STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING UTRYKKINGSKØYRING 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012
1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på livslang læring. Det er viktig å ha godkjende instruktørar for å kunne handsame opplæringa som samfunnet og politietaten krev. Dette gjeld for bachelorutdanninga og for undervising og instruksjon i regi av lokale politidistrikt. Politihøgskolen ser på instruktørutdanninga som eit av dei viktigaste bidraga frå høgskolen til å heve kompetansen i etaten. Operativ polititeneste kan innebere svært krevjande oppdrag, der det er viktig å sikre tryggleiken til publikum, gjerningsmenn og tenestemenn/-kvinner. Utrykkingskøyring står sentralt i den operative tenesta i politiet. Under utrykkingskøyring skal politiet oppfylle krava til trafikktryggleik og samhandling. Det er difor viktig at utdanninga i utrykkingskøyring i politiet er einskapleg og av høg kvalitet. Utdanna instruktørar med god og oppdatert kompetanse skal medverke til god utdanning, både gjennom instruksjonar lokalt og som instruktørar i grunnopplæringa i regi av Politihøgskolen. Instruktørutdanninga i utrykkingskøyring er spesielt utforma og lagt til rette for krava og utfordringane i samband med utrykkingskøyring i politiet. Utdanninga gir 20 studiepoeng. 2. Føremål Instruktørutdanninga skal medverke til at førarkompetansen i politi- og lensmannsetaten vert formidla, halden ved like og utvikla i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til yrkesutøvinga. Utdanninga skal støtte ein einskapleg politioperativ praksis og medverke til nettverksbygging. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er fagleg kompetente, motiverte og skikka tenestepersonar som har eller er tiltenkt rolla som køyreinstruktør sentralt eller lokalt. Det er ein Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 1
føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politihøgskole/politiskole vere fast tilsette i politi- og lensmannstetaten ha minst 5 års røynsle som utrykkingssjåfør i politiet ha gode kjøreferdigheiter Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter gjennomført instruktørutdanning skal studentane kunne: utøve instruktørrolla med auka innsikt og tryggleik arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre for å gjennomføre instruksjonar lokalt og sentralt identifisere og vurdere etiske dilemma i læringssituasjonar forstå at det er viktig med både forskings- og røynslebasert kunnskap forstå, formidle og diskutere faglege problemstillingar medverke til å utvikle fagområdet Studiet er organisert i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg læringsutbyte. 4.1 Pedagogikk Emnet omfattar reflektert og gjennomtenkt planlegging pluss gjennomføring og evaluering av læringssituasjonar. Tolking av teori og refleksjon over praksis står sentralt. Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 2
Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: Praksisteori og pedagogisk grunnsyn. Ulike læringsperspektiv. Motivasjon. Kompetanse og føresetnader for læring. Læringsstrategiar og arbeidsformer. Didaktikk: o planlegging av læring og undervising o vurdering og rettleiing i læring og undervising Grupper og danning av grupper. Kultur og mangfald. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for omgrepet praksisteori vurdere det pedagogiske grunnsynet sitt forklare kva læring er og gjere greie for ulike syn på læring gjere greie for sentrale didaktiske modellar og bruke modellane når dei planlegg læring 4.2 Fag Solid fagleg kunnskap er eit naudsynt grunnlag for å forstå faget. Kunnskapen kan vere både forskings- og røynslebasert. Fagleg innsikt er ein føresetnad for ein instruktør. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: lover og regelverk trafikkpsykologi kjøreprosessen/køyredugleik risikovurdering førarstøttesystem relevante fysiske lover kommentarkøyring øvingar på køyregard køyring på glatt underlag tryggleikskontroll av køyretøy Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 3
naudmanøver yrkesetikk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: vurdere føresetnader, moglegheiter og avgrensingar under utrykkingskøyring bruke føresegner i Vegtrafikkloven, trafikkreglane og interne instruksar som regulerer utrykkingskøyring utføre ein teknisk kontroll av eit utrykkingskøyretøy ut frå omgrepa forsvarleg og reglementert og kunne forklare val forstå relevante fysiske lover knytt til bilkøyring køyre utrykking med fart, flyt og presisjon og kunne forklare vala ut frå regelverk, fysiske lover, risikoinnsikt og trafikkmiljø vurdere risikoen kontinuerleg under undervising og trening 4.3 Fagdidaktikk Fagdidaktikken knyter faget og pedagogikken saman. Det sentrale i fagdidaktikken er kva som skal lærast, kvifor det skal lærast og korleis ein skal leggje til rette for læring i dei einskilde faga. Kunnskapen om faget skal danne grunnlag for både faglege og pedagogiske vurderingar og val. Det vert òg lag vekt på yrkesdidaktikken, samanhengen mellom yrket og faget. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: det som særmerker fagområdet «utrykkingskøyring» yrkesdidaktikk Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: velje, forklare, bruke og vurdere gode metodar og strategiar for å lære utrykkingskøyring utnytte dei eksisterande rammene identifisere behovet for og gjennomføre faglege og pedagogiske endringar forstå verdien av fagområdet i politiarbeidet og bruke det som grunnlag for å motivere deltakarane til læring Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 4
4.4 Praksis Praksis er ein gjennomgåande komponent i studiet. Det er viktig for det samla læringsutbytet å både praktisere og reflektere over praksis. Planlegging, gjennomføring, tilrettelegging og evaluering er sentrale prosessar knytt til praksis. Studentane skal rettleiast under praksis. Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane kunnskap om: læring i praksis evaluering av læring Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: tilpasse instruksjon og undervising til ulike målgrupper og situasjonar motivere deltakarar for læring meistre varierte undervisingsformer bruke ulike pedagogiske og teknologiske hjelpemiddel gi konkret og målretta tilbakemelding vurdere læringsprosessane og læringsresultata til deltakarane vurdere korleis dei kan forbetre og vidareutvikle si eiga og andre si undervising samarbeide med andre instruktørar ta ansvar for langvarige kurs/utdanningar 5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med fellessamlingar og studiearbeid under og utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tar om lag 560 timar. Det omfattar undervising, undervisingsøvingar, praksis, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 245 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte. Dei skal særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studentane skal medverke til gjensidig Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 5
læring, mellom anna ved å rettleie og vurdere undervisinga til medstudentar. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ein utviklingsplan for eigen lærarkompetanse som skal vere utgangspunkt for ein samtale midtvegs i studiet. Planleggje, forklare, leggje til rette for og vurdere minst fire læringssituasjonar. Dette omfattar planleggingsdokument før undervisinga tar til, gjennomføring av undervisinga og refleksjonsnotat etterpå. Ein plan for instruksjon/undervising studenten sjølv utfører gjennom utdanningsperioden. Studentane skal òg levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom heile utdanninga med utgangspunkt i sin eigen utviklingsplan. Notatet skal leverast seinast 14 dagar føre siste samling (køyring på glatt underlag). Studentane må delta i og få godkjend «køyring på glatt underlag». Det er eit kurs over fem dagar i regi av PHS. 6. Vurdering Den praktiske lærarkompetansen til studentane vert vurdert under heile utdanninga etter gitte kriterium. Studiet vert avslutta med ei praktisk prøve og ein munnleg eksamen. Studentane skal gjennomføre planlagt undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar. Etter den praktiske prøva kjem det ein munnleg eksamen. Karakterane er bestått / ikkje bestått. Begge prøvene må vere beståtte. Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 6
7. Litteratur 7.1 Obligatorisk litteratur Pedagogikk (605 sider): Bjørke, Gerd (2006): Aktive læringsformer. Oslo: Universitetsforlaget (130 sider) Bjørndal, Cato RP (2011): Det vurderende øyet. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: Kapittel 1, 2, 3, 7, 8 (82 sider) Hiim, Hilde og Else Hippe (2009): Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kapittel 1 8 (117 sider) Strandkleiv, Odd Ivar (2006): Motivasjon i praksis. Oslo: Elevsiden DA (75 sider) Øiestad, Guro (2004): Feedback. Oslo: Gyldendal Akademisk. (100 sider) Kompendium: Andersen, Kjell (2003): Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: Teori i didaktikk og Yrkesdidaktikk side 77 102. (25 sider) Boge, Margunn, Markhus, Gunvor, Moe, Randi, Ødegaard, Elin Eriksen (2009): Læring gjennom veiledning. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: Ulike perspektiver på veiledning. (21 sider) Karlsen, Hilde(2011): Klare for arbeidslivet. NIFU rapport 42/2011. Pensum: Side 16 18 (2 sider). Lyngsnes, Kitt og Marit Rismark (2007): Didaktisk arbeid 2. utg. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: Kapittel 4. Teorier om læring (25 sider) NOKUT (2012). Om kvalifikasjonsrammeverket og sentrale begreper. Henta 3. mai 2012 frå http://www.nokut.no/no/nokuts-kunnskapsbase/det-norskeutdanningssystemet/nasjonalt-kvalifikasjonsrammeverk/ (3 s.) Strømsø, HI, Lycke, KH, Lauvås, P(red): Når læring er det viktigste. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Pensum: Kap 6: Formativ vurdering i undervisningen (26 sider). Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 7
Politifagleg litteratur (542 sider): Auglend, Ragnar, Mæland, H.J., Rødsandhaug, K. (2004): Politirett. Oslo: Gyldendal akademisk forlag. Kapittel 7.4.4.7. (Side 441 452, 11 sider) Engstrøm, B. (2004): Vegtrafikkloven og vegtrafikkreglen: Med kommentarer. Universitetsforlaget. Kapittel II (Side 53 104 og 120 128, 59 sider) Moe, Dagfinn (2007): Kjøreprosessen, en modell for analyse av kjøreatferd. Trondheim: DeMoe A/S (87 sider) Moe, Dagfinn (2007): Menneske, bilkjøring og risiko. Trondheim: DeMoe A/S (92 sider) Nilstad, Morten (2002): Politilære og yrkesetikk. Oslo: Vett og Viten. Kapittel 22. (25 sider) Olsen, Leif N., Tor Inge Soma og Torstein Vigen (2008): Utrykningskjøring (4. Utg). Autoriserte Trafikkskoler Landsforbund. (253 sider) Olsen, Leif N. (2008): Vegtrafikkrett. Autoriserte Trafikkskoler Landsforbund. (Side 353 379, 26 sider). Weisæth, Jan Olav (2002): Fysikk/fartslære: Bilkjøringens fysiske lover. Utvalgte kompendier. Stjørdal: Statens trafikkskole (77 sider) 7.2 Skal vere kjent Vegtrafikklova (lov om vegtrafikk av 18.juni 1965) Kapitlane 1 4. Henta 16. mai 2012 http://www.lovdata.no/all/nl-19650618-004.html. Trafikkforskrifta Forskrift om opplæring og kompetansebevis for fører av utrykningskjøring Instruks for utrykningskjøring og forfølgelse (Denne er under revidering og ventast ferdig i løpet av 2009) Studieplan for instruktørutdanning innanfor utrykkingskøyring Side 8