OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Komite for oppvekst, idrett og kultur Møtedato: 10.09.2014 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 14:00 kl. 15:20 Møtedeltakarar Parti Rolle Johannes Bysheim AP Utvalsleiar Robert Eikeland AP Medlem Dag Sveinung Åsheim KRF Varamedlem Kim Andre Hartveit FRP Varamedlem Forfall meldt frå følgjande medl. Fredrik Bakke Hildegunn Mo Ingvald Ådland Parti SP FRP H Følgende fra administrasjonen møtte: Rådmannen og utvalssekretæren. Sektorleiar møtte i sakene 023 og 024. Spes.rådgjevar møtte i sak 024. Sakliste Saknr Tittel 021/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 022/14 Godkjenning av møtebok 023/14 Oppstart av Ungdomsrådet 024/14 Årsplan for barnehagar i Osterøy kommune
025/14 Evaluering av og funksjon for Komite for oppvekst, idrett og kultur
021/14: Godkjenning av innkalling og sakliste Rådmannen gjorde slikt framlegg: "Utdelt drøftingsnotat vert teke opp i slutten av møtet." AVRØYSTING Innkalling og saksliste vart godkjend med dette tillegget. "Innkalling og sakliste vert godkjent." 022/14: Godkjenning av møtebok AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes godkjend. "Møtebok frå 25.06.14 vert godkjend." 023/14: Oppstart av Ungdomsrådet Sektorleiar var til stades og han gav ei kort orientering om saka. --------------------------------- Leiar gjorde slikt framlegg om tillegg til framlegg til vedtak: "1. Det må utarbeidast reglement og prosedyrer for ungdomsrådet. 2. Det må utarbeidast budsjett for dei faste driftskostnadene for ungdomsrådet. 3. Før oppstart må representant frå eit etablert ungdomsråd bli invitert til møte for å dela sine erfaringar om korleis lykkast med ungdomsrådet. Til dette møtet må også 2 medlemmer frå komiteen inviterast." Kim A. Hartveit, FRP, gjorde slikt framlegg: "KOIK vel å ikkje starta opp ungdomsråd i denne omgang."
AVRØYSTING Alternativ avrøysting Rådmannen sitt framlegg med slikt tilleggg som foreslått av leiar - 3 røyster (2AP,1KRF) Kim A. Hartveit sitt framlegg - 1 røyst (1FRP) «Komité for Oppvekst, idrett og kultur vedtek å oppretta eit Ungdomsråd frå hausten 2014. Medlemstalet skal vera 11 i alderen 13-18 år. Medlemmane vert valt/ nominert frå ungdomsskulane og vidaregåande skule etter denne fordelinga: OUS 5, OVGS 3 og DUO 3. Ungdomsrådet skal disponera eigne budsjettmidlar. Sekretærfunksjonen vert lagt til Osterøy ungdomsskule. KOIK har ønskje om eit aktivt Ungdomsråd der ungdommane opplever reell innflytelse og god medverknad. Det må utarbeidast reglement og prosedyrer for ungdomsrådet. Det må utarbeidast budsjett for dei faste driftskostnadene for ungdomsrådet. Før oppstart må representant frå eit etablert ungdomsråd bli invitert til møte for å dela sine erfaringar om korleis lykkast med ungdomsrådet. Til dette møtet må også 2 medlemmer frå komiteen inviterast." 024/14: Årsplan for barnehagar i Osterøy kommune Sektorleiar og spes. rådgjevar møtte i saka. ------------------------------ AVRØYSTING
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. "Årsplan for barnehagar i Osterøy kommune vert teken til vitande." 025/14: Evaluering av og funksjon for Komite for oppvekst, idrett og kultur Drøftingsnotat frå rådmannen vart delt ut til møtet. ---------------------------- Komiteen hadde ei førebels drøfting av notatet og behovet for evaluering av komiteen. "Notatet vert teke til førebels orientering. Komiteen kjem tilbake til vidare behandling når det har vore drøfta i partigruppene." Orienteringssaker v/rådmannen Utbygging Lonevåg skule Anbydar er vald og kontraktsmøte vert halde i veke 38. Kommunen har byggeleiar på plass og planlagt ferdigstilling er tidleg hausten 2015. Kostanadene ligg innanfor vedteken ramme og kommunen vil få nytta ordninga med rentefritt lån til skulebygg. Skuleutbygging for Valestrand Haugeområdet Prosjektplan med framdriftsplan er under arbeid. Val av løysing og skulestad vil vera avgjerande for kostnadsrekninga frå konsulent. Rådmannen vil involvera foreldre/fau, sektoren og andre for snarleg avklaring kring aktuelle alternativ. Dette for at finansieringa kan innarbeidast i budsjettet for 2015. -------------------------------------- Det vart ikkje gjort vedtak i tilknyting til orienteringa. --------------------------------------
Til å skriva under møteprotokollen saman med møteleiar vart desse valde: Kim Andre Hartveit og Dag Sveinung Åsheim Lonevåg, 11.09.14 Bente Skjerping utvalssekretær ---------------------------------------- ---------------------------------------- -------------------------------------------- Johannes Bysheim Kim Andre Hartveit Dag Sveinung Åsheim leiar