PM: Hardingane hærtek Oslo med opninga av Hardanger 2014



Like dokumenter
RÅDSMEDLEMMENE OG LEIAR I RÅDMANNSFORUM INNKALLING TIL RÅDSMØTE

H A R D A N G E R

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Stemnehandboka for NKSF

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013

Månadsplan for Hare November

Hei alle sjøstjerneforeldre

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for årstrinn

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Velkommen til songarstemne i Florø!

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Mhoo. Heime bra, men borte best

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Val av medlemer og vara medlemer til generalforsamlinga i. Sparebankstiftinga Hardanger

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Frå novelle til teikneserie

MEDLEMSINFO. august 2009

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Hardangerkonferansen. FOTO: Torleiv Ljones. HARDANGER i VEKST

/

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Juvet Landskapshotell

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND JUNI

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Månadsbrev for ROSA mars 2015

august 2013 NESETDAGANE.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Til deg som bur i fosterheim år

Telemark musikkteater TMT

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

No sprett knuppane og sevja stig

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Samansette tekster og Sjanger og stil

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Indre «korrespondance»

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

ehandel og lokalt næringsliv

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spelemannslaget De frilynde

Transkript:

Storeteigen, Øystese 18.12.13 PM: Hardingane hærtek Oslo med opninga av Hardanger 2014 Programmet er komplett til den storstilte opninga av grunnlovsjubileet Hardanger 2014 i Oslo konserthus 22. mars 2014. Herborg Kråkevik, brørne Arne & Sjur Hjeltnes, Ugress/Gisle Martens Meyer og ei rekkje andre artistar hyllar Noreg og Hardanger på opningskonserten Hardanger i hundre. Konserten skal spegla eit kulturelt postkort frå Hardanger og bidragsytarane er valt ut frå høge kvalitetsmessige krav. Konserten vert sceneteknisk gjennomført på nasjonalt høgt nivå og arrangørane lovar fryd både for augo og øyro. Offisielle delegasjonar frå Storting og Regjering vert inviterte. Sanneleg er ikkje invitasjonen gått til Kongehuset også. Tematikken for konserten er skjeringspunktet tradisjon/modernitet og fleire av innslaga nyttar grunnlovsjubileet til å sjå 200 år fram i tid. Særleg store forventningar vert gjort til tingingsverket Hardanger 2214 som vert ført i pennen av Heidi Marie Vestrheim, Torstein Lofthus, Frank Kjosås, Gisle Torvik og Alvin Vestrheim. Dette er også førebels det einaste høve publikum har til å oppleva tingingsverket Lyden av Hardanger live. Elektronika-artisten Ugress ferdigstiller i dette verket i desse dagar som vert lansert på Youtube 8. januar. I tillegg er programmet spekka med opera, sprek folkedans, fiffige klavertonar, fysisk stand-up, oppslukande korsong med meir. Produsent for konserten er Stig Lundblad-Sandbakk, regien er ved AK Glück-Teigland. Visuell regi er ved Randi Storaas som verkeleg lagar ei kulisse som tek tilhøyrarane med til Hardanger i luft, på land og i fjorden. Programnemnda består av AK Glück-Teigland (Hardanger 2014), Arnved Johan Tveit (Hardangerrådet) og Einar Vestrheim, Gerd Bjørke, Kaare Aksnes og Ingeborg Fagnastøl (Hardinglaget i Oslo). Også dagtid vil det føregå aktivitetar i Oslo konserthus. Prosjektet Flytt til Hardanger skipar til eit ekte hardinglokk med tilsetjingsvillige verksemder og lokal mat til byfolket. Kunstarane i Harding Puls vil setja preg på mingleområdet. Arrangementet føregår i to bolkar, frå kl 12 15 og kl 18 19. Ansvarleg er prosjektleiar Anette Hjeltnes. Komplett informasjon er på nett: http://hardanger2014.no/events/opningsfest/ Billettsalet går gjennom Billettservice.

PROGRAM:

Artistliste: Herborg Kråkevik: Herborg Kråkevik kjem til forestillinga med vakre songar om Hardanger, om å vera derifrå, om å lengta dit att og om kva naturen der kan gjera med ein... Ho vil også framføra humoristiske nummer om Hardingar og andre rare dyr. Ugress/Gisle Martens Meyer: Hardanger er ei visuell perle og er vidgjeten for ein samkrik matsetel. Men kva er lyden av Hardanger? Artisten Ugress er hyra eksklusivt inn til å skapa eit elektronisk musikalsk verk med Hardanger som instrument. Lydane er alt frå bryning av ljå, tung hardingdialekt, folkedans utan musikk, flytande metall, smeltande isbre osv. Tema er kultur, natur, folk, industri og framtid. Frank Kjosås, Torstein Lofthus, Heidi Marie Vestrheim, Alvin Vestrheim, Gisle Torvik: Tingingsverket er ein hyllest til Hardanger-regionen med eit musikalsk sjumilsteg - eine foten djupt planta i bærekraftige tradisjonar og den andre godt inn i framtida. Musikarane dekkjer til saman heile paletten av sjangrar med si erfaring, men har alle sterke røter frå Hardanger. Akkurat slik tenkjer dei seg framtida; Ei eklektisk verd, men med sterke band i tradisjonane. Arne & Sjur Hjeltnes: Brørne Arne og Sjur Hjeltnes losar oss gjennom festframsyninga. Dei har lange røynsler med å skapa lått og løye i festlege lag. Men hardinghumor, sannsoger frå farne tider og klaver vil duoen dandera og servera godbitane til publikum. Arne og Sjur Hjeltnes er to brør som likar å laga moro i lag. Storebror Arne er nok kjent for dei fleste som leiar for ei rekke tv-program. Han skriv òg dikt der det ikkje står for mykje mellom linjene. Vetlebror Sjur er pianist og komikar. I 2006 vann han saman med Nordic Tenors Komiprisen for årets nykommar. Han laga sitt eige einmannsshow i 2012. Geir Botnen med Randi Storaas: Ei ferd gjennom Hardanger med musikk og natur. Geir Botnen er nasjonal vidgjeten pianist som vil leia deg gjennom ei ferd på fjellet, på fjorden og under fjorden via verk av Grieg og Geirr Tveitt. Kanskje ein av dei også dukkar opp? Randi Storaas har ansvar for det visuelle. Arild Helleland: Operasongar frå Lofthus med utdanning frå UiB og Statens Operahøgskule. Solist ved Den Norske Opera og Deutsche Oper Berlin. Har gjesta operahus og konsertsalar over heile Europa. Tildelt Musikkritikerprisen og Flagstadprisen. Arbeider og som regissør. Knut Hamre & Benedicte Maurseth: Knut Hamre er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele. Han fortolkar Hardangertradisjonen, eit rikhaldig tilfang av godt bevarte slåttar. Hamre har vunne

landskappleiken, hardingfele klasse A, heile sju gonger. Sidan 1975 har Knut Hamre turnert Noreg rundt, og han har delteke på festivalar og konsertar over heile verda. I dei seinare åra har Hamre saman med felespelaren Benedicte Maurseth gjort eit pionerarbeid med å granska slektskapen mellom dei eldste norske hardingfelene frå 1600- og 1700-talet. Dei har tatt dei gamle felene i bruk, og ved hjelp av tarmstrengar og barokkboge får dei fram ein djup og varm klang i musikken. Gjennom den gamle spelestilen har dei eldste slåttane fått attende ein dimensjon som lenge har vore tapt. Hardanger Spelemannslag med Torkjell Børsheim: Ulvik Folklore er ei gruppe av ungdomar frå fruktbygda som har spelt, sunge og dansa for turistar og bygdefolk i Hardanger sidan 1994. Anne-Marie Øydvin er primus motor for gruppa som gjennom 20 år har generert mange fine opplevingar og skapt entusiasme og glede for folkemusikken og -dansen for ungdomen. Gruppa vil syne dans frå bygda og regionen for dykk. I front ser me Torkjell Børsheim, også kjent frå dansekompaniet Frikar. Åsne Valland Norli & Benedicte Maurseth med Snorre Bjerck: Duoen Maurseth/Valland er klar med rykandes fersk plate på ECM. Plata ALES er utgangspunktet for musikken de skal få ein smakebit av på Hardanger i hundre. Duoen strekker musikalske grenser samstundes som dei lener seg mot det gamle. Med seg har dei Snorre Bjerck på perkusjon. Rannveig Djønne & Annlaug Børsheim: Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne har folkemusikken frå Hardanger i ryggmargen samstundes som dei hentar impulsar frå ulike stader og sjangrar på vegen til sitt eige uttrykk. Fortida sin populærmusikk vert knytt saman med notida i ei ny musikalsk tapping. Tittelen er populærmusikk frå Hardanger og tek utgangspunkt i den tradisjonelle popmusikken i regionen hardingfela. No kombinert med populærmusikk anno 2014. Roar Brekke: Roar Brekke er blant dei mest røynde komikarane i landet. Har sett opp fleire heile kveldsshow med gode kritikkar. Er særleg kjend for å kombinera gode observasjonar med ubetaleleg mimikk og fysisk humor. Tittelen Hardingar dansar ikkje disco talar for seg sjølv Toneskredo og Chorus-80: Chorus-80 er eit blanda kor og vart starta i 1980. Dei held til i fruktbygda Lofthus, men koristane kjem i frå heile austida av Sørfjorden. Koret har eit variert repertoar og har blant anna vore med på den store operagallaen under Hardanger Musikkfest i 2011. Siste prosjekt var Beatles-konserten "Come together". Koret tel omlag 35 medlemmer som vert leia av dirigent Magnus Opedal. Toneskredo er ei blandakor frå Eidfjord med omlag 25 medlemar. som vart starta i 1990. Me er eit kor med variert program. I tillegg til eigne prosjekt, har me hatt fleire

prosjekt saman med profesjonelle aktørar, og nokre prosjekt saman med Chorus 80 frå Ullensvang. Koret vert dirigert av Hilde Anette Oksavik Bu og Lynna Deneva. Om jubileet generelt Hardanger var sentral i nasjonsbygginga i Noreg i åra etter 1814. I 2014 er Hardanger nok ein gong sentral i nasjonal samanheng med eit jubileum som formidlar det beste frå kulturlivet i ein region i vekst. Hardanger skapar gnist som ein kraftregion med fokus på folka, dugnaden og den energien som ligg i det etablerte kulturlivet. Hardanger skal vera regionen som ser 200 år fram i tid i staden for å sjå seg attende. Innovasjon og nye uttrykk blømer i skjeringspunktet med det tradisjonelle. Tematikken er Hardangerkrafta 2014-2214: Organisasjonslivet, folkelivet, kulturlivet, kunsten, kreativiteten, moderniteten. Såleis vil grunnstomnen i Hardanger 2014 vera: Innovasjon Samarbeid Evna å utfordra det etablerte www.hardanger2014.no Sjå oppdatert informasjon og program på www.hardanger2014.no. Kontaktinfo: Prosjektleiar: Prosjekteigar er: AK Glück-Teigland Hardangerrådet Storeteigen 20 att. Leiv Vambheim 5610 Øystese Pb 78 Tlf 91394506 5782 Kinsarvik ak@bygdalarm.no post@hardangerraadet.no Tlf 53 67 14 50