Årsmøte Sogn og Fjordane skiskyttarkrins onsdag 29.5.13 Tilstades: Leiv Tvinnereim - Hardbagg, Heidi M. Starheim - Stårheim, Nils Magne Nedreberg - Stårheim, Arve Heimdal Sogn og Fjordane Idrettskrins, Audun Gausemel - Hornindal, Linda Alsaker - Markane, Odd Harald Heggen - Stårheim, Magne Hjelle - Stårheim, Monica Halsteinslid - Markane, Wenche Arntsen - Markane, Magne Brekke - Sunnylven Ingen representantar frå Hardbagg,Førde og Volda Sak 1: Presentasjon av delegatane på møte. Arve Heimdal representerer Sogn og Fjordane Idrettskrins. Sak 2: Sakliste og innkalling: Godkjend Sak 3: Val av møteleiar: Leiv Val av referent: Heidi Signatur av referat: Monica og Nils Magne Innleiing v/ Arve Heimdal: Sogn og Fjordane Idrettskrets deltek på særkrinsane sine årsmøte. S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat. Ann Kristin Grodås har eit prosjekt på skulering av unge leiarar for å fange opp dei som sluttar som aktive sjølve. Nytt prosjekt for Toppsatsing: Midlane vert kanalisert gjennom idrettskretsen. Vert jobba med ny sponsor. Vere til inspirasjon for trenarar og aktive. Særkrinsane skal bli meir involverte slik at alle sine behov skal bli dekka. Sogn og Fj. Idrettskrets skal systematisk vere med å utvikle framtidas toppidrettsutøverar.
Klubbutvikling frå Skiskyttarforbundet: Alle tiltak som blir gjennomført i krets/klubb som er med på å utvikle klubben frå dagens nivå til ein framtidig bedra/ønska situasjon. Startmøte Analysere no situasjon, kva finst av kurs som vi kan vere med på lage framdriftsplan. Kven er ressurspersonar i klubben. Evaluere kva som har fungert. Oppfølgingsmøte sikre at framdriftsplan blir følgt opp, kva tiltak har vore gjennomført, kanskje har dei ikkje fungert? Må engasjere nye folk som er med i klubben. Engasjere og skape eigarskap til laget dei er med i. Kurs som Idrettskretsen tilbyr: Klubbens styrearbeid i praksis, Lederkurs for ungdom Sak 4: Gjennomgang av årsmelding Tillegg i årsmelding: Det har vore vanskelig å følgje terminlista i høve avvikling av renn grunna vanskelige snøforhold Viktig at alle klubbane rapporterar inn til krinsen når det vert gjennomørt kurs/foreldreoppfølging/andre aktivitetar send det inn til særkrinsen(sogn og Fjordane Skiskyttarkrets) det utløyser økonomiske midlar som blir utbetalt til krinsen. Årsmelding Godkjend med merknad. Sak 5: Gjennomgang rekneskap Ingen kommentarar/spørsmål til rekneskap. Rekneskap Godkjend. Sak 6: Årsplan: Arrangørkurs, Trenar 1 kurs, Skiskyttartreff, Young Star samling, jentesamling, Krinscup, Speakerkurs, anleggsutvikling Skiskyttartreff 2013 blir arrangert av Markane helg blir avgjort før sommaren i samråd med Nordfjord Team. Heidi sender ut evalueringa frå 2012. Frist for fastsetting av helg må skje til onsdag 5.6.
Trenar 1 kurs må skje på klubbnivå må melde det inn til krinsen. Kurset må integrerast i dei vanlege treningane. Anbefalast at det kjem inn instruktør frå anna klubb. Young Star samling haustsamling - dato fastsettast etter årsmøte i Nordfjord Team Invitere inn klubbar som ikkje er i funksjon slik at dei kan prøve anlegg til klubbar som allereie fungerar. Sak 7: Bonusutbetaling til løperar som tek nasjonale medaljar - Styret si innstilling er at vi fortset med utbetaling av bonus til dei utøverane som får medalje i nasjonale mesterskap med desse summane: 1.plass: 1500, 2.plass: 1000, 3 plass: 500. - Seniorløperar som er tilknytta landslag får ikkje bonusutbetaling. Styret si innstilling Godkjend Sak 8: Prosedyrer for avlysing av renn Sak 9: - Arrangørklubb er pliktige til å ta kontakt med krins og TD seinast 10 dagar ved fare for avlysing. - Krinsen og TD skal vere med i beslutninga om evt. flytting av renn. - Krinsen er villige til å kunne betale ein kompensasjon ved påkrevd flytting styret får fullmakt til å vurdere kvar enkelt søknad. Ny prosedyre-godkjend Budsjett Auke post utdanning/kurs til 14000,- dekke utgifter til trenar 3-4 kurs Gåver til 3000,- Budsjett Godkjend med endringar Sak 10: Terminliste 2013/14 foreløpig forslag 14.-15.12 Krinsrenn Hornindal/Hardbagg 11.-12.1 - KM Stårheim 1.-2.2 LM Volda? 9.2. Krinsrenn Hardbagg 15. -16.3 Bendit Markane?
29.-30.3 Krinscupavslutning Sunnylven 4.-6.4 Liatoppen Oppsett av TD ha med dei nye som har gått kurs slik at dei får opplæring. Ha to på kvart renn for å sikre opplæring. Samarbeid med skikrinsen i forhold til terminliste. Bytte ut eit normalprogram med fellesstart evt. stafett Terminlista må vere klar før 15.9 for å sikre online påmelding Sak 11: Val Innstilling for komande år: Årsmøtet velger leiar, styret konstituerer styremedlemmane sjølv Leiar: Leiv Tvinnereim, Hardbagg for 1 år Audun Gausemel,Hornindal ikkje på val Ole Henry Gjærset,Volda-ikkje på val Ny i styret: Wenche Arntsen, Markane for 2 år Attval:Heidi M. Starheim, Stårheim for 2 år Varamedlemmer: 1.Magne Brekke,Sunnylven attval 1 år, 2.Linda Alsaker,Markane ny 1 år, 3.Steinar Åland, Hardbagg ny 1 år Audun Gausemel, Hornindal fortset som anleggsutviklar Heidi M. Starheim,Stårheim fortset som jenteansvarleg Leiv Tvinnereim, Hardbagg fortset som kretsutviklar Revisorar: Odd Rune Halsteinslid, Markane attval 1 år Magnhild Hauge, Markane -ny 1 år Valkomite: Leiar: Monica V. Halsteinslid, Markane, 1 år igjen Annvor Aaland Tryggestad, Sunnylven, ny 3 år Nils Magne Nedreberg, Stårheim, ny 2 år
Utsending til årsmøte og ting: Leiv Tvinnereim og Heidi M. Starheim Andre saker: Blir laga eit innspel til fylkespolitikarane i forhold til opprettholding av skiskyttarlinje ved Stryn vgs. Heimesida til skiskyttarkrinsen blir oppdatert jamlig er avhengig av å få inn info frå klubbane. Årsmøte slutt kl.21.45 Ref. Heidi M. Starheim Nils Magne Nedreberg Sign. Monica V. Halsteinslid Sign.