Samferdselsutvalet 08.05.12 Torill Eidsheim sette på vegne av utvalet fram forslag til ny innstilling. GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014-2023 Pkt 1 som innstillinga. BEHOV FOR AUKA RAMMER Tillegg til pkt 2: aukast utover + 65%, der prioriteringane i NTP-forslaget + 45% ligg til grunn. BERGENSOMRÅDET BEHOV FOR STATLEG MEDFINANSIERING Endring av pkt 3: Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablere bypakkar for dei store byområda med forpliktande statleg medfinansiering. For Bergensområdet er ei statleg medfinansiering avgjerande for i første rekkje å sikre kontinuerleg utbygging av bybana byggetrinn 4, mot Åsane, og byggetrinn 5, mot Bergen Vest. Allereide planlagte, høgt prioriterte prosjekt i regionen som då vil inngå i bypakkar, må framleis halde sin høge prioritet om ikkje bypakkane skulle bli ein realitet. Pkt 4 og 5 som innstillinga. RIKSVEGINVESTERINGAR Nytt pkt 6: Fylkestinget forventar at riksvegane i Hordaland vert opprusta til å vere dei hovudpulsårene dei skal vere for å binde regionane og landsdelane saman. Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: o E 16 Arna Voss o E 39 Nord og sør for Bergen o E 134 Etne - Røldal - Haukeli o Rv 13 Jøsendal - Voss - Vangsnes o Rv 7 Brimnes - Hardangervidda o Rv 555 Bergen - Sotra Jfr fylkesrådmannen sine merknader vedr riksveginvesteringar i saksutgreiinga. E39 OPPRUSTA OG FERJEFRI Forslag Ljones (innleiing) Endra pkt 7 Opprusting og ferjefri E-39 gjennom Hordaland får særskilt prioritet i NTP 2014-2023. E-39 er den viktigaste transportåra på Vestlandet. Ein ferjefri E-39 mellom Bergen og Stord vil bidra til ein meir robust og integrert bu- og arbeidsmarknad i dette området. Det er i samsvar med strategien i NTP forslaget om å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrka regional utvikling. Nytt pkt 8: Fylkestinget vil påpeike behovet for endring og forenkling av planprosessar. I tillegg er det særs viktig at staten legg til rette for heilskapleg gjennomføring av vedtekne planar og igangsette prosjekt.
FINANSIERING Nytt pkt. 9: Opprustning og vegutbygging går for langsomt. Det finst interessante alternativ til dagens ordning med finanisiering av infrastruktur. Fylkestinget vil oppfordre staten til å ta i bruk alternative ordningar (t.d. prosjektfinansiering, fleirårig budsjettering, aksjeselskap, OPS m.m) som kan føre til hurtigare framdrift og meir effektiv infrastrukturutbygging. Samtidig bør det vurderast ei finansieringsordning der bompengeselskapa/fylkeskommunane kan få gunstige statslån. RASSIKRING Nytt pkt 10. Fylkestinget ser at i lys av den vesentlege kostnadsauken vi ser på prosjekta, må den nasjonale ramma opp frå 1 til 2 mrd/år. STYRKA DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET Pkt 11 og 12 som innstillinga pkt 7 og 8. JERNBANE Nytt pkt 13: Fylkestinget forventar at det vert utvikla ein moderne jernbane både for person- og godstrafikk med vesentleg kortare reisetid Bergen-Oslo på maksimalt 4 timar. Fylkestinget krev at Vossebana vert bygt ut med intercitystandard og realisering av Oslo-Hønefoss. Vi vil understreke behovet for: i) Avklaring av potensiale for høgfartsstandard på deler av Bergensbana Ei realiseing av Ringeriksbana Styrking av Vossebana fram mot Intercitystandard i) Dobbeltspor Bergen-Arna iv) Omlegging Takvam-Trengereid Lengre kryssingsspor Vossebana Utbetring Hønefoss-Voss LUFTFART Nytt pkt 14: Fylkestinget vil setje fokus på at Bergen Lufthamn, som nest størst i Noreg og ein av kun to flyplassar i Hordaland, må bli prioritert slik at ny terminal på Flesland kan realiserast parallelt med at bybana når Flesland for å få størst mogleg effekt av bybaneinvesteringa, og avhjelpe kapasitetsproblema ved lufthamna sin terminal. SJØTRANSPORT Nytt pkt 15: Fylkestinget etterlyser ein konkret strategi for å overføre gods frå veg til sjø, og ein gjennomgang av ansvarsfordeling og avgiftssystem. I nokre by- og senterområde er sjøbasert persontransport allereie i dag ein del av kollektivnettet. Sjøbasert transport som dette må vurderast og takast omsyn til i det vidare arbeidet med kollektivsatsing.
Nytt pkt 16: Innstillinga pkt 9 Jostein Ljones sette fram forslag om ny innleiing til pkt 7. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Fylkestinget vil prioritera prosjekt som gjev rask realisering. Arild Borgen sette fram fylgjande forslag. Tillegg til pkt 3. Statleg finansiering av utbygging av bybana sitt byggjetrin 4 og 5 er kritisk for Bergen. Det må difor inkluderast i alle råmer i NTP, også i dei som har mindre råmer enn +45%. Nytt pkt 6 Rødt ynskjer å prioritera bybane, intercity Bergen-Voss og Ringeriksbane framfor vegutbyggjing. Rødt tek dissens på punktet om Luftfart. Rødt tek dissens på omgrepet OPS i pkt 9. Alf Helge Greaker tok dissens på pkt om luftfart. Venstre ser at utbygging av terminal (ny) på Flesland kan være i direkte konflikt med vedteken klimaplan og støttar ikkje punktet i vedtaket om luftfart. Silje Hjemdal sette på vegne av FRP, V fram forslag til nytt pkt. Fylkestinget peikar på NSB sin mogelegheitsstudie knytt til tog (gods/personar) mellom Åsane og Flesland og ber om at Jernbaneverket vurderar og eventuelt kvalitetssikrar mogelegheitsstudiet. Prosjektet kan sjåast i samanheng med framtidig intermodal knutepunktshamn og folkevekst i regionen og Bergen. Røysting Torill Eidsheim sitt forslag til ny innstilling vart samrøystes vedteke, med fylgjande dissensar. Alf Helge Greaker tok dissens på avsnittet om Luftfart. Arild Borgen tok dissens på omgrepet OPS i pkt 9 og avsnittet om luftfart. Jostein Ljones sitt forslag om ny innleiing til pkt 7 vart samrøystes vedteke. Silje Hjemdal sitt forslag til nytt pkt fekk 4 røyster (FRP, V, R) og fall. INNSTILLING GENERELT OM PLANFORSLAGET TIL NTP 2014 2023 1. Fylkestinget er positiv til målformuleringane i planforslaget og legg særleg vekt på strategiane om å satsa på tiltak som gjev meir miljøvenleg transport i byområda, regionforstørring, auka gjennomføringsevne og auka satsing på drift- og vedlikehald. BEHOV FOR AUKA ØKONOMISKE RAMMER 2. For å sikra meir miljøvenleg transport i byområda, naudsynte riksveg- og jernbaneinvesteringar, auka satsing på skredsikring og drift og vedlikehald, må dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2023 aukast utover + 65 %, der prioriteringane i NTP-forslaget + 45% ligg til grunn. BERGENSOMRÅDET BEHOV FOR STATLEG MEDFINANSIERING
3. Fylkestinget sluttar seg til forslaget om å etablere bypakkar for dei store byområda med forpliktande statleg medfinansiering. For Bergensområdet er ei statleg medfinansiering avgjerande for i første rekkje å sikre kontinuerleg utbygging av bybana byggetrinn 4, mot Åsane, og byggetrinn 5, mot Bergen Vest. Allereide planlagte, høgt prioriterte prosjekt i regionen som då vil inngå i bypakkar, må framleis halde sin høge prioritet om ikkje bypakkane skulle bli ein realitet. 4. Fylkestinget viser til revidert bompengesøknad for vidareføring av Bergensprogrammet som sikrar finansieringa av bybanen byggetrinn 3 mot Flesland. Med dette finansieringsopplegget er det ikkje særleg rom for lokal delfinansiering gjennom ytterlegare bompengeinnkreving i Bergen, til bybanen byggetrinn 4 og 5 i perioden fram mot 2025. For å sikre kontinuerleg utbygging av bybanen etter at byggetrinn 3 er ferdigstilt i 2016, vil det vere behov for statleg medfinansiering på 7-10 mrd.kr i ein bypakke for Bergensområdet. 5. Planforslaget peikar på at fylkeskommunane, med dagens inntektsramme, ikkje er i stand til å finansiere auken i driftstilskot til kollektivtrafikken for å utvikle eit kapasitetssterkt og konkurransedyktig kollektivtransportsystem. Fylkestinget legg til grunn at fylkeskommunen sine frie inntektsrammer vert auka i samsvar med behovet for auka driftstilskot. RIKSVEGINVESTERINGAR 6. Fylkestinget forventar at riksvegane i Hordaland vert opprusta til å vere dei hovudpulsårene dei skal vere for å binde regionane og landsdelane saman. Fylkestinget krev fortgang i planlegging og utbetring av: E 16 Arna - Voss E 39 Nord og sør for Bergen E 134 Etne - Røldal - Haukeli Rv 13 Jøsendal - Voss - Vangsnes Rv 7 Brimnes - Hardangervidda Rv 555 Bergen - Sotra Jfr fylkesrådmannen sine merknader vedkomande riksveginvesteringar i saksutgreiinga. E39 - OPPRUSTA OG FERJEFRI 7. Det er avgjerande for kommunikasjonane og konkurranseevna på Vestlandet/Hordaland at det vert realisert ferjefri E39 med gode tverrsamband så raskt som råd. Fylkestinget vil prioritera prosjekt som gjev rask realisering. Opprusting og ferjefri E-39 gjennom Hordaland får særskilt prioritet i NTP 2014-2023. E-39 er den viktigaste transportåra på Vestlandet. Ein ferjefri E-39 mellom Bergen og Stord vil bidra til ein meir robust og integrert bu- og arbeidsmarknad i dette området. Det er i samsvar med strategien i NTP forslaget om å redusera avstandskostnader, bidra til regionforstørring og styrka regional utvikling. 8. Fylkestinget vil påpeike behovet for endring og forenkling av planprosessar. I tillegg er det særs viktig at staten legg til rette for heilskapleg gjennomføring av vedtekne planar og igangsette prosjekt. FINANSIERING 9. Opprustning og vegutbygging går for langsomt. Det finst interessante alternativ til dagens ordning med finanisiering av infrastruktur. Fylkestinget vil oppfordre staten til å ta i bruk alternative ordningar (t.d. prosjektfinansiering, fleirårig budsjettering, aksjeselskap, OPS m.m) som kan føre til hurtigare framdrift og meir effektiv infrastrukturutbygging. Samtidig bør det vurderast ei finansieringsordning der bompengeselskapa/fylkeskommunane
kan få gunstige statslån. RASSIKRING 10. Fylkestinget ser at i lys av den vesentlege kostnadsauken vi ser på prosjekta, må den nasjonale ramma opp frå 1 til 2 mrd/år. STYRKA DRIFT OG VEDLIKEHALD AV VEGNETTET 11. Planforslaget legg opp til ei prioritering av midlar til drift, vedlikehald og tiltak for å ta att forfallet på riksvegane. Fylkestinget vil understreka at denne satsinga ikkje må gå ut over heilt nødvendige strekningsvise investeringar på riksvegnettet i Hordaland. Fylkestinget viser til pkt. 2 med føresetnad om auka økonomiske rammer i nasjonal transportplan 2014 2020. 12. Fylkestinget føreset at rammeoverføringane til fylkeskommunane aukar betydeleg i komande NTP periode, slik at satsinga på vedlikehaldet av fylkesvegnettet kan aukast. Fylkeskommunane må få kompensert for prisveksten på driftskontraktane, tilsvarande den statlege priskompensasjonen for riksvegnettet. Kunnskapsgrunnlaget om verknader av ulike kontraktstypar- og former må utviklast, slik at nye kontraktar vert betre og meir kostnadseffektive. JERNBANE 13. Fylkestinget forventar at det vert utvikla ein moderne jernbane både for person- og godstrafikk med vesentleg kortare reisetid Bergen-Oslo på maksimalt 4 timar. Fylkestinget krev at Vossebana vert bygt ut med intercitystandard og realisering av Oslo-Hønefoss. Vi vil understreke behovet for: i) Avklaring av potensiale for høgfartsstandard på deler av Bergensbana Ei realiseing av Ringeriksbana, Styrking av Vossebana fram mot Intercitystandard i) Dobbeltspor Bergen-Arna iv) Omlegging Takvam-Trengereid Lengre kryssingsspor Vossebana Utbetring Hønefoss-Voss LUFTFART 14. Fylkestinget vil setje fokus på at Bergen Lufthamn, som nest størst i Noreg og ein av kun to flyplassar i Hordaland, må bli prioritert slik at ny terminal på Flesland kan realiserast parallelt med at bybana når Flesland for å få størst mogleg effekt av bybaneinvesteringa, og avhjelpe kapasitetsproblema ved lufthamna sin terminal. SJØTRANSPORT 15. Fylkestinget etterlyser ein konkret strategi for å overføre gods frå veg til sjø, og ein gjennomgang av ansvarsfordeling og avgiftssystem. I nokre by- og senterområde er sjøbasert persontransport allereie i dag ein del av kollektivnettet. Sjøbasert transport som dette må vurderast og takast omsyn til i det vidare arbeidet med kollektivsatsing. 16. Fylkestinget viser elles til fylkesrådmannen sitt saksframlegg, som ein del av høyringsuttalen
til planforslaget om Nasjonal transportplan 2014 2023.