Møtereferat Orstad FAU Dato 5.10.2017 Til stades Bente Thingbø- Støldal Jone Aasland Sigurd Svela Silje Husveg Nerheim John Lende Inger Johanne R. Bøe Jan Harald Forsmo Kamilla Eikrem Nordmark Forfall: Torunn Elisabeth Grude Møteleiar Bente Thingbø Støldal Referent Kamilla Eikrem Nordmark Saker Sak Omtale 1. Ballbingen Kort orientering om arbeidet. Ferdigstilling ila. oktober, er meldinga FAU har fått. 2. SchoolLink Det vert etterlyst informasjon om korleis ein brukar SchoolLink. Ikkje alle har fått informasjon. Rektor informerer om at alle skal ha fått brev som ranselpost, i tillegg til at det ligg melding ute på heimesida. Skulen følgjer opp dette, legg ut info på Facebook i tillegg. 3. Utleige av Grendahuset orientering om vedtak i Driftsstyret FAU viser til vedtak gjort i Driftsstyret 12.9.17 om justerte prisar. I referatet frå møtet 12.9.17 står det følgande: "Rektor orienterte om forslag til prisar for leie av Grendahuset/skulen bla etter ny kantine. Etter drøfting samla driftsstyret seg om dette: Vedtak: Kjøkken med spisesal pr. dag: 1500,- (konfirmasjon, selskap vaksne mm) Kjøkken med spisesal og gymsal pr. dag: 400,- (barneselskap) Når alle elevane på eit trinn er med i selskapet er det gratis. (gjeld elevar på Orstad) Fast selskapstid kvar torsdag 17.00 19.00. Utleie av skulen til lag og organisasjonar som tek kursavgift: 2000,- pr. avdeling (småtrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn) Utleie av bord og stolar: Pr. bord: 20,- Pr. stol: 10,- Alle tilsette ved Orstad skule leier gratis utanom leie av kjøkken med spisesal. Her er det halv pris. Søknadsfrist 1. juni for leige av heile skuleåret." 4. FN- markering
Diskusjon rundt om dette er FAU- arrangement, eller skulearrangement. Greit å vite mtp. fordeling av ansvarsområde. Landar på at dette fungerer godt som eit samarbeid, der skulen har hovudansvaret, og FAU bidreg der det trengst. FAU har ansvar for mat/kafé delegerer oppgåver ut til klassekontaktane på kvart trinn. FN- dagen blir tysdag 24.10, etter same modell som i fjor. Rektor sender ut invitasjon og informasjon. Nytt i år: Matsal i gymsal og kantine. 1-5. trinn leverer mat i gymsalen, 6-10. trinn i kantina. Det blir mogleg å betale med Vipps. 5. Kommunikasjon mellom FAU og Driftsstyret FAU bli einige om å ha dette som fast sak orientering om kva som har vore oppe i Driftsstyret. FAU- representantane her informerer om aktuelle saker på neste FAU. 6. Ipad kontra tradisjonelt verktøy Fleire foreldre har vore noko uroa når det kjem til lesing på ipad. Ein ser gjerne at det kan bli vel mykje skjerm, og det er gjerne betre for elevane å lese i bok/på kopiar på papir. Opplever at mange lærarar tek tak i dette når dei får melding om dette, og at det blir meir i bok/kopiar på papir. FAU er einige om at det er mykje positivt med ipad, særleg SLT+, men at det er viktig med variasjon, særleg på dei lågaste trinna. 7. Mat på skuleavslutningar og turar På vår/haust er det ein del turar ute, og det er ofte ein liten tursjokolade på matpakkelista. Fleire meldingar om at dette kan skli ut, så forslag frå FAU og rektor er å regulere dette, av omsyn til elevane. På barneskulen ynskjer ein ikkje brus, kjeks og sjokolade på turdagar/sosiale tilstellingar. Unntak: Siste dag før juleferie og sommarferie. Ungdomsskulen FAU og rektor meiner det bør gå eit skilje her. Ungdomstrinna vurderer dette sjølve korleis dei vil gjere dette. 8. Økonomi i FAU inntekter og utgifter Lite aktivitet på FAU- kontoen 4835 kr. Diskusjon rundt kontoen kva ein skal gjere med denne, kva som er tenkt. FAU landar på å ikkje gjere noko med kontoen i denne omgang. Tek det opp att dersom noko skulle bli aktuelt. 9. Toaletta tilbakemelding frå elevar Fleire meldingar om dårleg lukt på mange av toaletta. Mange elevar kvir seg for å bruke desse pga. dette. Rektor informerer om at ein er klar over dette, og er i dialog med kommunen om å få gjort noko så snart som råd. Reinhaldarane
prioriterer toaletta. Rektor og FAU- representantane i Driftsstyret tek saka vidare der, og melder det inn som sak til LU. 10. NAF: Refleksdemonstrasjon for 1. trinn FAU har fått e- post om refleksdemonstrasjon for 1. trinn. Gode erfaringar med dette, og Vidaresender e- post til klassekontaktane for trinnet. Positivt for elevane. 11. Det er mitt valg! Lions Club FAU har fått e- post om programmet Det er mitt valg!, som Lions Club står bak. Det kan brukast som inspirasjon i arbeidet mot mobbing, der dei tilsette vert kursa. Her jobbar skulen allereie med tiltak mot mobbing (sjå punkt 13.), og rektor informerer om at ein hentar inspirasjon frå ulike program som kan vere nyttige. 12. Polentur FAU og rektor diskuterer kva som skal vere rammene kring Polenturen framover, når det kjem til ressursbruk, kor lenge ein ev. skal vere på tur og det økonomiske kring dette. Klepp kommune er nøgde med Orstad- modellen, og rektor er tydeleg på at dette er ein tur som er viktig for skulen. FAU og rektor diskuterer korleis turane i framtida kan organiserast, mellom anna dette: - Ein må sjå storleiken på trinnet når det kjem til kor mange lærarar ein treng å ha med. Eit forslag er 1 lærar på 15 elevar (2 på 30 osv.). Det er mange foreldre med og vaksentettleiken er dermed stor. Det økonomiske spelar óg inn her. Dugnadsarbeidet dekkjer allereie inn mykje av kostnadane, og diskusjonen kring det økonomiske bør ein komme tilbake til. Eit viktig argument for å halde fram med Polenturen er den overordna delen av læreplanen, i tillegg til at det sosiale óg er viktig her. FAU kjem tilbake til denne saka. 13. Ordensreglement Orstad skule Rektor orienterer om nytt og endra ordensreglement på bakgrunn av tilsyn på ein annan skule. Fordel at skulane i Klepp har likt ordensreglement. FAU har fått dette tilsendt. Nytt i reglementet: Skal inn noko om reaksjon dersom ein bryt reglane. Er ute på høyring før dette skal landast. Ser betre ut enn kva det var tidlegare. Dette er ein del av den psykososiale planen skulen arbeider med, og reglementet skal inn her. FAU ser på det endelege reglementet når den nemnte planen er ferdig. Rektor orienterer om kva skulen gjer konkret for å bygge eit godt psykososialt miljø, mellom annan mobbeknappen, der det kan meldast inn dersom det skjer
mobbing. FAU har nokre kommentarar til det som går under krenkande atferd som ikkje er tillate - å bruke Snapchat til å henge ut andre, og sjikane mot funksjonsnedsetting. Dette bør vere med i reglementet. I tillegg refererer reglementet til ein paragraf i Opplæringslova som er oppheva. Rektor sjekkar dette opp. Diskusjon kring mobiltelefon på barneskulen. FAU og rektor blir einige om at elevar på barneskulen ikkje skal ha med mobiltelefon i det heile. 14. Kommunalt FAU orientering - FAU blir orientert om møte i kommunalt FAU. Klepp kommune ligg under snittet når det gjeld lesing. Innspel frå foreldra for korleis elevane kan bli betre til å lese. Orstad har fokus på lesing. Spørsmål frå K- FAU korleis få foreldra meir engasjerte? Tips frå lærarane om lesetips, lydbøker. Rektor informerer om korleis arbeidet med dette er på Orstad skule. Mange positive tiltak som lesevake, i tillegg til mykje fokus på lesing. Ser resultat på nasjonale prøvar. - - Klepp kommune skal spare 3 millionar i skulesektoren, og same kutt må forventast i åra som kjem. I K- FAU påpeikte dei at det var viktig at elevane vart skjerma i størst mogleg grad. Elles, evaluering av foreldrekurs. Positivt og nyttig for nye klassekontaktar. FAU etterlyser tilbakemelding frå LU når ein melder inn saker dette blir tatt vidare i K- FAU. 15. Eventuelt 1. Forslag: Temadag på våren samarbeid med idrettslaget + Frøyland Orstad kyrkje. Leige inn Gino Bless? Arr. med foreldra ein kveld, elevane på dagtid. Workshop fokus på mobbing. Rektor og FAU- leiar tek kontakt med OIL og FOK. Forbehald om økonomi. 2. Det er observert ungdomsskuleelevar som syklar utan hjelm i storefri, gjerne fleire på ein sykkel. Rektor fylgjer opp. 3. FAU blir orientert om forslag til skulerute for neste skuleår, 2018/2019. Rektor foreslår ei endring - plandag 15.11/20.11, i staden for 2.1. Kan vere mogleg med SFO dei dagane (ordinær plandag 16.11). FAU seier ja til dette. 4. Rektor orienterer: Korleis få fleire engasjerte i foreldreundersøkinga? Heimelekse/sms? FAU meiner heimelekse + påminning på sms kan vere ein god
ide. 5. Forslag frå rektor: Lesevenn t.d pensjonistar som kjem på skulen og les høgt. Gå ut med dette på Facebook/tipse Jærbladet for å engasjere nokon? FAU er einige i dette god ide. Neste FAU- møte: 28.11.17 kl.19.00.