AVTALEDOKUMENT mellom Gloppen kommune som tildelar av offentleg støtte og [ ] som Leverandør om Etablering og drift av breibandnett med leveranse av innhaldstenester i Myklebustdalen.
1 Avtaledokument Følgjande dokument inngår i avtalen og gjeld i denne rekkefølgja: 1. Dette avtaledokument 2. Kart over utbyggingsområde 3. Referat frå forhandlingar (godkjent av begge partar) 4. Tilbod frå leverandør 5. Konkurransegrunnlag publisert i Doffin, med vedlegg 6. Forpliktelseserklæring ved bruk av underleverandør 7. HMS eigenmelding 8. ESA-vedtak 2 Leveransen Leverandøren skal prosjektera, byggja, eiga og drifta breibandnettet i Myklebustdalen. Breibandnettet skal gi fastbuande, fritidsbustader, næringsbygg og offentlege bygg tilbod om eit kraftfullt og framtidsretta breibandnett, eit «next generation access network» (NGA) med dei kapasitetar i dag og over tid som er tilbydd. Tilskotet omfattar tilkopling til stamnett (transportnett til internett) og bygging av aksessnett til alle interesserte abonnentar i utbyggingsområdet. 3 Innhaldstenester Leverandøren skal tilby (enten sjølv eller ved hjelp av underleverandør) innhaldsleveranse i breibandnettet (telefoni, internett og TV/videotenester) og tilby dette til dei abonnentane som ønskjer slike tenester. Abonnentane skal kunne velje breibandabonnement utan å abonnere på innhaldstenester. 4 Tidsplan for leveranse: Oppgåve Planlegging Oppstart Sal til abonnentar Teknisk utbygging Ferdigstilling og produksjonssetting Dokumentasjon Godkjenning og overlevering Tidsperiode / dato Leverandøren pliktar å gi melding til Gloppen kommune dersom utbygginga vert forsinka utover avtalt leveranseplan. Leverandøren skal føreslå tiltak for å henta inn eventuell tapt tid. Ved overskriding av tidsfrist for godkjent leveranse betalar leverandøren ei dagsmulkt til Gloppen kommune.
5 Kontrakts-sum Dette er ei tenestekonsesjonskontrakt der utbyggar får eit tilskot for å byggja ut breiband og får retten til å utnytte tenesta. Kostnad med komplett breibandutbygging Finansiering: Offentlig tilskot, utbetalt av Gloppen kommune Abonnentane sin eigendel/ privat medfinansiering Dugnadsinnsats Leverandøren sin investering Alle prisar er eksklusiv meirverdiavgift. Prisstigning i anleggsperioden er inkludert i summen over. Tilskotsbeløpet vert avkorta dersom dokumenterte utgifter blir mindre enn berekna. Dersom utbyggingskostnaden overstig kr [ ] må Leverandøren sjølv dekke det overskytande. 6 Vederlag og betaling Betaling skal skje etter faktura med betalingsfrist per 30 dagar etter fakturadato. Faktura skal ikkje innehalda noko form for gebyr eller tillegg. Oppdragsgjevar har teke i bruk elektronisk handelsformat (EHF). All fakturering skal skje med bruk av EHF-standard. Betaling 1. Ved kontraktsignering 25 prosent av tilskotet 2. Under anleggsperioden kan leverandøren søkja om delutbetaling 50 prosent av tilskotet 3. Ved ferdigstilling og godkjenning av heile anlegget 25 prosent av tilskotet Leverandøren må ved ferdigstilling levera eit oppsett som viser dokumenterte kostnader til f.eks. materiell, graveentreprenør, kabel, røyr, lønnskostnad etc. 7 Fastsetting av dagsmulkt Om ikkje anna er avtala, skal dagsmulkta sin storleik per dag utgjere 1 promille av det samla offentlege tilskotet, men ikkje mindre enn kr 1.000,-. Med dag meiner ein alle dagar utanom heilagdagar og høgtidsdagar. Det samla dagsmulktansvaret er avgrensa til 20% av det samla offentlege tilskotet, punkt 2. 8 Varslingsplikt Gloppen kommune pliktar å opplysa Leverandøren skrifteleg at kommunen vil krevja dagsmulkt for den forseinkinga som føreligg. Om ikkje kommunen sender eit slikt varsel er det ikkje grunnlag for å krevja dagsmulkt.
9 Eigarskap Leverandøren skal stå som eigar av breibandnettet, med ansvar for drift og leveranse av innhaldstenester i nettet i minimum 18 år. Gloppen kommune eig likevel 1 stk fiberpar frå (kartfesting av punkt eller gnr/bnr) til [ ]. Kommunen står fritt til å nytta sitt fiberpar til offentlege føremål og leverandøren pliktar å gi Gloppen kommune tilgang til å plassere naudsynt elektronikk og elles leggja til rette for at Gloppen kommune kan nytta fiberparet. Leverandøren har driftsansvar, herunder ansvar for feilretting, også for Gloppen kommune sitt fiberpar. For driftstenesta betaler Gloppen kommune kr. 5.000,- for drift av kommunen sitt fiberpar. Dersom kommunen ønskjer å selja fiberparet sitt, har leverandøren førsterett til å kjøpa dette. Salsprisen blir eventuelt avtalt på sals tidspunktet. 10 Levetid Breibandnettet skal være operativt i minimum 18 år etter at utbygging er gjennomført, godkjent og løysinga er sett i produksjon. Nettet må kunne levere dei tenester som til ei kvar tid er i samsvar med nasjonal og internasjonal marknadsstandard og som blir tilbydd i kommersielle områder. Om dette ikkje vert oppfylt, må ein forholdsvis del av det offentlege tilskotet betalast attende til kommunen. 11 Tredjepartstilgang Leverandør pliktar å stille nettet/kapasitet til rådigheit for alle tredjepartar som ønskjer tilgang (engrostilgang/wholesale access). Tredjepartstilgangen skal skje på ikkje-diskriminerande vilkår, herunder pris. Vidare gjeld tredjepartstilgangen både passiv og aktiv infrastruktur. Prisane skal vere like for like tenester og tredjepartar skal ikkje behandlast dårlegare enn netteigaren /tilbydaren sjølv. Leverandør skal publisere referansepriser for tredjepartstilgang på heimesida si. Ved vurderinga av om leverandør ikkje misbrukar tilgangen, sjå konkuransegrunnlaget punkt 5.6 12 Tekniske detaljer for anlegget: Leverandøren har ansvar for val av løysning for framføring av kabelnettet, kabeltype, opphengsutstyr etc. ut frå kva som høver best i anlegget og ut frå anleggets kompleksitet. Skriftleg dokumentasjon på installasjonane er ein del av leveransen. Gloppen kommune skal ha overlevert dokumentasjon på utbygginga med minst følgjande innhald: o Kart over ferdig nett med all teknisk dokumentasjon for eventuelle kabelar og koplingar. Kartdata skal leverast i SOSI format, www.statkart.no/standarder/sosi o Tal abonnentar som er kopla til nettet o Produktkvalitet, her under dekningsgaranti, kapasitetsgaranti og responstid Kva kapasitet abonnentane har tilbod om å kjøpe per i dag o Anna dokumentasjon som går fram av kravspesifikasjon - funksjonsskildring (punkt 5.)
o Alle forkortingar blir skildra slik at dei er leseleg for personar utan detaljkunnskap om teknologisk løysing eller standarar. 13 Service og vedlikehald Leverandøren skal ivareta service og vedlikehald som netteiger og innhaldsleverandør, enten sjølv eller ved hjelp av underleverandør. 14 Overdraging av avtaleplikter Verken leverandøren eller Gloppen kommune kan overdra sine avtaleplikter utan samtykke av den andre part. Leverandøren har rett til å la deler av leveransen bli utført av underleverandørar som er kvalifiserte gjennom handsaming av tilbodet, jf konkurransegrunnlaget kapittel 4, utan at dette endrar leverandøren sitt ansvar overfor Gloppen kommune. 15 Forsikring. Forsikring er leverandørens ansvar. 16 Oppseiing Dersom vilkåra i avtalen ikkje vert overhalde av partane kan avtalen omgåande seiast opp av den skadelidande part. Oppseiinga skal skje skriftleg. Oppdragsgjevar kan heve avtalen med omgåande verknad dersom: o Leverandør kjem i insolvenssituasjon o Leverandør gjer seg skuldig i straffbare tilhøve o Det føreligg vesentleg misleghald 17 Opsjon Avtalen gir kommunen høve til å utvide utbyggingsområdet til. om slik finansiering kjem på plass etter at avtalen er signert, jf tilbod 18 Konflikt Partane sine rettar og plikter etter avtalen blir bestemt i sin heilskap av norsk rett. Usemje om verknad, innhald eller gjennomføring av denne avtalen skal søkjast løyst ved forhandlingar. Fører ikkje forhandlingane fram, kan kvar av partane krevje saka avgjord med endeleg verknad ved norske domstolar. Partane vedtek Fjordane tingrett som verneting Denne avtalen med vedlegg er i underteikna i to eksemplar, eitt til kvar av partane.., den.., den......... Gloppen kommune [ ] leverandør Rådmann Dagleg leiar