Endring i konkurransegrunnlaget Retting/ endring nr Side 1 av 5 Bygge- og eigedomstenesta Sakshandsamar: Magne Westvik E-post: Magne.Westvik@sfj.no Tlf: Vår ref. Sak nr.: 11/3308-1 Frikjøling frå fjellbrønnar Internt l.nr. 18508/11 Dykkar ref. Svarutsending 1 Revisjon 1 Revisjonar er merka med feit skrift. Dette gjeld - Punkt 4. Endring av tid for avbrot i kjølinga - Punkt 4. Ein feil er retta i den tilhøyrande skissa lenger nede. - Punkt 5. Eit nytt rom er stilt til disposisjon. Sjå også planskissa lenger nede. Spørsmål og problemstillingar til konkuransegrunnlag per 6.7.2011. Oppklaringane i denne oppdateringa stammar frå synfaringa 30.6.2011. Sjølve spørsmålsformuleringa referert her er derfor noko konstruert, men svara dekker dei oppklaringane som blei gitt eller lovd under synfaringa og som ikkje allereie er forklard i konkuransegrunnlaget med vedlegg. Dato LEIKANGER, 15.07.2011 Nr Motteke dato Spørsmål Svar 1 30.6 Kor og korleis skal fordelinga til dei forskjellige kursane utføras? 2 30.6 Korleis skal røyra ut til brønnane leggjast? Følgjande tekst leggs til andre avsnitt i punkt 32.5 i Vedlegg B: Fordelinga blir plassert i låsbart skap. Se skisse i lenger nede i dette dokumentet for plassering. Røyr føres opp i himling direkte frå skap. Ventiler til alle kursar og i størst muleg grad betjening av nødkjøling skal vera samla i skapet. Skapet utføres med oppsamling av eventuell væske i botn med drenering gjennom vegg til rom 012 UC6a. Teikning av skap med innhald skal godkjennast før produksjon. Sjå punkt 32.16. Følgjande tekst leggs til punkt 32.8 i Vedlegg B: Røyr mellom ventilasjonsrom og området med brønnar skal leggjast i trekkrøyr med innvendig diameter på minimum 160 mm. Det skal også gravas ned tre trekkrøyr med same minimums diameter som ligg tomme til seinare bruk. Utløpet av desse skal ikkje koma i konflikt med andre installasjonar. Kulvert kan med dette bli utelatt, men det skal vere tilkomst til alle ventilar Ja 1 Ja 2
Side 2 av 5 3 30.6 Er det hindringar i grunnen ein må ta omsyn til? 4 30.6 Korleis skal nødkjølinga fungera? Før utførselen vil det bli utarbeida ein detaljert oversikt over røyr og kablar i grunnen. Disse skal ikkje ha noko å seia med tanke på utarbeiding av tilbod. Følgjande tekst fjernes frå punkt 32.9 i Vedlegg B: Ein prinsippskisse med forklaring er teikna i Vedlegg D. I romlista i Vedlegg F er kjølarane som skal koplas til lista opp. Det skal være mulig å til dømes sirkulere glykol i ein kjølar og nettvann i dei andre under reperasjon av anlegget. Følgjande tekst leggs til punkt 32.9 i Vedlegg B: Tilbyder skal tilby eit opplegg for nødkjøling som sikrar rask manuell innkopling og kort stopp i kjølinga ved tilbakekopling. Størrelsesorden 30 minutt til 1 time innkoplingstid, men mindre enn 10 minutt fullstending stopp i kjølinga. I romlista i Vedlegg F er kjølarane som skal koplas til lista opp. Det skal bli demonstrert i praksis at systemet fungerer og at tilbakekoplingen gir i størrelsesorden 30 minutt til 1 time innkoplingstid, men mindre enn 10 minutt fullstending avbrot i kjølinga. Sjå også punkt 32.13. Kjølemediet som blir fortrengt skal bli samla i ein buffertank og det skal være muligheit for å føre dette tilbake i det lukka systemet. Ein prinsippskisse med ein mogleg løysing er forklara og teikna i Vedlegg D. Denne er basert på tøyming og tilbakekopling av ein og ein kurs medan nødkjølinga går parallelt. Ein annan mulegheit er eit felles system for aktuelle kursar der kjølemediet fortrenger nødkjølevatnet utan tøyming i forkant. Det kan gjera pausen i forbindelse med tilbakeføring blir kort nok til at parallell nødkjøling ikkje blir naudsynt. Ein prinsippskisse med ein muleg løysning er forklara og teikna inn lenger nede. Sistnemnte skisse reduserer talet på røyr og ventilar i fordelingsskap noko som i seg sjølv er ein fordel. Ja 3
Side 3 av 5 5 30.6 Kor skal buffertanken for nødkjøling stå? 6 30.6 Kva er tilkoplingsdi mensjonen på kjølarane? 7 30.6 Korleis skal luftkjølarane bli regulert? Buffertanken kan stå i ventilasjonsrommet, rom UC6c (eller, mindre aktuelt, på rom 012 UC6a. For sistnemnte gjelder det at tanken skal stå der som vaskemaskinen står i dag. Vaskemaskinen flyttas til andre sida av sluk. Vasken flyttas internt på rommet. Tilkopling av vatn og elektrisk inkludert. Tanken må være flyttbar i normal tilstand (tom) med tanke på vedlikehald av vaskemaskin. Høgda av rommet må bli nytta maksimalt for å redusera grunnflata. Maksimale L- og B- mål i dette rommet: 500x1000mm.) Sjå også skisse i dette dokumentet. Denne opplysingen blir lagt inn i Vedlegg F så snart den lova oppdateringa av dette vedlegget kommer. Alle luftkjølarane har styring internt som styrer vassmengda med tovegsventil. Dei har også viftestyring. Ingen av desse styringane ligg innanfor automatikkdelen på denne entreprisen. Reguleringa av kjølesystemet skal gi ein konstant trykkdifferanse tilgjengeleg for kjølarane.
Side 4 av 5 Planskisse, fordeling vatnkurser og buffertank. (Buffertank, maks 500 x 1000 mm) Fordelingsskap, maks 2500 x 400 mm Buffertank, UC6c. Rommets mål: 1200 x 800 mm Lysåpning: 610 x 2050 mm
Side 5 av 5 Nødkjølesystem, systemforslag 2. X 12 1. Buffertank nødkjøling. Fylles opp i ved start av nødkjøling. 2. Flotørventil. Sikrar buffertank mot overfylling. 3. Stengeventil. Blir opna ved indikasjon på at alt kjølemedie er ute av systemet. (Til dømes seglass i røyr og fargetilsetting på kjølemediet). Samtidig stenges ventilen mot buffertanken. 4. Til avløp 5. Stengeventil. Blir opna ved nødkjøling Blir lukka ved indikasjon på kjølemedie etter nødkjøling 6. Tilførsel tappevann 7. Stengeventil. Blir opna ved nødkjøling. Blir steng når kjølemedia skal føres tilbake. 8. Påfyllingspumpe. Pumper kjølemedie tilbake etter nødkjøling. 9. Kursar med nødkjøling 10. Stengeventil. Blir stengd ved nødkjøling. 11. Kursar utan nødkjøling 12. Tilkopling mot pumper og brønnar.