HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201100234-3 Arkivnr. 171 Saksh. Kjellevold, Svein H. Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 08.02.2011 23.02.2011-24.02.2011 15.03.2011-16.03.2011 STORFEFJØS VOSS JORDBRUKSSKULE FORPROSJEKT - LØYVING SAMANDRAG Noverande fjøs er nedslite og tilfredstiller ikkje dei krav som gjeld i dag korkje når det gjeld dyrevelferd, smittevern eller arbeidsmiljø. I tillegg framstår bygninga som ein særs dårleg læringsarena. Det er utarbeid eit forprosjekt for nytt storfefjøs på Voss jordbruksskule. Planlagd storfefjøs har eit bta på 1200 m2 og kostnadsramma er 20 mill kroner. Det er tidlegare løyvd 1 million kroner frå posten for ombygging innanfor skulesektoren til prosjektet. Ein rår til at det i denne saka vært løyvd ytterlegare 9 millioner kroner til prosjektet frå den samleløyvinga. Sluttløyving til prosjektet må gjerast i 2012.
FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget godkjenner at det framlagde forprosjektet vert lagd til grunn for hovudprosjektet, med ei kostnadsramme på 20 mill kroner. Fylkestinget godkjenner at prosjektet blir finansiert over fleire år, med ei løyving for 2011 på 9 million kroner og med slik budsjettregulering: 10.659.020.00 Voss jordbruksskule 02104 Storfefjøs 02320 Nybygg / nyanlegg + kr. 9.000.000.- 10.777.021.00 Tilbygg / større ombyggingar i skulesektoren 03000 Samleløyving 02303 Vedlikehald (Nybygg/nyanlegg) kr. 9.000.000.- Paul M. Nilsen Johnny Stiansen Vedlegg: Forprosjekt Fasadeteikning Planteikning 1. etg Planteikning 2. etg. Situasjonsplan 2
FYLKESRÅDMANNEN, 26.01.2011: 1. Bakgrunn Voss jordbruksskule vart grunnlagt i 1948 som ein fagskule for landbruket. Skulen ligg sentralt til på Gjerde i Skulstadmo, om lag 3 km frå sentrum. Voss jordbruksskule har om lag 140 elevar, kor dei fleste følgjer eit 3-årig utdanningsprogram. Skulen kan tilby gode vilkår for praktisk og teoretisk utdanning og praktiske øvingar føregår på skulen sine eigne område. Voss jordbruksskule sitt storfefjøs er frå 1957 og tilfredstiller ikkje dei krav som gjeld i dag. Bygningane manglar tilfredstillande ventilasjon og garderobane til elevane og dei tekniske løysingane er langt under målkrava. Fjøset er nedslite, har dårleg luftutskifting og låg takhøgde. Dyrevelferden er heller ikkje god nok og krav knytt til smittvern er ikkje tilfredsstillande løyst. Dyra står i dag i tradisjonelle båsar og krav om lausdrift vil koma i dei næraste åra. Både frå Mattilsynet og frå veterinærhald vert det påpeika at skulen per i dag driv på dispensasjon Slik fjøset framstår i dag tilfredsstiller han ikkje krava til arbeidsmiljø for dei tilsette og er i tillegg ei dårleg læringsarena for elevane. Eit skuleanlegg må gå føre med eit godt eksempel og må kunna gje inspirasjon og motivasjon for ungdommar til å ta fatt på eit framtidig yrke. Ein skulegard og eit storfefjøs må vidare vera legitimert i dei gjeldande læreplanane. Ein kan ikkje ha ein skulegard som er lausriven frå dei nasjonalt fastsette læreplanane for naturbruksutdanninga. Dette set rammer og grenser for kva ein skal driva med og korleis ein skal driva. Skulegarden må sjåast på som eit spesialrom som skal vera læringsstøttande både i den praktiske og teoretiske undervisninga ved skulen. Utgangspunktet for dimensjoneringa bør være den framtidige ordinære naturbruksutdanninga ved VOJ (dvs elevtal VG1 naturbruk VG2 landbruk og VG3 landbruk). 2. Forprosjektet Våren 2009 vart det utarbeid eit forprosjekt for nytt storfefjøs på Voss jordbruksskule. Utbygginga av nytt storfefjøs omfattar : Riving av eksisterande fjøs Bygging av nytt storfefjøs med undervisningslokale Mindre utbetringar av uteområde Eksisterande storfefjøs har plass til 79 storfe totalt, derav 22 mjølkekyr. Planlagt storfefjøs har eit bta på omlag 1200 m2 totalt, og plass til 123 storfe, derav 31 mjølkekyr Drifta er basert på lausdrift. 3
Romplan nytt storfefjøs: 1. etg. 31 båsplassar for mjølkekyr 16 kviger 11-22 mnd 16 oksar 11-16 mnd 40 kalvar 0-8 mnd 10 ammekyr / store oksar / kalvekyr 2 behandlingsbingar 10 enkeltboksar for småkalvar Plass for melkestall / melkerobot Dette utgjer totalt 660 m2 Strølager 50 m2 Forsentral 55 m2 Mjølkerom / tank 24 m2 Fjøskontor 8 m2 Vaskesentral 2,5 m2 Fjøsgarderobe m/ sluse 34 m2 Besøks og læreareal i fjøs 110 m2 2. etg. Undervisning 45 m2 Visningsrom med minikjøkken 70 m2 Foredlingskjøkken 30 m2 Elevgarderobar m/ WC 40 m2 Vaskesentral 5 m2 Lager 10 m2 Trafikkareal ellers 45 m2 Saman med fjøset skal det byggjast eit nytt gjødsellager med kapasitet på 1000 m3 og med nødvendig pumpeanlegg frå fjøs til gjødsellager. Storfefjøset er planlagd med tanke på universell utforming. 2. etasje med klasserom, visningsrom, foredlingskjøkken, garderobar og kontor vil få universell tilkomst frå gardstunet. Fjøsdelen i 1. etg. vil få universell tilkomst frå nivået rundt og det vil bli tilrettelagd utvendig med universell tilkomst mellom 1. og 2. etg. Det er ikkje planlagd heis i bygget. 3. Kostnad Nytt storfefjøs har ein kostnadsramme på 20 mill kroner inkl. mva. basert på forprosjektkalkyle. 4
4. Finansiering Det vart i Fu-sak 63/2008 gjeve ei oppstartløyving på 1 million kroner til dette prosjektet. Løyvinga var finansiert innafor samleløyving for ombygging i skulesektoren. I denne saka vert det rådd til at det vært løyvd ytterlegare 9 million kroner til vidareføring av prosjektet. Fylkesrådmannen vil kome attende til restfinansiering av prosjektet ved fordeling av midlar frå denne samleløyvinga i 2012. 5. Framdrift Følgjande tidsplan gjeld for prosjektet: Tilbodsutsending 20.03.11 Tilbodsopning 01.05.11 Oppstart entreprenør 20.06.11 Ferdig 20.08.12 5