saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.08.2017 84036/2017 Magne Hanestadhaugen Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 06.09.2017 Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda 10.09.2017-18.02.2018 Bakgrunn Samferdselsutvalet har gjennom behandling av sakene SA-49/16 «Opsjon 2 ferjeløysning» og SA-13/17 «Høyring om to- ferjeløysning rute 36 Åfarnes-Sølsnes» vedtatt ei permanent to ferjeløysning i rute 36 Åfarnes-Sølsnes som vert gjeldande frå 18.02.2018, og ut kontraktsperioden. Dette er løyst ved å nytte opsjon i gjeldande kontrakt. Fylkesrådmannen vart gjennom vedtak i sak SA-28/17 «Driftsstatus for fylkesvegferjene i Møre og Romsdal 2016» beden om å ta opp igjen forhandlingane med operatøren av rute 36 med hensikt å få ein tidligare oppstart av to ferjer; «Samferdselsutvalet ber administrasjonen ta opp nye forhandlingar med sikte på tidligare oppstart av 2-ferjeløysning på Sølsnes-Åfarnes» I realiteten vil dette dreie seg om drift av to ferjer i perioden frå sommarproduksjon med to ferjer vert avslutta i 2017 til utløyst opsjon vert gjeldande frå februar 2018. Fylkesrådmannen tok etter dette vedtaket opp forhandlingane med operatøren. Parallelt med desse forhandlingane fekk ein forhandla inn utvida periode med sommarproduksjon med to ferjer, frå 10. til 18. september. Dette fekk ein til på trass av at det ikkje har vore satt av midlar til dette, og utan økonomisk kostnad. Ein fekk vidare den 30.06.2017 inn tilbod på drift av to ferjer i perioden frå 18. september 2017 til 18. februar 2018.
Vurdering Trafikkbilde Årsdøgntrafikken i 2016 er stigande i høve til 2015, men er endå ikkje kome opp på nivået i 2014. Årsdøgntrafikken i 2014 var på 2414 personbileiningar medan ein i 2016 hadde 2329 personbileiningar. I 2015 var som kjent Fannefjordstunnelen periodevis stengd, noko som gjorde at mykje av trafikken fall bort. Grafen syner årsdøgntrafikk frå 2012 til 2016 målt i personbileiningar. Perioden ein no har forhandla om drift av to ferjer, er perioden med lågast trafikk historisk sett, som grafen under syner. Ein vil dermed ha på plass to ferjer i høve til utløyst opsjon før trafikken aukar frå april månad. Grafen syner trafikk målt i personbileiningar og kjøretøy i perioden 1/7-16 til 1/6-17 Perioden som er markert med blått syner same periode som ein no har forhandla om to ferjer. Det er også denne perioden som har minst attståande kjøretøy. Det var i perioden oktober 2016 til og med februar 2017 registrert 430 attståande kjøretøy i desse fem månadene. Dette er om lag tre kjøretøy per dag.
Grafen syner attståande kjøretøy i perioden 1. juli 2016 til og med 1. juni 2017. I april månad 2017 hadde ein 405 attståande kjøretøy og dette aukar ytterlegare i mai månad. Den utløyste opsjonen medfører at ein vil ha to ferjer i frå medio februar 2018 og vil dermed dekke opp for desse månadene i 2018. Tilbod Mottatt tilbod frå Fjord1 inneheld nokre føresetnader, ein vil trekke fram følgjande punkt, der Fylkesrådmannens merknader er satt opp som eigne kulepunkt under kvart punkt. 1. Sommarproduksjon gjeld fram til 18.09.2017 o Ivareteke gjennom avtale om auka periode med sommarproduksjon, endringsordre nr. 9 signert av oppdragsgivar 9. juni 2017. 2. Fjord1 as leverer primært ein kapasitet på 35 personbileiningar i perioden o Fylkesrådmannen meiner trafikkbildet i denne perioden tilseier at dette er tilstrekkeleg kapasitet. 3. Ved driftsstans på suppleringsferje er det ikkje krav til reservemateriell o Ein har prøvd å isolere gjennomgåande/korresponderande kollektivtransport til A-rute avgangar, i sommarrute tabellen (endringsordre nr. 9), men ikkje lykkast fult ut. Ein vil dermed kunne ha brot i kollektivkjeda ved driftsavbrot. Ein bør likevel kunne akseptere dette, gitt låg risiko for driftsavbrot, og den korte driftsperioden frå slutten av september til medio februar 2018. 4. Innstilte / utsette ruteturar skal ikkje medføre trekk i kompensasjon i perioden. o Administrasjonen tek til etterretning at dette er stilt som krav, gitt materiellsituasjonen i marknaden og risiko for operatøren. 5. 20 minutts avgangar innanfor maksimum driftsramme på 14 timar der forsegling til og frå liggekai er medrekna. o Ivareteke gjennom endringsordre nr. 9 der rutetabellen for sommarproduksjonen vart endra.
6. Det reknast inn 20 dagar med auka PBE kapasitet som kan nyttast ut frå tilgjengelige ressursar, med avrekning mot forbruk dersom ikkje kapasiteten nyttast/kan nyttast i perioden. o Administrasjonen ser ingen utfordringar ved dette punktet 7. Tilbodet har tatt omsyn til fråtrekk på 21 dagar produksjon. o Det er uheldig at ein i perioden har eit opphald på 21 dagar der det berre går ei ferje, med omsyn til føreseieleg rutetabell og kollektivtrafikk mm. Ein kan legge perioden rundt jul/nyttår og informere godt ut til reisande for å søke å minimere konsekvensane. 8. Kompensasjon for drift av to ferjer i perioden 18.09.2017 til 18.02.2018 er NOK 13.344.000.- (2016-kroner) o Dette beløpet er tilsvarande beløpet for drift av to ferjer heile året i opsjonsavtalen som er utløyst, som var oppgitt i sak SA-49/16 til om lag 13,975 mill. kroner. Oppgitt pris må sjåast i samanheng med materiellsituasjonen i marknaden, og risikoen operatør meiner dei tar ved å inngå avtalen, samt at opsjonsprisen var konkurranseutsett. Kostnad Fylkesrådmannen vil ikkje gå nærmare inn på prisen som er gitt i tilbodet sett i høve til opsjonsprisen, der det med begge prisane kan vere forhold som gjer at prisane avvik betydeleg frå kvarandre. Prisen på om lag 13,3 millionar kroner er den prisen ein har klart å oppnå i forhandlingane. Ein har hatt reelle forhandlingar om prisen på mellomperioden der det frå administrasjonen er gitt signal på at ein kan gå ned på krav til personbileiningar, og gjere grep i høve til produksjon for å redusere prisen. Det er gitt eit tilbod med ein lågare kapasitet (35 pbe), og ein har redusert produksjonen med 21 dagar i tilbodet. Det vil seie at ein med to ferjeproduksjon i heile perioden, og ein kapasitet på 60 personbileiningar (kapasitet i opsjon), ville fått ein høgare kostnad. Ein reduksjon i tilbode pris vil dermed medføre ytterlegare reduksjon i ferjetilbodet utover det som ligg til grunn i føresetnadene presentert i saka. Vedtak i sak SA-13/17 legg til grunn ein takstauke med to soner frå den dato ein sett i verk ei permanent to ferjeløysning. Legg ein til grunn at motteke tilbod er ei framskynda permanent to-ferje løysning, sjølv med dei føresetnadene som ligg til grunn, vil ein kunne auke takstane før opsjonsavtalen trer i kraft. Ei takstauke, frå til dømes 1. september, vil dermed kunne vere med på å finansiere drifta av to ferjer i perioden. Legg ein til grunn ei forenkla utrekning av inntekter i månadene september til og med februar vil dette kome på om lag 3,6 millionar kroner. Ein gjer merksam på at det er nytta trafikktal frå perioden september 2016 til februar 2017, som ein vurderer vil vere om lag på linje med det ein får i same periode 2018. Ein har ikkje tatt omsyn til avvisingseffekt på grunn av auka pris, eller auka trafikk på grunn av Månad Inntekt sone 4 Inntekt sone 6 Sept. 16 kr 5 387 033 kr 6 136 625 okt. 16 kr 4 963 807 kr 5 652 113 nov. 16 kr 4 202 493 kr 4 773 620 des. 16 kr 3 973 768 kr 4 521 894 jan. 17 kr 4 165 935 kr 4 667 206 feb. 17 kr 4 243 344 kr 4 754 570 kr 26 936 381 kr 30 506 028 i
betre tilbod. Ein har lagt til grunn at 80 prosent av dei reisande nyttar rabattordningane. Sjølv med dei føresetnadene som er lagt til grunn vil dette gje eit godt nok grunnlag til at ein med stor sikkerheit kan konkludere med at Møre og Romsdal fylkeskommune sjølv måtte finansiere mellom 9 til 10 millionar kroner for å kunne ha to ferjer i sambandet i mellomperioden. Fylkesrådmannen såg på grunnlag av trafikkbildet i sambandet, problemstillingar i høve til føresetnadene i tilbodet frå operatør, og den økonomiske situasjonen innanfor ferjedrifta, ikkje at det var mogeleg og inngå avtale om drift av to ferjer i perioden 18.09.2017 til 18.02.2018. Akseptfristen for tilbodet gjekk ut 18.08.2017. Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet tek fylkesrådmannens vurderingar i høve til tilbod om drift av to ferjer i sambandet Åfarnes-Sølsnes i perioden 18.09.2017 til 18.02.2018 til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 Tilbodsbrev toferjeløysning interimperiode Rute 36 Åfarnes-Sølsnes