Info til barn og unge

Like dokumenter
BARNEVERNET. Til beste for barnet

Sofies hemmelegheit.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Barnerettane i HEIMEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Min lese-, skrive- og tegnebok når en jeg er glad i er syk

Elevundersøkinga 2016

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Informasjon til elevane

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

OK, seier Hilde og låser.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Refleksjon og skriving

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Martins pappa har fotlenke

Min egen lese, tenke, skrive og tegnebok - om meg og familien min når en jeg er glad i er syk

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Fest&følelser Del 1 Innledning. Om seksualitet.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Til foreldre om. Barn, krig og flukt

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Samspel og livsmeistring

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Innsats i BTI Barnevern

Heilt einig. Litt einig

Rusmidler og farer på fest

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Du må tru det for å sjå det

Foreldregruppe i barnehagen

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

SPØRSMÅL OG SVAR. - for barn og unge med et familiemedlem i fengsel

Månadsplan for Hare November

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Om å høyre meir enn dei fleste

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

6-åringar på skuleveg

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Trivsel og vekstvilkår

Barnerettane i SKULEN

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Til deg som er barn. Navn:...

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

STOPP! MIN KROPP! En håndbok for voksne om hvordan kroppsregler kan brukes for å prate med barn om kroppen, grenser og private deler.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Kva vil det seie å vere buddhist?

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Transkript:

Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt oss Kvardagar mellom 9-15 Tlf: 57 72 10 70 Mobil: 94 89 28 23 E-post: post@smiso-sf.no www.smiso-sf.no Følg oss på Facebook Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane Vi takkar dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane for gåva som gjorde det mogleg å utarbeide denne brosjyren. Info til barn og unge Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane

Kva er Smiso SF og kven er vi til for? Smiso SF står for Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane. Smiso er til for: Alle som har opplevd incest eller seksuelle overgrep. Familiar til utsette barn og vaksne. Privatpersonar og fagfolk som treng informasjon og rettleiing angåande seksuelle overgrep. Det er gratis å bruke senteret, og du kan ta direkte kontakt med oss. Vi som jobbar her har lyst til å hjelpe deg som har blitt eller blir utsett for seksuelle overgrep. Slik kan du får ein betre livssituasjon.

Så fint at du vil lese dette! Du lurer kanskje på kva det vil seie å vere utsett for incest eller seksuelle overgrep? Når nokon tvingar, truar eller lurer barn til å vere med på sexhandlingar, så kallast det for seksuelle overgrep. Om ein vaksen har sex med eit barn uansett årsak, er det eit overgrep. Dersom dei som gjer dette mot deg er nokon i familien din så kallast det for incest. Det kan vere mor, far, stemor, stefar, bror, søster, bestfar, onkel, søskenbarn eller andre i familien. I dette heftet brukar vi ordet seksuelle overgrep. Om nokon gjer noko med kroppen din som dei ikkje har lov til, så opplever du kanskje ei vond berøring. Vi skal prøve å forklare deg kva vi meiner med ordet berøring. Berøring tyder å ta på noko. Nokre berøringar er gode og nokre berøringar er vonde.

Gode berøringar Vonde berøringar Mange berøringar kan vere gode, og om du synest den er god eller ikkje, vil du merke i følelsane dine, som er inne i kroppen din. Når du likar det, så kjenner du i følelsane dine at du er glad og trygg. Gode berøringar kan vere: Å stryke nokon på kinnet Gje ein klem Klappe nokon på skuldra Halde i handa Det motsette av ei god berøring kallast ei vond berøring. Det finst mange vonde berøringar som ikkje er seksuelle overgrep. Dette er nokre berøringar som er vonde, men som IKKJE er seksuelle overgrep: Om nokon luggar deg i håret eller dytter deg. Om nokon slår deg eller klyper deg. Dette er nokre berøringar som er vonde og som ER seksuelle overgrep: Om ein ungdom eller vaksen person tek på kroppen din, ofte på tissen eller rumpa di, på ein måte du ikkje likar. Om ein ungdom eller vaksen person tar fram tissen sin for å vise den til deg utan at du vil det. Om ein ungdom eller vaksen ber deg om å ta på tissen deira utan at du vil det. Om ein ungdom eller vaksen viser deg bilete eller film av nakne menneske og du MÅ sjå på dette. Om ein ungdom eller vaksen ber deg om å slikke på tissen deira, eller ha den inn i munnen din mot din vilje. Om ein ungdom eller vaksen prøvar å ha samleie med deg, eller har samleie med deg mot din vilje. Sei det til nokon det nyttar å snakke om det.

Det er ikkje di skuld. Dersom du opplever vonde berøringar som er seksuelle overgrep, så kan du kjenne: At du blir lei deg, redd og usikker. At du ikkje likar det. At du får ein vond klump i magen. Fysisk smerte / at du får vondt. Ungdom eller vaksne har ikkje lov til å gjere vonde berøringar som er seksuelle overgrep. Det er ALDRI barn si skuld at seksuelle overgrep skjer, det er alltid den vaksne eller ungdommen sitt ansvar. «Eg var redd for at mamma skulle bli sint, for det hadde bestefar sagt at ho ville bli om eg fortalde det.»

Vanskar ein kan få etter overgrep Mange som opplever seksuelle overgrep fortel at dei får det vanskeleg etterpå. Kor vanskeleg ein får det varierer frå person til person. Eksempel på dette kan vere: Problem med å konsentrere seg Skyldfølelse Skamfølelse Dårleg sjølvtillit Sjå på seg sjølv som verdilaus Problem med å stole på andre Søvnproblem / mareritt Problem med mat Uroleg og mykje lei seg / trist Vondt i kroppen / hovud / mage Skader seg sjølv «Eg var redd for at nokon skulle erte meg om eg fortalte om det som skjedde heime.»

Snakk saman! No som du har lese dette har du kanskje nokre spørsmål? Vi håpar du kan vise dette heftet til nokon du stolar på, slik at du kan få snakka om det som står her. Dersom du opplever at ein ungdom eller ein vaksen har gjort vonde berøringar med kroppen din, som er seksuelle overgrep, er det VELDIG VIKTIG at du fortel det til nokon du stolar på, slik at du kan få hjelp. Vi veit at det er veldig vanskeleg å fortelje om dette. Det kan vere spesielt vanskeleg for deg å fortelje om det dersom det er ein i familien din som har gjort seksuelle overgrep mot deg. Mange barn fortel oss også at den som gjer seksuelle overgrep ofte skremmer eller truar barn til å ikkje skulle seie det til nokon. Dette er fordi den som gjer dette veit at den gjer noko som ikkje er lov, og då er det viktig at du fortel dette til nokon. Bruk den tida du treng og fortel det til den personen du synest det er best for deg å sei det til. Uansett kven som gjer det, har dei ikkje lov til å gjere seksuelle overgrep mot barn. Den vaksne som gjer det treng hjelp til å slutte å gjere seksuelle overgrep mot barn. Du treng nokon å snakke med om det du har opplevd. Nokre barn som opplever seksuelle overgrep fortel det til ein ven. Om din ven fortel det til deg, er det viktig at du hjelper venen din med å fortelje det til ein trygg vaksen. Ein trygg vaksen kan vere ein lærar, ei helsesyster eller ein i familien. v Ein gut på 11 år, som har vore utsett for seksuelle overgrep, vil fortelje deg noko: Første gongen eg høyrde om senteret var på skulen. Det var to damer der som skulle lære oss om at vi bestemte over vår eigen kropp. Eg skjønte ingenting, og at dei torde å prate om det. Eg lurte på kvifor dei andre i klassen ikkje lo av det dei sa, for eg var veldig redd for at dei skulle le av meg, dersom dei fekk vite kva eg hadde opplevd. Eg hadde veldig lyst til å seie til damene at dei skulle ta meg med frå skulen, slik at eg slapp å reise heim, men det torde eg ikkje. Eg ville vente til ein annan dag og sjå om det vart betre då. Det faren min gjorde med meg var ikkje så ille no, etter at damene hadde vore der, for no visste eg at eg kunne ringe dei når eg ville. Eg var ikkje så redd og aleine lenger. Når pappa heldt på, så tenkte eg på dei som skulle hjelpe meg, og eg tenkte at no held pappa på med meg for siste gang. Eg torde å ringe senteret etter, eg veit ikkje heilt eg, men eg trur det var 3 veker etter at dei hadde prata til oss i klassen. Det var ikkje fælt å ringe dit. Eg var glad for at eg no endeleg hadde våga å fortelje om det pappa gjorde med meg. Gut, 11 år

Kven kan hjelpe? Landsdekkande telefon for incest og seksuelt misbrukte Du kan ringje 800 57 000 og få hjelp av nokon der. Dette er ein telefon som er open heile døgnet, og som hjelper menneske som har opplevd seksuelle overgrep. Dei hjelper også pårørande til seksuelt misbrukte. Det er gratis å ringje frå fasttelefon og frå Telenor mobil. www.incest80057000.no Alarmtelefonen for barn og unge Mange barn opplever vald, overgrep og mykje alkohol heime. Slik skal det ikkje vere og, du skal ikkje halde det for deg sjølv. Ring alarmtelefonen 116 111, det er gratis. Andre som òg kan hjelpe Helsesøster og lærar på skulen din. Barneverntenesta i kommunen din. Nettsider: Barneombodet Barneombodet si hovudoppgåve er å fremje barn sine interesser ovanfor det offentlege og private, og følgje med i utviklinga av barn sine oppvekstkår. www.barneombudet.no Barn og unge Barn og unge er ein nettstad for barn og unge som lever i ein familie der nokon misbruker alkohol, tablettar, eller brukar narkotika. Her kan du møte andre som har det på same måten som deg, og få vete meir om rusmisbruk og korleis det påverkar heile familien. www.barnogunge.no «Politiets røde knapp» Å varsle politiet om uønska innhald, åtferd eller hendingar på internett er berre eit tastetrykk unna. Trykk på «Politiets røde knapp». Ring 02800 for å kontakte ditt lokale politi og politiet sin nødtelefon 112 dersom du er i nød.