Vaksdal kommune Samfunnsutvikling Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Gjertrud Karevoll 14.11.2017 Vår: 16/1114-17/7906 gjertrud.karevoll@vaksdal.kommune.no Varsel om oppstart av planarbeid; områdeplan med konsekvensutgreiing og planprogram for Stanghelle I medhald av plan- og bygningslova 12-2 og 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av områderegulering for tettstaden Stanghelle i Vaksdal kommune, Plan-ID 2016002. Tiltakshavar er Vaksdal kommune og planleggjar er Rambøll Norge AS, Bergen. Planarbeidet er sett i gang i høve til regjeringa sitt vedtak om statleg planlegging for utbygging av ny trasè for E16 og dobbeltspora jernbane frå Arna til Stanghelle. Kommunestyret i Vaksdal har difor vedteke oppstart av områdeplanar for Stanghelle stasjonsby (sak 70/2016). Arbeidet med områdeplanen vil vera ein parallell prosess med dei statlege reguleringsplanane. Det statlege planprogrammet og tilhøyrande silingsrapport vil vere ei viktig føring for arbeidet med områdeplanen og planprogrammet til denne. Vidare prosess og behandling av desse vil avgjera kva trasè stasjonsbyen skal byggjast opp imot. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for at stasjonsbyen Stanghelle kan utviklast til ein stad med eit fleirfunksjonelt preg, og det skal regulerast for både bustader, næring, handel, offentleg tenesteyting, blågrøne strukturar, møteplassar, friluftsliv og naturopplevingar. Stanghelle skal planleggjast for ei framtidig utvikling i folketal og tilreisande, og arbeidet skal forankrast i stadens natur og lokale historie. I varslinga er det avsett eit stort område som skal inngå i planarbeidet, og dette er for å sikre at ein får med alle område som blir berørt av den statlege planen, og for å sikre ein gjennomgåande god og samanhengande utvikling av tettstaden. Post post@vaksdal.kommune.no Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam Kontakt www.vaksdal.kommune.no Telefon +47 56 59 44 00 Telefaks +47 56 59 44 01 Konto Org.nr. 961 821 967
Figur 1; Planområde for ny områdeplan på Stanghelle Det er fleire område som ikkje vil bli direkte berørt av det statlege planarbeidet, men det vil vere viktig å sørgja for god tilgjenge for alle innbyggjarane og gode samfunnsmessige kvalitetar for alle. Føremålet med planarbeidet er å sørge for ein overordna samanheng i tettstadsutviklinga i og rundt stasjonsområdet. Det skal gjennomførast konsekvensutgreiing og utarbeidast planprogram for planarbeidet, og kommunen ønskjer å få innspel til planarbeidet før dette vert utarbeidd. Dette er ei bevisst tilnærming til å forankra planarbeidet i befolkninga og slik tilretteleggja for høg grad av medverknad. Planprogrammet har som føremål å sikre tydelege føringar for planarbeidet og fastsetja utgreiingstema. I samband med igangsetting av planarbeidet vil det arrangerast medverknadsmøte 27. november kl. 1800 i samfunnssalen på Stanghelle. Det vert eit ope møte med informasjon, diskusjonar og arbeidsgrupper ein «framtidsdugnad». Side 2
Innspel som påverkar eller har interesse for planarbeidet og eventuelle spørsmål kan sendast til: Rambøll Norge AS Postboks 3705 Fyllingsdalen 5854 Bergen v/lene Berger Henriksen / Henning Stakseng lene.berger.henriksen@ramboll.no / henning.stakseng@ramboll.no +47 988 40 627 / +47 907 46 740 Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Vaksdal kommune. Merknadene vert samla og gjennomgått med Vaksdal kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt til kommunen saman med utkast til planprogram. Frist for merknader er sett til 30. desember 2017. Etter merknadsfristen er ute og når det statlege planprogrammet og silingsrapporten er sendt på høyring, vil arbeidet med planprogrammet for Stanghelle stasjonsby utarbeidast. Utkast til planprogram vil sendast til ny høyringsrunde med opning for innspel. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til underteikna, ev. til planleggarar hjå Rambøll. Med helsing Gjertrud Karevoll Kommuneplanleggar Brevet er godkjent elektronisk og har difor ingen underskrift. Vedlegg: Oppstarsvedtak 2016 Mottakarar: Bane Nor Sf Postboks 4350 2308 HAMAR Bergen kommune Postboks 7700 5020 BERGEN Bergen Næringsråd Postboks 843 Sentrum 5807 BERGEN Bergen og Omland Friluftsråd Hellebakken 45 5039 BERGEN Bergen og Omland Havnevesen Postboks 6040 5892 BERGEN Side 3
Mottakarar: Bergen Reiselivslag Postboks 977 Sentrum 5808 BERGEN Bergen Turlag Bkk AS Postboks 7050 5020 BERGEN Bygdaråd Eksingedalen v/ Frøydis Gullbrå Coop Hordaland v/ Roald Valestrand, eiendomssjef Dale/Vaksdal grunneigarlag v/ Jørn Helle Direktoratet For Mineralforvaltning Med Postboks 3021 Lade 7441 TRONDHEIM Bergmesteren For Svalbard DnT Vaksdal interrimstyre Fiskeridirektoratet Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Forsvarsbygg Postboks 405 Sentrum 0103 OSLO Fortidsminneforeningen i Bergen og Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Helle gard fellesskap v/jørn Helle Helse Vest Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Husbanken Region Vest Solheimsgaten 11 5058 BERGEN Høgafjell Sør Grunneigarlag v/ Finn Fossmark Innovasjon Norge Postboks 448 Sentrum 0104 OSLO Kvam Herad V Heradskass i Kvam Grovagjelet 16 5600 NORHEIMSUND Kystverket Vest Postboks 1502 6025 ÅLESUND MERKUR-programmet Modalen kommune Postboks 44 5732 Naf Region Vest Spelhaugen 4 5147 FYLLINGSDALEN Natur og Ungdom Hordaland Naturvernforbundet Hordaland Jakobsfjorden 4. etg. Bryggen 5003 BERGEN 23 Norges Handikapforbund Bergen Postboks 93 Nesttun 5852 BERGEN Norges Lastebileier-Forbund Avd Postboks 23 5895 BERGEN Hordaland Norges Miljøvernforbund Postboks 593 5806 BERGEN Norges Vassdrags- og Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Energidirektorat (nve) Nsb AS Bergen Strømgaten 4 5015 BERGEN Næringsalliansen i Hordaland Osterfjord Næringssamarbeid V/ Industrikonsulenten på 5282 LONEVÅG Osterøy Rådhuset Osterøy kommune RÅDHUSET 5282 LONEVÅG Samnanger kommune Tyssevegen 217 5650 TYSSE Sjøfartsmuseet i Bergen Skyss Postboks 7900 5020 BERGEN Side 4
Mottakarar: Stanghelle Vellag v/ Solbjørg Langhelle 5724 STANGHELLE Træshaugen 18 Postboks 3635 Fyllingsdalen 5845 BERGEN Statens vegvesen region Vest Bergen Kontorsted Vaksdal Næringsselskap AS Postboks 103 5721 DALEKVAM Vaksdal/Modalen skogeigarlag v/asbjørn Øye Skjerve Vest politidistrikt Postboks 285 Sentrum 5804 BERGEN Vik kommune Postboks 134 6891 VIK I SOGN Voss kommune Postboks 145 5701 VOSS Voss Næringshage Side 5