Klimasårbarheit og klimagassutslepp for Sogn og Fjordane



Like dokumenter
Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Klimaendring og klimapolitikk. Foredrag under Forskernatt i Fjærland 28. september 2007 Carlo Aall

Klimagassutslepp i Sogn og Fjordane

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

HORDALANDD. Utarbeidd av

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Framskriving i Nasjonalbudsjettet grunnlag for klimaforliket

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Berekraftig eller berre kraftig mobilitet?

Andre kommunesamling i prosjektet «Samhandling for Grønt skifte» Skei Hotell juni DAG 2

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vestlandet ein stor matprodusent

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Andre kommunesamling i prosjektet «Samhandling for Grønt skifte» Skei Hotell juni DAG 2

2014/

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Avdeling for regional planlegging

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Lønnsundersøkinga for 2014

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

Hordaland på veg mot lågutsleppssamfunnet

Hvordan kan vi tenke omkring klimatilpasning?

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Carlo Aall Vestlandsforsking

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Forslag frå fylkesrådmannen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Overvasshandtering og klimatilpassing i norske kommunar

ehandel og lokalt næringsliv

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Læreplan i klima- og miljøfag

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Team Hareid Trygg Heime

3. Har kommunen trygge parkeringsplassar ved buss-stopp og bussstasjonar/knutepunkt

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

1. Mål for klimagassutslepp: 22% reduksjon innan 2020, 30% red. innan 2030 (frå 1991) 30% reduksjon innan 2020 (frå 2007)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Klimagassutslipp og energibruk i Gol kommune

Berekraftig eller berre kraftig transport?

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Mål og meining med risikoanalysar sett frå

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

DB

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

8. Museum og samlingar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Frå tilpassing til omstilling i Sogn og Fjordane. Samhandling for Grønt skifte

13. Sendetida på TV aukar

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Transkript:

Vestlandsforskingsrapport nr. 6/2008 Klimasårbarheit og klimagassutslepp for Sogn og Fjordane Kyrre Groven, Erling Holden, Carlo Aall, Hanna Nyborg Storm, Morten Simonsen Vestlandsforsking, Pb 163, 6851 Sogndal Tlf.: 57 67 61 50 Faks: 57 67 61 90

Vestlandsforsking rapport Tittel Klimasårbarheit og klimagassutslepp for Sogn og Fjordane Prosjekttittel KLIMABANKPROSJEKTET Forskar(ar) Kyrre Groven, Erling Holden, Carlo Aall, Hanna Nyborg Storm, Morten Simonsen Oppdragsgivar Sparebanken Sogn og Fjordane Rapportnummer 6/2008 Dato 1. september 2008 Gradering Open Tal sider 88 Prosjektnr 6079 Prosjektansvarleg Erling Holden Emneord Klimaendringar, klimasårbarhet, klimatilpasning, næringsliv, Sogn og Fjordane Andre publikasjonar frå prosjektet Simonsen, M. (2008) NÆRINGSLIV OG KLIMAENDRINGAR. Ei analyse av verksemder i Sogn og Fjordane si vurdering av klimaendringar. VF-notat 11/2008 ISBN: 978-82-428-0282-8 Pris: 100 kroner 1

Forord Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) har gjennom sitt Klimaprosjekt lansert 10 bud som starten på et engasjement i de store klimaspørsmålene. Fem av budene gjelder banken selv, både de tilsette og drifta av banken. Tre bud gjelder forholdet til kunder og leverandører og to handler om banken sitt forhold til næringene og lokalsamfunna. Banken har engasjert Vestlandsforsking (VF) til å hjelpe seg med å holde de ti budene. VFs rolle i Klimaprosjektet er å bidra med generell informasjon og spesifikk rådgivning knyttet til bankens engasjement i klimaspørsmålene, samt å utføre avgrensede utredninger på utvalgte områder. To slike utredninger er gjennomført i 2007 og presentert i denne rapporten. Den første utredningen gir en oversikt over klimagassutslipp i Sogn og Fjordane i 2005. Utredningen er en videreføring av et arbeid som VF gjorde i 2001: På oppdrag fra Sogn og Fjordane fylkeskommune utredet VF utslippssituasjonen for klimagasser i fylket i hhv. 1991 og 1997. Ved bruk av samme metodikk og kilder er utslippssituasjonen i 2005 beregnet i denne rapporten. Den andre utredningen omfatter en spørregransking bland 270 bedrifter i Sogn og Fjordane. Granskingen kartlegger bedriftenes bekymring for klimaendringar, om de har gjort noe og i så fall hva de har gjort for å redusere utslipp av klimagasser, og om de har gjort noe og i så fall hva de har gjort for å tilpasse seg klimaendringer. Kapittel 1 og 2 inneholder resultatene fra den første utredningen, mens kapittel 3 inneholder resultatene fra spørregranskingen. Kapittel 4 gir noen foreløpige merknader med hensyn til hvilke næringar i Sogn og Fjordane som fremstår som særlig sårbare for klimaendringer Kyrre Groven har kartlagt utslippssituasjonen for klimagasser i fylket (kapittel 1) og sett på endringen i perioden 1991 2005. Carlo Aall har skrevet om klimatilpasninger (kapittel 2 og 4), mens Hanna Nyborg Storm har skrevet om spørregranskingen (kapittel 3). Det empiriske materialet fra spørregranskingaen er i tillegg analysert av Morten Simonsen (Høgskulen i Sogn og Fjordane) og foreligger i eget vedlegg (Simonsen, 2008). Erling Holden prosjektleder for Klimaprosjektet på VF har hatt det overordnede ansvaret for arbeidet. Erling Holden Forskingsleder VF / Prosjektleder Klimaprosjektet VF Sogndal, 27. juni 2008 Vestlandsforsking, Pb 163, 6851 Sogndal Tlf.: 57 67 61 50 Faks: 57 67 61 90 2

Innhald TABELLER OG FIGURER... 4 SAMANDRAG... 6 Utslepp 1991 2005, hovudtrekk... 6 Nokre kommentarar til spørjeundersøkinga... 9 Kva er dei klimasårbare næringane i Sogn og Fjordane og kor sårbare er dei?... 10 INNLEIING... 12 Oppbygging av rapporten... 13 1. KLIMAGASSUTSLEPP I SOGN OG FJORDANE 1991 2005... 14 Bakgrunn... 14 Metode og kjelder... 14 Hovudtrekk... 15 Utslepp frå stasjonære kjelder... 20 Utslepp frå prosessar... 22 Utslepp frå mobile kjelder... 25 2. KLIMASÅRBARHEIT FOR NÆRINGSLIVET I SOGN OG FJORDANE... 32 Kva er klimasårbarheit?... 32 Metodisk tilnærming... 33 Endringar i klimaet i Sogn og Fjordane... 36 Lokalisering... 40 Tilgang til innsatsfaktorar, infrastruktur og marknad... 44 Omstillingsevne... 51 3. SPØRJEUNDERSØKING... 54 Resultat av spørjeundersøkinga... 55 Kommentarer til spørreskjemaet fordelt på bransjer... 77 Samandrag... 82 4. KVA ER DEI KLIMASÅRBARE NÆRINGANE I SOGN OG FJORDANE OG KOR SÅRBARE ER DEI?.. 84 KJELDER... 87 VEDLEGG 1: KLIMAGASSUTSLEPP FRÅ SOGN OG FJORDANE 1991-2005. TONN CO2- EKVIVALENTAR.... 88 3

Tabeller og figurer Figur 1: Utslepp av klimagassar i Sogn og Fjordane 2005, fordelt på utsleppskategoriar. Eksklusiv olje- og gassverksemd.... 15 Figur 2: Utslepp av CO2, metan og lystgass frå Sogn og Fjordane 1991 og 2005. Eksklusiv prosessindustri og olje- og gassverksemd. 1000 tonn CO2-ekv... 16 Figur 3: Utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane, 2005. Eksklusiv olje- og gassutvinning. Tonn CO2-ekv./innbyggar. Kjelde: SSB og eigne utrekningar... 18 Figur 4: Utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane, 2005. Eksklusiv olje- og gassutvinning og prosessindustri. Tonn CO2-ekv./innbyggar. Kjelde: SSB og eigne utrekningar... 19 Figur 5: Endring i utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane frå 1991 til 2005 for utvalte utsleppskjelder. Prosent. Kjelde: SFT klimakalkulator... 20 Figur 6: Tilført energi per hushald på Vestlandet i 1993 og 2001. MWh. Kjelde: Bøeng (2005).... 21 Figur 7: Utslepp av klimagassar frå prosessindustrien i Sogn og Fjordane i 1991, 1997 og 2005. 1000 tonn CO2-ekvivalentar.... 23 Figur 8: Prosessutslepp av metan og lystgass frå landbruket i Sogn og Fjordane, 1991 og 2005. 1000 tonn CO2-ekv... 24 Figur 9: Utvikling i husdyrtalet i Sogn og Fjordane, 1998-2007. 1000 husdyr. Kjelde: SSB. 24 Figur 10: Innanlands persontransport på veg, 1990-2005. Milliardar passasjerkm. Kjelde: SSB... 25 Figur 11: Utslepp av CO2 frå passasjerbåtane og ferjene til Fjord1 Fylkesbaatane i 1990, 1999 og 2005. 1000 tonn CO2.... 27 Figur 12: Utvikling i tal registrerte fiskefarty i Sogn og Fjordane frå 1995 til 2005, fordelt på storleiksgrupper. Kjelde: Fiskeridirektoratet.... 29 Figur 13: Persontransportarbeidet knytt til nordmenns flyreiser i 1990 og 2006. Millionar personkilometer. Kjelde: Tajet (2007)... 31 Figur 14: Modell for vurdering av klimasårbarheit... 34 Figur 15 Endring i normal årsmiddeltemperatur frå 1961-1990 til 2071-2100 for Sogn og Fjordane og Noreg (kjelde: www.senorge.no)... 38 Figur 16 Prosentvis endring i normal årsnedbørsum frå 1961-1990 til 2071-2100 for Sogn og Fjordane og Noreg (kjelde: www.senorge.no)... 39 Figur 17 Prosentvis endring i årsmaksimum av snømengd frå 1961-1990 til 2071-2100 for Sogn og Fjordane og Noreg (kjelde: www.senorge.no)... 39 Figur 18 Status i NVE si kartlegging av flaumutsette område... 42 Figur 19 Eksempel på kartframstilling av konsekvensane av havnivåauke... 44 Figur 20 Prosentvis endring i årsavrenning frå 1961-1990 til 2071-2100 for Sogn og Fjordane og Noreg (kjelde: www.senorge.no)... 51 4

Figur 21 Prosentdel av utslepp og sysselsetting for ulike næringar og relativ indeks for sårbarheit i høve høgare prisar på fossil energi og/eller høgare avgift på utslepp av klimagassar (etter Aall og Norland, 2002)... 52 Figur 22 Sogn og Fjordane og nøkkelindikatorar for berekraftig utvikling 2001. Nasjonalt snitt = 100.... 53 Figur 23 Verksemder i ulike næringsgrupper... 54 5

Samandrag Utslepp 1991 2005, hovudtrekk Skip og båtar 6 % Andre mobile kjelder 4 % Stasjonær forbrenning utom prosessindustri 6 % Vegtrafikk 12 % Deponi og andre prosessar 2 % Landbruk 12 % PROSESS- INDUSTRI (prosessar og stasjonær forbrenning) 58 % Utslepp av klimagassar i Sogn og Fjordane 2005, fordelt på utsleppskategoriar. Eksklusiv olje- og gassverksemd. I 2005 var dei samla utsleppa av klimagassar frå Sogn og Fjordane på 1,905 mill. tonn CO2- ekvivalentar (eksklusiv olje- og gassverksemd). Dei viktigaste trekka i utsleppssituasjonen for 2005 går fram av kakediagrammet over 1 : - Prosessindustrien i Årdal, Høyanger og Bremanger dominerer biletet, med 58 prosent av klimagassutsleppa i Sogn og Fjordane - Landbruk og vegtrafikk er jamstore utsleppskjelder, kvar med 12 prosent av utsleppa - Utslepp frå skip/fiskefarty og stasjonær forbrenning utom prosessindustrien står kvar for 6 prosent av utsleppa - Tidlegare utsleppsrekneskap for fylket (Groven 2001) opererte med vesentleg høgare utslepp frå avfallsdeponi, men anslaga over desse utsleppa har blitt halvert på nasjonalt nivå som resultat av ny kunnskap. Dette gir seg utslag også i fylket vårt. 1 Tala finst i vedlegget 6

1000 tonn CO2-ekv. 300 250 200 150 100 50 0 1991 2005 Industri stasjonær forbr. Priv/off tenesteyting stasj. Hushald stasjonær forbr. Deponi prosessutslepp Landbruk prosessutslepp Andre prosessutslepp Vegtrafikk Skip og fiskefarty Fly Andre mobile kjelder Utslepp av CO2, metan og lystgass frå Sogn og Fjordane 1991 og 2005. Eksklusiv prosessindustri og olje- og gassverksemd. 1000 tonn CO2-ekv. Frå 1991 til 2005 har desse viktige endringane funne stad: - Prosessutslepp frå industrien har gått ned med 12 prosent (går ikkje fram av figuren over). Dette bidreg sterkt til at dei totale utsleppa i fylket har gått ned med fire prosent frå 1991 til 2005 - Dersom vi ser bort frå prosessindustrien, som er av global og nasjonal karakter, har dei andre utsleppa i Sogn og Fjordane auka med seks prosent frå 1991 til 2005. Til samanlikning er den norske forpliktinga i Kyotoprotokollen ein maksimal auke på éin prosent frå 1990 til perioden 2008-12 - Dei to største utsleppskjeldene når vi ser bort frå prosessindustrien, landbruk og vegtrafikk, er no like store etter at landbruksutsleppa har gått vesentleg ned (-15 %) og vegtrafikkutsleppa vesentleg opp (+31%) i perioden 1991-2005. - Alle utslepp frå mobil forbrenning har gått opp. Prosentvis er auken størst i luftfart (talet gjeld berre flyging innanfor Sogn og Fjordane). I absolutte tal er det auken i vegtrafikken som betyr mest - Stasjonær forbrenning i hushalda og metanutslepp frå avfallsplassane er i tillegg til landbruket viktige kjelder med nedgang i utsleppa. Viktige drivkrefter bak utsleppsendringane er: - Forbetring og seinare utfasing av Söderberg-teknologien ved aluminiumsverka har resultert i vesentlege reduksjonar i utsleppa av svært kraftige klimagassar (PFK) 7

- Generell økonomisk vekst har bidratt til auke i aktivitetar som fører med seg klimagassutslepp. Det gjeld både stasjonær forbrenning i industrien og ein kraftig auke av transport. Klimagassutsleppa per innbyggar (ekskl. olje- og gassutvinning) var i 2005 på 17,8 tonn CO2-ekvivalentar i Sogn og Fjordane mot 9,7 for landet under eitt. Når det gjennomsnittlige utsleppet i Sogn og Fjordane er 84 prosent høgare enn landsgjennomsnittet, kjem det særleg av at vi her har store utslepp frå prosessindustri og i tillegg relativt mykje landbruk som også står for vesentlege prosessutslepp. 14 prosent høgare mobile utslepp enn landsgjennomsnittet bidrar også til det same biletet, medan lågare stasjonære utslepp i Sogn og Fjordane dreg i motsett lei. Skilnadene i utsleppsprofil mellom Sogn og Fjordane og Norge går fram av diagrammet under, der utslepp per innbyggar er fordelt på hovudkategoriane stasjonær forbrenning, prosessutslepp og mobil forbrenning (olje- og gassutvinning er halde utanom). 14,0 12,4 12,0 10,0 t CO2-ekv./innbyggar 8,0 6,0 4,0 3,9 3,6 4,1 Norge Sogn og Fj. 2,0 1,5 1,3 0,0 Stasjonær Prosess Mobil Utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane, 2005. Eksklusiv olje- og gassutvinning. Tonn CO2-ekv./innbyggar. Kjelde: SSB og eigne utrekningar. Ettersom prosessindustrien er av nasjonal/global karakter er det av interesse å sjå korleis utsleppsbiletet endrar seg om vi held desse utsleppa utanom. Da går prosesutslepp per innbyggar ned til 2,5 tonn CO2-ekvivalentar for Sogn og Fjordane og 1,5 tonn for heile landet. Landbruksutsleppa per innbyggar i Sogn og Fjordane er 2,3 gongar høgare enn landsgjennomsnittet. Totale klimagassutslepp per innbyggar ekskl. olje- og gassutvinning og prosessindustri er såleis 19 prosent høgare i Sogn og Fjordane enn i landet under eitt. Vi understrekar at desse utsleppstala gjeld utslepp som skjer innanfor fylkes- og landegrensene, og ikkje inkluderer utslepp frå produksjon av importerte forbruksvarer. Utslepp knytt til flyreiser som innbyggarane foretar utanfor eige heimfylke er heller ikkje inkludert her er internasjonale flyreiser særlig viktig. I ein forbruksorientert klimarekneskap 8

ville innbyggarane i Sogn og Fjordane neppe kome ut med eit høgare utslepp enn gjennomsnittsnordmannen, men her har vi førebels ingen utrekningar å stø oss til. Nokre kommentarar til spørjeundersøkinga Skilnader mellom næringskategoriar som kjem fram i denne undersøkinga må tolkast med varsemd ettersom visse næringar er representert med få svar. Det gjeld særleg transport/lagring/kommunikasjon (4 respondentar) og kraft- og vassforsyning (7 respondentar). 2 Primærnæringane opplever at dei er sårbare for klimaendringar Det er om lag like mange næringslivsleiarar som trur verksemda deira kan vere sårbar for konsekvensane av klimaendringar som dei som ikkje trur dei er sårbare (41% ja, 46% nei). Naturressursbaserte næringar er dei som i størst grad vurderer seg som sårbare (62%). Om vi skil ut dei fem fiskeopdrettsbedriftene som deltok i undersøkinga, seier fire av desse (80%) at dei er klimasårbare. Dette bygger rett nok på eit lite materiale, men resultatet harmonerer med funn i tidlegare undersøkingar. BA-sektoren oppfattar seg som minst klimasårbar Den næringa som står fram som minst bekymra for eiga klimasårbarheit er bygg- og anleggsverksemd: Berre 23%, eller 3 av 13 bedrifter, trur dei kan vere sårbare. Dette kan verke noko overraskande i lys av at det har vore stort fokus på klimaendringar og byggskadar. Vi vel å tolke svara slik at BA-sektoren ikkje kjenner si eiga verksemd truga av klimaendringar det kan godt hende at dei får meir å gjere i ei framtid med fleir reparasjonar og oppdrag knytt til forebyggande tiltak, nettopp som ein konsekvens av hardare klima. Ikkje redd for miljøavgifter Det er ein hovudtendens at få næringslivsleiarar i Sogn og Fjordane (17% av alle som deltok 3 ) trur at bedrifta deira er sårbar for effektar av ein strengare klimapolitikk, t.d. nye avgifter. Dette kan vere eit utslag av at ein reknar med at miljøavgifter vil råke konkurrentane like hardt som ein sjølv, og at verksemda såleis ikkje er sårbar i så måte. Kvar fjerde næringslivsleiar oppfattar verksemda si som sårbar for gradvise klimaendringar og like mange ser på ekstremvêr som ei utfordring for bedrifta. Få er bekymra for eiga verksemd Blant dei 41% som vurderer verksemda si som klimasårbar, er ¾ litt eller ikkje bekymra for klimaendringar på vegne av verksemda si, medan ¼ er ganske eller svært bekymra. Dette betyr at 10% av alle bedriftsleiarane som deltok i undersøkinga er ganske/svært bekymra (berre tre respondentar svarte svært bekymra ). Det er eit lågt tal om vi samanliknar med nasjonale og internasjonale spørjeundersøkingar om haldningar til klimaspørsmål. Det er 2 En meir omfattande analyse av materialet er gjort i Simonsen (2008) 3 Dei 41 prosent av næringslivsleiarane i undersøkinga som oppfattar si eiga bedrift som klimasårbar, har fått spørsmål om kva konsekvensar av klimaendringar dei trur verksemda kan vere sårbar for. Blant desse er det 41% som svarer at dei er sårbare for strengare klimapolitikk. Det svarer til 17% av alle som deltok i undersøkinga. 9

vanskeleg å uttale seg om skilnadene mellom næringstypar når det gjeld svar på dette spørsmålet. Utsleppsreduksjon berre i startgropa 61% av verksemdene i undersøkinga opplyser at dei ikkje har gjennomført tiltak for å redusere eigne klimagassutslepp. Dermed ser det ut til at næringslivet i Sogn og Fjordane har mykje ugjort arbeid på dette området. Det vanlegaste utsleppsreduserande tiltaket, energiøkonomisering, er gjennomført hos kvar femte verksemd som er med i undersøkinga. Ingen har så langt kjøpt klimakvotar for å kompensere for CO2-utsleppa frå flyreisene til sine tilsette. Klimatilpassing lite utbreidd 13 prosent av verksemdene i undersøkinga har gjort noko for å bli mindre sårbar for klimaskadar. Blant desse er kraft- og vassforsyning den sektoren som peikar seg ut ved at 4 av 7 verksemder seier dei har gjennomført tilpassingstiltak. Kan klimaendringar representere positive muligheiter? Kvar tredje deltakar i undersøkinga har svar at klimaendringar kan gje grunnlag for nye forretningsområde. Her presenterer bedriftsleiarane eit vidt spekter av potensielle utviklingsmuligheiter, som t.d. bioenergisatsing og ringverknader av fleire turistar som vil vekk frå meir ugunstig klima. Påverkar menneske klimaet? 81 prosent av bedriftsleiarane seier dei trur mennesket påverkar klimaet. Dette er eit uventa lågt tal, men det kan ha samanheng med at deltakarane ikkje skulle velje mellom ja eller nei, men i tillegg fekk presentert svaralternativet at den faglege uvissa er framleis for stor til å vite dette sikkert. Lågt kunnskapsnivå Svar på fleire opne spørsmål i undersøkinga avslører at ein del av bedriftsleiarane har eit lågt kunnskapsnivå når det gjeld klimaendringar og klimasårbarheit. Eit hundretals bedriftsleiarar seier da også at dei treng kompetanse i form av informasjon og rådgjeving for å redusere eigne utslepp elelr tilpasse seg klimaendringar. Dette representerer ei utfordring for dei som arbeider tett med næringslivet i fylket, som til dømes Sparebanken Sogn og Fjordane. Kva er dei klimasårbare næringane i Sogn og Fjordane og kor sårbare er dei? I rapporten presenterer vi data frå ei spørjegransking der næringslivsleiarar i fylket svarer på om dei meiner verksemdene deira er klimasårbare og kva dei har gjort av tiltak for å redusere eigne klimagassutslepp. Vidare skisserer vi ein metode for å analysere nærare klimasårbarheita for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi gir også nokre eksempel frå fylkesog kommunenivå på kor sårbart næringslivet i fylket kan vere på enkelte deltema. Vi har ikkje grunnlag for å seie noko eintydig om kva som er dei mest klimasårbare næringane i Sogn og Fjordane og kor sårbare dei er. Vi kan likevel gjere nokre generelle vurderingar. Dei meir presise analysane må kome på eit seinare stadium i klimabankprosjektet. 10

I rapporten kjem vi med forslag til ein metode for kartlegging av klimasårbarheita for næringslivet. Til denne metoden høyrer ei kartlegging av desse forholda: - Lokalisering i høve til naturskade - Tilgang til innsatsfaktorar og i kva grad dette kan bli påverka av klimaendringar - Tilgang til infrastruktur og i kva grad dette kan bli påverka av klimaendringar - Tilgang til marknad og i kva grad dette kan bli påverka av klimaendringar - Omstillingsevne i høve krav om utsleppsreduksjonar og tilpassing til klimaendringar Når det gjeld den faktiske klimasårbarheita i fylket kan vi så langt berre trekkje nokre overordna og generelle konklusjonar: - Fylket har eit større innslag av naturressursbasert næringsliv enn resten av landet (jord- og skogbruk, fiskeoppdrett, reiseliv). Det er venteleg denne typen næringar som vil oppleve dei største utfordringane når det gjeld tilpassing til lokale utslag av klimaendringar. - Ei vurdering gjort av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane konkluderer med at skred er den typen hending som venteleg representerer den største tryggleiksutfordringa for fylket. Ei vurdering gjort av fylkesgeologen i Sogn og Fjordane peikar på at klimaendringar kan gjere at så mykje som 30 prosent av busett areal i fylket kan vere utsett for fare for såkalla vassmetta jordskred. - Isolert sett og på kort sikt kan det vere positive lokale effektar av klimaendringar for nokre typar næringar, der det mest openberre er auka potensial for vasskraftproduksjon på grunn av venta nedbørsauke. - Næringslivet i fylket framstår i utgangspunktet som å ha låg kompetanse på miljøområdet, illustrert ved den låge delen miljøsertifiserte verksemder. Dette kan tolkast som ein institusjonell kapasitet til å gjennomføre klimatilpassingstiltak som er lågare enn for landsgjennomsnittet. Eit unntak frå dette generelle biletet er ein relativt høg del miljøsertifisering innafor landbruket (økologisk landbruk). Når det gjeld klimasårbarheit i høve klimapolitikk (klimaavgifter) kan vi trekkje denne generelle konklusjonen: - Fylket er prega av eit karbonintensivt næringsliv. Eit døme på dette er reiselivet, som i aukande grad er tufta på utanlandsturistar som kjem med fly og at opphaldstida for dei same utanlandsturistane blir kortare (og dermed meir flytransport per gjestedøgn). Vidare har fylket eit stort innslag av industri med store utslepp av klimagassar. Desse og andre problemstillingar er det ønskjeleg å drøfte nærare gjennom meir detaljerte analysar på regionalt og lokalt nivå. 11

Innleiing Vi kan skilje mellom fire former for klimapolitikk, der skiljet langs den eine aksen går på om vi fokuserer på utslepp og utsleppsreduksjonar og klimaendringar og klimatilpassing. Langs den andre aksen kan vi skilje mellom ein direkte og indirekte klimaproblematikk. På utsleppssida består det direkte i utsleppa frå produksjon og tiltaka for å redusere slike utslepp. Den indirekte delen av utsleppssida er utslepp som kan knytast til forbruk; det vil seie utslepp som dels skjer i samband med forbruk (t.d. køyring av ein bil) og utslepp som ligg bakover i produksjonskjeda (t.d. utslepp frå produksjon av den same bilen). På klimaendringssida inneber det direkte dei endringane i klimaet som viser seg lokalt og dei tilpassingane vi må gjere til slike endringar (t.d. bygge rasvollar eller flytte bygningar som er utsette for flaum), medan det indirekte er klimaendringar utafor lokalsamfunn (eller nasjon) og dei tilpassingane vi må gjere (t.d. ta imot klimaflyktningar, tilpasse oss endra råvaretilgang frå andre land). Tabell 1: Fire former for klimapolitikk Tilpassing til klimaendringar Utsleppsreduksjon Direkte 1. Tradisjonell klimapolitikk Korleis redusere utslepp frå produksjon av varer og tenester? Indirekte 2. FIVH-varianten Korleis endre forbruk for (dermed) å redusere klimautslepp? 3. Tradisjonell klimatilpassing Korleis tilpasse infrastruktur og næringsliv til klimaendringar lokalt? 4. Pentagonvarianten Korleis tilpasse infrastruktur og næringsliv til klimaendringar utanfor landegrensene? Utgreiinga vår har fokus på den tradisjonelle forma for utsleppsorientert klimapolitikk (type 1). Det er naturlig sidan Sparebanken Sogn og Fjordane (i det vidare omtalt som oppdragsgjevar) i første omgang ønskjer å fokusere på bedriftsmarknaden. Gitt at oppdragsgjevar ønskjer å utvide fokuset ved eit seinare høve til også å dekkje privatmarknaden, er det naturleg å supplere klimarekneskapen for Sogn og Fjordane med eit type 2 oversyn over utslepp knytt til forbruk for det gjennomsnittlege hushaldet i fylket. I tabellen over har vi nytta spissformuleringa FIVH-varianten som overskrift på denne typen klimapolitikk. Det spelar på at organisasjonen Framtiden i Våre Hender har argumentert for at vi også må fokusere på klimagassutslepp som følgje av nordmenn sitt forbruk; ikkje berre utslepp frå innanlandsk norsk produksjon. Vi har tidlegare laga ein slikt type 2 rekneskap i samarbeid med Stiftinga Idébanken i samband med klimaplan for Stavanger kommune. Då laga vi også ein klimakalkulator for 12

Stavanger kommune, som er vidareutvikla og tilpassa spesielt for Sparebanken Sogn og Fjordane 4. Vi vil vidare gje ein grov gjennomgang av metodikken for type 3 oversyn avgrensa til næringsliv og infrastruktur. Her vil vi gjere ei kopling mellom type 1 og 3, ved at vi også vil drøfte spørsmålet om sårbarheit for næringslivet i høve visse former for klimapolitikk (klimaavgifter). Dette er meint som eit grunnlag for å gå vidare med ein meir detaljert analyse ved eit seinare høve og er såleis ei metodeomtale ikkje omtale av den faktiske klimasårbarheita. Vi vil i denne omgang ikkje gå vidare med type 4. Nemninga Pentagon-varianten spelar på ein rapport utarbeidd for det amerikanske forsvarsdepartementet med tittelen An Abrupt Climate Change Scenario and its Implications for United States National Security. Rapporten drøftar korleis klimaendringar i andre land kan påverke tryggleikssituasjonen for USA (.t.d at meir tørke i Midt-Austen kan auke konfliktpotensialet der), og konkluderer m.a. med at klimaendringar er ein større tryggleiksrisiko for USA enn terrorisme. For Norge vil indirekte klimasårbarheit gjelde spørsmål som t.d. tilgang på råvarer ikkje minst matvarer (vi er i dag om lag 50 prosent sjølvberga med mat i Norge) og press om å ta imot klimaflyktningar. Oppbygging av rapporten Rapporten er bygd opp slik: - Kapittel 1: Ei kartlegging av utsleppssituasjonen for klimagassar i Sogn og Fjordane i 1991 og 2005 fordelt på ulike næringar/utsleppskjelder. I kapittelet vert det også gitt ei grunngjeving for dei endringane som har funne stad i løpet av perioden. - Kapittel 2: Ei første grov vurdering av klimasårbarheit for ulike bransjar. Vurderinga vil omfatte både sårbarheit som trussel og muligheit for næringa, eller det som kan kallast klimatilpassing. - Kapittel 3: Resultat frå ei spørjegransking om klimaspørsmål blant verksemder i fylket. - Kapittel 4: Nokre førebelse merknader med omsyn til kva næringar i Sogn og Fjordane som står fram som særleg klimasårbare. 4 Sjå http://www.vestforsk.no/www/show.do?page=6&articleid=1772 13

1. Klimagassutslepp i Sogn og Fjordane 1991 2005 Bakgrunn I 2001 utarbeidde Vestlandsforsking ein bakgrunnsrapport for Sogn og Fjordane fylkeskommune i samband med deira arbeid med fylkesdelplan for klima og energi (Groven 2001). Hovuddelen av denne rapporten var utsleppsrekneskap for klimagassar i Sogn og Fjordane for åra 1991 og 1997, basert på kommunefordelte utsleppstal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Statens forurensningstilsyn (SFT) supplert med eigne data og vurderingar for einskilde utsleppskjelder. Dette arbeidet er no oppdatert for året 2005. Også 1991-tala er her oppdatert i tråd med endringar i den nasjonale utsleppsmodellen. Difor kan ein ikkje samanlikne tala i dette arbeidet med dei som er presentert i Groven (2001). Metode og kjelder Både i rapporten frå 2001 og i dette arbeidet er det SSB/SFT sin kommunefordelte utsleppsstatistikk presentert i SFTs klimakalkulator 5 som dannar grunnlaget for klimagassutsleppsrekneskapen for Sogn og Fjordane. Den offisielle utsleppsstatistikken for kommunar og fylke er kome fram ved å bryte nasjonale utsleppstal ned på kommunenivå ved hjelp av om lag 250 ulike fordelingsnøklar, t.d. basert på folketal og næringssamansetting. Somme av desse fordelingsnøklane er for grove eller slår opplagt skeivt ut i høve til den røyndomen vi kjenner frå Sogn og Fjordane. Eit anna problem med SSB/SFT sine kommunetal er at dei ikkje dekkjer alle klimagassane som er omfatta av Kyotoprotokollen. Utsleppstala i SFTs klimakalkulator gjeld berre karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), medan ein har sett bort frå fluorhaldige klimagassar, som er sjølve jokeren i utsleppsrekneskapen til prosessindustrien i fylket vårt. På denne bakgrunnen har vi bygd opp eigne utsleppstal for utsleppskjeldene prosessindustri, skip/båtar og luftfart. Den nasjonale utsleppsstatistikken er i hovudsak framstilt ved hjelp av ein utsleppsmodell. Berre i nokre få tilfelle opererer ein med direkte målingar av utslepp. Det gjeld særlig større punktutslepp knytt til industri som har utsleppskonsesjonar frå SFT. Utsleppsmodellen er basert på likninga Utslepp = Aktivitetsdata x Utsleppsfaktor Aktivitetsdata kan t.d. dreie seg om forbruk av energivaren olje i ein gitt sektor, medan utsleppsfaktoren viser kor store klimagassutslepp forbruk av ei viss oljemengd fører med seg. Dette inneber at ein for storparten av dei nasjonale klimagassutsleppa reknar seg fram til sannsynlig utsleppsmengd ved hjelp av ein matematisk modell som kviler på ei rekkje føresetnader. Desse føresetnadene er meir eller mindre sikre. Blant dei tre viktige klimagassane CO2, metan og lystgass, er utsleppsestimata best for CO2 og dårlegast for lystgass. 5 http://www.sft.no/artikkel.aspx?id=38941 14

Utsleppsmodellen til SSB er under kontinuerlig utvikling og målet er å gjere utsleppsestimata sikrare for kvart år. For somme utsleppskjelder har det dei seinare åra skjedd store endringar i måten ein reknar ut utsleppa på. Det inneber at utsleppstala for Sogn og Fjordane som kom fram i Groven (2001) ikkje kan samanliknast direkte med tala som blir presentert i dette notatet. Sjølv om begge arbeida inneheld utsleppstal for ulike sektorar i 1991 kan det vere til dels store avvik mellom desse. Det gjeld særleg for prosessutslepp frå deponi, der utsleppsestimatet for året 1991 har blitt redusert med 57 prosent. Dette kjem av at ny kunnskap om metanutslepp frå avallsplassar har resultert i ein revidert utsleppsmodell for dei nasjonale metangassutsleppa. SSB opplyser at det ikkje er gjort vesentlige endringar i måten dei nasjonale utsleppa blir fordelt på kommunar og fylke. Det er såleis utsleppsrekneskapen i dette notatet som representerer dagens kunnskap om dei utsleppa som fann stad i Sogn og Fjordane i 1991 og 2005, medan rapporten frå 2001 kan nyttast som referanse når det gjeld metoden vi har følgt og for nærare omtale av dei ulike utsleppskjeldene. Hovudtrekk Skip og båtar 6 % Andre mobile kjelder 4 % Stasjonær forbrenning utom prosessindustri 6 % Vegtrafikk 12 % Deponi og andre prosessar 2 % Landbruk 12 % PROSESS- INDUSTRI (prosessar og stasjonær forbrenning) 58 % Figur 1: Utslepp av klimagassar i Sogn og Fjordane 2005, fordelt på utsleppskategoriar. Eksklusiv olje- og gassverksemd. I 2005 var dei samla utsleppa av klimagassar frå Sogn og Fjordane på 1,905 mill. tonn CO2- ekvivalentar (eksklusiv olje- og gassverksemd). Dei viktigaste trekka i utsleppssituasjonen for 2005 går fram av kakediagrammet over: 15

- Prosessindustrien i Årdal, Høyanger og Bremanger dominerer biletet, med 58 prosent av klimagassutsleppa i Sogn og Fjordane - Landbruk og vegtrafikk er jamstore utsleppskjelder, kvar med 12 prosent av utsleppa - Utslepp frå skip/fiskefarty og Stasjonær forbrenning utom prosessindustrien står kvar for 6 prosent av utsleppa. - Tidlegare utsleppsrekneskap for fylket (Groven 2001) opererte med vesentleg høgare utslepp frå avfallsdeponi, men anslaga over desse utsleppa har blitt halvert på nasjonalt nivå som resultat av ny kunnskap. Dette gir seg utslag også i fylket vårt. 300 1000 tonn CO2-ekv. 250 200 150 100 50 0 1991 2005 Industri stasjonær forbr. Priv/off tenesteyting stasj. Hushald stasjonær forbr. Deponi prosessutslepp Landbruk prosessutslepp Andre prosessutslepp Vegtrafikk Skip og fiskefarty Fly Andre mobile kjelder Figur 2: Utslepp av CO2, metan og lystgass frå Sogn og Fjordane 1991 og 2005. Eksklusiv prosessindustri og olje- og gassverksemd. 1000 tonn CO2-ekv. Frå 1991 til 2005 har desse viktige endringane funne stad: - Dei totale utsleppa av klimagassar i Sogn og Fjordane gjekk ned med fire prosent frå 1991 til 2005. - Prosessutslepp frå industrien har gått ned med 12 prosent (går ikkje fram av Figur 2). Utsleppsreduksjonen i prosessindustrien er den viktigaste årsaka til nedgangen i totale utslepp frå 1991 til 2205. - Dersom vi ser bort frå prosessindustrien, som er av global og nasjonal karakter, har dei andre utsleppa i Sogn og Fjordane auka med seks prosent frå 1991 til 2005. Til samanlikning er den norske forpliktinga i Kyotoprotokollen ein maksimal auke på éin prosent frå 1990 til perioden 2008-12. 16

- Dei to største utsleppskjeldene når vi ser bort frå prosessindustrien, landbruk og vegtrafikk, er no like store etter at landbruksutsleppa har gått vesentleg ned (-15 %) og vegtrafikkutsleppa vesentleg opp (+31%) i perioden 1991-2005. - Alle utslepp frå mobil forbrenning har gått opp. Prosentvis er auken størst i luftfart, men dette talet gjeld berre flyging innanfor Sogn og Fjordane. I absolutte tal er det auken i vegtrafikken som betyr mest. - Stasjonær forbrenning i hushalda og metanutslepp frå avfallsplassane er i tillegg til landbruket viktige kjelder med nedgang i utsleppa. Viktige drivkrefter bak utsleppsendringane er: - Forbetring og seinare utfasing av Söderberg-teknologien ved aluminiumsverka har resultert i vesentlege reduksjonar i utsleppa av svært kraftige klimagassar (PFK) - Generell økonomisk vekst har bidratt til auke i aktivitetar som fører med seg klimagassutslepp. Det gjeld både stasjonær forbrenning i industrien og ein kraftig auke av transport. Klimagassutsleppa per innbyggar (ekskl. olje- og gassutvinning) var i 2005 på 17,8 tonn CO2-ekvivalentar i Sogn og Fjordane mot 9,7 for landet under eitt. Når det gjennomsnittlige utsleppet i Sogn og Fjordane er 84 prosent høgare enn landsgjennomsnittet, kjem det særleg av at vi her har store utslepp frå prosessindustri og i tillegg relativt mykje landbruk som også står for vesentlege prosessutslepp. 14 prosent høgare mobile utslepp enn landsgjennomsnittet bidrar også til det same biletet, medan lågare stasjonære utslepp i Sogn og Fjordane dreg i motsett lei. Skilnadene i utsleppsprofil mellom Sogn og Fjordane og Norge går fram av diagrammet under, der utslepp per innbyggar er fordelt på hovudkategoriane stasjonær forbrenning, prosessutslepp og mobil forbrenning (olje- og gassutvinning er halde utanom). 17

14,0 12,4 12,0 10,0 t CO2-ekv./innbyggar 8,0 6,0 4,0 3,9 3,6 4,1 Norge Sogn og Fj. 2,0 1,5 1,3 0,0 Stasjonær Prosess Mobil Figur 3: Utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane, 2005. Eksklusiv olje- og gassutvinning. Tonn CO2-ekv./innbyggar. Kjelde: SSB og eigne utrekningar. Ettersom prosessindustrien er av nasjonal/global karakter er det av interesse å sjå korleis utsleppsbiletet endrar seg om vi held desse utsleppa utanom. Da går prosesutslepp per innbyggar ned til 2,5 tonn CO2-ekvivalentar for Sogn og Fjordane og 1,5 tonn for heile landet (67 prosent høgare i Sogn og Fjordane enn i Norge). Prosessutsleppa det her er snakk om gjeld særleg utslepp frå landbruk og avfallsplassar. Landbruksutsleppa per innbyggar i Sogn og Fjordane er 2,3 gongar høgare enn landsgjennomsnittet, medan utslepp frå deponi kjem likt ut. Totale klimagassutslepp per innbyggar ekskl. olje- og gassutvinning og prosessindustri er 19 prosent høgare i Sogn og Fjordane enn i landet under eitt. Figur 4 viser utsleppsprofilen per innbyggar når vi ser bort frå både olje- og gassutvinning og prosessindustri. 18

4,5 4,0 3,5 3,6 4,1 t CO2-ekv./innbyggar 3,0 2,5 2,0 1,5 1,5 1,5 1,3 2,5 Norge Sogn og Fj. 1,0 0,5 0,0 Stasjonær Prosess Mobil Figur 4: Utslepp av klimagassar per innbyggar i Norge og Sogn og Fjordane, 2005. Eksklusiv olje- og gassutvinning og prosessindustri. Tonn CO2-ekv./innbyggar. Kjelde: SSB og eigne utrekningar. Figur 5 er ei samanlikning mellom Norge og Sogn og Fjordane når det gjeld prosentvise endringar frå 1991 til 2005 i utslepp av klimagassar per innbyggar for utvalte utsleppskjelder. Tala er kome fram ved kjøring av SFTs klimakalkulator for Sogn og Fjordane og for alle fylke samla. Dette inneber at fluorhaldige klimagassar (PFK) frå prosessindustrien ikkje er med. 6 Når utsleppa frå prosessindustrien her viser ein auke, i motsetning til det vi har rapportert ovanfor, kjem det altså av at dette diagrammet berre inkluderer utslepp av CO2, metan og lystgass. CO2-utlseppa følgjer meir direkte av produksjonsvolumet, slik at denne utsleppsauken kan knytast til ein allmenn produksjonsvekst i prosessindustrien. Stasjonær forbrenning i hushalda (oppvarming med fyringsolje/parafin) og prosessutslepp frå landbruk og deponi viser alle sterk nedgang i femtenårsperioden. Dei fleste andre utsleppskateogirane har hatt ein til dels kraftig auke i same tidsrommet. Utslepp per innbyggar har utvikla seg ulikt i Norge og Sogn og Fjordane for dei fleiste kategoriane. Utsleppsreduksjonen i Sogn og Fjordane har vore større enn landsgjennomsnittet for landbruk og oppvarming i hushalda. Utviklinga i den siste kategorien har vi vanskar med å tolke (sjå nedanfor), medan landbruket spelar ei relativt større rolle i dette fylket enn resten av landet, slik at nedgang i husdyrtal slår kraftig ut. Gjennomsnittlige utslepp frå vegtransport aukar sterkare i Sogn og Fjordane enn i landet under eitt. Her er den prosentvise veksten sterkast for lastebilar og bussar (50 prosent i Sogn og Fjordane mot 43 prosent i Norge). For personbilar var auken på høvesvis 25 og 22 prosent i perioden 1991-2005. 6 Utslepp frå luftfart er heller ikkje inkludert i SFTs klimakalkulator, medan vi har utelate tal for andre mobile kjelder og andre prosessutslepp i dette diagrammet. 19