Dato: 18. juni 2009 Kl.: 11.30 14.45 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 149/09-187/09



Like dokumenter
Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen. Bergen 18. juni 2009

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Dato: 08. juni 2009 Kl.: Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus Saknr.: 138/09-147/09 MØTELEIAR

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

MØTEBOK. Valnemnda. Bergen Kongressenter, Bergen. Kl.: Dato: 12. oktober oktober Stad: Saknr.

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 15. okt. 2008

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

MØTEPROTOKOLL. Kvinnherad kommune. Formannskapet Møtedato Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 17:00 21:30

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

MØTEBOK. Hordaland fagskulestyre

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

IDRETTSPLAN FOR BERGEN KOMMUNE

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

Dato: 16. juni 2009 Kl.: :45 Stad: Os vidaregåande skule, Os gymnas Saknr.: 28/09-38/09

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 22. mars 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Ungdomsrådet 011/

Handlingsprogram Høyringsperiode 1. april 30. juni Regional plan for vassforvaltning Foto: Merete Farstad

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 9. DESEMBER 2016, SKÅNEVIK FJORDHOTEL

Forfall til møtet: Roald G. Bergsaker (R H) Liv Signe Navarsete (S og Fj Sp) Eirin Kristin Sund (R A) Anne Jorunn Hammerø Hatle (M og R Sp)

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 25 MAI KL PÅ HYDRO HUSNES

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Handlingsprogram

Dato: 16. februar 2012 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland i Fylkeshuset Saknr.: 8/12-13/12

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0009/03 03/ /4, REGULERINGSPLAN - SKEISFLATEN

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Handlingsprogram for Regional plan for vassforvaltning Hordaland vassregion

Dato: 14. september 2011 Kl.: Stad: Bergen maritime vid. skole, V. Strømkai 10, Bergen Saknr.: 12/11-18/11

Fylkesutvalet Tom-Christer sette fram slikt forslag:

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Dato: 21. september 2011 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 163/11-178/11

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0018/03 03/01168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE 1

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 172/07 05/2278 E39 RÅDAL - SVEGATJØRN, SØKNAD OM BOMPENGEFINANSIERING

KOLLEKTIVTRANSPORT - KJØP AV BYSTASJONEN TERMINAL OG TOMTEAREAL TIL BUSSANLEGG PÅ ASKØY

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

HANDLINGSPROGRAM

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet.

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

MØTEBOK. Administrasjonsutvalet. Dato: 06. desember 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

Radøy kommune Saksframlegg

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

MØTEBOK. Valnemnda. Dato: 10. desember 2013 Kl.: Stad: Grand Terminus hotel, Bergen Saknr.: 23/13-33/13

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

MØTEBOK. Vestlandsrådet. Møtestad Quality Hotell, Florø Møtedato Kl Faste medlemer til stades

Fylkesdelplan for ny hamn i Bergensområdet.

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Fylkesutvalet Dato: 18. juni 2009 Kl.: 11.30 14.45 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 149/09-187/09 MØTELEIAR Torill Selsvold Nyborg DESSE MØTTE Handeland, Gisle (A) Christensen, Joril (A) Olsnes, Sigmund (A) Vebenstad, Torill (A) Søviknes, Terje (FRP) Tvedt, Petter Kvinge (FRP) Nilsen, Tom-Christer (H) Strømme, Mona Røsvik (H) Nyborg, Torill Selsvold (KRF) Kårbø, Pål (KRF) Olsen, Mette Holmefjord (SV) Hove, Harald (V) Elisabeth Eide Tharaldsen (FRP) Berit W. Eldøy (H) Bente Bondhus (SP) FORFALL Nilsen, Monica (FRP) Ryssdal, Stein Inge (H) Lussand, Magnar (SP) DESSUTAN MØTTE Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Økonomidirektør Johnny Stiansen Organisasjonsdirektør Gerd Ingunn Opdal Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld Samferdselssjef Magnus Vestrheim Strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve Kst. fylkeskultursjef Ronny Skaar Informasjonssjef Stanley Hauge Seniorrådgjevar Gro Stien Thorvaldsen som sekretær 1

MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ingen merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend utan merknader. GODKJENNING AV MØTEBØKENE 28.05.09, 08.06.09 OG 09.06.09 Møtebøkene vart godkjende utan merknader. YMSE I samband med sak 186/09 bad Tom-Christer Nilsen om ei sak om fylkeskommunen sitt engasjement i Sarsia Innovation AS. Dette slutta fylkesutvalet seg til. Pål Kårbø sette på vegner av KrF, H og Frp fram slikt oversendingsforslag: Ber om at melding 209/09 vert fremja som sak i august. Pål Kårbø sette på vegner av KrF, H og Frp fram slikt oversendingsforslag: Ber om ei melding på resultat for kvar enkelt vidaregåande skole og status på fond pr. 31.12.08. Kårbø sine oversendingsforslag vart samrøystes vedteke oversende til fylkesrådmannen. Joril Christensen orienterte frå generalforsamling i Åstvedt Industri AS. Verksemda vil få eit underskot på 5 mill. kr. Åstvedt Industri AS har ledig kapasitet m.a. fordi NAV nyttar færre plassar. Christensen bad om at fylkesordføraren og fylkesrådmannen held auge med arbeidsmarknadsverksemdene og hjelper dei ved behov. Ho opplyste også at Olav Terje Bergo er vald til ny styreleiar i Åstvedt Industri AS. Mette Holmefjord Olsen sette fram slikt oversendingsforslag: Fylkesrådmannen vert beden om å vurdera retningslinene for inntak til 4. + 5. opplæringsår med sikte på å gjera opplæringsløpet for elevar med moglege rettar, mest mogeleg føreseieleg (viser til modell i Rogaland fylkeskommune). Det er særleg viktig med god informasjon til og samhandling med desse søkjarane og deira føresette. Holmefjord Olsen sitt oversendingsforslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. I samband med Holmefjord Olsen sitt oversendingsforslag bad Torill Vebenstad om å få informasjon om korleis tildeling av 4. og 5. opplæringsår vert praktisert. Elisabeth Eide Tharaldsen spurde om kor langt Skyss er kome i arbeidet med å publisere rutetider på internett. Direktør Oddmund Sylta i Skyss opplyste at den planlagde reiseplanleggjaren vil verte tilgjengeleg i løpet av august 2009. Mona Røsvik Strømme spurde kvifor mange tunellar i Hordaland ikkje har radiokabling. Samferdselssjef Magnus Vestrheim vil kome tilbake med svar etter kontakt med Statens vegvesen. I tillegg til at varamedlemer vert varsla skriftleg i møteinnkallinga om at dei skal stille på møte ønskjer Bente Bondhus at dei vert varsla munnleg. Fylkesordføraren skal gå gjennom rutinane for varsling av varamedlemer som vert innkalte til møte. 2

Når sak 152/09 Evaluering av retningslinene for fordeling av budsjettmidlar til skolane kjem opp på nytt ønskjer Harald Hove og Gisle Handeland at saka vert grundig belyst og at det m.a. vert gjort betre greie for kriteria for budsjettfordeling. Pål Kårbø vil vite om distriktsskular gjev større tilskot i forhold til skjønsmidlar. Delegerte saker 12/09 og 13/09 vart refererte. Sakene 186/09, 185/09 og 175/09 vart handsama først og i denne rekkjefølgja. Deretter vart sakene handsama i rekkjefølgje. 3

MELDINGAR Periode: 28. mai 2009-18. juni 2009 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 174/09 200703215-37 Universell utforming som regional utfordring. Søknad om å bli pilotfylke 175/09 200408553-12 Klage på Riksantikvarens vedtak om fredning med hjemmel i kulturminneloven 15 og 19. Skansen brannstasjon og Skansedammen, Øvre Blekeveien 1, gnr 167 bnr 1220 og 1221 i Bergen kommune 176/09 200802930-32 Utvida samarbeid mellom Voss, Vik og Aurland kommunar 177/09 200813171-3 Forvaltningsreforma og ansvar for veglys 178/09 200903124-4 Ferjefri kyststamveg 179/09 200904949-1 10% Rabattsystem - AutoPass 180/09 200803852-5 Takstdifferanse NSB-takst vs. enhetstakst Bergen-Arna I samband med melding 180/09 spurde Sigmund Olsnes om kva som vert gjort vidare. Fylkesordføraren svarte at ho vil skrive til Samferdselsdepartementet om saka. 181/09 200904779-1 Henvendelse basert på skriftlig spørsmål i Komite for miljø og byutvikling 16.04.2009 vedrørende miljøbuss i Åsane 182/09 200809978-7 Kvam kristne skule - Underretning om omgjøring av vedtak ved klage 183/09 200904835-1 Statsbudsjetet 2009 - Kap. 225 post 60 Tilskudd til landslinjer våren 2009 184/09 200904646-1 Museumssenteret i Hordaland - konsolideringsmidlar 2009 185/09 200810251-8 Ordninga med ungdomskort / studentkort I samband med melding 185/09 sette Harald Hove på vegner av V, A, SV, Sp, H, Frp og KrF fram slikt forslag: Fylkesutvalet ber om at lærlingar og lærekandidatar med rett til vidaregåande opplæring får høve til å kjøpe studentkort. Fylkesutvalet vedtok å realitetsbehandle forslaget frå Hove og vedtok deretter samrøystes forslaget. 186/09 200903514-2 Status for drifta av "Snarveien" på Byfjorden og snøggbåtrute Knarvik - Bergen - Svar på oversendingsforslag I samband med melding 186/09 spurde Mette Holmefjord Olsen om det er høve til å halde på ein konsesjon i ti år utan å starte opp. Samferdselssjef Magnus Vestrheim opplyste at konsesjon som ikkje vert sett i drift må trekkjast aktivt tilbake av dei som har gjeve konsesjonen. Den som har fått konsesjon kan ikkje rekne med å behalde den for alltid. 187/09 200902571-3 Buss-stoppet for line 2 ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus 188/09 200507791-65 Belønningsmidlar til andre tiltak enn kollektivtrafikk - spørsmål i fylkeutvalet 23. april 2009 4

189/09 200903508-3 Økonomisk og forvaltningsmessig samarbeid om utarbeidelse av Bergens søknad til Norges Fotballforbund og arbeid for et fotball EM i 2016 til Sverige og Norge 190/09 200812887-6 Kontrollrutinar - konsesjonsvilkår i taxinæringa 191/09 200804237-24 Sak om drifts- og vedlikehaldsstandarden på fylkesvegane 192/09 200706922-78 Drosjetilbod på kvelds og nattetid 193/09 200804376-14 Vedkomande sak om politisk styringsmodell i Hordaland fylkeskommune 194/09 200803860-6 Kontaktmøte mellom studentorganisasjonane og fylkeskommunen - Møtereferat 18 mai 2009 195/09 200812559-13 Tilskudd for mer tilgjengelig kollektivtransport (BRA-ordningen) - Tildeling av midler for 2009 196/09 200900879-12 Jondalstunnelen - Innstilling av entreprenør - val av alternativ 197/09 200903124-5 Melding om politisk vedtak - Ferjefri kyststamveg Bergen - Stavanger 198/09 200902280-2 Fjord Norge vant kampen om Norges største reiselivsprosjekt 199/09 200905365-1 Status for arbeid med informasjonsstrategi I samband med melding 199/09 sa Tom-Christer Nilsen at arbeidet med informasjonsstrategi og profilering er vorte meir avgrensa enn det som var tenkt frå politisk side. Han bad om at det til hausten vert lagt fram sak om organisering, der også politikarane vert involverte. Det bør også kjøpast meir ekstern kompetanse enn det er lagt opp til. Fylkesrådmannen svarte at det av ulike årsaker ikkje har vorte arbeidd godt nok med saka. Det vil vere nyttig å ha ei politisk referansegruppe, både med omsyn til korleis fylkeskommunen skal profilerast og kva som skal profilerast. 200/09 200903124-6 Hordafast - vedtak i kommunestyret 30.03.2009 201/09 200702708-97 Generell og aktuell informasjon om Nasjonal digital læringsarena - NDLA 202/09 200905384-1 Statsbudsjettet 2009 Kap 281 post 01 - Stø kurs - Prosjekt 81107 203/09 200905384-2 Statsbudsjettet 2009 Kap 281 post 01 - Stø kurs - Prosjekt 80072 204/09 200905264-1 Løyve for ferjesambandene Rv 48 Skånevik - Utåker - Matre - E 39 / Rv 49 Jektevik - Hodnanes - Nordhuglo og Rv 544 Skjersholmane - Ranavik 205/09 200903124-7 Ferjefri kyststamveg Stavanger - Bergen - Hordfast 206/09 200810934-10 Kjøp av flytenester - Avtalepart 207/09 200903508-4 Finansieringsmodell for EM 2016 208/09 200900499-5 Foreløpig tilskuddsbrev - Tilleggsbevilgninger til statsbudsjettet 2009 - Tilskudd til teknisk fagskoleutdanning - Kap 276 post 70 209/09 200709175-77 Særutskrift - Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet - endeleg planprogram 5

SAKNR. 149/09 ENDRING AV OPPFINNARPRISEN I HORDALAND TIL PRIS FOR GOD NÆRINGSUTVIKLING Elisabeth Eide Tharaldsen sette på vegner av Frp, H og KrF fram slikt forslag: 1. Oppfinnarprisen i Hordaland vert vidareført. 2. Oppfinnarprisen må marknadsførast offensivt som ein del av Hordaland fylkeskommune sitt strategiske arbeid for å fremja kreativitet, nytenking og verdiskaping i fylket. Røysting Tharaldsen sitt forslag vart vedteke med 11 røyster mot 4 røyster (A) for fylkesrådmannen sitt forslag. 1. Oppfinnarprisen i Hordaland vert vidareført. 2. Oppfinnarprisen må marknadsførast offensivt som ein del av Hordaland fylkeskommune sitt strategiske arbeid for å fremja kreativitet, nytenking og verdiskaping i fylket. 150/09 BRUK AV FYLKESKOMMUNALE IDRETTSANLEGG Gisle Handeland sette fram slikt forslag: Tillegg: Fylkesutvalet ber om at det snarast vert utarbeidd felles retningsliner for utleige av gymsalar/idrettsanlegg. Røysting Handeland sitt forslag vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet godkjenner at dagens ordning der skulane sjølve leigar ut gymsalane held fram. For dei tre idrettshallane i Bergen kommune der ein har/vil få spelemidlar, godkjenner fylkesutvalet at det vert starta forhandlingar med Bergen kommune om at dei skal verte stilte til disposisjon for idretten gjennom Idrettsrådet i kommunen. 2. Fylkesutvalet ber om at det snarast vert utarbeidd felles retningsliner for utleige av gymsalar/idrettsanlegg. 151/09 STORD VIDAREGÅANDE SKULE, AVD. SVEIO. NEDLEGGING OG OMORGANISERING AV "GOLFLINJA" I SVEIO Joril Christensen sette fram slikt forslag: 1. Vg1 Idrettsfag ved Stord vidaregåande skule, avdeling Sveio, vert lagt ned frå skoleåret 2009/2010. 2. Teoriundervisninga ved Vg2 og Vg3 ved Stord vidaregåande, avd. Sveio, vert frå skoleåret 2009/2010 flytta til hovudskolen på Stord-Leirvik. Golf- 6

/sprangridningsundervisninga held fram i Sveio. Berit W. Eldøy sette fram slikt forslag: 3. Det må også gjennomførast forhandlingar med Sveio om eventuell avvikling av den eksisterande leigeavtalen med Sveio kommune. 4. Ved elevfråfall må saka vurderast på nytt. Røysting Christensen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Eldøy sitt forslag vart vedteke mot 7 røyster (A, SV, Sp, V). Innstillinga fekk ingen røyster og fall. 1. Vg1 Idrettsfag ved Stord vidaregåande skule, avdeling Sveio, vert lagt ned frå skoleåret 2009/2010. 2. Teoriundervisninga ved Vg2 og Vg3 ved Stord vidaregåande, avd. Sveio, vert frå skoleåret 2009/2010 flytta til hovudskolen på Stord-Leirvik. Golf-/sprangridningsundervisninga held fram i Sveio. 3. Det må også gjennomførast forhandlingar med Sveio om eventuell avvikling av den eksisterande leigeavtalen med Sveio kommune. 4. Ved elevfråfall må saka vurderast på nytt. 152/09 EVALUERING AV RETNINGSLINENE FOR FORDELING AV BUDSJETTMIDLAR TIL SKOLANE. Tom-Christer Nilsen sette fram slikt forslag: Saka vert utsett. Røysting Nilsen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. 153/09 FYLKESKOMMUNERS OPPGAVER I FOLKEHELSEARBEIDET 1. Fylkesutvalet tar til orientering at fylkeskommunen etter lovforslaget får nye oppgåver og ansvar innan folkehelse. Dersom folkehelsearbeidet skal lykkast i høve til dei nasjonale måla, må det famne på tvers av sektorar og forvaltingsnivå og i samarbeid med private og frivillige aktørar, og det må inngå som del av det regionale utviklingsarbeidet. 2. Fylkeskommunen må få tilført tilstrekkelege resursar til å utføre dei oppgåvene som vert forventa i den nye lova. Dette gjeld i særleg grad å skaffe oversikt over helsetilstanden og 7

påverknadsfaktorar i form av befolkningsundersøkingar. Dette er ei heilt ny oppgåve som krev eigen kompetanse. 154/09 RAPPORTERING AV OPPDRAGSVERKSEMDA 2008 Fylkesutvalet tek saka til orientering. 155/09 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2009-2012 - TILTAK 2009-2010 Harald Hove sette fram slikt forslag: Saka vert lagt fram for fylkestinget. Røysting Hove sitt forslag vart samrøystes vedteke. Innstillinga vart samrøystes vedteken som innstilling til fylkestinget. INNSTILLING TIL FYLKESTINGET Fylkestinget sluttar seg til forslaget til Plan for kompetanseutvikling 2009-2012. Tiltak 2009-2010. 156/09 OPPRETTING AV EKSTRAKLASSE I BORING PÅ BERGEN MARITIME FAGSKOLE Bergen Maritime fagskole får oppretta ein ekstra klasse i fordjupinga boring. Bergen Maritime fagskole må forskottere tilskottet for hausten 2009. 157/09 OPPRETTING AV VG3-KLASSAR PÅ GRUNN AV MANGLANDE LÆREPLASSAR 1. Det vert oppretta Vg3 tilbod ved Årstad videregående skole innanfor Kjole- og draktsyarfaget og Murarfaget for skoleåret 2009/10. Det kan takast inn inntil 15 elevar i kvart av faga. 2. Kostnaden for hausten 2009 vert om lag 1.100.000 kroner. Budsjettregulering vert gjort hausten 2009 i samband med elevteljinga. 158/09 SOMMARFULLMAKT TIL FYLKESORDFØRAREN 8

I dei sommarvekene fylkesutvalet ikkje har møte, har fylkesordføraren fullmakt til å gjera vedtak på vegner av fylkesutvalet i saker som ikkje er av prinsipiell rekkjevidd. Melding om vedtak gjort etter slik fullmakt vert å leggja fram for fylkesutvalet i første møte etter ferien. 159/09 EVALUERING AV DROSJEREGLEMENT FOR BERGEN KØYREOMRÅDE 1. Fylkesutvalet vedtek å oppretthalda gjeldande Drosjereglement for Bergen køyreområde fram til 01.11.09 med unntak av oppseiingstida i punkt 8 som vert endra frå 6 til 3 månader. 2. Evaluering av drosjereglementet skal gjennomførast parallelt med evaluering av løyvetalet. 3. I evalueringsarbeidet skal m.a. fylgjande problemstillingar drøftast: Kva vil fylgjene vera dersom det ikkje er eit løyvetak. Kva konsekvensar vil det få dersom løyvetaket vert redusert ned mot 50%. Kva tiltak kan gjennomførast for å få opp talet på drosjar i drift på særlege trafikksterke periodar. Kva tiltak kan setjast i verk for å få vekk pirattaxiverksemda. 160/09 TRANSPORTVEDTEKTER FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesutvalet godkjenner framlegget til transportvedtekter for anbodstrafikk i Hordaland 161/09 SØKNAD OM STØTTE TIL PROSJEKT - RUTE 13 -FJORDVEGEN Fylkesutvalet løyver kr 100 000 i stønad til finansiering av prosjekt Rute 13 for 2009. Stad Art Tekst Kr 10 720 20000 14900 Til rådvelde for fylkesutvalet -100 000 10 300 25000 14700 Strategi og handlingsplan. 100 000 162/09 UTKAST TIL HANDLINGSPROGRAM 2010-2013 (19) FOR DET NYE FYLKESVEGNETTET 9

Fylkesutvalet vedtek å sende ut utkast til handlingsprogram 2010-2013(19) for det nye fylkesvegnettet på høyring til kommunar, regionråd og interesseorganisasjonar. 163/09 SØKNAD FRÅ ASKØY KOMMUNE OM UTVIDING AV FORSKOTTERING FOR UTBETRING / TRAFIKKSIKRING PÅ RV 562 PÅ FAUSKANGER 1. Fylkesutvalet godkjenner søknaden frå Askøy kommune om å utvide forskotteringa for opprusting/trafikksikring av ein sving ved Fauskanger med 3 mill. kr til 6 mill. kr. 2. Refusjonstidspunktet vert fastsett i samband med handlingsprogrammet for fylkesvegane 2010-2019 og forskotteringa vert refundert utan renter og kompensasjon for prisauke. 164/09 SØKNAD OM FORNYING AV RUTELØYVE FOR EKSPRESSBUSS PÅ STREKNINGA BERGEN - TRONDHEIM - HØYRING 1. Fylkesutvalet rår til at søknad av 06.03.09 frå selskapa bak Ekspressbussen Bergen Trondheim, om særskild fylkesgrensekryssande ruteløyve for strekninga Bergen Trondheim vert godkjend. Tilrådinga gjeld med tilvising til Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova), og Lov om forbud mot diskrimering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), og forskrifter og rundskriv i medhald av desse. 2. Tilrådinga gjeld på vilkår av at Ekspressbussen Bergen Trondheim sitt forslag til ruteplan og takstregulativ i søknad av 06.03.09 vert lagt til grunn. Fylkesutvalet legg til grunn at eventuelle søknader om endringar i ruteplan og takstregulativ vert sendt på høyring til Hordaland fylkeskommune. 3. Fylkesutvalet ber om at det vert sett som vilkår for løyve at det ikkje skal utførast lokal persontransport på strekninga Bergen - Knarvik, men at alle rutene skal utføre regional- og lokaltransport i/frå/til nord for denne strekninga. 4. Fylkesutvalet ber om at det vert sett som vilkår for løyve at lokal- og regionaltransport i Hordaland skal utførast etter Skyss sitt takstregulativ, og at alle Skyss sine billetteringsprodukt skal kunne nyttast. 5. Fylkesutvalet ber om at det vert sett som vilkår for løyve at Hordaland fylkeskommune skal godkjenne den delen av takstregulativet og ruteplanen som gjeld fylkesintern transport i Hordaland, medrekna trase og vilkår for lokaltransport. 6. Fylkesutvalet ber om at det vert sett som vilkår for løyve at løyvehavar tilpassar seg eventuelle endringar som følgje av arbeidet med prosjektet Ekspressbuss Vestlandet. 165/09 HØYRING. REVIDERTE FØRESEGNER. NORSK KULTURMINNEFOND 10

1. Fylkesutvalet ber om at departementet revurderer organiseringa av Norsk kulturminnefond. 2. Fylkesutvalet ber om at departementet klargjer tilhøvet mellom fondet sin tildelingspraksis og dei regionale styresmaktene sine mål på kulturminnefeltet. 3. Fylkesutvalet ber om at føresegna vert supplert med ei plikt til å kjøpe tenester for planlegging, oppfølging og kontroll av prosjekt som får støtte og at denne tenesta vert lagt til regional kulturminneforvalting. 4. Fylkesutvalet ber om at føresegnene slår fast at Norsk kulturminnefond pliktar å følgje statleg praksis for målbruk og at alle skjema og rapporteringsmalar vert tilgjengelege på begge målformer. 166/09 FILMSATSING I REGIONEN - UTVIDA FILMSAMARBEID 1. Fylkesutvalet ser det som positivt at Vestnorsk filmsenter har utvida verksemda si gjennom samarbeidsavtalar med Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar, og ser det som naturleg at filmsenteret ved utvidinga av sitt geografiske område, og dermed også auka regional finansiering, også får auka statlege løyvingar. Fylkesutvalet vil koma attende til spørsmålet om endring i eigarskapet for filmsenteret dersom dette vert aktuelt. 2. Hordaland fylkeskommune forventar at staten må opne for tiltak som sikrar utvikling av langfilm også i regionane. 167/09 FRÅSEGN TIL OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM FOR REVISJON KOMMUNEPLAN FOR BERGEN KOMMUNE Bente Bondhus sette fram slikt forslag: Tillegg til punkt 5: Jordvern og landbruk Røysting Bondhus sitt forslag vart vedteke mot 6 røyster (H, Frp). 1. Planprogram for revisjon for kommuneplan for Bergen arealdelen inneheld mange sentrale utfordringar som er relevant for regional utvikling. Vektlegginga av helse og universell utforming er banebrytande. 2. Planprogrammet er ikkje dekkjande når det gjeld regionale planar som bør leggjast til grunn for planarbeidet. 3. Planprogrammet bør utdjupast og konkretiserast når det gjeld medverknad, særleg for grupper 11

med særlege behov og samspelet med regionalt nivå. 4. Program for konsekvensutgreiing er ikkje dekkjande for relevante regionale tema og bør utviklast vidare. 5. Fylkesutvalet tilrår at fylgjande tema vert tillagt større vekt i planleggjinga: Gang- og sykkelstiar og sykkelparkering Kollektivtrasear/knutepunkt og terminalar og alternative bybanetrasear Fylkesplan for ny godshamn og kommunedelplan for indre hamn Flytting av godsterminalen og tilrettelegging for jernbanetransport Vidare utvikling av ringvegsystem Sikring av Flesland flyplassen sine område i eit langsiktig perspektiv Føresegner for parkering i pakt med nyare prinsipp Byggegrense i strandsona Sikring av kulturminne Samording av arealbehov for offentleg føremål Sikring av utviklinga på Håkonsvern-området Bylandskap og grøntstruktur Jordvern og landbruk 168/09 FRÅSEGN TIL ST.MELD. NR. 24. NASJONAL STRATEGI FOR DIGITAL BEVARING OG FORMIDLING AV KULTURARV 1. Fylkesutvalet vil peike på at meldinga ikkje tek opp i seg dei utfordringane ein står overfor på digitaliseringsfeltet på tvers av forvaltningsnivå og institusjonstypar. Digitaliseringsmeldinga saknar regionalt og lokalt perspektiv når den meislar ut strategiar for bevaring og formidling av kulturarven digitalt. 2. Fylkesutvalet vil spesielt peike på svakheiter i tiltaksdelen av meldinga. Det er sterk fokusering på den statlege delen av kultur- og kunnskapsressursane. Ein strategi for lokal- og regiondelen er fråverande. Privat sektor bedrifter, organisasjonar og einskildpersonar manglar også. 3. Fylkesutvalet vil understreke at kultur- og kunnskapsmateriale frå statlege, kommunale og private institusjonar utfyller kvarandre, og er ein integrert del av samfunnsminnet vårt. Regionale og lokale institusjonar har like mykje og like viktig materiale som statlege institusjonar. Dette materialet må difor inngå som ein integrert del av ein nasjonal digitaliseringsstrategi. 4. Langtidslagring av elektroniske data er ei stor utfordring, og fylkesutvalet meiner det er eit godt grep i meldinga å konsentrere det operative ansvaret til Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet. Fylkesutvalet føreset at Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet og finn ein samarbeidsarena med andre nasjonale og regionale IKT-miljø for å løyse desse utfordringane. 5. Fylkesutvalet vil spesielt peike på at ein stor mangel i meldinga er at den verken ser regionale eller lokale institusjonar og styresmakter som viktige og relevante samarbeidspartnarar når arbeidet med ein nasjonal digitaliseringsstrategi skal organiserast. På ABM-feltet er det viktig å utvikle ein politikk med nært samarbeid mellom staten og fylkeskommunen. 169/09 MELDING OM BKK SINE PLANAR OM 300 KV KRAFTLINE MONGSTAD - MODALEN - FRÅSEGN 12

1. Fylkesutvalet er positiv til at BKK planlegg tiltak for å styrkje forsyningstryggleiken i Bergensregionen. I tillegg til meldte trasear bør alternativ med kabling i veg vurderast for strekninga Mofjorden Modalen og i Matre. Der traseen for den nye 300 KV-lina kjem i konflikt med omsynet til natur- og kulturlandskap og friluftsliv, skal kraftlina leggjast som kabel. 2. Ny transformatorstasjon i Matre krev store areal og kan kome i konflikt med område viktig for biologisk mangfald i tillegg til regionalt og lokalt viktige område for friluftsliv. Fylkesutvalet ber om at det vert utgreidd alternative løysingar på dette punktet. 3. Fylkesutvalet ber om at undersøkingsplikta etter kulturminnelova 9 vert oppfylt i samband med konsekvensutgreiinga. Største delen av trasealternativa går gjennom område som ikkje er undersøkt av arkeologar, og ein kan vente å gjere funn av arkeologisk freda kulturminne i utmarks- og fjellområda. Det må påreknast nærare markundersøking for å få oppfylt undersøkingsplikta. Hordaland fylkeskommune kan ikkje gje endeleg fråsegn til ein framtidig konsesjonssøknad før undersøkingsplikta er oppfylt. 4. Fylkesutvalet viser til Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringer i energiloven, der det vert presisert at kabling alltid skal vurderast som alternativ til luftlinje i regional- og sentralnettet. 170/09 SØKNAD FOR TO KRAFTVERK I KVERNHUSELVI I MODALEN - FRÅSEGN 1. Ut frå ei samla vurdering rår fylkesutvalet frå at det vert gjeve løyve til bygging av Sylvberg kraftverk. 2. Fylkesutvalet rår til at det vert gjeve løyve til Kvernhuselvi kraftverk under føresetnad av at det vert monaleg minstevassføring som sikrar at Kvernhuselva framleis vert eit godt synleg landskapselement og inngrepa ikkje reduserar landskapsopplevinga for friluftsliv vesentleg. 3. Med tanke på kulturminna i området vil fylkesutvalet rå til plassering av Kvernhuselvi kraftstasjon på nedsida av vegen og på sørsida av elva. For natur- og kulturlandskapet vil og gjennomføring av tiltaket utan vegføring på nordsida av elva vere ei føremon. Hordaland fylkeskommune ber om å verte involvert i detaljplanlegginga for å sikre at kulturminna frå nyare tid vert minst mogeleg råka av inngrep og visuell skjemming, samt få nærare avklart detaljar for vegtrase, rigg og deponiområde. 171/09 FRÅSEGN TIL OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM FOR LINDÅSNESET MED MONGSTAD, LINDÅS KOMMUNE 13

1. Mongstad-området er viktig for regional utvikling i Hordaland og fylkesutvalet vil stø opp om planar for auka tilrettelegging for næringsareal i området. Dette vil mellom anna kunne skapa positive ringverknader knytt til forsking og utvikling innafor energisektoren. 2. Forslag til planprogram er i hovudsak dekkande for regionale interesser slik desse er nedfelt i fylkesplanen og i Regionalt utviklingsprogram (RUP). 3. Planprogrammet syner eit godt opplegg for organisering, medverknad og prosess. Det er positivt at Lindås kommune ønskjer nærare samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Hordaland Olje og Gass om prosjektet; Næringsutvikling og industrialisering i Kollsnes Mongstadregionen. Hordaland fylkeskommune må kome attende til korleis dette praktisk kan gjennomførast. 4. Oversikta over relevante planar bør supplerast med Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009 (RUP) og Stortingsmelding nr. 34 om norsk klimapolitikk. 5. Arbeidet med kommunedelplanar i Austrheim og Lindås kommune, som begge omfattar Mongstad industriområde, bør koordinerast. 6. Arbeidet med kommunedelplan for klima og energi bør koordinerast med dette planarbeidet slik at resultata viser att i arealplan med føresegner og retningsliner. 7. Dersom planen legg til rette for ny bustadbygging må det innpassast føresegner om universell utforming. 8. Sjøvegs transport og hamnefunksjonar bør drøftast meir utførleg i planprogrammet. Dette med bakgrunn i at auka aktivitet på land vil føre med seg auka aktivitet på sjø og i eksisterande hamneanlegg. 9. I det vidare planarbeidet bør det sikrast at kollektivtransporten tar den auka veksten i persontransporten til området, og det må sikrast at det vert etablert gang- og sykkelveg mellom bustadkonsentrasjonar og industriområdet. 10. Kulturminne Det bør utgreiast korleis omsynet til verneverdige kulturminne skal sikrast i delplanområdet. Freda kulturminne må visast i plankartet som bandlagt areal. Føresegnene til planen må sikre at verneverdige kulturminne ikkje vert unødig skipla. Undersøkingsplikta etter 9 i kulturminnelova skal utførast i samband med utarbeiding av reguleringsplan/utbyggingsplan I samband med konsekvensutgreiing, må konfliktgraden mellom ulike arealføremål og kulturminne, både automatisk freda kulturminne og kulturminne frå nyare tid, gå klart fram. Eventuelle avbøtande tiltak bør drøftast. 11. Fylkesutvalet tilrår at konsekvensutgreiinga vert supplert med desse temaene: Næringsliv og sysselsetting Energi Forurensing støy/luftforureining/vatn og jord Universell utforming Sjøtransport Kollektivtransport Gang- og sykkeltransport 172/09 IDRETTSPLAN FOR BERGEN KOMMUNE 2010-2019 14

1. I kapittel 2.2 i planen vert den fylkeskommunale idretts- og friluftslivspolitikken skildra. Der står det at det ikkje ligg budsjettmidlar knytt til satsingsområda i Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012. Fylkesutvalet vil gjere merksam på at det er budsjettmidlar til tiltak i planen knytt til ulike fylkeskommunale avdelingar sine budsjett. 2. Fylkesutvalet vil peike på at det er naudsynt å styrkje og vidareføre samarbeidet med friluftslivsorganisasjonane i Bergen, både med omsyn til den organiserte og eigenorganiserte fysiske aktiviteten. I lokalt og regionalt perspektiv er ei styrking av Friluftslivets Hus i Hordaland naudsynt. 3. For å ta vare på heilskapen i friluftslivsarbeidet, er samarbeid på tvers av kommunale avdelingar og sektorar naudsynt. Dette gjeld mellom anna arbeidet med å sikre regionale friluftsområde og allemannretten både på land og ved ferdsel på sjø. 4. Fylkesutvalet er positiv til Bergen kommune sitt fokus på samarbeid over kommunegrenser for å skape eit godt aktivitetstilbod for folk i heile regionen. Til dømes har Kvamskogen ein spesiell status som utfarts- og hytteområde til folk i Bergen og eit styrkja samarbeid mellom offentlege og private aktørar er ønskjeleg. 5. Fylkesutvalet peikar på at det er positivt at Bergen kommune fokuserer på å utvikle Bergen og bergensregionen som eit godt vertskapsområde for å tiltrekke seg nasjonale og internasjonale idrettsarrangement. Det vil ha lokale og regionale ringverknader med omsyn til merkevarebygging, verdiskaping og næringsutvikling. 6. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har inngått partnarskapsavtale om folkehelse. I det vidare meiner fylkesutvalet at det er viktig å implementere arbeidet som er skildra i den nye sektorplanen inn i dette partnarskapsarbeidet. 7. Isanlegget på Slåtthaug har tidlegare fått fylkeskommunalt investeringstilskot og har status som eit regionalt idrettsanlegg. Fylkesutvalet peikar på at det er positivt at det vert gjeve framlegg om å halde fram med arbeidet med plan for området på og rundt Slåtthaug Idrettspark generelt. Det vil i tillegg vere viktig å utgreie moglegheitene for å vidareutvikle Slåtthaug til eit anlegg med overbygd tak/ishall. 173/09 SØKNAD OM STØNAD TIL PROSJEKTERING AV ARENA USF 1. Fylkesutvalet løyver kr 250.000 frå budsjettpost 10.720.200.14900 som stønad til Prosjekt Arena USF 2. Med Arena USF vert det etablert ei tiltrengt og framtidsretta storstove for rytmisk musikk på Vestlandet. Hordaland fylkeskommune legg til grunn at tiltaket vert statleg finansiert ved at Arena USF vert teke inn i Statsbudsjettet under Kap. 320 pkt. 73, Nasjonale kulturbygg. Budsjettet vert endra slik: 10.720.200.00.14900 Til rådvelde for fylkesutvalet går ned med kr 250.000 10.400.740.00.14700 Stønad etter vedtak aukar med kr 250.000 15

174/09 ST.MELD.NR.23 (2008-2009). BIBLIOTEK : KUNNSKAPSALLMENNING, MØTESTAD OG KULTURARENA I EI DIGITAL TID - FRÅSEGN Sigmund Olsnes sette fram slikt forslag: Punkt 1 som fylkesrådmannen sitt forslag. Punkt 2: Setning 2 og 3 utgår, vert erstatta av: Det er difor viktig at ein ikkje fjernar lovkravet om at det skal vera eit fylkesbibliotek i kvart fylke og at kvar fylkeskommune skal ha fagutdanna biblioteksjef med solid bibliotekfagleg kompetanse er naudsynt dersom fylkesbiblioteket m.a skal ha ansvar for opplæring av bibliotekstilsette i heile fylkeskommunen, jmf. s. 15 i Fylkesdelplan 2007 2010 for bibliotek i Hordaland. Røysting Innstillinga vart vedteken med 9 røyster mot 6 røyster (A, SV, Sp) for Olsnes sitt forslag. 1. Fylkeskommunen vil spele ei rolle ved gjennomføring av ein nasjonal bibliotekpolitikk, samtidig må nye verkemiddel skape regional- og lokalpolitisk handlingsrom på bibliotekområdet. 2. Det er positivt at bibliotek blir ein del av fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør. Oppgåver og ansvar som skal løysast på fylkeskommunalt nivå, må vere tydeleg definert ved ei eventuell endring av Biblioteklova. Det må sikrast at fylka har bibliotekfagleg kompetanse og verkemiddel. 3. ABM-utvikling må reindyrkast som forvaltnings- og utviklingsorgan og Nasjonalbiblioteket må ha ansvar for operative oppgåver. Fleire utviklingsoppgåver kan løysast gjennom samarbeidsavtalar med fylkeskommunen, som også må ha ansvar for regional planlegging på området. 175/09 UTFORMING AV REGIONALE FORSKINGSFOND - HØYRINGSUTTALE 1. Fylkesutvalet i Hordaland gir tilslutning til hovudmodell for forvaltning og styring av det regionale forskingsfondet. 2. Fylkesutvalet i Hordaland er uroa for den forventa reduksjon i fondsavkastning, og vil be Kunnskapsdepartementet ta initiativ til å få auka løyvinga til 285 millionar i året som forventa i Statsbudsjettet for 2009. 3. Fylkesordføraren får fullmakt til å gjennomføra forhandlingar med Rogaland og Sogn og Fjordane om fordeling av oppgåver og roller i fondsregion Vestlandet. 176/09 HANDLINGSPLAN FOR FORHOLDET MELLOM UNIVERSITETET I BERGEN OG OMVERDA 16

1. Fylkesutvalet i Hordaland ser svært positivt på at Universitetet i Bergen ønskjer å ta eit endå større regionalt ansvar gjennom Handlingsplan for forholdet mellom Universitetet i Bergen og omverda. 2. Fylkesutvalet i Hordaland vurderer det slik at fleire av tiltaka i handlingsplanen legg grunnlag for styrka samarbeid mellom UiB og Hordland fylkeskommune, og vil særleg peike på initiativet til å etablere eit Regionalt forskingsprogram for å fremme samfunns- og næringsutvikling i Bergen og på Vestlandet og initiativet ti å etablere ei Strategigruppe for UiB, Bergen og Vestlandet. 177/09 STRAKSTILTAK KLIMA Gisle Handeland sette fram slikt forslag: Det blir sett av inntil kr 900.000 som tilskot til strakstiltak for kommunar i Hordaland som har klima- og energiplanar. Dette vert finansiert slik: Kr 200.000 av midlar til strakstiltak Kr 700.000 av midlar til miljøsertifisering Røysting Handeland sitt forslag fekk 6 røyster (A, SV, Sp) og fall. Fylkesutvalet i Hordaland vedtar å støtte oljefri.no med kr 250.000 som strakstiltak knytt til klima i 2009. 178/09 EVALUERING AV FORVALTNINGA AV KOMPENSASJONSMIDLANE I HORDALAND 2004-2006 Fylkesutvalet tek evalueringa av kompensasjonsordninga for auka arbeidsgjevaravgift i Hordaland 2004-2006 til orientering. 179/09 TILDELING AV LØYVE TIL AKVAKULTUR AV MATFISK AV LAKS AURE OG REGNBOGEAURE I 2009. FØRESPURNAD FRÅ FISKERIDIREKTORATET REGION VEST OM NÆRINGSPOLITISKE VURDERINGAR. 1. Hordaland fylkeskommune rår til at Fiskeridirektoratet region Vest legg vekt på søkjarane sitt potensiale for; verdiskaping innovasjon miljømessig bærekraft og fiskehelse positive ringverknader i sårbare regionar i fylket jfr. drøfting i saksførelegget pkt. 4 og pkt. 6 2. Hordaland fylkeskommune rår til at Fiskeridirektoratet region Vest særleg legg vekt på omsynet 17

til økonomisk integrasjon i samband med vidareforedling og hovudkontor/administrasjon for søkjarverksemdene. 3. Fylkesutvalet rår til at søkjarar med aktivitet i følgjande kommunar vert særleg prioritert i tildelinga: Tysnes, Kvinnherad, Kvam, Bømlo, Fitjar, Austevoll og Fedje. 4. Hordaland fylkeskommune ynskjer å vidareutvikle verktøy og kriterium for tildeling og optimal lokalisering av akvakultur med tanke på at tildelingsoppgåva vert overført til fylkeskommunen frå 2010. 180/09 TA HORDALANDSSKOGEN I BRUK! STRATEGIPLANEN FOR SKOGBRUKET I HORDALAND 2009 TIL 2013. Planen vert teken til orientering. 181/09 FORVALTNINGSPLAN FOR VASSREGION VESTLANDET 2010-2015 - HØYRING Sigmund Olsnes sette fram slikt forslag til vedtak: Nytt punkt 4: Gjennom organiseringa av arbeidet slik det er skildra i høyringsutkastet og den breie høyringa av høyringsutkastet, meiner fylkesutvalet at vassforskrifta sitt krav til deltaking og påverknad i planprosessen er ivareteken. Røysting Olsnes sitt forslag vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet er positiv til arbeidet som er gjort, og sluttar seg i hovudsak til utkastet til forvaltingsplan for vassregion Vestlandet, med dei merknadene som framgår nedanfor. 2. Fylkesutvalet ber om at dei føreslåtte tiltaka i tiltaksprogrammet vert vurdert for å få ein plan som er så realistisk som råd, og viser i den samanheng til kommentarar og vurderingar i saka. 3. Fylkesutvalet ser behov for meir midlar til tiltaksovervaking og problemkartlegging for å kunne nå dei miljømåla som følgjer av vassdirektivet, og desse må kome frå sentralt hald. 4. Gjennom organiseringa av arbeidet slik det er skildra i høyringsutkastet og den breie høyringa av høyringsutkastet, meiner fylkesutvalet at vassforskrifta sitt krav til deltaking og påverknad i planprosessen er ivareteken. 182/09 ENØKTILTAK 2009 - BUDSJETTENDRING 1 18

Fylkesutvalet godkjenner slik fordeling av midlar til ENØK-tiltak 2009 og at det vert gjort fylgjande budsjettendring. 10.642.020.00 04079 10.627.020.00 04078 10.659.020.00 04082 10.777.023.00 04000 02303 Bergen tekniske fagskole ENØK-tiltak Nyanlegg + kr 200.000,- Stord vidaregåande skule ENØK-tiltak Nyanlegg + kr 650.000,- Voss jordbruksskule ENØK-tiltak Nyanlegg + kr 200.000,- Inneklima/brannsikring Inneklima-/ brannsikringstiltak Nyanlegg kr 1.050.000,- 183/09 INNEKLIMATILTAK 2009 - BUDSJETTENDRING 2 Fylkesutvalet godkjenner slik fordeling av midlar til inneklimatiltak 2009 og at det vert gjort fylgjande budsjettendring. 10.654.020.00 03187 10.611.020.00 03188 10.658.020.00 03189 10.617.020.00 03174 10.634.020.00 03191 10.654.020.00 03183 10.636.020.00 03194 Bjørgvin vidaregåande skule Inneklimatiltak 2 Nyanlegg + kr 3.000.000,- Os gymnas Inneklimatiltak 2 Nyanlegg + kr 4.800.000,- Stend vidaregåande skule Inneklimatiltak 2 Nyanlegg + kr 4.000.000,- Tertnes videregående skole Inneklimatiltak 4 Nyanlegg + kr 1.400.000,- Knarvik vidaregåande skule Inneklimatiltak Nyanlegg + kr 2.300.000,- Bjørgvin videregående skole Brannsikringstiltak 2 Nyanlegg + kr 250.000,- Laksevåg videregående skole Brannsikringstiltak Nyanlegg + kr 600.000,- 19

10.647.020.00 03195 10.612.020.00 03196 10.611.020.00 03192 10.634.020.00 03193 10.777.023.00 04000 02303 Fyllingsdalen videregående skole Brannsikringstiltak Nyanlegg + kr 250.000,- Fana gymnas Brannsikringstiltak Nyanlegg + kr 600.000,- Os gymnas Internkontroll elektro Nyanlegg + kr 400.000,- Knarvik vidaregåande skule Internkontroll elektro Nyanlegg + kr 400.000,- Inneklima/brannsikring Inneklima-/ brannsikringstiltak Nyanlegg - kr 18.000.000,- 184/09 BOMPENGESELSKAP FOR BØMLOPAKKKEN - VAL TIL STYRET OG AKSJEKJØP Joril Christensen sette fram slikt forslag: Styremedlem Nils-Olav Nøss Varamedlem Sigrid Brattabø Handegard Terje Søviknes sette på vegner av Frp, H og KrF fram slikt forslag: Styremedlem Pål Kårbø (KrF) Elisabeth Eide Tharaldsen (Frp) Varamedlem Sigbjørn Framnes (Frp) Mona Røsvik Strømme (H) Leiar: Pål Kårbø (KrF) Røysting Fylkesrådmannen sitt forslag med forslaga frå Christensen og Søviknes vart samrøystes vedtekne. 1. Fylkesutvalet går inn for at Bømlo vegselskap AS vert omdanna til eit bompengeselskap for Bømlopakken med fylkeskommunal aksjemajoritet. Fylkesutvalet vedtek å teikna aksjar for kr 160.000 i dette bompengeselskapet. Budsjettet for 2009 vert endra slik: Kontering: Tekst: Kr. 10 720 200 00 14900 Tilleggsløyvingskonto - 160.000 10 790 100 00 15700 Interne finanstrans. +160.000 10 740 020 00 05290 00 07110 Kjøp av aksjar +160.000 10 740 020 00 09700 00 07110 Interne finanstrans. - 160.000 2. Til styret for bompengeselskapet for Bømlopakken nemner fylkesutvalet opp: 20

Medlemer: 1. Nils-Olav Nøss, A 2. Pål Kårbø, KrF 3. Elisabeth Eide Tharaldsen, Frp Leiar: Pål Kårbø Varamedlemer: 1. Sigrid Brattabø Handegard, Sp 1. Sigbjørn Framnes, Frp 1. Mona Røsvik Strømme, H 185/09 BERGEN VITENSENTER AS - STYRKING AV ØKONOMIEN Tom-Christer gjekk frå som ugild fordi han sit i styret for Bergen Vitensenter AS. Det var 14 representantar til stades. Mette Holmefjord Olsen sette fram slikt forslag: Fylkesutvalet ber om nærare utgreiing av budsjettet og framdriftsplanar utover 2009. Røysting Holmefjord Olsen sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. Hordaland fylkeskommune tek del i aksjekapitalutviding i Bergen Vitensenter AS med kr 432 000. Aksjekjøpet vert dekt av midlar avsette i investeringsbudsjettet til næringsføremål. Fylkesutvalet løyver kr 1 370 000 som driftstilskot til Bergen Vitensenter AS. Driftsbudsjettet vert endra slik: Stad Art Tekst Meirutg. Mindreutg. 10 150 308 00 14700 Prosjekt med mellombels driftstilskot 1 370 000 10 720 200 00 14900 Tilleggsløyvingskonto 1 370 000 1 370 000 1 370 000 186/09 SARSIA INNOVATION AS - SØKNAD OM DELTAKING I AKSJEUTVIDING Hordaland fylkeskommune vil løyve midlar til eit konvertibelt lån med sikte på kjøp av aksjar innanfor ei ramme på 568.000 kr. Finansieringa er over midlar sett av til Næringsføremål i kapitalbudsjettet. 187/09 ÅRSBUDSJETT 2010 / ØKONOMIPLAN 2010-2013. ØKONOMISKE FØRESETNADER OG RAMMER 21

Fylkesrådmannen sitt forslag var samrøystes vedteke. Fylkesutvalet tek til orientering dei økonomiske rammene for perioden 2010 2013 slik dei er skisserte i denne saka. Rammene vert å justera i den grad ein får nye haldepunkt som gjev grunnlag for det. Gro Stien Thorvaldsen sekretær 22