Dølar på marknadsveg 1600-1800



Like dokumenter
Handelsvegar og marknader

Marknader og handelsvegar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Vestlandet ein stor matprodusent

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kom skal vi klippe sauen

Notat om historie og kulturlandskap

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Til deg som bur i fosterheim år

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

«Ny Giv» med gjetarhund

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

mmm...med SMAK på timeplanen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Internasjonal vidaregåande skule

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for Rosa september 2014

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Brukarrettleiing E-post lesar

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Søknad om bruk av helikopter ved merking av vernegrenser - melding om vedtak

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Forslag frå fylkesrådmannen

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

* * * F O T O K O R T * * *

11. Bøker og bokomsetning

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

/

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Med god informasjon i bagasjen

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd


SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Transkript:

Dølar på marknadsveg 1600-1800 Av Ivar Teigum Kvart år under dansketida drog gudbrandsdølane til marknaden ved Devoll ovanfor utløpet av Rauma, og sidan Veblungsnes ute ved Romsdalsfjorden. Det var om hausten. Om vinteren var det Christianiamarknaden og i Elverum Grundsetmarknaden. Kvart år var det også somme som drog til marknadssamlinga ved Tomaskyrkja på Fillefjell. Med koparverket frå midt på 1600-talet voks Røros fram til ein betydeleg marknad for handel og varebyte. I sjølve Gudbrandsdalen fanst det marknadsplassar for omsetjing av hestar og fe. I denne artikkelen skal vi først og fremst konsentrere oss om Romsdalsmarknaden, handelen på Røros og sambandet med Christiania. Samlingane ved Tomaskyrkja på Fillefjell vart etter kvart så illgjetne på grunn av fest og fyll at styresmaktene la ned forbod først på 1800-talet. På 1700-talet var Grundsetmarknaden særleg kjend for omsetjinga av svenske jerngryter. Denne kontakten med arvefienden var noko som styresmaktene i København sette liten pris på, og som dei freista leggje ned forbod imot. I tid avgrensar vi oss til 1600- og 1700-talet. Perioden startar med at skriftlege kjelder blir meir tilgjengelege. 1814 er mellom anna avslutninga på hundreår da ein stor del av det økonomuske overskotet gjekk ut av landet. Tomaskyrkja på Fillefjell I boka St. Tomaskyrkja på Fillefjell skriv Knut Hermundstad at gåvelister med penger til St. Thomaskyrkja fra 1743 til 1807 omfatta 140 gjevarar, dei fleste frå Valdres, andre frå til dømes Hov i Land, Vardal på Toten, Hemsedal, Nes og Ål i Hallingdal, Vågå i Gudbrandsdalen, Lærdal, Årdal, Sogndal, Hafslo, Luster, Leikanger og Vik i Sogn, Nes på Hedmarken, Telemark, Bragernes (Drammen), Kristiania, Bergen, ja helt fra Kristiansands traktene. Vi finn seks namn frå Gudbrandsdalen i perioden 1748-74, to av dei frå Vågå. Dei er Tosten Kleppe i 1751 og Marit Eiriksdotter i 1774. Ein Ola Torstad er nemnd fire gonger i åra 1748-74. Eit målarstykke, Jakobs drøm vart gjeve av Øystein Ivarson i 1693. 1600- og 1700-talet var merkte av den vesle istida med ustabile klimatiske forhold, kuldebolkar og brevokster. I bygdeboka for Gausdal har Finn Erhardt Johansen gjort ei grafisk framstilling av år med overskot av dødsfall i prestegjeldet som kan gjelde meir generelt. Der kjem fram åra 1695, 1741, 1771, 1807, 1812 og 1816. Årstal som desse er kjende som naudsår frå klimahistoria og frå den politiske og sosiale historia. I tillegg kjem åra med flaum og skred. I 1760 vart det samla inn pengar i kyrkjene til støtte for flaumoffer. Sommaren 1789 kom sjølve Storofsen. Men dette var ikkje det einaste. I året 1600 hadde vulkanen Huanyaputina ved Arequipa lengst sør i Peru eit utbrot så stort at det vart lagt ein kald skugge som var merkbar over heile verda. I 1815 var det vulkanen Tambora på Java som slo til like hardt.

Men ustadige og stundom dramatiske klimaforhold endra ikkje hovudretninga i den historiske utviklinga. I perioden 1600-1815 gjekk samfunnet også i Gudbrandsdalen igjennom vesentlege endringar med omsyn til folketal, sosial struktur og forholdet til pengeøkonomi. I Masteroppgåva si i historie reknar Sjur AF Lonbakken med eit folketal i Gudbrandsdalen på om lag 6000 i 1615. I 1801 hadde folketalet i dei åtte prestegjelda runda 24 000, altså ei firedobling. I same perioden hadde det vakse fram ein markert underklasse av husmenn og nybyggjarar. I 1777 reiste studenten Nicolai Lassen på ei studieferd gjennom Gudbrandsdalen. Han skriv at somme i Gudbrandsdalen kunne hauste det dobbelte av årsbehovet for korn. Men dei som budde høgt oppe i dalane, måtte dei fleste år kjøpe korn både til forbruk og såfrø. Eit økonomisk forhold galdt forma på handelen. Midt på 1600-talet var bøndene i Sel glade for pengane dei fekk for køyring til koparverket slik at dei hadde mynt å betale skatten med. Utover på 1700-talet var pengar i ferd med å erstatte varebytet som omsetjingssform. Den økonomiske evna varierte ikkje berre innanfor kvart prestegjeld, men også imellom dei Ei krigsskatteliste for heile Gudbrandsdalen minus Fron frå 1719 inneheld 1543 skatteytarar. Fron var det største av dei fire prestegjelda i den øvre delen av dalen med 30 % av folketalet i 1769. Om vi nyttar dette prosenttalet på ei liste over skattebetalarar og innbetalt skatt i 1719, ser vi at norddalen og sørdalen på den tida vog om lag like tungt. Går vi vidare og ser på evna til skatteyting, går det fram at Fåberg, Vågå og Lom låg over gjennomsnittet. Truleg ville kornbygda Fron ha drege opp gjennomsnittet for norddalen. Prosenttalet av bønder som betalte 6 rdl i 1719, fortel sitt om vidda på den sosiale skalaen. Vi ser at Fåberg, Vågå og Lom skil seg sterkt frå dei andre med stor variasjon medan Lesja merkjer seg ut den andre vegen. 1718-19 krigsskatteliste, Gudbrandsdalen Sokn\Skatt Kjelde: SAIO. Akershus Stiftamt Skattytarar Skatt i rdl Gj.snitt 6 rdl og over 1769, % av folketal Gausdal 229 526 2,3 4,8 28,7 Fåberg 162 662 4,1 19,7 26,6 Øyer 162 400 2,5 6,8 20,0 Ringebu 399 887 2,2 4,3 24,3 Sør-Gudbr. 952 2 475 2,8 7,4 22,6 Fron 30,7 Vågå 191 637 3,3 17,8 22,6 Lom 188 579 3,1 14,1 19,6 Lesja 212 420 2,0 0 26,1 Nord-Gudbr. 591 1 636 2,8 11,0 100 I Lesja prestegjeld betalte berre ein av 212 skatteytarar så mykje som 6 rdl og meir til krigskassa i 1719. Korn var det vanskeleg å dyrke fram, derfor satsa bøndene på feavl, handel

og handverk. I hovudoppgåva si i historie drøftar Gunnar Rudie den sosiale og økonomiske bakgrunnen for handverket i Nord-Gudbrandsdalen i perioden 1750-1860. Han konstaterer at medan åtte handverk hadde utøvarar i Vågå i den siste delen av 1700-talet, så var 13 ulike handverk representerte i Lesja. Skilnaden på yrkesvariasjon forklarar Gunnar Rudie med ulikskapen med omsyn til eigedomsstruktur i prestegjelda. Vågå og Lom hadde så mange velståande bønder at dei var i stand til å betale for høgt spesialiserte tenester frå profesjonelle handverkarar. I Lesja måtte dei fleste spreie seg på fleire verksemder på kostnad av spesialiseringa. Fleire på 1700-talet kommenterer handelen fram og attende over Lesja med fisk og andre varer heilt til Toten, og korn attende den same vegen. Frå Lesja var utskiping av stangjern ei viktig verksemd. Til det føremålet hadde Lesja jernverk sett seg opp brygge og lager på Veblungsnes der Romsdalsmarknaden var plassert nokre enskildår også på 1700-talet. Men det var om Christiania hovudvegen gjekk til rikshovudstaden København. Ferdturane til Christiania Gjennom skogar og bygder, langsetter elver og over tilisa vatn gjekk transportane frå Nord- Gudbrandsdalen til Christiania på 1600-talet. Det galdt kopar i nokre tiår frå 1642, kvernsteinar frå Vågå, og slaktefe. Så var det tømmer fløytt på elvene og samla i store bommer over Mjøsa. Seinare gav oppdrett og avl av hest til det militære gode inntekter. I året 1627 gjekk det ut bod blant bøndene i hovudsoknet i Vågå prestegjeld at dei skulle samlast til vedlikehald av Sundbrua i austenden av Vågåvatnet. Grunn for samankallinga var drift av kongens slaktefe. Driftefeet vart samla om våren for å beite seg opp i Heimdalen på Valdresflya før det vart drive vidare til Christiania om hausten. Det var driftevegen frå Ottadalen. I 1688 skikka Margrete Grüner ein søknad til statthaldaren om dekning av utgiftene tiol henting av to kvernsteinar frå Gudbrandsdalen. Margrete Grüner åtte møllebruket i Nedre Foss i Akerselva som tidlegare hadde høyrt til krona, og som var kjøpt av mannen hennar, som nå var død. Tolstadkvernberget på Lalm var kjent på 1400-talet. På 1600-talet låg det først under krona og vart deretter pantsett til handelshuset Marselis i Amsterdam. Kvar tredje uthoggen stein skulle tilfalle eigaren til ein viss pris, og ser ut til å ha vorte frakta til Christiania for vidare omsetjing. Men da Margrete Grüner tinga seg stein sist på 1680-talet, var eigaren den velståande bondelensmannen Pål Tolstad. Kvernsteinen som Margrete Grüner henta til Nedre Foss hadde eit tverrmål på 150 cm og vog truleg opp imot 1500 kg. Det kravde eit sledeutstyr utanom det som var det vanlege blant bøndene, sledar med simple tremeiar. Og kanskje måtte det tre hestar til for å dra. Slike steinar var likevel ikkje uvanlege i Vågå heller. På 1900-talet til samanlikning vart det frakta høy frå setrene på vinterføre. Lassa kunne bli 400-500 kg tunge, og da var sledane skodde med stålmeiar. Og kva så med koparfraktene? Frå 1640-talet vart vintervegen frå Vågå om Mjøsa til Christiania jamt halden oppe med koparlassa som også skulle utskipast frå Christiania. Under dei første åra fram til 1652 vart det produsert 315 tonn garkopar. I teorien skulle det utgjera 600-700 lass.

Garkoparen frå dette tiåret hadde ein verdi på 91 614 rdl. Ikkje lite av fortenesta fanst att i lomma på eigaren Hannibal Sehested, men pengesirkulasjonen var heller ikkje liten kring gruvesamfunnet i Sel. Bøndene som køyrde ved til koparverket, var glade for skillingen dei fekk til å betale skatten med. Drifta stoppa midt på 1670-talet, men vart teken opp att i 1740- åra, og etter at drifta av koparverket var flytta til Folldalen, gjekk ein del av transporten framleis om Gudbrandsdalen. Hestar til arbeid og transport fekk bøndene frå Nordfjord. Kvar forsommar var det fjørdingsmarknader langsetter reiseruta til hestehandlarane nedover Ottadalen og oppover Dovre til Røros eller Trondheim. Tiåra etter driftsstansen ved koparverket i Sel på 1670-talet var merkt av stagnasjon. Ikkje minst var det ein nedgang i transportbehovet. I tidsromet mellom 1668 og 1723 var det ein faktisk nedgang på femti hestar i Vågå prestegjeld, frå 610 til 572 dyr. Forholda i Sel gjorde utslaget med ein nedgang frå 208 til 127 dyr, frå 34 til 22 prosent av totaltala i heile prestegjeldet. Ein av dei som tidleg satsa på avl av hest til det militære, var Henrik Jacobsen Schmidt, sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdalen 1688-1719. Sorenskrivaren hadde ikkje berre ein av dei største buskapane i distriktet, han var den einaste, og kanskje den første i Vågå prestegjeld som dreiv stort med hesteavl såpass tidleg. Embetsmannen var i lokal næringssamanheng ein stor kakse med sine 47 hestar i 1719. Utover i hundreåret kunne 3-4 år gamle dølahestar bli betalte med 50-60 rdl, og mange satsa på avl. Etter kvart kom elvetransporten med tømmer. På 1720-talet kasta tømmerhandlarane i Christiania augo sine på skogressursane i Gudbrandsdalen. Vi kjenner til at bøndene i Skjåk selde tømmer for 5000 rdl til kjøpmann Lonicer sist på 1720-talet. Den lokale partnaren til kjøpmennene i Christiania i åra som følgde, var Tosten Hjelle på Dovre. Da han gjekk dundrande konkurs i 1743, mangla han dekning for kredittar på over 50 000 rdl, kanskje som eit resultat av hardåra først på 1740-talet. I mellomtida hadde verksemda hans skapt stor aktivitet i heile Nord-Gudbrandsdalen for skogsarbeidarar og rydningsfamiliar i mange år. Hogsten og fløytinga stoppa ikkje med konkursen til Tosten Hjelle. Tidvis kunne fleire gjera det godt på tømmersal. I 1755 fortel vågåpresten Johan Storm at berre der i soknet kunne enkelte gjera så mykje som 1000 rdl på tømmer år om anna. Attende frå Christiania kom varer av ulike slag. I 1740 vart det skifta etter Ole Simensson på Laurgard i Sel. Far hans kom frå Tolstad i Vågå og åtte frigarden Tofte på Dovre, den første kona hans var dotter til den rike Tosten Hjelle, tømmerhandlaren. I skiftet finn vi mellom anna to tønner robakk som han hadde fått oppover frå Christiania 279 liter. Frå 1753 kom ei ordning med landkremmarar. Til Nord-Gudbrandsdalen kom det snart ein handelsmann med borgarbrev i Christiania og sette seg ned i Vågå. Han fekk ei tung bør å bera i kamp med lokale pirathandlarar. Ein Guttorm Bottheimsbrekken stilte seg opp bak Vågåkyrkja ein messesøndag og baud fram ein sekk med lingarn som han ville selja. Landkremmaren kom og ville ta arrest i varene, men da stod ein mann fram og forkynte at kremmaren fekk lesa opp

løyva si før han tok noko frå ein skattebonde. Ein dovring med jord som dreiv handel, var meir verd enn ein landkremmar med kongeleg brev og borgarskap i Christiania. Johan Storm var prest i Vågå 1745-76. I sju år frå 1755 hadde han eit brevbyte med tukthusinspektøren i Christiania Hans Krejdal. Storm har sitt eige nettverk i Christiania og dessutan ein forretningskontakt i København. I Christiania har han dessutan ein bror og ein annan forretningskontakt. Frå fabrikkauksjonane ved tukthuset skaffar han seg lerreftstoff og tobakk. Inspektør Krejdal skaffar han elles delikatessar slik som ost, flyndre og te, og ved eitt høve sitron. Brev, pengepost og aviser går nå midt på 1700-talet mellom Christiania og Nord- Gudbrandsdalen ein gong i veka. Aviser abonnerer Storm på saman med kapteinen og kapellanen. Bokkassene frå København er det han må vente lengst på. Elles er det mange som har ærend til byen. Faste årlege reiser gjeld marknadsturane til Christiania på nyåret. Da er mange i veg. Så er det kopar-jakob som køyrer lass frå Folldalen. Ved månadsskiftet augustseptember dreg slaktehandlaren Eirik Kvarberg med driftefe. Alle har presten kontakt med og får ordna ærenda sine hos. I eit par tilfelle lærer vi at ein dreng har fare heile vegen frå Vågå sommarstid med kjerre. Presten har eigen karjol, men sjølve prestisjekøyretyet er ein måla, dekorert og forgylt skysslede som han også får gjort seg i byen. Mann av huse til Romsdalsmarknaden Under Romsdalsmarknaden kvar haust galdt prinsippet om mann av huse. Pål Tolstad i Vågå var ein mektig mann som evna å gjera seg gjeldande blant embetsmennene. Hausten 1692 hadde han fått med seg amtmannen Ove Lange på eit ekstrating om setra hans som låg på Murudalen i Heidal anneks. At ein gard skulle bygsle seter i grannesoknet, var i strid med lov og hevd, og heidølane likte ikke inntrengjaren frå hovudsoknet. Amtmannen på si side freista truge heidølane med straff og bortvising frå setertrakta om dei ikkje betalte ein viss sum i bygselavgift i si eiga allmenning. På det neste tinget i Vågå gjekk 15 heidølar til motåtak. Ekstratinget hadde vore samankalla ved mikkelsmess medan alle var på Romsdalsmarknaden slik at berre to heidølar møtte. Derfor måtte vedtaket vera ugyldig. Ti hell for heidølane fall amtmannen ifrå innan saka kom opp på nytt. Tidleg på 1600-talet skreiv Peder Claussen Friis (d. 1614) i boka Norriges Beskriffuelse om gudbrandsdølane at dei kvart år kjem ned i Romsdalen til marknaden for å kjøpe fisk og salt og anna slikt. Stundom dreg dei også til marknader på Sunnmøre og Nordmøre, og romsdølane dreg også opp på fjellet imot Gudbrandsdalen med fisk og annan kjøpmannskap til visse tider om året slik at ein der oppe i landet kan kjøpe bergensfisk betre enn i Bergen. Så tidleg nemner han ikkje lesjingane og deira transitthandel. Fisken var viktig ikkje minst som skattevare. Det vanlege i Gudbrandsdalen var at huder og skinn vart nytta som verdimål på gardsbruk attåt gardklassesystemet med fulle, halve og øyde gardar. Men på 1600-talet er det heller ikkje uvanleg å finne pund fisk som takstmål. Det ligg nær å sjå ei slik skattevare i tidleg nytid i samanheng med den såkalla bergerfisken, eit produkt som ikkje er endeleg forklart, men som kanskje heng saman med bergenshandelen om Romsdalsmarknaden.

I 1701 skreiv stiftsamtmannen i Trondheim at til Romsdalsmarknaden kom til kvar tid opplendingane med kornlass frakta på 3000 4000 hestar som dei bytte til seg mot fisk. Talet på hestar verkar stort, men let seg forklare. Held vi oss til Gudbrandsdalen, inneheld krigsskattelista for heile Gudbrandsdalen minus Fron frå 1719 1543 skatteytarar. Fron var det største av dei åtte sokna i dalen. Dermed kan vi trygt rekne med 1700-1800 oppsitjarar i futedømet på denne tida. Talet på hestar i 1657 var 2902 dyr i dei 8 sokna i Gudbrandsdalen. Opplanda var i tillegg distrikta på båe sidene av Mjøsa. Til marknaden ved Devoll kom det kvart år frå Bergen i sør til Trondheim i nord 40-50 skip på denne tida. Romsdalsmarknaden var ein ting. Dessutan var Romsdalen næraste hamna for transport ut av landet. Bygdene i Vågå prestegjeld var kjende for kleberbrota sine, som det vart laga omnar, peisar og gryter av. Eit einskilddøme finn vi i Akershus amtmannsarkiv i 1731. På 1720-talet kom det ei tinging frå København på 100 klebersteinar. Desse steinane skulle fraktast til hamn i Romsdalen for utskiping. Transporten var eit pålegg til bønder frå Lom og Skjåk, og stiftsamtmannen vart beden om å kalkulere kostnaden. Avstanden mellom steinbrota i Vågå og Romsdalen var rekna til 14 mil, og fraktprisen per mil var sett til 12 skilling. Går vi ut ifrå ei kleberblokk per slede, utgjorde heile oppdraget 100 sledelass og ville til saman koste 175 rdl. Stiftsamtmannen tykte dette var reint for dyrt ettersom dei avsides bygdene øvst i Ottadalen til vanleg slapp unna skyssplikta langsetter hovudvegane. Ikkje sidan kongeferda i 1704 hadde dei vore utkalla så langt han visste. Tomvenda på 6-8 mil fram til kleberbrota på Tolstadåsen rekna ikkje stiftamtmannen med, og dei 5000 rdl aom bøndene hadde gjort på tømmerhandel dei siste åra gjorde dei berre meir oppsetsige. I handelen med korn veksla overskotsår med underskotsår. Frostår vart følgde av svolt og død. Og alltid fanst dei som ikkje hadde korn å selja. I 1812 var landet ramma av misvokster og britisk blokade. I Vågå gjekk alt som fanst av kontantar med til kornkjøp, skriv den seinare stortingsmannen Ole Paulsen Haagenstad. Resten til ein verdi av 30 000 rdl fekk dei på kreditt. Med ein hårreisande pris på 88 rdl per tønne vart det innkjøpt 340 tønner bygg som vart frakta med hest og kløv opp Romsdalen og over Lesja og Slådalen til hovudsoknet i Vågå. Det utgjorde eit tilsvarande tal på kløvhestar og stort mannskap i fleire veker. Samanlikna med forholda fire år tidlegare hadde prisane skote rett i veret. Da selde bønder i Lom og Skjåk tilsvarande 340 tønner rug frakta på like mange hestar til kornmagasinet i Løten for 12 rdl per tønne. Prisen på bygg var 10 rdl det same året. Til Røros og Folldal verk Da koparverket Guds gave i Kvikne i Nord-Østerdalen vart opna i 1631, skulle det seiast fram ei takkebøn i alle kyrkjene i landet, og kongen sjølv drog på synfaring til Nord-Østerdalen etter at drifta var komen i gang. Tiltaket fekk verknad i vid omkrins. Alt i 1637 kravde bøndene i Vågå, Lom og Skjåk fritak eller skattelette for det ulidelege arbeidet med vedhogging, kolbrenning og frakt med eigne hestar for koparverket på den andre sida av Dovrefjellet. Nokre år seinare reiste dei sak på grunn av manglande betaling for 258 famnar ved dei hadde levert til verket på Kvikne. I 1642 vart det første privilegiebrevet utferda for Det gudbrandsdalske koparverket i Sel, og to år seinare for koparverket på Røros, i 1659 for

jernverket i Lesja. Etter funnet av koparmalm i Folldalen i 1748 vart verksemda ved Frederiksgave i Sel flytta dit. Vareleveransane til verket på Røros og Folldal låg under handelshus i Trondheim. Dei kjøpte til underpris og selde til overpris, og gjorde gode pengar. Det gjorde nok bøndene også. Til Folldalen var avstanden frå Trondheim så stor at gudbrandsdølar og hedemarkingar fritt fekk levere varer dit. Det galdt først og fremst korn. Historikaren Knut Sprauten som mellom anna har studert arkivet etter handelshuset Hornemann i Trondheim, reknar med at i perioden 1754-62 utgjorde årlege utbetalingar i Folldal så mykje som 23 500 rdl til verksarbeidarar og til materialbønder, slike som leverte kol og ved til verket. I gode år kunne det koma så mykje som 100 tonn bygg- og havremjøl til Røros frå bygder sønnafjells, og elles ost, vottar, skjorter og sokkar. Heilt frå Romsdal kom det kjøt og flesk til bergstaden. I boka si om Storofsen i Fron skriv Wilhelm Sommerfeldt om følgje frå bygdelaga der med vareleveransar på 50-60 hestar til bergverka i Østerdalen. Kring 1800 var presten i Lom engasjert i arbeid med å formidle korn frå bygdene i Ottadalen. Kva vegruter vart nytta anten det var med kløver eller sledar? Frå 1705 finst ei liste over utrekna avstandar mellom koparverka på Røros og Årdal i Sogn. Der heiter det at avstanden frå Røros til Tynset er 7 mil, derifrå til Folldalen 2 mil. Ennå var det inga gruvedrift ved Plassen i Alvdal, og da gjekk ruta helst om Fådalen og Savalen. Frå Folldalen over «Elledalsfield» til Grimsdalen skulle det vera 2 mil, og 3 mil vidare til Tallerås i Dovre. Vegen derifrå gjekk i 2 mil over Jettfjellet til Vågå. Mellom Vågå og Lom vart det rekna 2 mil. Med unntak for den første etappen dristar vi oss til å tru at dette dreia seg om dagsetappar under rimeleg gode forhold. I så fall tok turen sju dagar kvar veg mellom Lom og Røros. Ein variant av den same ruta må vel lomværar og skjåkværar ha nytta når dei frakta kol og famnved til koparverket på Kvikne åtti år tidlegare. I fjella i Selbu i Trøndelag vart det starta produksjon av kvernsteinar i stor stil på 1600-talet. Med tida kunne det vera så mange som 200 mann i arbeid der utover hausten og vinteren. Det meste av steinen vart frakta til Trondheim og vart utskipa der til mange distrikt. Men ein del kvernsteinar vart også omsette på Røros. Frå reisa si gjennom Gudbrandsdalen i 1775 nemner Gerhard Schøning selbusteinen og samanliknar med den lokale kvernsteinen frå Tolstadkvernberget i Vågå. Sjølve steinen frå Selbu gjekk da for å vera hardare, men mjølet under tolstadsteinen meinte dei var betre, skriv han. Femten år seinare skreiv amtmann Sommerfelt ein rapport om embetsdistriktet sitt. Der går det fram at kvernstein frå Selbu fanst over heile Opplanda. Med det var kvernsteinen frå Tolstad i ferd med å bli utkonkurrert på heimebane enda han også var kjend langt av lei. Amtmann Sommerfelts kommentar i 1790 Christian Sommerfelt hadde det synet som var det vanlege hos styresmaktene på handel og forbruk blant allmugen. Det einaste folk eigentleg trong frå kjøpstadane, var salt, jern og noko fisk. Den andre vegen nemner han handelen med Røros og Folldalen, men strekar under at den viktigaste utførsla stadig går til Christiania. Det gjeld mjøl, gryn, feitevarer, slakt og hestar. Men mangelen på sommarvegar gjorde avstandane store. Ved Kjørseler og Drifter har

almuen her liden anledning til at fortjene noget, naar jeg undtager Hadeland. Dog kan vel dertil henregnes den Handel, som Guldbrandsdølerne drive ved at kjøbe Fiskevarer i Romsdalen, hvilke de fører ud til andre Bøjder, og sælge eller omsætte imod Korn. Ferdsla til Christiania og til hamna i Romsdalen var dei viktigaste i fleire hundreår, men slett ikkje dei einaste. Folk dreiv med handel i fleire retningar enda om sjølvbergingsøkonomien dominerte. Lista over kjelder og litteratur kan godt erstattast med web-adressa til foredraget eg heldt under Gudbrandsdalsseminaret i 2011. der finst både notar og litteraturliste som for det meste dekkjer: OBS http://www.maihaugen.no/global/opplandsarkivet/dokumenter/seminarer/gudbrandsd alseminaret-2011/innlegg-om-handel-2011.pdf Utrykte kjelder OANV. A-0032. Trygve Håkenstad, gardshistorie, ss. 21-26. OANV. Randi Kleivens arkiv, ask II, Johan Storm, brev til Hans Krejdal 08.11.1755, RA. Statthaldararkivet, B III a 9, nr. 496. RA. Matriklane for Nord-Gudbrandsdal 1668 og 1723. RA. Danske kanselli (DK),norske innlegg, Gudbrandsdalen. SAIH. Skifteprotokoll for Nord-Gudbrandsdalen, 1740. SAIH. Tingbok for Nord-Gudbrandsdalen, nr. 7 (1756), fol. 125a. Litteratur Bekkelund, Bjørn: Folldal verks historie ca 1745-1993. Bygdebok for Folldal. Bd. 4. Stig Johan Kalvatn (red.) Døssland, Atle 1990: Med lengt mot havet: Fylkeshistorie for Møre og romsdal 1671-1835. Fladby, Rolf og Hans Try, Skattematrikkelen 1647, IV Oppland fylke. Fagan, Brian 2002: The Little Ice Age. Hermundstad, Knut 1966: St. Tomaskyrkja på Fillefjell. Skogstad i Valdres: St. Tomaskyrkja boklag. Hosar, Hans P. 1998, Skjåk bygdebok, bd. 2. Johannessen, Finn Erhard 1990: Gausdal bygdehistorie, bd. 3: Folketilvekst og levekår 1530-1800. Kaas, Gunnar og Arnfinn Engen 2003: Bygdabok for Dovre: Gardar, hus og folk fro Hjerkinn til Hjelle. Lassen, Nicolai, Christian 1988:Dagbog over en Reise igjennem Guldbrandsdalen, København 1778, andre opplaget. Lonbakken, Sjur AF 2007: «Gje ly godtfolk no er fiende kome i lande!» Slaget ved Kringen: ein studie av føresetnandane for slaget mellom skottar og lokale bønder ved Kringen i Gudbrandsdalen i 1612. Masteroppgåve i historie. UiO. Løchen, Edvard 1960: «De gamle veiene.» Den norske turistforenings årbok. Oslo. Nielsen, Yngvar 1874: Kvægholdet i Norge. Et bidrag til Norges ældste statistik. Norske Herredags-Dombøker, tillegg til 1.-4. rekke. Rudie, Gunnar 1958: Bygdehåndverket i Nord-Gudbransdal ca 1750-1860: Dets sosiale og økonomiske bakgrunn. Hovudoppgåve i historie. Schøning, Gerhard 1980: Reise gjennem en Deel af Norge, tredje bind. Sommerfelt, Christian 1928: Efterretninger angaaende Christians Amt forfattet 1790, trykr 1795-96, Bygd og bonde. Sommerfeldt, Wilhelm 1972: Ofsen i 1789 og virkninger av den i Fron. Fron historielag. Hovudoppgåve i geografi, UiO 1943. Sprauten, Knut 2012: Kopparverka på Røros, i Kvikne og i Folldal. Årbok forgudbrandsdalen. Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel, bd. 2. Teigum, Ivar 2011: Tolstadkvernberget frå kongeleg pant i Amsterdam til bondegods i Vågå. Heimen, nr. 1. Øverås, Asbjørn 1841: Romsdals soga: II Dansketida, Romsdals ungdomssamlag.

Bildetekstar Kart over gamle vegfar gjennom Rondane teikna av Ragnar Løchen. Vegen nemnd i artikkelen gjekk frå Krokhaug i Folldalen om Grimsdalen til Tallerås på Dovre. Kjelde: Løchen 1960. Romsdalsmarknaden er kjend heilt frå 1500-talet. På Veblungsnes møttest handlande frå Bergen i sør, Trondheim i nord og Opplanda i aust ved Mikkelsmess den siste veka i september. Marknadsplassen låg på Devoll ved prestegarden. Men veksande sandbankar i elva gjorde at marknaden etter kvart vart flytta til Veblungsnes, først ein periode frå 1730-talet, og sidan frå 1820-åra. Kart: skogoglandskap.no. Så langt attende som vi veit, har kleberdrift vore ei viktig næring i Vågå og Sel. Det meste av 1900-talet var det industriell verksemd på Bårstad på Lalm og Sagflaten på Tolstadåsen med stor arbeidsstokk. Bildet utlånt av Ingrid Fredheim viser arbeidarane på Sagflaten der dei i lang tid hadde stor eksport av omnsstein. Petter Fredheim var arbeidsformann på Sagflaten. Han var utdanna bilethoggar og hadde praksis frå Finland og St. Petersburg. Gravsteinen over Kristian Sagdalen på Sel kyrkjegard er også eit minne om ei arbeidsulykke i kleberbrota på Tolstadåsen. Foto: Kjell Voldheim. Alt på 1700-talet møtte kvernstein frå Tolstad i Vågå konkurranse frå Selbu. Selbusteinen i ei bekkjekvern ved Daleåe i Sel har innhøgde leverandørmerke frå midt på 1800-talet. Møllebruket ved Nedre Foss i Akerselva hadde opphavet sitt i mellomalderen. På 1600-talet fekk den danske familien Grüner privileg på verksemda. Av det kjem bydelsnamnet Grünerløkka. I dag er eit hybelhus omgjort etter ein kornsilo det einaste minnet.