Folkehelseoversikt for. Fjell kommune



Like dokumenter
Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Utfordringsdokument 2015

Tal fra folkehelsebarometer

God helse og livsmeistring for alle

Innhaldsliste 1. Innleiing 2. Folkehelseprofil 3. Befolkningssamansetting 4. Oppvekst og levekår 5. Biologisk, kjemisk, fysisk & sosialt miljø

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Arbeidsprosess rundt oversiktsarbeidet. Finnøy kommune

HORDALANDD. Utarbeidd av

Spørjeundersøking om sentrumsområde

2014/

Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Oversikt over livskvalitet og levekår (folkehelse) i Nedre Eiker

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

Til deg som bur i fosterheim år

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?


Kommunedelplan for oppvekst

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Folkehelsemeldingen 2019

Lønnsundersøkinga for 2014

UTFORDRINGSNOTAT FOLKEHELSE BØ OG SAUHERAD KOMMUNER 2018

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Kartlegging av folkehelsa

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Volda ei internasjonal distriktskommune

Oversiktsarbeidet. en situasjonsbeskrivelse fra Øvre Eiker kommune

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

KUNNSKAPSGRUNNLAG OVERSIKT OVER FOLKEHELSA I SOGN OG FJORDANE

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Folkehelsesatsing for barn og unge. Marit Nordstrand Leiande helsesøster og folkehelsekoordinator Høyanger kommune

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Framtidige behov for hjelpemiddel

Befolkningsutvikling. Figur 1

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Samarbeid om førebyggjing

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

KVIFOR ER FYSISK AKTIVITET VIKTIG?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Resept for eit sunnare FørdeF

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FOLKEHELSEPROFIL Ørland

God barndom = god helse i vaksen alder?

Folkehelseoversikt Askøy. Sammendrag/kortversjon

Folkehelseoversikt FOLKEHELSEOVERSYN Øygarden kommune 2015

Hva er de nasjonale folkehelseutfordringene?

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven)

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

Informasjon til pasientar og pårørande

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Frivilligpolitisk plattform

NOTAT om familiehuset

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Transkript:

Folkehelseoversikt for Fjell kommune 2014

Innhaldsliste 1. Bakgrunn... 3 1.1 Folkehelselova... 3 1.2 Om folkehelse... 4 1.3 Kjelder... 5 1.4 Folkehelseprofil... 5 2. Befolkningssamansetting... 6 2.1 Dagens situasjon... 7 2.1.1 Innvandring... 7 2.1.2 Forventa levealder... 7 2.1.3 Dødelegheit... 7 2.1.4 Alderssamansetting... 7 2.2 Framskriven situasjon... 8 3. Oppvekst- og levekår... 9 3.1 Utdanningsnivå... 9 3.2 Inntekt og gjeld... 9 3.3 Arbeid og grad av sysselsetting... 10 3.4 Arbeidsledigheit... 10 3.6 Sjukefråvere... 11 3.5 Trygda... 12 3.7 Hushaldning... 12 4. Fysisk, biologisk, kjemisk & sosialt miljø... 13 4.1 Kvalitet på drikkevatn... 13 4.2 Omgjevnader... 13 4.3 Kultur- og friluftsliv... 14 4.5 Trivsel... 14 4.5.1 Ungdom... 15 4.6 Innvandrarar... 16 5. Skadar og ulykker... 16 5.1 Ulykke... 16 6. Helserelatert åtferd... 17 6.1 Fysisk aktivitet og kosthald... 17 6.2 Røyking/snus... 18 2

6.3 Alkohol, narkotika og doping... 19 7. Helsetilstand... 21 7.1 Hjarte- og karsjukdom... 21 7.2 Kroniske smerter... 22 7.3 KOLS... 22 7.4 Diabetes... 23 7.5 Smittsame sjukdommar... 23 7.6 Psykisk helse... 24 7.7 Kreft... 24 8.0 Avslutning... 25 1. Bakgrunn 1.1 Folkehelselova Folkehelselova trådde i kraft 1.juli 2012 og pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over helsetilstand og påverkingsfaktorar i befolkninga. Hensikta er å danna grunnlag for eit systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid som skal fremje ei rettferdig og god fordeling av helse. Ressursar og utfordringar i kommunen må identifiserast, konsekvensar og årsaksforhold vurderast, før mål og strategiar forankrast i planprosessar. Slik kan ein leggja til rette for eit systematisk og målretta folkehelsearbeid. Folkehelseoversikta vil kunna hjelpa kommunen å påverka befolkninga si helse i riktig retning mot ei berekraftig utvikling. Oversikta skal vera allment tilgjengeleg slik at befolkninga og frivillige organisasjonar har tilgang til informasjonen, for å kunna påverka prosessar som har betyding for folkehelsa. Fleire kjelder vert tilrådd som grunnlag for oversikta: Opplysningar som statlege helsemyndigheiter og fylkeskommune gjer tilgjengeleg Kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestene 3

Kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha verknad på befolkningas helse Oversikta skal, i tråd med folkehelseforskrifta, gjeva opplysningar og vurderingar av: a) Befolkningssamansetting b) Oppvekst- og levekårstilhøve c) Fysisk, biologisk og sosialt miljø d) Skader og ulykker e) Helserelatert åtferd f) Helsetilstand Forskrift om oversikt over folkehelsa er brukt som disposisjon. Arbeidet med folkehelseoversikta for Fjell kommune har vore leia av Kultursjefen i Fjell v/folkehelsekoordinator. Andre involverte har vore Plan og utbyggingssjefen v/samfunnsplan, Helsesjefen v/kommuneoverlege og Nav Fjell v/sosialkurator. 1.2 Om folkehelse Folkehelse omfattar befolkningas helsetilstand og korleis helse fordel seg i befolkninga, og målast gjerne i levestandard, sjukdom, dødstal og subjektiv oppleving av helse. Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å styrka dei faktorar som fremmar helse og trivsel, ved å redusera de faktorane som medfører helserisiko og beskytte mot ytre helsetruslar. Helse kan definerast ulikt, og Peter F. Hjort (1995) sin definisjon «God helse har den som har evne og kapasitet til å mestra og tilpassa seg livet sine uunngåelege vanskar og kvardagens krav» er eit godt døme på korleis helse kan tolkast. Innan sjukdomsførebygging vil helse kunna tolkast som fråver av sjukdom, mens i det helsefremmande vil helse som ressurs vera gjeldande. 4

Kva påverkar helse og helseåtferd? Figur 1 illustrerar faktorar som påverkar helse. Dei generelle samfunnsforhold, som sosioøkonomiske, kulturelle og miljømessige forhold, ligg sist i årsakskjeda. Etter det står levekår og ulike sosiale forhold som underbygger sosial kapital, følgt av individuelle levevanar, som formast av samfunns- og miljøforhold. Dei ulike påverkingskjeldane og nivåa i modellen påverkar også kvarandre, i både positiv og negativ forstand. Figur 1: Påverkingsfaktorar for helse (Dahlgren og Whitehead 1991) Førebyggande helsearbeid inkluderer både det å førebygga sjukdom, skade og tidleg død, og det å fremma helse slik at den blir ein positiv ressurs i kvardagen (Mæland, 2010). Leggja til rette for god helseutvikling, styrka motstandskraft mot helsefarar og auke livskvalitet gjennom funksjon, mestring og kontroll er noko av det førebygganda helsearbeidet omfattar. 1.3 Kjelder Informasjon, statistikk og tabellar om folkehelsa i Fjell er henta frå: Folkehelseinstituttets statistikkbank (FHI kommunehelse) Kommunen sine eigne data Meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS) NAV Statistisk sentralbyrå (SSB) Statens vegvesen Ungdata I rapporten vert tal for Fjell samanlikna med tal for Hordaland og heile landet, der tal er tilgjengeleg. Dette er same oppsett som Folkehelseinstituttet nytter i sine folkehelseprofiler for kommunane. Til forskjell frå Årsmelding 2013 er det ikkje gjort samanlikning med kommunegruppa Fjell tilhørar (KG13). Dette er fordi relevante data ikkje er tilgjengeleg m.a. på statistikkbanken til Folkehelseinstituttet. 1.4 Folkehelseprofil Kvart år gjer Folkehelseinstituttet ut folkehelseprofil for kvar kommune i Noreg, utforma for å gjera oversiktsarbeidet lettare for lokale myndigheiter. Her er det lagt fram ei kort oppsummering av kva områder kommunen skil seg ut på, basert på profilane frå 2013 og 2014. Figur 2 visar folkehelseprofilen for 2014. 5

Negative faktorar Fleire droppar ut av vgs og høgare utdanning Færre 10.klassingar trivst på skulen Fleire 5.klassingar ligg på lågaste mestringsnivå i lesing Fleire er overvektige, menn målt på sesjon Fleire har psykiske symptom og lidingar Fleire har hjarte- og karsjukdom og diabetes type-2 Muskel og skjelettplager er meir utbredt Fleire får tjukk- og endetarmskreft, nye tilfelle Positive faktorar: Ung befolkning Få bur aleine Det er få husstandar som har låg inntekt Høgare forventa levealder for kvinner Fleire har tilfredsstillande vassverk, mtp e-coli Færre er uføretrygda (under 45 år) Det er færre einslege forsørgjarar God vaksinasjonsdekning (MMR 6-åringar) Færre arbeidsledige Figur 2: Folkehelseprofil for Fjell kommune 2014 Kjelde: Folkehelseinstituttet, kommunehelsa statistikkbank 2. Befolkningssamansetting Med befolkningssamansetting meinast grunnlagsdata om befolkninga. Desse tala vil blant anna vera viktig for å forstå og tolka dei andre opplysningane i oversikta. 6

2.1 Dagens situasjon Pr. 1 januar 2014 hadde Fjell kommune 23 852 innbyggjarar. Fjell har vore ein vekstkommune sida Sotrabrua opna i 1971, men medan innflyttinga har halde seg høg har også utflyttinga auka dei siste åra. I 2013 flytta 1608 personar til kommunen, medan 1244 personar flytta frå kommunen, noko som gjev nettoinnflytting av 364 personar. Saman med eit fødselsoverskot på 211 auka folkesetnaden i Fjell med 575 personar i 2013, tilsvarande 2,47 % vekst. Veksten for Hordaland var 1,43 % og 1,14 % for heile landet. 2.1.1 Innvandring Fjell kommune har ein lågare prosentdel innvandrarar i folkesetnaden enn både Hordaland og nasjonalt. Medan 9,06 % av folkesetnaden i Fjell er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre (2161 personar), er talet for Hordaland 12,49 % for Hordaland og 14,86 % for Noreg. For både Fjell, Hordaland og Noreg har hovudtyngda av innvandrarane europeisk bakgrunn, men denne utgjer heile 63 % av innvandrargruppa i Fjell, mot omlag 55,6 % i Hordaland og 50 % på landsbasis. Som ein minoritetsgruppe vil ein kunna møta utfordringar uavhengig av grunn til migrasjon. Mangel på arbeid, økonomiske vanskelegheiter og låg sosial status er døme på dette. Integrering og inkludering, gjennom arbeid og språkopplæring vil vera viktig for desse gruppene. 2.1.2 Forventa levealder Fjell har ein forventa levealder på 83,4 år for kvinner og 78,1 for menn. Noreg har i snitt 82,3 år for kvinner og 77,5 år for menn (FHI statistikkbank, glidande gjennomsnitt frå 1998-2012). Statistikken kan gjeva indikasjon på helsetilstanda i befolkninga og visar endringar over tid. 2.1.3 Dødelegheit Samla for begge kjønn (0-74 år) er dødelegheita for begge kjønn 247,7 personar per 100 000 i Fjell, mens det i resten av landet er 285,6. Hos menn er det høgare førekomst av død, heile 247,7 mot 183,8 for kvinner i Fjell. Tala er henta frå FHI og er standardisert. 2.1.4 Alderssamansetting Vidare har kommunen ein ung befolkning samanlikna med både fylket og heile landet. Personar frå 0 til 19 år utgjer 30,1 % av folkesetnaden i Fjell, medan den utgjer snautt 25,3 % i Hordaland og 24,6 % i Noreg (SSB, 2014). På den andre sida er berre 2,4 % av folkesetnaden i Fjell over 80 år mot 4.3 % i både Hordaland og resten av landet (SSB, 2014). 7

Figur 3 viser folkesetnaden i Fjell med 5 års intervall for kvinner og menn, og med dei nasjonale tala markert med raud strek. Samansetting i alder kan mellom anna vera med på å forklara ulikskap i t.d. førekomst av aldersrelaterte sjukdommar. Befolkningspyramiden viser at Fjell i dag har fleire born og færre eldre, samanlikna med heile landet (omriss). Figur 3: Samanlikning av befolkningspyramide for Fjell kommune og heile landet 2.2 Framskriven situasjon Framskriving av folkesetnaden viser at Fjell vil ha 41 319 innbyggjarar i 2040 (SSB, Alternativ HHMH 1, juni 2014). Personar over 80 år vil utgjera 5.9 % av folkesetnaden, medan barn/ungdom 0 til 19 år vil utgjera 28,7 % av folkesetnaden. Framskriven befolkning kan fungera som eit nyttig verktøy i planlegging av framtidig behov for tenester. Til dømes bør kommunen vera budd på auka i tal personar over 80 år, av di det er i denne aldersgruppa behovet for tilpassa bustad og pleie er venta å vera størst. For å møte det aukande behovet for helse og omsorgstenester vil det vera viktig med førebyggande tiltak, og innsats frå enkeltindivida om å oppretthalda god helse. 1 Alternativ HHMH (Høgvekstalternativ): høg fruktbarheit, høgg levealder, medium innanlandsk flytting, høg innvandring. Folketilveksten i Fjell kommune har vore svært høg heilt sida Sotrabrua opna i 1971, og erfaringa viser at det er SSB sitt høgvekstalternativ som treff best. 8

3. Oppvekst- og levekår Oppvekstmiljø har mykje å seia for folkehelsa og sosiale ulikheiter i helse. Gode vilkår for barn og unge i barnehage og skule, og tilrettelegging for vaksne for inkluderande arbeidsliv og ei sikker inntekt blir viktig. Levekår kan sjåast på som tilgjenge til ressursar, og vil i stor grad påverka fordeling av helse i befolkninga. 3.1 Utdanningsnivå SSB si statistikk viser at utdanningsnivået i Fjell kommune er lågare enn i Hordaland og nasjonalt. Det er ein høgare prosentdel i Fjell som har grunnskulen som høgaste utdanningsnivå (30,4%) enn i Hordaland (25,9 %) og nasjonalt (27 %). Den same tendensen finn vi knytt til vidaregåande skule som høgaste utdanningsnivå. I høve prosentdel med universitets- og høgskulenivå (kort og lang) som høgaste fullførte utdanningsnivå, ligg Fjell kommune lågare enn både Hordaland og heile landet. Tabell 1: Prosentdel personar 16 år og oppover - utdanningsnivå, 2013 Utdanningsnivå (høgaste fullførte) Fjell Hordaland Noreg Grunnskolenivå 30,4 25,9 27,9 Vidaregåande skule-nivå 45,4 42,7 41,7 Universitets- og høgskulenivå kort (t.o.m. 4 år) 19,4 23 22,4 Universitets- og høgskulenivå lang (meir enn 4 år) 4,8 8,4 8 Kjelde: SSB, tabell 09429 Dei siste 20 åra har utdanningsnivået til innbyggjarane i Fjell auka for begge kjønn. Til saman har 21% av innbyggjarane over 16 år høgare utdanning. Det er om lag det same som Askøy, noko høgare enn Sund og Øygarden, og litt lågare enn Bergen. I Fjell er det høg grad av sysselsetting, til tross for eit lågare utdanningsnivå enn i resten av landet. Det visar seg at noko av denne arbeidskrafta kjem utanfrå, som kjem fram under tema arbeid. 3.2 Inntekt og gjeld Ein stor del av folkesetnaden har høg inntekt. Heile 50 % av hushalda har kr. 750 000 eller meir i inntekt, mot 39 % i Hordaland og 37 % i heile landet (SSB, 2012). Det er også ein større prosentdel i Fjell med gjeld 2-3 gangar samla inntekt og gjeld større enn 3 gonger samla inntekt, enn i Hordaland og resten av landet. I 2011 var 6% av befolkninga rekna som låginntekt hushaldning 2, mens det i heile landet var 9,6%. Inntekt reknast difor ikkje som eit særskilt risikoområde for Fjell. 2 Reknast etter EU-skala som personer i hushaldning med inntekt under 60% av nasjonal medialinntekt 9

3.3 Arbeid og grad av sysselsetting Graden av sysselsetting vert definert som den prosentdelen av folkesetnaden i arbeidsfør alder (15-74 år) i lønna arbeid. I Fjell kommune ligg sysselsettingsgraden på 71 % i 4. kvartal 2013. Tabellen viser at sysselsettingsgraden i Fjell er høgare enn for heile landet, både samla, for kvinner og menn og for innvandrarar. Tabell 2: Prosentdel sysselsette i folkesetnaden pr. 4 kvartal 2013 og sysselsette innvandrarar Sysselsettingsgrad Fjell Hordaland Heile landet Begge kjønn 71 % 70,4 % 68,6 % Menn 74,3 % 73,2 % 71,5 % Kvinner 67,4 % 67,5 % 65,6 % Innvandrarar 3 68,1 % 65,4 % 63,1 % Kjelde: SSB tabell 06445 og 07285 I Fjell er det høg grad av sysselsetting, til tross for eit lågare utdanningsnivå enn i resten av landet. Samanlikna med utdannings- og inntektsstatistikken kan ein anta at mange vert tidleg sysselsett i ganske godt betalte jobbar, både etter grunnskule og vidaregåande. Telemarksforskning sin rapport om næringslivsutvikling (TF 34/2013) viser likevel at Fjell er blant dei kommunane i Hordaland med høgast utdanningsnivå i næringslivet (6. høgast i fylket). Kommunen har eit høgt innslag av kompetansearbeidsplassar og høg arbeidsmarknads-integrasjon med Bergen; mykje av arbeidskrafta i Fjell pendlar inn til kommunen. Det å ha arbeid er forbundet med auka livskvalitet ved at ein får delta i eit sosialt fellesskap, nytta eigne ressursar og ikkje mins forsørgje seg sjølv. Personar utan arbeid har større risiko for psykiske lidingar og nedsett livskvalitet. 3.4 Arbeidsledigheit Arbeidsløysa i same aldersgruppe (15-74 år) ligg på 2 % i Fjell, medan den var 2,1 % for Hordaland og 2,6 % for heile landet (SSB, 2013). Arbeidsløysa er særleg låg i aldersgruppa 30-74 år i Fjell, berre 1,6 % mot 2,3 % for heile landet. For innvandrarane ligg arbeidsløysa i Fjell på 6.2 % (1. kvartal 2014), medan den i Hordaland ligg på 5,9 % (1. kvartal 2014). Både fylket og kommunen har likevel 3 Gruppe 1: EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand og Gruppe 2: Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New Zealand 10

ein lågare prosent arbeidsløyse blant innvandrarane enn i heile landet, der prosentdelen ligg på 7,3 % (1. kvartal 2014). Arbeidsløyse reknast ikkje å vera eit risikoområde for kommunen. 3.6 Sjukefråvere Sjukefråværstala i figur 3 baserast på Fjell kommune sitt løns- og personalsystem Visma Enterprise. Figur 4 visar at sjukefråværet i 3. kvartal 2013 ligg på 6,2%, som er 0,4 prosentpoeng opp samanlikna med same kvartal 2012. Generelt veit vi at kvinner har større sjukefråvær, og det gjeld også i Fjell. Figur 4 Sjukefråvær i Fjell 1., 2., 3. og 4. kvartal, 2006-2013 Totalt sjukefråvær Fjell kommune 12,0 10,0 8,0 6,9 7,4 6,8 Prosent 6,0 5,7 6,0 6,2 5,8 6,2 4,0 2,0 0,0 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 1.kvartal 2.kvartal 3.kvartal 4.kvartal Lineær (3.kvartal) Forskjellig praksis hos fastlegane kan variere frå stad til stad, og spelar inn på statistikken. Samtidig vil kortvarige diagnosar utgjera større del av sjukefråverstilfella, mens langtidssjuke vil gje større utslag på tapte dagsverk. Folkehelseinstituttets statistikkbank visar at Fjell mellom 2010-12 hadde 17,6 % sjukemeldte av typen gradert, mot 19,8% i landet. Sjukefråvær er eit område som kan betrast i Fjell kommune, men blir ikkje rekna som eit risikoområde. 11

3.5 Trygda Samanlikna med landet, fylket og nabokommunane har Fjell færre uføretrygda, og reknast ikkje å vera eit risikoområde for kommunen. Tala frå Folkehelseinstituttet for 2010-12 visar at det er 2,2% uføretrygda i Fjell og 2,5% i heile landet. Eigne tal frå kommunen visar at 3% av innbyggjarane har arbeidsavklaringspengar 4. Figur 5: Uføretrygda i alderen 18-66 år, 2003-2010 Kjelde: Folkehelseinstituttet. Kommunehelsa statistikkbank Uføretrygda er ei utsett gruppe både psykososialt og materielt. Uføretrygda har i gjennomsnitt dårligare psykisk helse, meir usunne levevanar og generelt fleire helseproblem. I vurdering av kva som har medført nedsett arbeidsevne er det mange faktorar som kan verka inn, og årsakene til sjukefråvær kan vera samansette. 3.7 Hushaldning Hushald som består av éin person er det mest vanlege i Fjell, og utgjer 27 % av alle hushalda i kommunen. Dette talet er godt under snittet i både Hordaland og heile landet, der høvesvis 39 % og 40 % av hushalda består av personar som bur åleine. Mor/far med barn (yngste barn 0-17 år) viser hushald med barn og åleineforsørgjar. Prosentdelen ligg noko høgare i Fjell (7 %) enn i Hordaland (5 %) og i heile landet (6 %) for denne hushaldstypen. 4 Arbeidsavklaringspengar skal sikre deg inntekt i periodar du på grunn av sjukdom eller skade har behov for bistand frå NAV for å kome i arbeid. Bistanden kan bestå av arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå NAV (Definisjon 2014 arbeids og velferdsdirektoratet) 12

Tabell 3: Privathushald etter hushaldstype. Folke- og bustadteljing 2011 Hushaldstypar tal hushald prosentdel Åleinebuande 2308 27 Par utan heimebuande born 1813 21 Par med små born (yngste born 0-5 år) 1202 14 Par med store born (yngste born 6-17 år) 1447 17 Mor/far med born (yngste born 0-17 år) 599 7 Einfamiliehushald med vaksne born (yngste born 18 år og over) 817 10 Fleirfamiliehushald 392 5 Tal hushald 8578 101 Kjelde: SSB tabell 09509 Åleinebuande kan vera ei utsatt gruppe av økonomiske, helsemessige og sosiale årsaker i følgje NAV. Det vil vera viktig å ta omsyn til dette i utforminga av ein kystby, til dømes ved å skapa attraktive og naturlege møteplassar. I den grad det er mogleg må kommunen førebygge einsemd i alle aldersgrupper, noko som vil kunne gjeva utslag i trivsel og betra psykisk helse. 4. Fysisk, biologisk, kjemisk & sosialt miljø Miljøfaktorar kan påverke befolkninga si helse både i positiv og negativ forstand. Tilgang til uteområde og fasilitetar, eksponering for forureining og sosiale nettverk kan ha stor betyding for folkehelsa. 4.1 Kvalitet på drikkevatn Drikkevatnet i Noreg er kjenneteikna ved låg ph, lite magnesium og kalsium, noko som kan ha betyding for beinhelsa og hoftebrotstilfeller. Fjell kommune skil seg ikkje særleg ut frå landet i snitt, men vatnet har låg ph, låg alkalitet og lågt innhald av kalsium (FjellVar, 2014). Vi har i dag Fjæreidevatnet som hovudkjelde for drikkevatn. I tillegg er Bildøyvatnet teke i bruk. Haggardsvatnet og Signalvatnet blir nytta som reservedrikkevatn. Området vert ikkje rekna for å vere risikoutsett. 4.2 Omgjevnader LNF-Natur utgjer omlag 50% av areala i kommunen og 68% av innbyggjarane har mindre enn 500 m i luftlinje til desse områda (Kjelde!). Tilkomsten til desse områda er avgjerande for at naturressursane som ligg der, skal vera tilgjengeleg for innbyggjarane. Turterreng og strandlina i Fjell ligg nær der befolkninga bur og oppheld seg. Moglegheitene for å nytte samanhengande gangog sykkelveg mellom bustadområda, skule, arbeidsplassar og sentrumsområde, er mangelfulle i 13

Fjell. Der det ikkje er gode gang- og sykkelsamband, vel innbyggjarane bil framfor aktiv transport, og det vert mindre fysisk aktivitet og meir forureining. 4.3 Kultur- og friluftsliv I Fjell kommune fins eit breitt tilbod av organiserte aktivitetar, m.a. innan fotball, handball, kliving, badminton, dykking, kampsport, volleyball, golf, segling og riding. Fjell kommune har dei siste åra hatt stort fokus på friluftsliv som eit lågterskel aktivitetstilbod som er både lett tilgjengeleg og gratis for dei aller fleste (KDP for idrett og fysisk aktivitet 2012-18). Vidare er det eit stort spekter av lag og organisasjonar knytt til livssyn, grendehus og velforeiningar spreidd rundt i kommunen. Kommunen driv ei god kulturskule (Årets kulturskulekommune 20I0), og det er lag og organisasjonar med aktivitetstilbod innan m.a. musikk, song, dans og teater. Ei utfordring for kulturtilboda i Fjell er at dei ikkje er kjent for folk flest, dette kjem også fram i ein undersøking gjort av Respons blant innvandrarar i 2010-11. Dessutan blir tilboda i nabokommunen Bergen ofte meir attraktive, dette gjeldt særskilt for ungdom og unge vaksne. Idretten er derimot godt kjent for folk flest, og mange er medlem av dei store idrettslaga. I utviklinga av Kystbyen, vil nok situasjonen endre seg, med kino, VilVite-senter og anna. Det er viktig at idrettslag og frivillige lag og organisasjonar er synlege i kommunen, slik at dei som ynskjer å vere i aktivitet, har aktørar dei kan kontakte. 4.5 Trivsel Fjell kommune fekk i 2011 gjennomført ein innbyggjar- og flyttemotivsundersøking der m.a. folk sin tilfredsheit med å bu i Fjell, var eit tema (Respons Analyse 2011). Undersøkinga viser at dei fleste innbyggjarane er tilfreds med staden dei bur på. Heile 66 prosent var svært tilfredse, og ytterlegare 31 prosent var ganske tilfreds. Også dei som hadde flytta frå Fjell dei siste tre åra, gav uttrykk for i stor grad å vera nøgd med staden dei budde på før dei flytta. Dei tilhøva ein er mest tilfreds med, er eigen bustad, naboskap, butikkar og shopping, og oppvekstvilkåra for barn og unge. Fjell kan reknast for å være ein populær stad, spesielt Straume og Ågotnes. 14

Tabell 4: Innbyggjar og flytteundersøking for Fjell kommune 2011 Kva er alle ganske tilfreds med eller svært tilfreds med i Fjell kommune Innbyggjar Utflyttar Eigen bustad 93 % 83 % Naboskapet ved bustaden 90 % 87 % Butikkar og shopping 89 % 86 % Oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen 80 % 51 % Utforming av bustadområdet der du bur 75 % 78 % Fritidstilbod 65 % 60 % Kjelde: Respons analyse AS, 2011 Størst misnøye er det med utelivstilbodet, kollektivtilbodet og sosiale møteplassar i nærmiljøet og i kommunen generelt. Undersøkinga viser samanfallande haldningar blant innbyggjarane og utflyttarane (innbyggjar og flyttemotivundersøkinga, Respons Analyse AS, 2011). Tabell 5: Innbyggjar og flytteundersøking for Fjell kommune 2011 Kva er alle mindre tilfreds med eller ikkje tilfreds med i Fjell kommune Innbyggjar Utflyttar Utelivstilbod 68 % 77 % Kollektivtilbod generelt i kommunen 47 % 51 % Sosiale møteplassar i nærmiljøet 46 % 42 % Sosiale møteplassar i kommunen 40 % 43 % Kjelde: Respons Analyse AS, 2011 4.5.1 Ungdom Skule er ein sentral arena for barn og unge der trivsel påverkar m.a. læring og psykisk helse. Mobbeundersøkingar som vert gjort på 7. og 10. trinn gir eit inntrykk av korleis barn og unge har det på skulen. Undersøkinga viser at elevane i Fjell opplever meir mobbing på siste trinnet i ungdomsskulen enn når dei går ut av barneskulen (7. trinn). Mobbing i Fjell er likt landet elles. På siste trinn i ungdomsskulen er det meir mobbing enn på dei andre trinna. Det gjer at trivselen i 7. og 10. klasse i Fjell ligg på 79,8% (2006-10) og 81,5% (2007-11), mens for landet er det høvesvis 83,0% og 83,5%. Samtidig har Fjell kommune 27,2 % fråfall i den vidaregåande skulen, medan landet i snitt har 25,0% (FHI statistikkbank). I rapport frå Nordisk institutt for innovasjon, forsking og utdanning, kjem det fram at psykiske problem er viktigaste årsaka til fråfall i vidaregåande skule (NIFU 6/2012). Fråfall og trivsel reknast som eit område Fjell kommune treng meir kunnskap kring, då det er mange faktorar som kan spele inn. 15

4.6 Innvandrarar Ei undersøking gjort av Respons (2010-2011) viser at dei fleste innvandrarar trivs i Fjell, at dei meistrar norsk godt og har norske vener. Det er få som deltek på kulturarrangement. Av tilboda Fjell har, er det symjeopplæring som er mest populær. Rapporten råder til at kommunen blir betre på å få ut informasjon til innvandrarane. 5. Skadar og ulykker Sidan det er omlag like mange som døyr av personskadar som døyr av kreft, er temaet viktig for folkehelsa. For personar under 45 å, er ulukker med personskadar den mest hyppige dødsårsaka. Førebyggingspotensialet kan gje stor helsegevinst i form av auka livskvalitet og fleire leveår. 5.1 Ulykke Tal på dødsfall som følgje av ulukke er kraftig redusert etter 1970, frå 40 gutar per 100 000 i 1970, til 8 i 2009. Tala er henta frå folkehelseinstituttet og gjeld for gutar i alderen 0-17 år. Statens vegvesen har på vegkartet sitt registrert at det i Fjell kommune er tre ulykkesstrekningar på RV 555. Her har det vore 38 ulykker mellom 2009-2013, med 2 dødsfall. Visjonen for kommunedelplan for trafikksikring 2013-16/2020 er: «Ei ulukke er éi for mykje!», og tiltak for å førebyggje trafikkulukker er høgt prioritert. Detaljar kring mål, tiltak og prioriteringar er skildra i kommunedelplanen som fins på kommunen si nettside. Per år vart mellom 2010-12, 13,3 personskadde pasientar innlagt på somatiske sjukehus per 1000 innbyggjarar. Særleg blant barn, unge og eldre er skadar i form av ulukker ei utfordring for helsa. Hoftebrot er til dømes ein skade som kan redusera funksjonsevna og livskvaliteten betrakteleg. I Fjell var det i same tidsrom 2,2 lårbeinsbrot. Ingen av desse sjukdomsgruppene skil seg særleg frå landet i gjennomsnitt i følgje folkehelseinstituttet sin statistikkbank, og reknast ikkje som eit risikoområde. Det er likevel ynskjeleg å utarbeida temaet skadar og ulukker ytterlegare til neste revidering av folkehelserapporten. 16

6. Helserelatert åtferd Her meinast åtferd som har vist seg å verka inn på helseutfall, som til dømes fysisk aktivitet, ernæring, tobakksbruk og rusmiddelbruk. Risikoåtferd er også inkludert, då det kan gjeva utslag i skadar og ulykker. 6.1 Fysisk aktivitet og kosthald For Fjell kommune er det lite tilgjengeleg statistikk på befolkninga sine levevanar, som fysisk aktivitet og kosthald. Indikatorar på temaområdet helsetilstand kan likevel gjeva informasjon om befolkninga sine levevanar. Generelt veit vi at grunnlaget for fysisk aktivitet i vaksen alder blir lagt i barneåra, då skal nødvendig motorikk utviklast gjennom rørsle. Sjølv om media framstiller norsk ungdom som inaktive, visar det seg at det i Noreg er like mange som trener no som for 20 år sidan, blant 8.klassetrinn og opp mot VG1 (Ungdata 2013). Likevel er det mange som brukar mykje tid på PC og spel i arbeidstid og på fritida, noko som delvis er årsak til livsstilssjukdommar. Eit mål for folkehelsa er å utjamna sosiale ulikskapar i helse, og her kan både idrett og treningssenterbransjen vera kostbart for enkelte. Medlemstal frå Fjell idrettsråd viser at om lag 6500 aktive utøvarar knytt til ulike idrettslag i Fjell (Fjell idrettsråd, 2014). For å bidra til å halda kostnadene for deltaking i aktiviteter låge, har Fjell kommune lagt til rette for aktivitet gjennom blant anna gratis halleige for lag og foreiningar. Kommunen har god deltaking på sine tilbod om fallførebygging for eldre, i tillegg til det nyleg oppretta aktivitetstilbodet Aktiv+ i Sotra Arena. Her blir det og halde kurs i livsstilsendring gjennom frisklivsresept hos Frisklivs- og meistringssenteret (FMS). Det interkommunale kompetansesenteret rettar seg mot personar med hjarte/karsjukdom, overvekt/fedme, muskel/skjelettsjukdom, samt kronikarar og røykarar. For Fjell er FMS ein viktig ressurs i førebyggingsarbeidet, for å betra kvar enkelt si innsats for betre helse. Tilbakemelding frå prosjektleiar er svært positiv, det er stor pågang og legane i Fjell er flinke til å skriva ut frisklivsresept. Dei siste ti åra har kroppsvekta auka blant barn og unge i Noreg, samtidig som slanking, kropp og trening har fått mykje meir merksemd (Ungdata 2013). Dette gjeld særleg blant jenter. For mange familiar blir også tida til samla regelmessige måltida blir avgrensa grunna jobb og fritidsaktivitet. I Fjell er det sett i gang aktivitets- og kosthaldsgrupper for barn som har utfordringar med overvekt. Kommuneplan for idrett og friluftsliv legg vekt på tilrettelegging av og for friluftsliv, oppgradering og merking av turstiar og koordinering av anlegg på tvers av kommunegrenser. 17

Daglegvarebutikkar, sal, plassering av varer og pris spelar inn på kva matvareval vi gjer i kvardagen. Her kan kunnskapsheving, holdningskampanjar og prisregulering vera måtar å få folk til å velja sunnare. Gode vanar, riktig mat og måltidsrytme som er fornuftig, er viktig for å kunna fungera i barnehage, skule og arbeidsstad. Viktig målgruppe i denne samanheng er til dømes foreldre, tilsette i barnehage, skule og kantiner. 6.2 Røyking/snus Statistikken henta frå FHI viser kor mange prosent kvinner som meldte at dei røykte ved første svangerskapskontroll. Det er noko færre røykarar i Fjell (14%) samanlikna med landet elles (15%), og samtidig er det ei nedgang over heile linja. Figur 6 Røyking blant kvinner ved første svangerskapskontroll, prosent Kjelde: Folkehelseinstituttet. Kommunehelsa statistikkbank Redusert levealder og helse har ein klar samanheng med bruk av tobakk og rusmidlar. Røyking står bak 16% av alle dødsfall i den norske befolkninga, og halvparten av dei som røykar kvar dag døyr av skadeverkingar (St.meld. nr.34, 2012-2013, Folkehelsemeldinga). Blant barn og unge er det stor nedgang i tal på røykarar, og fleire har byrja å snusa (Ungdata 2013). Slik det var før gav røyking status og respekt, og slik er det ikkje lenger. Når det gjeld tobakksrøyking ligg norsk ungdom svært godt an samanlikna med andre land i verda. 18

6.3 Alkohol, narkotika og doping For Fjell kommune er det lite tilgjengeleg statistikk på alkoholforbruket i befolkninga. Nasjonale tal viser at forbruket av alkohol er høgare blant menn enn kvinner, og ifølgje Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRIUS) kjøpte kvar nordmann over 15 år i gjennomsnitt 6,8 liter rein alkohol i 2011. Alkohol utgjer ei risiko i trafikken, og nasjonale tal viser at omtrent 25% av drepne bilførarar var påverka av alkohol i perioden 2001-2010, mens 14% var påverka av narkotika. Knytt til rusomsorga i kommunen vert det gjennomført årlege kartleggingar (BrukarPlan) av funksjonsnivået for rusavhengige. På kartleggingsdagen for BrukerPlan i 2014 vart 78 tenestemottakarar i NAV Fjell vurdert å ha eit rusmiddelproblem, og på denne bakgrunn kartlagd. Talet gjev ei førekomst av rusproblem i folkesetnaden, 18 år og oppover (17 463 personar), på 0,45% for Fjell kommune. Førekomsten på landsbasis 5 ligg på 0,7%. At førekomsten ser ut til å vera så mykje lågare i Fjell enn på landsbasis kan m.a. forklarast med at kartlegginga berre vert gjennomført i ein etat (NAV Fjell). BrukarPlan-kartlegginga viser at 17 tenestemottakarar berre har rusproblem, medan 61 har samtidig rus og psykisk liding. Av dei kartlagde er 83 % menn og 17 % kvinnar. På landsbasis ligg fordelinga på 75 % menn og 25 % kvinner. Kvinner ser ut til å vera underrepresentert i Fjell kommune. Figur 7 BrukarPlan-kartlegging 2014 Kjelde: KorFor 2014 Tal brukarar med grøn, gul eller raud funksjonsvurdering på åtte funksjonsområde. 5 Ikkje alle landets kommunar var med i BrukarPlan-kartlegginga 19

Funksjonsvurdering knytt til psykisk helse viser at 61 personar (78 %) av dei kartlagde vert vurdert til å ha noko funksjonssvikt (gul) eller alvorleg funksjonssvikt (rød) på grunn av psykisk helsetilstand. Dette er ei høg prosentdel samanlikna med andre kommunar i Hordaland. Knytt til bustad viser funksjonsvurderinga at 11 personar (14,1 %) ikkje har permanent bustad eller tilfredsstillande bustadsituasjon (gul), medan 14 personar (18 %) er bustadlause (raud), noko som er mykje høgare enn andre kommunar i Hordaland (nest høgast er Jondal med 11 %) Også knytt til kategorien arbeid og aktivitet er tala for Fjell kommune høge. Av dei 78 kartlagde er 23 personar (29,5 %) i noko utdanning/arbeid/aktivitet, men ikkje i tilfredsstillande grad (gul), medan 40 personar (51,3 %) ikkje er i nokon form for utdanning, arbeid eller anna meiningsfull aktivitet (raud). BrukarPlan-kartlegginga gjev altså eit bilete av at sjølv om Fjell har ein relativt låg førekomst av brukarar samanlikna med folkesetnaden, er det høg førekomst av brukarar med store hjelpebehov, og bustadområdet skil seg særleg ut i samanlikning med andre kommunar i Hordaland. Sett i eit folkehelseperspektiv teiknar kartlegginga eit ganske dystert bilete av folkehelsa blant rusmiddelavhengige i Fjell kommune. På mange måtar handlar god rusomsorg om å betra brukarane sine føresetnadar for god folkehelse gjennom sikring av økonomi, bustad og aktivitet, i tillegg til kartlegging, behandling og oppfølging av den psykiske og fysiske helsa. I Fjell kommune er det berre NAV Fjell som har gjennomført Brukarplan-kartlegging blant sine brukarar. Det betyr at det kan vera mørketal og utfordringar som ikkje vert fanga opp. Det er difor føremålstenleg å utvida BrukarPlan-kartlegginga til fleire kommunale instansar, t.d. psykiatrisk team, barnevern, heimetenester og fastlegar. Bruk av doping er ein utfordring i enkelte ungdomsmiljø, og det kan sjå ut til at treningssenter- og kroppsbyggingsmiljø er ein aktuell arena for bruk av enkelte ulovlege stoff. Angåande doping har Fjell p.t. berre munnlege utsegn frå administrasjonen ved eit av treningssentra som stadfester om dette er ei utfordring, men Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt har gitt uttrykk for at dei ønskjer eit auka fokus på denne problemstillinga. Dei er innstilt på å ha eit tverrfagleg samarbeid med skule, helsesyster, foreldre og treningssentra for å førebyggja ei slik utvikling. Vidaregåande og ungdomsskular er aktuell arena for tiltak, samt patruljering på treningssentra. Samtidig vil kunnskapen kring området forbetrast (referat Monica Mørk, politiet). 20