HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009 08.12.2009-09.12.2009 ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 SAMANDRAG All hørselsfagleg kompetanse vil bli administrert frå Nordahl Grieg videregående skole. Dette gjer at vi får betre moglegheit til å vidareutvikla eit samla hørselsfagleg miljø. Ved Nordahl Grieg videregående skole vil det leggjast til rette for all undervisning i fellesfaga. Skolen må vidare ha eit breitt samarbeid med dei andre vidaregåande skulane i regionen i høve undervisning i programfaga, desse vil vere samarbeidsskolar. Elevane som søkjer knutepunktskolen i Hordaland blir formelt tekne inn som elevar ved Nordahl Grieg videregående skole. Naturlege samarbeidsskolar for Nordahl Grieg videregående skole vil vere Slåtthaug, Sandsli og Stend. Skolen må også kunne samarbeida med andre skolar dersom eleven skal ha opplæring i utdanningsprogram som ein ikkje kan får ved desse skolane. Elevane kan søkje alle programområda ved Nordahl Grieg videregående skole og ved samarbeidsskolane. Nordahl Grieg videregående skole, opplæringsavdelinga og samarbeidsskolane i regionen må leggje til rette for at elevane får eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod i høve det programområdet den einskilde elev skal ha opplæring i. Instillinga er ei endring av forslaget til organisering av knutepunkt som var vedteke i fylkesutvalet 22. 23. november 2006.
FORSLAG TIL INNSTILLING: Knutepunktskolen blir lagt til Nordahl Grieg videregående skole. Paul M Nilsen Svein Erik Fjeld Vedlegg: 1.Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og Statped Vest 2. Knutepunktskole ved Slåtthaug og Sørås vidaregåande skolar, fylkestinget 10.10.2006-11.10.2009 3. Knutepunktskole ved Slåtthaug og Sørås vidaregåande skoler. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 08.10.2009: Fylkeskommunen overtok drifta av den statlige spesialskolen for hørselshemma, Bjørkåsen v.g. skole, hausten 2005. Skolen blei ein del av Slåtthaug v.g. skole. Etter samanslåinga er skolen blitt ein av knutepunktskolane for hørselshemma i Noreg. I fylkesutvalet 22. 23. november 2006 vart det bestemt at knutepunkskulen skulle delast mellom Slåtthaug videregående skole og Nordahl Grieg videregående skole når denne står ferdig. Grunngjevinga var den gong følgjande: Fylkeskommunen må sikre at elevar som er døve eller hørselshemma, får rett til opplæring etter 1-2 og 3-9 i Opplæringslova. Knutepunktskolen skal sikra breidde i tilbodet slik at elevar med hørselshemming får same moglegheit til å velje yrke og utdanning som høyrande elevar. Elevar med hørselshemming må ha moglegheit til å velje om dei vil ha opplæring i eit høyrande miljø, eller i og på teiknspråk. Elevar som er CI- operert eller som har høyreapparat, skal få gode tekniske løysningar og tilrettelegging av opplæringsmiljøet. Knutepunkskolen skal ha spisskompetanse på tilrettelegging av opplæring for elevar som er døve eller hørselshemma. Det må sikrast nok tolkar til elevar som brukar teiknspråk, og som får opplæring i høyrande grupper. Sidan den tid har fylkeskommunen gjort mange erfaringar i høve å drifte ein knutepunkskule for hørselshemma. I løpet av dei siste åra har talet på søkjarar til knutepunkskolen variert noko frå år til år 2009/2010: 20 elever 2008/2009: 28 elever 2007/2008: 28 elever 2006/2007: 23 elever 2005/2006: 17 elever Grunna varierande elevtal, samstundes som det er vanskeleg å få tak i naudsynt personale som har dei kvalifikasjonane som trengst, vil vi rå til at knutepunktskulen vert samla på ein skule. Av dei nye elevane som har søkt dei siste åra rapporterer Slåtthaug videregående skole at det er nedgang i talet på elevar med teiknspråk som førstespråk. Av dei elevane som går på Vg1 skoleåret 2009/2010 er det ingen elevar som har teiknspråk som førstespråk. Gruppestorleiken er ein særs viktig faktor i tilrettelegginga for hørselshemma elevar. Gruppene må ha ein hensiktsmessig storleik i høve behova til elevane. Vi ser at det i framtida vil vere vanskeleg å ha nok tolkar og lærarar med spisskompetanse innan det hørselsfaglege feltet ved to skolar, samstundes som vi ser at behovet for den gode tekniske tilrettelegginga vert viktigare. Slåtthaug v.g. skole har gode erfaringar med å samle opplæringa i fellesfaga. På den måten ivaretek ein eit godt fagleg og sosialt miljø for den einskilde elev. Nordahl Grieg vidaregåande skole er bygd med utgangspunkt i å gje tilbod om moderne tilrettelegging for elevar med ulike hørselshemmingar. Grunna gode tekniske løysningar og eit gjennomtenkt arealbruk i høve hørselshemma sine behov, vil Nordahl Grieg videregående skole vere det beste alternativet når en vel å ha funksjonen på ein skole. Skolen vil kunne tilpassa opplæringa for ei breiare elevgruppe enn dei som har rett til opplæring i og på teiknspråk jf Opplæringslova 3-9. Den gode tilrettelegginga i høve lyd og tilpassa grupperom vil også vere godt egna for elevar med mindre 3
hørselshemmingar og i høve elevar med anna type problematikk som t.d. konsentrasjonsvanskar. Nordahl Grieg videregående skole vil også ha tilrettelagde grupper for utvikingshemma elevar. Eit tilbod ved skolen for hørselshemma med utviklingshemming og for andre elevar som bruker teikn til tale, vil gje eit kompetansemiljø som kan rettleie andre skolar i bruk av til døms teikn til tale. Sjølv om fleire elevar har norsk som førstespråk og kan ha nytte av tekniske hjelpemidlar, vil det vere god tilrettelegging for mange å lære seg teiknspråk og å kunne bruke tolk. For mange hørselshemma kan teiknspråk brukast som støtte i tillegg til tekniske hjelpemidlar. Nordahl Grieg vidaregåande skole kan ikkje gje tilbod om opplæring innan alle programområda. For å sikre breiast mogleg valfridom for elevane må knutepunkskulen samarbeide med andre skolar. All hørselsfagleg kompetanse vil bli administrert frå Nordahl Grieg videregående skole. Dette gjer at vi får betre moglegheit til å vidareutvikla eit samla hørselsfagleg miljø. Ved Nordahl Grieg videregåande skole vil det leggjast til rette for all undervisning fellesfaga. Skolen må vidare ha eit breidt samarbeid med dei andre vidaregåande skolane i regionen i høve undervisning i programfaga, desse vil vere samarbeidsskolar. Briskeby kometansesenter som er ein skole for tunghørte, har ein slik modell. Opplæringa i fellesfaga blir gitt ved Briskeby, medan undervisninga i programfaga blir gitt ved samarbeidsskolane. I fellesfaga er gruppestorleiken ca. 6-8 elever, medan det er ca. 10-15 elever i gruppene ved samarbeidsskolane. Dette gir eit godt utgangspunkt for individuell tilrettelegging og aktiv deltaking for tunghørte. Lærarane ved samarbeidsskolane blir kursa ved Briskeby i undervisning av hørselshemma elever. Sandaker v.g. skole i Oslo, Hetland v.g. skole i Stavanger og Heimdal v.g. skole i Trondheim har liknande modellar. Vi meiner at det skulle vere eit godt grunnlag for å leggje til rette for tilsvarande modell i region Bergen Sør. Organisering av knutepunktskolen i Hordaland Opplæringsdirektøren har utarbeida dette framlegget om organisering av knutepunkskolen i samråd med fagpersonar og leiarar ved Nordahl Grieg videregående skole og Slåtthaug videregående skole. Det er semje mellom skolane at det ønskjeleg å leggje knutepunktfunksjonen ved Nordahl Grieg videregående skole. Dette inneber at elevane som søkjer knutepunktskolen i Hordaland blir formelt tekne inn som elevar ved Nordahl Grieg videregående skole. Naturlege samarbeidsskolar for Nordahl Grieg videregående skole vil vere Slåtthaug, Sandsli og Stend. Ved desse skolane blir dei fleste programområda på Vg1 dekka. Av samarbeidsskolane vil Slåtthaug bli den største ettersom denne skolen har flest programområde. Elevane kan søkje alle programområda ved Nordahl Grieg videregående skole og ved samarbeidsskolane. Det vil også vere naturleg at Nordahl Grieg videregående skole samarbeidar med andre skolar, dersom elevane har val som ikkje lar seg gjennomføre på nokre av dei nemnde skolane. Nordahl Grieg videregående skole, inntakskontoret og samarbeidsskolane i regionen må leggje til rette for at elevane får eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod i høve det programområdet den einskilde elev skal ha opplæring i. Døme på dette kan vere tilfrestillande tolkehjelp og forsvarleg gruppestorleik. Enkeltvedtak om spesialundervisning må fattast ved knutepunktskolen. Hordaland fylkeskommune har elles inngått samarbeidsavtale med Statped Vest om kompetanseoverføring i høve knutepunkskulen (vedlegg 1), samstundes som vi også har mykje kompetanse sjølv med røynde lærarar på det hørselsfaglege feltet. Ut frå dette skulle vi vere godt skodd for å tilby samarbeidsskolane naudsynt opplæring. Opplæringsavdelinga vil ha ansvar for å sjå til at det blir nok ressursar til forsvarleg tilrettelegging av opplæring ved knutepunktskolen og ved samarbeidsskolane. Samarbeid om tilrettelegging av tilbodet til eleven må starte så snart inntaket er klart. OT/PPT må i samarbeid med skolen og eleven utarbeide ei sakkunnig vurdering om kva tilpassing den einskilde 4
elev treng for å få eit forsvarleg tilbod. Viktige samarbeidsprat vil vere Statped og SAPT (syns- og audiopedagogisk teneste) Det er opplæringsdirektøren si vurdering at vi i dag betre kan ivareta elevane sine behov i høve dei punkta ovanfor ved å leggje knutepunkskolen til ein skole og utarbeide ein samarbeidsmodell ut mot andre skolar, slik det er gjort ved andre knutepunktskolar. Gjennomføringsplan: Det vert oppretta eit samarbeidsforum mellom knutepunktskolen Nordahl Grieg videregående skole og samarbeidsskolane. Alle skolane har plikt til å samarbeide for å få på plass eit tilpassa tilbod for hørselshemma elevar. Inntaket til knutepunkskolen har søknadsfrist 1. februar. Skolane har difor høve til å få på plass tilboda til dei hørselshemma elevane før det ordinære inntaket tek til. Det må leggjast til rette i VIGO for søking til knutepunktskolen. Informasjon om tilbodet må oppdaterast i VilBli. Nordahl Grieg videregående skole får ansvar for å drifte ei tolketeneste som vil bli lagt til skolen. Nordahl Grieg videregående skole må ha ansvar for at dei elevane som får opplæring ved samarbeidsskolane får den naudsynte tilrettelegginga i programfaga. Fylkeskommunen må syte for at det vert verte etablert eit godt samarbeid mellom SAPT, Statped og OT/PPT om ansvaret for utgreiing, rettleiing og fagleg oppdatering av tilsette innan det hørselsfaglege feltet. Det må utgreiast korleis ein kan organisere gode ordingar for transport mellom knutepunktskolen Nordahl Grieg og samarbeidsskolane. På Slåtthaug er det i dag fleire hørselshemma tilsette som det er viktig å ta omsyn til i høve den nye organiseringa. Organiseringa må evaluerast årleg for å gjere eventuelle endringar/justeringar. Evalueringa skjer i samarbeidsforumet. Det vil være behov for en tilpassingsperiode på 3 5 år for å komme fram til best mogleg tilrettelegging og organisering av tilbodet. 5