Referat frå møte i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Like dokumenter
VERDSARVRÅDET FOR VESTNORSK FJORDLANDSKAP SAMARBEIDSORGAN FOR VERDSARVOMRÅDET VESTNORSK FJORDLANDSKAP RETNINGSLINER FOR ARBEIDET

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Verdiskaping skjer i møte!

Møteprotokoll. Verneområdestyre for Nærøyfjorden

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Lars Hillesgate 18, Bergen Møtedato: Tid: 13:15-15:00

Møteprotokoll. Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Bjørg Djukastein MEDL VOSS

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: 09:45-15:20. A.

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:15-14:00. A.

Adresseliste: NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE - KONSTITUERING FOR PERIODEN

Møtedato: Møtetid: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Anders Haugen

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Møteprotokoll. Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Jan Geir Solheim MEDL LÆR Gunn Åmdal Mongstad MEDL SFFK

MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

Berekraftig og bruksretta besøksforvaltning

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Klingenberg Hotel, Årdal Møtedato: Tid: 09:30-14:30. A. Desse møtte:

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Prosjektplan besøksstrategi

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Utkast til besøksstrategi for Stølsheimen landskapsvernområde, versjon Prosjektplan besøksstrategi. Stølsheimen landskapsvernområde

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

MØTEINNKALLING Kopi: Ordførar, rådmann, kommunerevisjon

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

SØKNAD: PROSJEKT FELLESGODEFINANSIERING

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Samnanger kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Bergen Møtedato: Tid: 12:45 16:00. A.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Kontrollutvalet i Bømlo kommune Møteprotokoll

Stranda kommune Næring og teknisk

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Møteprotokoll. Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Frode Merkesvik MEDL HØY Inger Ulvund MEDL HOFK

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Fusa kommune Møteprotokoll

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Stord kommune Møteprotokoll

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdalsøyri skule Møtedato: Tid: kl A.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth, Gunhild Brun, Ivar Kvalen. SAKLISTE

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal sjukehus Møtedato: Tid: 09:30-15:00

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus Møtedato: Tid: 09:00-15:20

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap kva no?

09/10 Rapport etter undersøking når det gjeld ordføraren si rolle i samband med tomtekjøp

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Blix Hotell, Vik Møtedato: Tid: 09:15 14:45. A.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid: 15.00

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Aurland rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: A.

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: 09:00-15:00

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Dato: 21. februar 2013 Kl.: Stad: Bergen Wigandgården Agnes Mowinkelsgt. 6 Saknr.: 6/13-7/13

Transkript:

Referat frå møte i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Møtestad: Clarion Hotel Bergen Airport, Flesland. Tidspunkt: Tysdag 29. august 2017, kl. 10.00 15.15. Medlemar til stades: Voss kommune v/ ordførar Hans Erik Ringkjøb. Møre og Romsdal fylkeskommune v/ Arne H. Sandnes. Aurland kommune v/varaordførar Leiv Jarle Bergheim. Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Geir Moen. Vik kommune v/ ordførar Olav Turvoll. Fylkesmannen i Hordaland v/ Kjell Kvingedal. Stranda kommune v/ ordførar Jan Ove Tryggestad. Norddal kommune v/ ordførar Arne Sandnes. Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/ fylkesvaraordførar Åshild J. Kjelsnes. v/ Tom Dybwad. Bisitjarar: Inge Bjørdal, adm. Stranda kommune. Odd Rune Turvoll, adm.vik kommune. Arlen S. Bidne, adm. Sogn og Fjordane fylkeskommune. David Aasen Sandved, adm. Hordaland fylkeskommune. Ingunn B. Skjerdal, adm. Aurland kommune. Observatørar: Trond Taugbøl, Riksantikvaren. Anbjørg Nornes, VOF Nærøyfjorden. Gaute Sønstebø, Miljødirektoratet. Forfall: Andre: Kristoffer Ullern-Hansen, SNO Aurland. Trude K. Knagenhjelm, landbruksavd. FMSF. Kjell Hansen, SNO Geiranger. Frank Madsøy, landbruksavd. FMMR. Ingvild Hansen Nystad, VOF Geirangerfjorden. Hanne Lykkja, Nærøyfjorden Verdsarvpark. Hordaland fylkeskommune Dina Margrethe Aspen, NTNU Ålesund. v/ Anne Beth Njærheim. Bjørn Pedersen, Sjøfartsdirektoratet. (Sak VF 03/17) Noralv Distad, ordførar Aurland kommune. Jan Geir Solheim, ordførar Lærdal kommune. Sekretariat: Magnhild Aspevik, adm. Lærdal kommune. Erling Oppheim. Lærdal kommune v/ vara Mia Hovland. Merete L. Rønneberg. Opning: Leiar Hans Erik Ringkjøb ynskte Verdsarvrådet velkomen til Flesland og opna deretter eit tettpakka dagmøte med fylgjande saksliste: VF 01/17 VF 02/17 Innkalling, sakliste og møtereferat. Ingen merknader. Orienteringar og meldingar. 1. SUSTRANS prosjektet: Dina M. Aspen, forskar ved NTNU Ålesund, orienterte om grunnlag, innhald og målsetjing for forskingsprosjektet som hadde oppstart i april d.å. og skal vere sluttført i mars 2020. Prosjektet vil ha koblingar og til andre FoU-prosjekt. Syner vidare til eigen PPT-presentasjon. 2. Kommersielle ferjekonsesjonar og båtruter i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland»: Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune, orienterte kort om status i ei pågåande utgreiing som har fylgjande føremål: «Prosjektet skal undersøkje og finne svar på korleis vi kan byggje eit heilskapleg konsesjonssystem for kommersiell innanriks sjøfart som fremjar låg- og nullutsleppsteknologi, utan at aktiviteten i seg sjølv fell bort eller vert skadelidande.» Bjørdal synte i denne samanheng og til prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub som har til føremål å produsere hydrogen på lokal kraft. Mål: Få ferjestrekninga Hellesylt-Geiranger over på hydrogen. Syner elles vidare til eigen PPTpresentasjon.

3. Revisjon av felles skiltmal for Vestnorsk fjordlandskap: Orienteringa frå sekretariatet utsett til neste møte. 4. Pilotprosjekt fagbrev reiseliv: Kopi av PPT sendt medlemane av verdsarvrådet ved innkallinga. Sjølve orienteringa frå Hanne Lykkja, Verdsarvparken, vart utsett. 5. Tildeling av tilskot over Statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Verdsarv: Orienteringa ved Arlen S. Bidne, Sogn og Fjordane fylkeskommune, vart utsett. 6. Uttale frå Norges Verdensarv sitt politiske råd : Kopi av uttalen var sendt rådsmedlemane i samband med innkalling. 7. Nye rammevilkår for verdsarvfjordane: Kopi av uttale dagsett 24. februar d.å. frå Verdsarvrådet ved leiarane var sendt rådsmedlemane i samband med innkalling. 8. Sjøfartsdirektoratet sin rapport om utslepp i verdsarvfjordane: Kopi av pressemelding dagsett 7. juni d.å. frå Verdsarvrådet ved leiarane var sendt rådsmedlemane i samband med innkalling. 9. Sjøfartsdirektoratet sin rapport om utslepp i verdsarvfjordane: Kopi av skriv frå Stranda kommune og Aurland kommune til KLD ved klima- og miljøministeren. Kopi av skriv frå Stranda hamnevesen og Aurland hamnevesen til Sjøfartsdirektoratet. Kopi av dokumenta vart sendt medlemane av Verdsarvrådet i samband med innkalling. Verdsarvrådet tok orienteringane til vitande. VF 03/17. Kartlegging av utslepp og miljøpåverknad i verdsarvfjordane. Sjøfartsdirektoratet sin rapport om utslepp til luft og sjø frå skipsfart i fjordområde med stor cruisetrafikk.(link: https://www.sjofartsdir.no/contentassets/aa3110d909b74450b4f2dcf23d370280/d irektoratets-rapport---05052017---versjon-01.pdf ) Oppdragsskriv frå KLD til Sjøfartsdirektoratet dagsett 4. juli då. Det låg føre kort saksutgreiing frå sekretariatet. I tillegg deltok Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, i møte med ein presentasjon/ oppdatering om status i arbeidet og vegen vidare i høve til KLD sitt oppdrag. Synte og til at Sjøfartdir. denne sommaren har skrive brev til fleire rederi som er registrert med mykje utslepp til luft. Har paradoksalt nok erfart at cruiserederi med dei beste rensesystema ikkje har systema i drift grunna manglande krav til dette i norske fjordar. Pedersen peika vidare på at verdsarvfjordane har ein særleg internasjonal status som virkelig tilseier at vi lyt vere føre var andsynes forvaltning og styring. Framlegg til semje i Verdsarvrådet: Saka vert lagt fram til uttale i Verdsarvrådet utan tilråding frå sekretariatet. Handsaming/drøfting: Leiar Hans Erik Ringkjøb innleia til drøfting med ei kort utgreiing om grunnlag og målsetjing for Sjøfartsdir. sitt arbeid. Dette er eit arbeid som gjer Verdsarvrådet si rolle svært relevant. Viktig å ha med seg at verdsarvstatusen er unik; skal vere eit fyrtårn i høve forvaltning og utvikling. Ynskjer brei tilslutning til pressemelding og uttale. Møtelyden takka Sjøfartsdir. for ein god presentasjon og gjennomgang. Nokre peika likevel på at landstraum ikkje var omtalt som mogeleg tiltak. Pedersen stadfesta dette 2

og synte til at enkelte stader kan det vere svært kostnadskrevjande å få fram nok straum og er dette i så tilfelle rett bruk av midlar? Oppføring av tilførselslinjer kan i seg sjølv og vere eit miljøproblem. Andre synte til at forvaltningsaktørane manglar heimel i gjeldande regelverk for å styre effektivt i ei meir klima- og miljøvenleg retning. Større vilje til å regulere trafikken og ferdsla på fjordane vart etterlyst. Det vart vidare hevda at eit framtidig regelverk bør vere nasjonalt for å unngå konkurransevriding; unngå flytting av problem til andre fjordar. Kan føre til auke «innbussing» med gamalt materiell/ auka trafikk på land. Nokre av rådsmedlemane heldt fram at klima- og miljøfremjande krav og vilkår like gjerne kan vere eit konkurransefortrinn. Vi må ta til oss kva status vi har og kva kvalitet vi skal levere. Må levere best mulig produkt til best mulig kvalitet. Ikkje vere redd for å nytte verdsarvfjordane som pådrivar/ føredøme for ei positiv utvikling. Tenkt fordeling og spreiing. Verdsarvstatusen gjev høve til å ta tak i problema. Nokre av gjestene har allereie registrert og meldt til UNESCO-senteret i Paris uro over mykje røyk i verdsarvfjordane. Verdsarvrådet sitt arbeid er umåteleg viktig, eit godt høve til å gjere noko banebrytande. Liten tvil om at vi har eit problem som vi må ta tak i. Difor viktig å støtte tiltakspakkane i rapporten. Verdsarvrådet samla seg etter ei tid med drøftingar om fylgjande: Verdsarvrådet sluttar seg til uttale og pressemelding frå leiarskapet og helsar samstundes velkomen Sjøfartsdirektoratet sin rapport og vidare arbeid for ei klima og miljøvenleg ferdsle på fjordane. VF 04/17 Tiltaksplanen for kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap. - Pressemelding kulturlandskapsseminar. - Program kulturlandskapsseminar. Det låg føre ei kort saksutgreiing frå sekretariatet. Saksordførar Arne Sandnes innleia til vidare drøfting av saka med kort historikk; viste m.a. til kartlegginga gjennomført av Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2003 som m.a. peika på at småskala husdyrbasert landbruk er det som kan oppretthalde eit aktivt og klassisk kulturlandskap. I 2005 var det ei rekkje oppslag i media om kulturlandskap i fare kor repr. for reiselivsverksemder og bønder uttrykte si uro over fråfall/reduksjon i landbruksdrifta. Dette leia til det mykje omtalte kaimøte i Eidsdal august 2006. Der møtte mange bønder, bygdafolk, statssekr. i LMD, fylkesmann og fylkesordførar m.v. Tema for møte var kva gjer ein for å rette på denne utviklinga. Det må skje noko for å hindre attgroinga. Fylkesordføraren i Møre og Romsdal kalla kort tid etter kommunane Stranda og Norddal inn til drøftingar som konkluderte med at utfordringa måtte løftast vidare gjennom eit eige prosjekt. Dette vart oppstarten til planprosessen som resulterte i «Tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan.» Planen inneheld som kjent 4 ordningar kor halvparten (Beitebidrag og arealbidrag) er operative p.t. I 2008 vart planen og gjennomføringa drøfta med 4 departement; MD, KLD, KUD og NFD. Målsetjing om å få til samfinansiering men 2 departement datt av lasset; stod att med LMD og KLD. No har det gått 10 år, kva er stoda? Eksisterande virkemiddel er for svake til å sikre rekruttering. Kva gjer vi? Gje tiltaksplanen ein «boost» eller tenkje nye tankar? Kan ein landbrukspolitikk ala Sveits/ Austerrike vere ein veg å gå? Eit landbruk som har hovudfokus på pleie av landskapet framfor produksjon av mat og fiber? Mange meiner det kan vere ein modell. Busetting i randområda viktig for aktiviteten i verdsarvområda. Berre 185 innbyggarar att i Geiranger. Elevtalet minkar kraftig i skulen. Landbruk basis for busettinga. 3

Paneldebatten på kulturlandskapsseminaret i Geiranger resulterte i brei og full politisk semje om kva som må til; Utvikle ein ny landbrukspolitikk for Vestnorsk fjordlandskap. På mange måtar var det det som skjedde i 2007 når tiltaksplanen vart drøfta med politikarane og embetsverk i Akersgata. Verdsarvstatusen var drivaren i dette pilotprosjektet. Spørsmålet no er korleis dette vert teke vidare. Verdsarvrådet må ta tak i saka. Sandnes peika for sin eigen del på fylgjande vegar: 1. Forsterke virkemidla/ økonomien i gjeldande tiltaksplan. Få finansiert opp det som manglar. 2. Etablere ein norsk modell av det sveitsiske landbruket der sluttproduktet er eit velstelt og levande kulturlandskap med innslag av sterk kultur og historieformidling. Tida inne for å tenke nytt, må ha eit landbruk som er attraktivt for ungdomen og med stor grad av innovasjon. Må nytte og handle på landskapet sine premissar, tilpassa drift og mekanisering. Vidare vil økologisk landbruk og kortreist mat vere sentrale stikkord. Utvikle og selje verdsarvprodukt med vekt på formidling av produkt og produksjon. Etablere relasjon mellom produsent og kunde/ gjest. Korleis tek vi så dette vidare. Trur vi må tilbake til å etablere eit 2-årig prosjekt finansiert av fylkesmenn og fylkeskommunane. Tilsetje ein prosjektleiar samt etablere ei arbeidsgruppe med repr. få ulike fagmiljø, friviljuge organisasjonar, reiselivsnæringa mv. Verdsarvrådet kan vere styringsgruppa. Arbeidet må presenterast for relevante departement. Verdsarvstatusen må haldast høgt, ei særs sentral oppgåve for rådet, eit viktig ansvar å fylgje opp. Kulturlandskapssaka er ei særs relevant sak for Verdsarvrådet, viktig å sikre busetnaden i områda samt ta vare på natur- og kulturverdiane. Framlegg til semje/uttal frå Verdsarvrådet: Saka vert lagt fram til uttale i Verdsarvrådet utan tilråding frå sekretariatet. Handsaming/ drøfting: Møtelyden drøfta det som låg føre. Nokre held fram at ordninga bør grundig evaluerast, dette må i så tilfelle gjennomførast før ein vurderer nye tiltak evt. ber staten om meir/nye pengar. Ei evaluering treng ikkje forhale prosessen. Andre synte til NILF si evaluering i 2010; det kan ikkje vere tvil om at ordninga virkar, eineståande i sitt slag. Bør byggje vidare på det som er framfor tenkje nytt. Husdyrbruk er heilt sentralt for å opprettehalde eit levande kulturlandskap. Tid er ein vesentleg faktor for å sikre vidare drift, held på å gå tom for folk, må ta vare på dei som er att. Fellesfjøsprosjektet i Geiranger er eit tiltak med mål om å reetablere/ vidareføre landbruksdrifta i området. Fleire brukarar står føre naudsynte investeringar, stor trong for toppfinansiering. Investeringsmidlar må på plass som strakstiltak, ny politikk i eit lengre perspektiv? Ny forskrift opnar rett nok for romsligare bruk av verdsarvmidlane men sjøl med noko auke siste år over LUF er det meste bunde opp i eksisterande avtaler. Kulturlandskap er samstundes ein del av OUV n; noko som i seg sjølv må forplikte Norge som statspart til verdsarvkonvensjonen til auka innsats. Attgroing ein trussel for andre verdsarvverdiar som t.d. geologiske element og formasjonar. Det er grunnlag for å rigge ei spissa ordning som berre gjeld verdsarvområde med kulturlandskap i OUV. Som motyting kan ein ambisjon vere å utvikle eit miljøvenleg småskala landbruk med høg kvalitet kanskje kunne syne til «Best Practise»? Sjøfartsdir. sitt arbeid med rapporten om utslepp i verdsarvfjordane bør vere modell for tilsvarande innsats knytt til denne utfordringa. Vi treng og ein «nåken» som tek tak i kulturlandskapssaka på same måte som Sjøfartsdir. Sjølv om vi opplever at saka går i ring kan vi ikkje gje oss, det vil vere ei fallitterklæring. Dette er eit heilt unikt område, vi er i ein heilt spesiell situasjon. Bør setje ned ei arbeidsgruppe som utarbeider eit faktagrunnlag, får oversikt over kva ordningar 4

som gjeld, skisse nokre mulige scenario utan tiltaksplan, må kunne svare på dei kritiske spørsmåla. Grunnlagsdokument til handsaming i Verdsarvrådet før oversending til direktorat/ departement. Verdsarvrådet samla seg etter ei tid med drøftingar om fylgjande: Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap er svært uroleg for utviklinga i verdsarvfjordane med omsyn til noverande og framtidig landbruksdrift. Bevaring av kulturlandskapet har sidan innskrivinga på verdsarvlista i 2005 vore ei viktig og prioritert sak for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Med dette som grunnlag er Verdsarvrådet i denne saka samde om fylgjande: 1. Investeringsmidlar omtalt i «Tiltaksplanen for kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan» må inn på statsbudsjettet. 2. Det vert sett ned eit arbeidsutval med repr. for Verdsarvrådet og forvaltninga som til neste møte ser nærare på vegen vidare for å få til ei auka landbrukssatsing for å ta vare på kulturlandskapet. 3. Arne Sandnes får i lag med sekretariat og leiarskapen mandat til å fylgje opp saka vidare. VF 05/17 Besøksforvaltning og lokal samfunnsutvikling. Status- og framdriftsnotat pr. 18. august. Prosjektleiar Hanne Lykkja deltok på møtet og gjekk gjennom status og vegen vidare fram mot avslutning av det 3-årige FoU-prosjektet sjå eigen PPT. Orienterte samstundes kort om innhald/ struktur i endeleg utkast til rapport/ plan. Peika og på at det er viktig å bli samde om korleis besøksforvaltningsplanen vert implementert/ forankra i forvaltninga. Noko må takast inn i budsjetta allereie for 2018. Treng siste del av prosjektperioden til å «kna» innhald i endeleg utkast til rapport/ strategi. Utkast vert lagt fram for Verdsarvrådet til drøfting og uttale. Framlegg til semje i/ uttale frå Verdsarvrådet: Saka vert lagt fram til uttale i Verdsarvrådet utan tilråding frå sekretariatet.. Handsaming: Møtelyden peika på at det er viktig å få synleggjort korleis dette kan bli ein nyttig reiskap for forvaltninga. Eit anna kritisk punkt vil truleg vere oppfylging etter avslutta prosjektperiode. Kven gjer det? Det bør og utarbeidast ein lettversjon av plandokumentet. Møtelyden samla seg etter eit kort ordskifte om fylgjande: Verdsarvrådet sluttar opp om framdrifta i prosjektet og tek orienteringa til vitande. Utkast til besøksforvaltningsplan vert lagt fram for Verdsarvrådet til handsaming/ uttale i byrjing av 2018. VF 06/17 Ymse Ingen saker under dette punktet. Aurland, 18. september 2017. Erling Oppheim Sekretariatsleiar 5