Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Like dokumenter
FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

Forskingsutvalet. UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

Møtebok: Forskingsutvalet ( ) Forskingsutvalet. Dato: Møterom BK220 VIP. Notat:

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

Studenttinget 2016/2017

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Studenttinget 2016/2017 Referat ekstraordinært møte

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Jørgen Amdam vil i starten av møtet orientere om Fjordkonferansen Jf sak

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

HØGSKULEN I VOLDA i Boks 50o 1 61oi Volda l Norway l T' F: Styret

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Strategiplan for FoU

Vurdering av allianse og alternativ

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U

Vedtakssaker. 19/14 14/ HMS-dag /14 14/ AMU- samansetning, roller, ansvar og opplæring 5 21/14 14/ AKAN 7

HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Forskingsutvalet. Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Studenttinget 2016/2017

Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning

MØTEINNKALLING Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

En utvikling på høgskolenes premisser?

Studenttinget 2016/2017

Strategiplan for FoU

Fortid & notid for framtid

Forskingsutvalet (FU) i Helse Møre og Romsdal HF Møtenummer: 4/2015. Saksnummer Emne Ansvarleg Vedlegg FU Vedtakssak

MØTEBOK - Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Møtet starta med eit totimars minikurs i styrearbeid ved Kjell Standal, Elinora consulting.

Kvalifikasjonskrav til prorektorane

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Lisa Follestad. Politisk fadder Ørsta Volda ungd.

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AMU

Innkalling og sakliste

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Vedtakssaker. 25/14 14/ AMU-samansetning , opplæring 3 26/14 14/ AKAN 4. Sjukefråvær 5. Status vernerundar 6.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2014, 21. januar 2014.

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Faglege representantar: Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Forsteamanuensis Marte Bogen Sinderud

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Møtebok for Høgskulestyret

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument var sende ut i brev 4. mai Tenesteplan for HVO 2005, frå HMS-Consult Ørsta Volda AS

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Forskingsutvalet. UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2016. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Spesialrevisor Rådgivar

Læringsmiljøutvalet. Møteprotokoll. Utval: Møtestad: Møterom SR 307 Dato: Tid: 11:00

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Transkript:

Forskingsutvalet PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. Tid: Tysdag 20. mai kl 12.15-14.30. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) (avbod) Jørgen Amdam (vara for Halse) ASH X Inger Marie Okkenhaug ASH X Arne Myklebust AHL (dekan) (avbod) Anne Øie (vara for Myklebust) AHL X Peder Haug AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Karen Brænne AKF X Sverre Liestøl AMF (dekan) X Pål Aam AMF (avbod) Rolf Werenskjold (vara for Aam) AMF X Synnøve H. Amdam Stipendiatane Karoline Strand Studenttinget Kathrine Garshol Studenttinget X Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO X Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO X Geir Tangen FoU-konsulent, HVO X Susanne Moen Ouff Møreforsking Volda Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 19-2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Møteinnkallinga vart godkjent. Rektor foreslo at orientering om situasjonen ved Møreforsking Volda vart teken opp som orienteringssak. Dette vart godkjent. Forskingsutvalet kom med eit vedtak i saka som dermed vart ført opp som eiga vedtakssak, FU sak 26-2014. FU sak 20-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2014, 8. april 2014 Framlegget til protokoll vart godkjent.

2 FU sak 21-2014 FoU-pris for 2014 (UOFF) Saksframlegget og vedlegga er ikkje offentleg med grunngjeving Offentleglova 26, 2. ledd og Offentleglova 14, 1. ledd. FU sak 22-2014 Forskingsgrupper ved HVO Ein komité sett ned av NOKUT har evaluert HVOs søknad om å etablere PhD-studium i Helse- og sosial i samarbeid med Høgskulen i Molde. I søknaden vart det blant anna gjort greie for organiseringa av forskinga ved dei to høgskulane, og det var ein tydeleg skilnad på dei to høgskulane ved at forskinga ved Høgskulen i Molde var organisert i tydelege forskingsgrupper, medan Høgskulen i Volda ikkje har så mange tydelege forskingsgrupper, men på mange fagområde har ein prosjektbasert og fleksibel arbeidsmåte. NOKUT-komiteen oppfattar dette som ein meir sårbar måte å organisere forskinga på enn å ha meir fast etablerte forskingsgrupper: «Høgskolen i Molde har etablert forskningsgrupper som ivaretar relativt stor forskningsinnsats innenfor relevant tematikk for programmet. Høgskulen i Volda har ikke på samme måte etablerte forskningsgrupper, men organiserer forskningen i relasjon til pågående prosjekter. Det er imidlertid uttrykt ønske om å utvikle forskningsgrupper på tvers av og i samarbeid med begge høgskolene.» ( ) «Ved HVO er forskningen knyttet til ulike pågående prosjekt, en konstruksjon som synes mindre langsiktig og derved mer sårbar.» NOKUT-komiteens evaluering av søknaden kan lesast som ei oppmoding til HVO om å endre måten å organisere FoU-arbeidet på HVO. Både NOKUT-kritikken og at HVO organiserer seg på ein annan måte enn andre høgskular er verd ein nærare analyse. I HVOs overordna strategiplan som vart revidert i januar 2014 står det at forskinga ved HVO skal organiserast i «forskingsgrupper og program med tydeleg leiing». Dette er ei ny formulering i høve til tidlegare strategiplan der det stod at forskinga skal «organiserast i større, integrerte FoUmiljø og program med tydeleg leiing.». I HVOs strategiplan for FoU er ikkje forskingsgrupper omtalt, men burde vore omtalt under strategiske arbeidsmåtar om forskingsgrupper skulle ha ei rolle. Programorganisering i betydninga prosjektorganisering har vore under utprøving som arbeidsmåte ved Høgskulen i Volda i fleire år. Det vart lyst ut midlar til programorganisering både som ei samling av stipendiatar innanfor

3 fagdidaktikk, men også i form av satsing på nokre få faglege område utan nødvendigvis tilknytte stipendiatar. Det trengst altså ei konkretisering av den overordna strategiplanens begrep «forskingsgrupper og program»: Kva er ei forskingsgruppe? Kva rolle skal forskingsgruppene ha? Kva resultatkrav skal stillast? Ein måte å tenkje på kan vere å sette av ressursar til leiing av forskingsgrupper og å kanalisere større delar av FoU-midlar gjennom gruppene, og samtidig forvente at FoU-produksjon, søknadsarbeid, prosjektgjennomføring og internasjonal kontakt skal gå gjennom forskingsgruppene. Skisse til kriterier for forskingsgrupper ved HVO: Forskingsgrupper bør vere samla omkring masterutdanningar og/eller PhD-utdanning(ar). Organisering, arbeidsmåtar og oppgåver: Leiar: Professor eller førstekompetent forskar eventuelt professor II eller samarbeid med andre institusjonar om Høgskulen i Volda ikkje sjølv har kompetanse. Medlemmer: Fagleg tilsette på alle nivå, med felles faglege interesser. Arbeidsmåtar: Fagleg utviklingsarbeid, framlegging av arbeid for diskusjon, utvikling av søknader, skriving av bøker og læremiddel. Stipendiatar: Alle forskingsgrupper bør ha minst ein stipendiat. Professorstipend: Alle forskingsgrupper bør ta sikte på å ha medlemmer som er i kvalifiseringsløp mot professorkompetanse. Intern finansiering: Stillingsressurs til leiar og noko midlar til intern seminarverksemd. Intern prosjektfinansiering/satsingsmidlar: Såkornmidlar blir tildelt i høve til særleg lovande utlysingar. Ekstern finanseiring: Alle forskingsgrupper bør årleg sende inn minst ein søknad til Noregs Forskingsråd. Internasjonalt arbeid: Forskingsgruppene bør arbeide for å inngå i internasjonale nettverk for å kome i posisjon til søknader på internasjonale midlar, særleg Horisont 2020. FoU-administrasjonen inviterer fagleg tilsette til eit internt seminar for å diskutere status og utvikling i forskingsgrupper på Høgskulen i Volda. Forskingsutvalet får lagt fram ei utgreiing av saka med tanke på budsjettet for 2015.

4 FU sak 24-2014 Tildeling av FoU-stipend for 2015. (Saksutgreiinga og vedlegg er Uoff fordi det blir presentert idear til forskingsprosjekt, jf Offentleglova 26, 4. ledd). A. Irene Bele får overført sitt FoU-stipend frå 2013 til 2015. FoU-stipendet gjeld for eitt semester i den stillingsprosenten ein har ved HVO det aktuelle semesteret. B. Knut-Willy Sæther får FoU-stipend for 2015 som del av professorstipend. Dette kjem i tillegg til dei andre FoU-stipenda. C. For 2015 får desse tildelt FoU-stipend: a. AHL: Torhild Høydalsvik, Vibeke Jensen, Giuliano d Amico, Alf Tomas Tønnessen, Siv M. Gamlem. b. AMF: Jørgen Lyngvær. c. ASH: Hallgerd Conradi, Egil Arne Standal, Gerd Skjong, Kåre Heggen.

5 FU sak 23-2014 FoU-stipend - retningsliner og framtidig dimensjonering A) Retningsliner for tildeling av FoU-stipend Retningslinene for FoU-stipenda vart sist reviderte i 2001. I samband med tildeling av FoU-stipend i 2013 tinga Forskingsutvalet ein gjennomgang av prosedyrane for tildeling av FoU-stipend. Også i årets søknadsprosess har det vorte peika på at det er manglar ved retningslinene og at dei difor bør justerast. I vedlegg 4 ligg framlegg til justerte retningsliner for tildeling av FoU-stipend. Endringane som blir foreslått handlar om følgjande: I tildelingskritera har det ikkje vorte vist til avdelinganes strategiplanar, det går ikkje fram av retningslinene at det er Forskingsutvalet som tildeler FoUstipenda og det går ikkje fram kva organ på avdelingane som skal tilrå og prioritere FoU-stipend for avdelinga. Det blir her foreslått at dette blir ei oppgåve for avdelingsråda. B) Framtidig dimensjonering av FoU-stipend Høgskulen i Volda har dei siste åra delt ut 10 årlege FoU-stipend. I budsjettet er det sett av midlar til 10 FoU-stipend for 2014. Kvart av stipenda er på kr 170.000. Det er for tida 5 tilsette i 5-årige PhD-prosjekt, og dei fleste starta på sine løp i 2014. Dette er ein sterk vekst i høve til tidlegare, og det er vanskeleg å vite om det vil kome fleire tilsette i 5-årige PhDprosjekt. Men prosessen i samband med utlysinga av 8 samtidige stipendiatstillingar medførte også auka fokus på den 5-årige ordninga. Det virkar som at ordninga tidlegare ikkje har vore så godt kjent. Men når det gjeld løn er ordninga attraktiv samanlikna med stipendiatvilkår. Dei fleste som har gått inn i dei 5-årige PhD-prosjekta er tilsette ved AHL. I 2014 har også ordninga med professorstipend kome i gang, og 2 tilsette går inn i professorstipend i 2014-2015. Om det blir gjort vedtak om å forlenge ordninga kan ein kanskje rekne med 2 nye professorstipend i løpet av 2015, og frå 2016 og utetter vil også desse vere aktuelle for FoU-stipend. Summen av 5-årige PhD-prosjekt og professorstipend vil etter dette medføre eit behov for minst 12-14 FoU-stipend for åra 2015-2019 innanfor desse to ordningane. Spørsmål som Forskingsutvalet bør ta stilling til er om talet på FoU-stipend bør aukast. FoU-administrasjonen meiner det har vore ein viss tendens til at ikkje alle tilsette har klart å ta ut sine FoU-stipend slik det var føresett. Dette talar i mot å utvide ordninga til fleire FoU-stipend.

6 Tilsette som går inn i 5-årige PhD-prosjekt eller i professorstipend burde ha gode rammevilkår for å faktisk gjennomføre FoU-stipend, og ikkje minst inngår FoU-stipenda i eit systematisk løp for kompetansebygging. Det største problemet med å ikkje utvide ordninga med FoU-stipend er at AHL som den største avdelinga i praksis kan ende opp med å få berre FoU-stipend til 5-årige stipendiatar og professorstipendiatar. Dette er lite inspirerande for tilsette som står utanfor desse ordningane. Avdelingane peikar på at finansieringa av FoU-stipenda har vore for dårleg. Beløpet har vorte auka mykje dei siste åra, men vert framleis vurdert som for lågt. Dette talar mot å utvide ordninga i form av fleire underfinansierte FoU-stipend kanskje bør heller stipendbeløpet aukast. a) Forskingsutvalet oppmodar styret ved Høgskulen i Volda til å auke talet på FoU-stipend frå 10 til 12 for 2015 på grunn av dei nye ordningane med professorstipend og den auka bruken av 5-årige PhD-stipend. b) Forskingsutvalet oppmodar styret ved Høgskulen i Volda til å auke FoU-stipendet frå kr 170.000 pr år til kr 190.000 pr år. FU sak 25-2014 Status gjeldande bruk av Små driftsmidlar Høgskulen i Volda har dei siste åra finansiert ein del av den faglege verksemda ved høgskulen ved å tildele Små driftsmidlar til einskildtilsette og grupper av tilsette. Dette er framhald av ei ordning som tidlegare vart finanisert av sentrale midlar, men som høgskulen valde å halde fram med etter at den sentrale ordninga fall bort. På Innsida er det informasjon om ordninga: https://www.hivolda.no/nyn/innsida/fellesadministrasjonen/forsking-og-utvikling/sma-driftsmidlar Små driftsmidlar for 2014-2015 vart tildelt i FU-møte 3/2014. Forskingsutvalet ønskja då å få ordninga utgreidd før neste utlysing av Små driftsmidlar. Det vil kome i løpet av hausten. Det har gått ei tid sidan Forskingsutvalet fekk presentert status når det gjeld bruk av Små driftsmidlar. FoU-administrasjonen ser ikkje føre seg at det er nødvendig med ein detaljert gjennomgang av den konkrete bruken og konkrete resultat av bruken av Små driftsmidlar. Når Små driftsmidlar blir tildelte av Forskingsutvalet er det fagleg grunngjevne prosjekt som får støtte, og midlane blir overført til avdelingane som godkjenner bruken av midlane.

7 Spørsmålet er heller om dei Små driftsmidlane faktisk blir brukte. Forskingsadministrasjonen og avdelingane arbeider no med eit oversyn dette. Avdelingane har fått tilsendt eit oversyn over tildelte Små driftsmidlar som ser ut til å ikkje ha vorte nytta av mottakarane. I første omgang er det unytta driftsmidlar i 2011-2012 som no blir rydda opp i, og seinare i år vil unytta driftsmidlar for 2012-2013 bli teke tak i samband med ein gjennomgang av ordninga før utlysing for 2015-2016. Omfanget av unytta driftsmidlar er pr dato følgjande: 2011-2012: Kr 48.100 2012-2013: Kr 95.956 2013-2014: Kr 188.704 I tillegg har de tidlegare vorte sendt tilbake kr 19.979 i unytta Små driftsmidlar. For 2013-2014 er det frist til å nytte midlane i løpet av første halvår 2014, så det vil ikkje vere naturleg å ta tak i dette før på nyåret 2015 før Små driftsmidlar for 2015-2016 skal lysast ut. Forskingsutvalet tek orienteringa til vitande. FU sak 26-2014 Status ved Møreforsking Volda og samarbeid med HVO Saka vart teken opp att frå førre møte i Forskingsutvalet (FU sak 16-2014). Forskingsutvalet bad då om nærare informasjon om status ved Møreforsking Volda. Forskar Finn Ove Båtevik frå Møreforsking gav i starten av møtet ein presentasjon som tidlegare har vorte halden for HVOs styre. Saka vart drøfta. Forskingsutvalet ønskjer at spørsmålet vert prioritert høgt og at det vert handla raskt. Rektor vil tilskipe eit seminar med dette som tema. Orienteringssaker: Finansiering og struktur i høgare utdanning: Samarbeid innanfor UH Nett Vest og signal frå Kunnskapsdepartementet. Orientering ved rektor.

8 Nokut-komiteen har kome med førebels vurdering av PhD-søknaden, og høgskulane i Volda og Molde sende svar på merknadene 13. mai 2014. Nytt styre i Stipendiatforeninga. o Styre i Stipendiatforeninga, valt på årsmøte 30. april 2014: o Leiar: Stine Margrethe Ekornes. o Nestleiar: Lone Ellingvåg Knutsen. Status for Forskingsdagane 2014 (ved Geir Tangen). Vedlegg 5. Resultat interne publiseringar 2013 (ved geir Tangen). Vedlegg 6. Doktorgradsdisputasar: o (Ingen fleire førebels) FU-relevante møte og arrangement: o Komande fristar, møte, arrangement med meir: 18.-20. juni: Fjordkonferansen, Loen. Felleskonferanse for forskarar frå høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vedlegg: 1) Framlegg til protokoll frå FU-møte 3/2014. 2) Individuelle søknader om FoU-stipend. (Vedlegget er unndrege offentleg innsyn fordi det inneheld idear til forskingsprosjekt, jf Offentleglova 26, 4. ledd)). 3) Avdelinganes prioriteringar av FoU-stipend. (Vedlegget er unndrege offentleg innsyn fordi det inneheld idear til forskingsprosjekt, jf Offentleglova 26, 4. ledd)). 4) Framlegg til justerte retningsliner for tildeling av FoU-stipend. 5) Status ang Forskingsdagane 2014 (v/geir Tangen). 6) Resultat interne publiseringar 2013 (v/geir Tangen).