore utført vellukka SMIL-prosjekt tidlegare er positivt. Etter ei samla vurdering går administrasjonen går inn for ei løyving kr 25 300. Stovehuset med restaurert grunnmur til venstre på bilete. 22