Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Planutvalet Møtestad: Rådmannens kontor, Rådhuset Møtedato: 21.08.2006 Tid: 14.30-15.30. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 15.08.06. Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Ordførar Jan Helgøy Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen Eli Tefre Nordal Sissel Stokke Einar Ebbesen For Sissel Stokke møtte Magne Vik Arset For Einar Ebbesen møtte ingen. 6 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset, kommunalsjef Gunvor Strand, planleggar Espen Viddal og møtesekretær Kåre Kvangarsnes Merknader: Ingen Saker som vart handsama: 021/06 0025/06 Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0021/06 06/00033 PRIVAT REGULERINGSPLAN - NOTAPLASSEN 0022/06 06/00407 BJARNE VIK - HAMN FOR FLYTEBRYGGE TIL FRITIDSBÅTAR - GBNR. 042/002 0023/06 06/00404 ODDVAR VEDELD - DELING AV GRUNNEIGEDOM TIL HYTTEUTLEIGE - GBNR 112/002 0024/06 01/01296 FISKÅ SENTRUM - REGULERINGSPLANARBEID 0025/06 06/00553 HAUGSHORNET VINDKRAFTVERK - SANDE KOMMUNE - REGULERINGSPLAN - HØYRING - FRIST 4. SEPTEMBER 2006 Side 2 av 6
0021/06 PRIVAT REGULERINGSPLAN - NOTAPLASSEN Framlegg til vedtak: Planutvalet ber initiativtakarane til reguleringsframlegget gjere følgjande endringar i planframlegget før utvalet kan ta stilling til det: 1. Felles leikeareal bør vere innteikna i planen, fortrinnsvis sentralt mellom FB1 og FB2. Av trafikktryggleiksomsyn vil det derfor vere tilrådeleg å forme tilkomsten til området som ei stor rundkøyring med leikeplass i sentrum, snarare enn med snuplass som planframlegget legg opp til. Alternativt må punkt 3.3 i reguleringsføresegnene endrast slik at det stillast krav om bebyggelsesplan for område FB1 og FB2. Denne må vedtakast av planutvalet i kommunen. 2. Felles parkeringsplass bør vurderast flytta til den delen av område FB2 som ligg nærast riksvegen. På den måten vil ein unngå mye trafikk inn på bustadområdet, og forskjellen i avstand til hamna er marginal. 3. Det må stillast krav om samla utbygging slik at ein sikrar ei einskapleg utforming av bygningar og unngår sjølvbyggartomter med kolliderande estetikk og sannsynleg langvarig preg av byggeplass dette fører med seg. 4. Det planlagde fritidssenteret må få eigen arealbruksstatus og plasseringa må fastsettast i planen. 5. I punkt 6.3 i reguleringsføresegnene må det stillast krav om at fyllingsfoten på moloen skal plastrast på ein estetisk tiltalande måte. Det må også utarbeidast eit snitt som illustrerar helling på moloen sin fyllingsfot mot elveosen, inkludert hellingen på Fr1 langs med moloen 6. Enten må område Fr2 utvidast 4 meter i austleg retning, eller så må byggegrensene for FB1 mot Fr2 settast til minst 8 meter. Vel ein alternativet med endring av byggegrensene, skal ein og ha med ei føresegn om at det ikkje kan settast opp gjerde eller hekk. Ei slik endring kan i noko grad avbøtast ved å auke maksimal utnyttingsgrad til 30% og gje rom for bygging i kjede eller rekke også her. 7. Tilkomstveg til område FB3 skal vere teikna inn på plankartet og vere separat frå hamna sitt landareal. 8. Ein bør vurdere å utvide hamna sitt landareal, for eksempel mot vest. Eventuelt kan ein ta bort det planlagde lagerbygget innanfor PSL2. 9. Det må takast med føresegner om skjøtselsplikt i planframlegget, slik at ein unngår skrot og søppel i området for framtida. 10. Formålsgrensene for område B/I 1 skal rettast. Planutvalet vil vurdere om det er naudsynt å legge eit omarbeida framlegg ut til 2. gangs offentleg ettersyn når eit slikt omarbeida framlegg er kommunen i hende. Vedtaket kan påklagast, jf. Fvl. 28. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt vedtaket er gjort kjent. Side 3 av 6
Framlegg frå Tormod Hvattum: 1. Saka om Notaplassen blir utsett. 2. Det blir arrangert eit ope møte /folkemøte om saka så snart som mogleg. Framlegget frå Tormod Hvattum vart samrøystes vedteke. 1. Saka om Notaplassen blir utsett. 2. Det blir arrangert eit ope møte /folkemøte om saka så snart som mogleg. 0022/06 BJARNE VIK - HAMN FOR FLYTEBRYGGE TIL FRITIDSBÅTAR - GBNR. 042/002 Framlegg til vedtak: Planutvalet gjev dispensasjon frå pbl. 17-2 og kommuneplanen sin arealdel til bygging av hamn og molo for utlegging av flytebrygger på gbnr. 42/2 på følgjande vilkår: 1. Moloen skal utformast i høve til terrenget omkring og plastrast på ein estetisk tiltalande måte. 2. Moloen skal byggjast på ein slik måte at den enkelt kan utvidast på eit seinare tidspunkt. Som særleg grunn vil utvalet syne til at ei slik hamn vil vere med på å styrke grunnlaget for utleige av fritidsbustader i området, og at området på grunn av eksisterande inngrep og naturforhold eignar seg godt til småbåthamn. Vedtaket kan påklagast, jf. Fvl. 28. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt vedtaket er gjort kjent, jf. Fvl. 29, 1. ledd. Administrasjonen la fram slik endring av pkt. 1: Moloen skal utformast i høve til terrenget omkring og plastrast med liggande naturstein. Tilrådinga med endring framlagt på møtet vart samrøystes vedteke. Planutvalet gjev dispensasjon frå pbl. 17-2 og kommuneplanen sin arealdel til bygging av hamn og molo for utlegging av flytebrygger på gbnr. 42/2 på følgjande vilkår: Side 4 av 6
1. Moloen skal utformast i høve til terrenget omkring og plastrast med liggande naturstein. 2. Moloen skal byggjast på ein slik måte at den enkelt kan utvidast på eit seinare tidspunkt. Som særleg grunn vil utvalet syne til at ei slik hamn vil vere med på å styrke grunnlaget for utleige av fritidsbustader i området, og at området på grunn av eksisterande inngrep og naturforhold eignar seg godt til småbåthamn. Vedtaket kan påklagast, jf. Fvl. 28. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt vedtaket er gjort kjent, jf. Fvl. 29, 1. ledd. 0023/06 ODDVAR VEDELD - DELING AV GRUNNEIGEDOM TIL HYTTEUTLEIGE - GBNR 112/002 Samrøystes vedtak som framlegget. Planutvalet syner til 7 i plan- og bygningslova og gjev dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for frådeling av utleigehytte på gnr 112 bnr 2 i Vanylven. Som særlege grunnar er vektlagt at området har fått nedsett fartsgrense sidan hytta vart bygd, og at eigedomsforholda i liten grad påvirkar faktorane som medførte klassifisering som LNFområde Sone A i arealdelen i kommuneplanen. 0024/06 FISKÅ SENTRUM - REGULERINGSPLANARBEID Samrøystes vedtak som framlegget. Planutvalet ber administrasjonen arrangere bygdemøte i Fiskå for å presentere framlegget til reguleringsplan, og for å få innspel frå grunneigarar før planframlegget blir lagt ut til høyring. Bygdemøtet skal annonserast i Synste Møre, og dei grunneigarane som i sterkast grad blir berørt av planframlegget skal inviterast særskilt. Side 5 av 6
0025/06 HAUGSHORNET VINDKRAFTVERK - SANDE KOMMUNE - REGULERINGSPLAN - HØYRING - FRIST 4. SEPTEMBER 2006 Samrøystes vedtak som framlegget. Planutvalet har ingen merknader til framlegget til reguleringsplan for Haugshornet Vindkraftverk. Eventuelt: Rådmannen tok opp spørsmål om reglement for førehandskonferanse. Planutvalet var positiv til ideen. Tormod Hvattum tok opp følgjande: - Sak vedk. bustadfelt Syvde spurde om det er mogleg å sjå på anna vegløysing for å unngå ekspropriasjon. Rådmannen viste til at det ligg føre sak til ekstra formannskapsmøte 4. september. - Saker vedk. skiløype Øvreberg-Slivatn og hytte i Almklovdalen som er oversendt Fylkesmannen i Sør-Trøndelag kva er status? Planleggar opplyste at ein har fått melding om at saka vert handsama i august/september 2006. Tormod Hvattum bad om at representantar for Fylkesmannen i Sør-Trøndelag vert invitert til synfaring. Rett utskrift 22.08.06 Kåre Kvangarsnes Side 6 av 6