Kommunedelplan for oppvekst 2015-2026 Framlegg til planprogram Vedteke: Saks nr: 14/734 Dato:
Innhald Bakgrunn for planarbeidet Innhald... 1 1. Bakgrunn for planarbeidet... 2 2. Føremål... 2 3. Føringar for planarbeidet... 3 Statlege føringar:... 3 Kommunale føringar:... 3 Regionale føringar:... 3 4. Mål og tema... 4 Mål frå kommuneplanen sin samfunnsdel:... 4 Hovudtema:... 4 Vaksne med god kompetanse i høve omsorg og tilrettelegging for læring og utvikling 4 Godt læringsmiljø og forskingsbasert satsing... 4 Tverrfagleg samarbeid til beste for barn og unge... 5 5. Planprosess og medverknad... 5 Styringsgruppe:... 5 Prosjektgruppe:... 5 Referansegruppe:... 6 Medverknad:... 6 Høyring:... 6 6. Framdrift... 6 Framdriftsplan for utarbeiding av planprogram og kommunedelplan 6 1
1. Bakgrunn for planarbeidet I følgje «Planstrategi for Eid kommune 2012-2016» som vart vedteken av Eid kommunestyre 21.06.12, ligg det inne oppstart av revisjon av «Kommunedelplan for oppvekst» i 2013. Gjeldande kommunedelplan for oppvekst er «Kommunedelplan for grunnskulen i Eid 2012-2015». I Planstrategidokumentet pkt. 11.3.1 står følgjande: «Ved revisjon av denne planen bør dette bli ein kommunedelplan for oppvekst og ta for seg aldersgruppa 0-18 år. Døme på kva som bør inn i denne planen i tillegg til grunnskule er barnehage, kulturskule, helsestasjon og barnevern.» I tillegg til døma over, vil planen omhandle SFO. Det er i dag eit sterkt fokus på kor viktig det er å samarbeide til beste for barn og unge, og det er difor naturleg at tverrfagleg samarbeid får brei plass i planen. Utifrå vurderingane over, vil planen omhandle barnehage, skule, SFO, kulturskule, helseteneste, barnevern og tverrfagleg samarbeid. Dette vert ein plan som omhandlar kvalitet og ikkje struktur. Planen skal etter plan- og bygningslova reviderast kvart fjerde år. Handlingsdelen til planen skal rullerast årleg. 2. Føremål Kommunedelplanen er eit politisk dokument og styringsverktøy for å oppnå dei måla kommunen har for området. Kommunedelplanen er eit verktøy for både dagleg og langsiktig arbeid og skal vere eit konkret arbeidsverktøy for politisk handsaming som vedkjem oppvekstsektoren. Kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2015, vedteken av Eid kommunestyre 20.06.13, er retningsgjevande og eit styringsverktøy for arbeidet med kommunedelplanen. Vidare vil kommunedelplanen vere retningsgjevande for verksemdplanane som vert utarbeidde i dei ulike avdelingane. Det er viktig at planen har ei god forankring gjennom brei medverknad både frå innbyggjarar, brukarar, tilsette og interesseorganisasjonar. 2
3. Føringar for planarbeidet Statlege føringar: Lovverk: Barnekonvensjonen Lov om barnehagar Lov om kommunal helse- og omsorgsteneste Psykisk helsevernlova Lov om barnevernteneste Introduksjonslova Folkehelselova Plan- og bygningslova Forskrifter og rettleiarar: Forskrifter til opplæringslova Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Anna rammeverk for barnehagar og skular Stortingsmeldingar NOU-publikasjonar Rettleiarar frå utdanningsdirektoratet Kommunale føringar: Kommuneplanen sin samfunnsdel Kommunale vedtak Andre kommunale planar Regionale føringar: Regionale satsingsområde Kompetanseutvikling Ikt-utvikling 3
4. Mål og tema Mål frå kommuneplanen sin samfunnsdel: Hovudtema: Barn og unge i Eid skal få nytte og utvikle evnene sine i ein trygg oppvekst med rom for alle. Barn og unge i Eid skal bli sjølvstendige menneske med god fysisk og psykisk helse. Eid kommune skal hjelpe barn og unge til å meistre viktige utviklingsoppgåver, både fysisk, sosialt og kognitivt. Vaksne med god kompetanse i høve omsorg og tilrettelegging for læring og utvikling Deltema: Foreldrerolla Pedagogisk grunnsyn og kvalitetsomgrepet Leiing lærande organisasjon Tilsette - roller og ansvarsområde Kompetanseutvikling Godt læringsmiljø og forskingsbasert satsing Deltema: Ulike læringsarenaer: barnehage, skule/sfo og kommunale kulturtilbod Fysisk miljø utforming av både ute- og inneområda Psykisk miljø korleis tilsette og barn/unge fungerer i lag Tidleg innsats og samarbeid Språkstimulering Grunnleggande ferdigheiter Tilpassa opplæring Læringsutbytte Fleirspråkleg undervisning / inkludering 4
Tverrfagleg samarbeid til beste for barn og unge Deltema: Roller og ansvar: Kommunenivå, barnehage, skule, PPT, helsestasjon/jordmortenesta/folkehelse, barnevern, BUP og frivillige lag og organisasjonar FN sin barnekonvensjon Tverrfagleg samarbeid Felles kompetanseheving - forventningsavklaring Overgangar Integrering Krisehandtering Samarbeid med aktørar utanfor kommunen 5. Planprosess og medverknad Styringsgruppe: Rådmannsgruppa Prosjektansvarleg: Kommunalsjef Harald Sivertsen Prosjektgruppe: Prosjektleiar: Anne-Grete Eikås - rådgjevar oppvekst Barnehage: Tove Hanebrekke Starheimsvik styrar Gjerdane barnehage Grunnskule: Nils Petter Nes rektor Nordfjordeid skule Helsestasjon: Grethe Sandven avdelingsleiar Fysioterapi: Berit Heien Heggen Folkehelse: Kristina Kostopoulos folkehelsekoordinator Barnevern: Lisbeth Nord avdelingsleiar Psykiatritenesta: Knut Oddvar Sundli PPT 5
Referansegruppe: Styrarar, rektorar, tilsette representerte ved tillitsvalde, elevråd, ungdomsråd, foreldreutval, råd for funksjonshemma, BUP, Plan og utvikling og frivillige lag og organisasjonar. Medverknad: Det er ønskje om stor grad av medverknad frå ulike grupper som har interesse av planarbeidet. Deltakarar i plangruppa må bruke referansegruppa aktivt. Høyring: Høyringsdokument vert lagt på Eid kommune si heimeside og på servicekontoret. 6. Framdrift Framdriftsplan for utarbeiding av planprogram og kommunedelplan Framlegg til planprogram rådmannen si innstilling Framlegg til planprogram politisk behandling Høyring av «Framlegg til planprogram» Planprogram rådmannen si innstilling Vedtak av planprogram politisk behandling Utforming av framlegg til kommunedelplan Framlegg til kommunedelplan- rådmannen si innstilling Framlegg til kommunedelplan politisk behandling Høyring av «Framlegg til kommunedelplan» Kommunedelplan rådmannen si innstilling Vedtak av kommunedelplan politisk behandling 2014 2015 april april mai - juni august august sep. des. januar februar mars - april mai juni 6