Rådet for funksjonshemma Innkalling til møte i Rådet for funksjonshemma Møtestad: Dato: Møterom ved kantina Rådhuset, Rådhuset, 29.11.2011 Kl.14:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post gunn.westnes@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 12 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen v/odd Jarle Talberg før møtet enten på e-post:odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no, eller tlf.71184097. ordførar Side 1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 37/2011 PA 38/2011 PA 39/2011 PA 40/2011 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Oppfølging av sak om Ros for Universell Utforming Arbeidsoppgåver framover. PA 41/2011 Val og konstituering av rådet for funksjonshemma 2011 Side 2
PA 37/2011 Godkjenning av innkalling PA 38/2011 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.11.2011 Oppfølging av sak om Ros for Universell Utforming Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 29.11.2011 39/2011 Innstilling Rådet drøftar sak i møtet SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Rådet gjorde slikt vedtak i sak 34/2011 utsett sak (30/2011: Lokal pris for Universell utforming Vedtak: 1. Rådet har no godkjend lokale vedtekter og diplomutkast i saka. 2. Leiar og nestleiar avtalar med Vestnesavisa om eit intervju til onsdag 26.10.2011, om muleg. Rådet vil då informere om kva ein vil legge til rette for prinsipielt i saka. Og at rådet ønskjer forslag på priskandidatar. 3. Koordinator syter for ei tilsvarande kunngjering på kommunen sin nettstad og i lokalavisa. Vurdering: Rådet drøftar saka møtet som første sak i møtet etter konstituering. Under behandlinga av denne saka møter også tidligare leiar Aud Sissel Suoranta. Særutskrift til: Side 4
Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.11.2011 Arbeidsoppgåver framover. Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 29.11.2011 40/2011 Innstilling Rådet held fram drøftingane av denne saka SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Frå siste møte sak 36/2011: Saka vart drøfta. Forslag til vedtak utarbeidd i møtet. Vedtak: 1. Rådet vil rå til møteverksemd med ca. 6 vekers mellomrom også i tida framover og førebels halde på tirsdagar som fast møtedag frå kl. 14-16. To neste møtedagar blir 29. november 2011 og 17.01.2012. 2. Rådet vil vise til eit generelt ønskje og eit behov for å drive ei så rasjonell kommuneverksemd som muleg. Vestnes kommune kan med fordel planlegge at rådet for funksjonshemma, eldrerådet og eventuelt andre råd/utval skal ha nokre felles møtedagar-/møtetidspunkt kvart halvår. Råda kan då få ressurseffektiv fellespresentasjon i viktige saker/viktige årshjultema. (Kommuneplantema, samhandlingsreformtema, årsmelding, rekneskap, budsjett/økonomiplan.) Vurdering: Særutskrift til: Side 5
Saksframlegg Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 2011/119 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 21.11.2011 Val og konstituering av rådet for funksjonshemma 2011 Utval Møtedato Utvalssak Rådet for funksjonshemma 29.11.2011 41/2011 Innstilling Rådet for funksjonshemma konstituerer seg førebels framover inntil vidare slik:. og melder attende om den førebelse konstitueringa til aktuelle instansar. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: I tråd med gjeldande vedtekter og reglement for politiske utval skal Rådet for funksjonshemma endeleg konstituerast av formannskapet eller eit anna utval som får delegert ansvar og mynde for politiske helse- og sosialsaker i kommunen. Kommunestyret har no vald ein politisk representant til rådet. I dei opprinnelege vedtektene skulle denne politiske representanten vere leiar i rådet, og kome som representant frå det utvalet som stelte med helse- og sosialstyresaker. Det vedtektsmålet er det framleis muleg å innfri for perioden 2012-2016, sjølv om utvalet og oppnemninga endå ikkje er bestemt/gjort. I tillegg til den politiske representanten skal aktuelle organisasjonar oppnemne rådsmedlemmar. HLF rår til attval (tidl. nestleiar) og Mental Helse har vist interesse for deltaking og oppnemning for valperioden. Og i tillegg skal adm.sjefen oppnemne eit medlem til rådet som også blir sekretær for rådet. Her vil det også kunne bli endringar for komande valperiode. Vurdering: Rådet for funksjonshemma må drøfte saka. Ei løysing er at rådet konstituerer seg sjølv, førebels framover inntil vidare - og melder attende om det til aktuelle instansar. Side 6
Særutskrift til: Side 7