Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal Analysen er utarbeida av administrasjonen i Årdal kommune og høyrer saman med planomtale med føresegner og plankart til plan med planid 2010001.
1. Innleiing Årdal kommunestyre vedtok 17.06.10 i sak 051/10 å varsle oppstart av arbeid med endring av del av reguleringsplan for Farnes sentrum frå 1996 etter plan- og bygningslova (PBL) 12-8 og 12-14. Namnet på den planendringa er Detaljreguleringsplan/Reguleringsendring for Helsehuset, Øvre Årdal. Ved utarbeiding av reguleringsplanar for utbygging, skal ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) gjennomførast for planområdet, jf. 4-3 i plan- og bygningslova. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarheitstilhøve som har innverknad for om arealet er egna til utbyggingsføremål, og eventuelle endringar i slike tilhøve som fylgje av planlagt utbygging. Risiko- og sårbarheitsanalyse for Helsehuset er ein eigen rapport. Rapporten vil vera vedlegg til detaljreguleringsplan (reguleringsendring) for Helsehuset, Øvre Årdal. Administrasjonen i Årdal kommune har vore ansvarleg for arbeidet med denne ROS analysen. 2
2. Analyse Analysen inneheld ei vurdering av moglege risiko- og sårbarheitsfaktorar og om faktorane er aktuelle å undersøka vidare i neste kapittel 3 Vurdering. NATURRISIKO Skred/ras/ustabil grunn Flaum i vassdrag Stormflo Vind/ekstremnedbør Skog/Lyngbrann Radon VERKSEMDRISIKO Verksemder med fare for brann eller eksplosjon Verksemder med fare for kjemikalieutslipp eller anna akutt forureining Kan vere aktuelt, må utgreiast meir, det er ingen elvar/bekkar i nærleiken, radonundersøkingar i nærleiken både med sporfilm (vinter 2010) og dagmålingar (vinter 2009) viste at ingen bygg hadde radonnivå over tiltaksgrensa på 100 bq/m 3, området er sett av til diverse sentrumsføremål, området er sett av til diverse sentrumsføremål BEREDSKAPSTILTAK AV BETYDNING FOR AREALPLANLEGGING Innsatstid for brannvesen og ambulanse Slukkevatnskapasitet 7-10 minuttar Tilstrekkeleg SÅRBARE OBJEKT Natur Naturvern Friluftsliv Flora og fauna Kulturminne Kulturlandskap Det aktuelle området er eit sentrumsområde og tek ikkje i bruk grøne område ANDRE Trafikk Høgspentlinjer/elektromagnetisk stråling Aktuelt 3
3. Vurdering Administrasjonen har etter vurdering av moglege risiko- og sårbarheitsfaktorar i kapittel 2 kome fram til at dei største problemstillingane for området er skred/ras og trafikk. Fylgjande kriteria er nytta som eit grunnlag for risikoanalysen i dei tilfella det dreiar seg om klare hendingar. Sannsynlegheitsgrad: Lite sannsynleg Mindre sannsynleg Sannsynleg Mykje sannsynleg Svært sannsynleg Sjeldnare enn ein hending pr 10 år 1 gong pr 10 år eller oftare 1 gong pr 2 år eller oftare 1 gong pr år eller oftare 10 gonger pr år eller oftare Konsekvensgrad: Nemning Personar Miljø Materielle verdiar/økonomiske tap Ufarleg Ingen personskade Ingen skade på miljøet/omgivnadene Ingen skade på materiell. Driftstans/reperasjonar <1 veke Mindre alvorleg Mindre skade som førar til førstehjelpstiltak/behandling Ubetydelege miljøskadar som ikkje krev særskilte tiltak Mindre lokal skade på materiell og ikkje umiddelbare behov for reperasjonar, eventuelt mogleg betring på kort tid. Reperasjonar < 3 veker Alvorleg Ein alvorleg personskade eller skade på fleire, sjukehusopphald Utslepp til vatn, luft forårsake lokale forstyrringar og som krev tiltak Betydelege materielle skadar. Reperasjonar < 3 veker Svært alvorleg Kan resultera i langvarig sjukehusopphald eller invaliditet Utslepp til vatn, luft skade på miljøet Alvorlege skadar på materiell Reperasjonar < 3 mnd Kritisk Kan resultera i tap av liv Utslepp til vatn, luft forårsaka varige skadar på miljøet Fullstendige materielle skadar. Reperasjonar > 1 år Skred/ras/ustabil grunn Området er på www.skrednett.no merka som utløpsområde på aktsemdskart for snøskred. Området ligg utanfor utløpsområde når det gjeld aktsemdskart for steinsprang. Hending Årsak Konsekvens Sannsynlegheitsgrad Konsekvensgrad Moglege tiltak 4
Ras/skred: Snøskred Store nedbørsmengder og uheldig vindretning Kan føre til tap av liv om skredet når heilt til Helsehuset Lite sannsynleg Kritisk Nei Vurdering: Det er berre ved heilt spesielle vêrtilhøve at det kan vere fare for snøskred i området rundt Helsehuset og sannsynlegheitsgraden er vurdert til å vere lite sannsynleg. Om ein faresituasjon oppstår vil ein bli varsla i god tid før ei skredhending fordi ein vil sjå oppbygging av fonner i fjellsidene. Ein evakuering blir ved slike høve vurdert. Administrasjonen vurderer det derfor slik at det ikkje er behov for tiltak for å unngå snøskred på planområdet. Trafikk Jotunvegen og Farnesvegen er kommunale vegar med mykje trafikk, mest personbilar, gåande og syklande. Farnesvegen fører bort til skuleområdet og Jotunvegen fører opp på torget og ned til idrettshallen. Området er elles omgitt av bustader. I høve dagens bruk av området vil ein samlokalisering av helsetenester i Årdal føre til ein noko auka trafikkmengde av alle trafikantgrupper til Helsehuset. Vurdering: Det blir noko meir trafikk av alle trafikantgrupper i området på dagtid. Trafikkmengda vil likevel spreie seg jamt utover dagen og området blir vurdert til å vere tilstrekkeleg tilrettelagt til denne auken, både med omsyn på parkeringsplassar og førebyggande tiltak for å unngå faresituasjonar og å redusere fart. Parkering for besøkande er planlagt lagt til Jotunplassen og Farnesvegen må derfor kryssast av gåande. Det er i dag fartshumpar og 30-sone for køyrande og fotgjengarfelt og gangfelt for gåande og syklande. 5