MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013

Like dokumenter
INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

FELLESSAMLINGANE MED MISJONSFORSAMLINGA BRUK AV HAGA-KYRKJA TIL PENSJONISTLAGET SINE SAMLINGAR EVALUERING AV DEI NYE GUDSTENESTELITURGIANE


Møteprotokoll for møte i

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 20. februar 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK

Brødsbrytelsen - Nattverden

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 5. juni, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Fjord n senter, Eikelandsosen.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Arbeidet med minnelunden er så godt som fullført. Fint resultat.

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MASFJORDEN KOMMUNE. Arbeiderpartiet: Høgre: Senterpartiet: Bjørn Egil Nordland (vara) Karstein Totland, ordførar Lene Hansen Kvamsdal

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Brukarrettleiing E-post lesar

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Samnanger kommune Møteprotokoll

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Finansiering av søknaden

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Til deg som bur i fosterheim år

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 21. januar 2015

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Sokneprest. Kyrkjeverje. Funksjon

Samnanger kommune Møteprotokoll

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Strategidokument

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Protokoll frå møte i Kyrkjeleg fellesnemnd for Ullensvang, Jondal og Odda

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing. epolitiker

7. soknerådsmøte 2014, 3. juni: Referat

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Transkript:

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 Desse møtte: Frå soknerådet: Kommunal representant: Frå diakoninemnda: Skrivar: Forfall: Fungerande leiar Anlaug Røen Hauge, Åshild Aadland Haga, Solvor Aadland, Inger Odland, Brynjulv Hernes og sokneprest Audun Aase. Eva Hellevang Jostein Loe (Eva Hellevang og Audun Aase er også med i nemnda) Kyrkjeverje Britt Haukanes. Brigt Olav Gåsdal Møtestad: Haga kyrkje Møtet byrja kl. 18.30 og slutta kl. 21.40 Diakoninemnda tok del i matpausen og på sak 17. Soknerådet fekk også høyra om kva diakoninemnda arbeider med no. Opning v. Inger Odland frå andaktsbok om Menigheten som sannhetens støtte og grunnvoll. SAKSLISTE: Sak 12/13 KS Sak 13/13 KS GODKJENNING AV INNKALLING/ MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Sak 14/13 KS ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2012 Sak 15/13 KS PRIORITERING AV VEDLIKEHALD VED KYRKJENE 2013 BRANNVARSLING, MÅLING ELLER SIKRINGSKÅP Sak 16/13 KS ØKONOMIPLAN 2014-2017 Sak 17/13 SR Sak 18/13 SR Sak 19/13 SR Sak 20/13 SR DIAKONIPLAN FOR SAMNANGER Diakoninemnda tek del GODKJENNING AV LOKALE GUDSTENESTEORDNINGAR GODLEIKSFESTIVAL KYRKJELYDSHELG

Sak 12/13 KS GODKJENNING AV INNKALLING/ MØTEBOK Vedlegg 12 a Møtebok frå møte 20.02 Vedlegg 12b Møtebok frå telefonmøte 14.3 : Innkallinga vart godkjend. Møtebok frå 20.02.13 og 14.03.13 vart endeleg godkjende. Sak 13/13 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Referat frå møte om fellessamlingane Soknerådet ved soknepresten og Kristi Mjelstad hadde møte med misjonsforsamlinga v. Ivar Berland om fellessamlingane. Det var semje om å halda på dei innarbeidde dagane for fellessamlingar (2.g. årleg), men verta tydelegare med annonsering og omtale på førehand. Det passa ikkje for misjonsforsamlinga å ha felles komité for deira samling, sidan det var misjonsforeiningane som arrangerer fellessamlinga der. Soknepresten er open for å invitera inn folk frå misjonsforsamlinga til å vera med og arrangera Bibeldag i kyrkja. Vedlegg 13 Alphakurs ferdig Gruppesamlingar til hausten? Gullborg Aasgaard melder at Alpha-kurset no er slutt og at gjennomføringa har gått fint. Dei ynskjer å starta opp etter-alpha-samlingar i kyrkja på Haga til hausten att. Felles måltid, song og undervisning og samtale i grupper etterpå, men med andre tema enn på kurset. Samlingane skal vera opne for alle. Litt frå møtereferata frå nemndene Det diakoninemnda har arbeidd med, vart omtala seinare på møtet i samband med sak 19. Den kyrkjemusikalske nemnda har hatt sitt første møte, og vil konsentrera arbeidet sitt om Kyrkjemusikalsk plan for Samnanger, årlege planar for konsertar samkøyring og praktisk planlegging av konsertar og korprosjekt. Kyrkjebladnemnda har hatt framlegg til program for nemnda oppe. Det er levert soknerådet, men vil først koma opp på neste soknerådsmøte. Trusopplæring Me har no fått ein mentor som skal hjelpa oss å laga trusopplæringsplan. Han heiter Ørnulf Elseth og vil ha møte med tilsette, trusopplæringsnemnd og sokneråd torsdag 23. mai. Kyrkjestyre og sokneråd på heimesidene Det er no laga til ein eigen stad på heimesidene der møtepapira til sokneråd og kyrkjestyre vert lagt ut. Dei ligg under Sokneråd/ kyrkjestyre rådsarbeid. Postjournal Handlingsliste

Liste over tidlegare vedtak og kva som er gjort noko med. Kyrkjeverja ynskte at soknerådet ved leiaren meir skulle ta ansvar for å følgja opp denne. Godleiksfestival og kyrkjelydshelg Dette vart teke opp under eventuelt og gjeve saksnummer 19 og 20. Sak 14/13 KS ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2012 Vedl. 14. Årsmelding og rekneskap 2012. : Årsmeldinga vart vedteken med desse rettingane: Den frivillege klokkartenesta skal nemnast under tilsette. Det skal vera ein oversikt over nemndene. Trusopplæringsarbeid: Det skal nemnast at 5 årstiltaket vart avlyst grunna manglande påmelding. 8-åringane sitt tårnagent opplegg skal nemnast. Det vart ikkje halde bibelvandring for 5. klasse i fjor. Pensjonistlaget skal plasserast under Anna arbeid. Pleksiglaset mellom galleri og ringjeloft skal nemnast under vedlikehald, Ådland. Rekneskapen vart vedteken med oppmoding om å halda seg til Ådland kyrkje og Haga kyrkje i notane, ikkje Ådlandskyrkja, arbeidskyrkja og likn. Sak 15/13 KS PRIORITERING AV VEDLIKEHALD VED KYRKJENE 2013 BRANNVARSLING, MÅLING ELLER SIKRINGSKÅP Fakta Kommunen si løyving til kyrkja er 10 000 kr. lågare enn vårt budsjett for 2013. (Kommunestyret si løyving til kyrkjelege føremål, inneheldt også løyving til andre trussamfunn. Difor er det 90 000 kr i skilnad på det som er løyvd til føremålet og det som går til kyrkja.) I vårt budsjett låg det ikkje inne meir enn vanleg vedlikehald til kyrkjene. Me bad om ekstraløyving for å få gjort større vedlikehaldsprosjekt, og det har me ikkje fått. Det som stod på vår liste over tiltak me ynskte å utvida råma for å få gjort: Prioritert liste over tiltak, vedlikehald og utstyr: 1 Måling av kyrkja på Haga. Gjeld treverk rundt kyrkja. Ikkje dei store veggane på framsida av kyrkja. Det har berre vore teke litt her og der kvart år, og er no svært målingslite mange stader. 75.000 Me hadde roteskader på ein bjelke i år, det kan ikkje venta lenger. 2 Nytt sikringsskåp i kyrkja på Ådland. Det gamle er fullt, der er ikkje råd å få plass til fleire kursar. Det er fullt av gamle og nyare system, og er ikkje lovleg etter dagens standard. Skal me byta, 90 000 må me byta heile skåpet, for det går ikkje an å festa dei nye systema i det gamle skåpet iflg. elektrikar. Varmepumpa kan ikkje setjast i drift, før me har fått dette på plass. 3 Utbetring av dør og tetting for mus på det nye kyrkjegardshuset. Døra er for lav og kan ikkje opnast når det er snø og is om vinteren. Musa kjem 12 000

inn under bordkledningen. 4 Planlegging av ombygging til handicaptoalett i bårehuset. Teikningar for anbud 20 000 V. herretoalett og gamalt reiskapsrom. (Har ikkje fått pris) 5 Utskifting av lysarmatur i kyrkja på Haga. 18 lampar er øydelagde, og armaturen må skiftast. Er forelda, difor må ein skifta 80-150 000 heile felt, for at dei skal verka saman med lysstyringa. Pris alt etter kor mange me skiftar ut. 6 Lakkering av golv i kyrkja på Ådland 40 000 xtr I tillegg har me den utvendige brannalarmen, som me trudde me skulle få gjort i 2012, men som me ikkje fekk godkjenning for i tide. Då godkjenninga kom, ynskte bispedømet at me skulle ha to deteksjonskablar rundt kyrkja og ikkje ein som me hadde søkt om. Me måtte difor innhenta ny pris. Pris for to kablar m. sentral og tilknytning til det eksisterande anlegget. 66 267 Det me har av midlar me kan nytta av på kyrkjestyret sine fond: 1 Vedlikehaldsfond, bunde 85 998 2 Fond brannalarm 10 360 3 Restfond, frå tidlegare overskot 41 823 4 Tildeling frå banken til brannalarm 10 000 Til saman 148 181 Vurderingar Kyrkjestyret har i budsjettet vedteke ei prioritert liste over vedlikehald for neste år. Der var ikkje det utvendige brannvarslings-anlegget med, då me trudde me skulle få gjort den monteringa før årsskiftet. Me fekk altså godkjenning for dette anlegget, men dei ynskte me skulle leggja to kablar i staden for ein. (Sjå over) 40% av alle kyrkjebrannar er påsette, og kyrkja vår ligg utsett til ved kanten av ein sterkt trafikkert veg. Det bør vera høgt prioritert å få dette på plass. Me har vel 20 000 kr. som skal nyttast til dette føremålet, eit restfond etter midlar til den innvendige brannalarmen og ei gåve frå banken. Måling av kyrkja på Haga stod på topp på prioriteringslista i budsjettet. Kyrkja har vore måla av kyrkjetenaren litt her og litt der, etter som det har vore tid og ver til. Baksida er den som har fått minst måling frå før. Me har alt roteskader som er reparerte der. På framsida er det sprekkskader, der sola står på. Reparerte skader er umåla. Dei verste partia bak huset MÅ takast i sommar, for å unngå meir roteskader. Sprekkskadene er ikkje så prekære, men det er absolutt ynskjeleg å få teke alt skikkeleg, på ein gong. Å leiga målar til dette, er dyrt. Ikkje fordi det går så mykje måling, men fordi det er arbeidskrevjande med så mange vindauge, krikar og krokar. Stålet skal også målast, og alt skal vaskast på førehand. Skal me få dette gjort i år, må me nytta resten av vedlikehaldsfondet til dette. Det knyter seg to problem til å gjera det: 1. Me har fått godkjent rentekompensasjon for byting av el-tavle i kyrkja på Ådland. (Dette var ein føresetnad for montering av varmepumper.) Husbanken må orienterast om ombruk, og me kan missa rentekompensasjonen for denne summen. 2. Midlane på vedlikehaldsfondet er løyvde av kommunestyret til ma. varmepumper, og vert då brukt opp utan at me har fått montert desse. Me må søkja kommunen om å omdisponera midlane, skal me bruka dei til måling.

På den andre sida, får me uansett ikkje montert varmepumper i år. Me må teikna varmepumpehus, og få det godkjent før me kan gå ut og be om pris på nedgraving av kabel og laging av varmepumpehus. (Sjå sak 3/13) Utbetring av dør og museplager på kyrkjegardshuset, er gjort. Det var eit akutt problem. Denne kostnaden kan me truleg greia å dekka inn i det ordinere budsjettet, evt. bruka av restfondet. Utbetring av sikringsåpet må venta om kyrkja på Haga skal målast. Dette har heller ikkje bråhast, så lenge me ikkje får montert varmepumper. Det er ikkje brannfårleg, og fungerer greitt så lenge me ikkje har bruk for fleire kursar. Me har fått stetta trong for ny kurs til lys og lyd, ved å nytta sikringsåpet i sakristiet til å få laga ein kontakt der med 16A. Planlegging av handicaptoalett på Ådland. Om me ber ulike handverkarar å sjå på det, kan me truleg greia å teikna eit framlegg sjølv slik at planlegginga ikkje kostar oss noko. Lys på Haga og lakkering av golv må venta til neste år. Kyrkjestyret ynskjer å søkja kommunen om å få nytta av vedlikehaldsfond for kyrkjene til å måla kyrkja på Haga for. (Pristilbod 75 000 kr.) Grunngjeving: Kyrkja treng måling i år for å hindra fleire rote og sprekkskader. Reparerte skader er umåla. Restmidlane er knytt opp mot montering av varmepumper på Ådland og dette kan uansett ikkje gjerast i år, då me lyt få endeleg godkjenning frå bispedømet. Det er usikkert om det i det heile vert lønsamt sidan me har vorte pålagde å byggja eit eige hus ved kyrkjegardsmuren til pumpene. Kyrkjestyret ynskjer også å få montert brannvarslingsanlegg utvendig på kyrkja på Ådland. For å finansiera dette, skal det nyttast 10 360 kr. frå Fond brannalarm og 10 000 kr. i tilskot frå Sparebanken Vest. Kyrkjestyret ynskjer også å søkja kommunen om å få nytta det som evt. står att på vedlikehaldsfondet etter målinga til dette føremålet. Resten skal takast frå restfond frå tidlegare overskot. Kyrkjeverja skal saman med vedlikehaldsnemnda, laga eit framlegg til plassering av handikapptoalett i bårehuset på Ådland. et var einstemmig og som framlegget, (men prøva å var stroke i siste setninga.) Sak 16/13 KS ØKONOMIPLAN 2014-2017 Kommunen arbeider med økonomiplan som skal opp på kommunestyret i juni. Kyrkjestyret må koma med framlegg til økonomiplan for soknet. Sjå vedlegg. Vedlegg 16. Økonomiplan 2014-17. Kyrkjeverja sitt framlegg til økonomiplan vart vedteke med desse endringane: Måling av kyrkja på Haga og utvendig brannalarm ved kyrkja på Ådland vart bestemt i sak 15/13 at ein skal søkja kommunen om å få omdisponera midlar slik at me kan få gjort det i 2013. Dette må koma fram i planen. Det skal takast med i omtalen av handikaptoalettet, at det skal vurderast om herretoalettet kan gjerast om til handikaptoalett, i staden for å byggja eit nytt. Overrislingsanlegget til kyrkja på Ådland, skal planleggjast i 2014-15 og utføringa skal skje i 2016.

Sak 17/13 SR DIAKONIPLAN FOR SAMNANGER Fakta Diakoninemnda har på sitt møte 21. januar 2013, kome med framlegg til diakoniplan for Samnanger kyrkjelyd, (Sjå vedl.17) Vurderingar Det er ein plan som femner heile kyrkjelyden, og ikkje berre dreiar seg om diakoninemnda sitt arbeid. Mange av tiltaka er alt i gang. Astrid Fylling som var diakonikonsulent i Bjørgvin, sa det slik: Viss du tenkjer deg kyrkjelydsarbeidet som ei stor kake, kor stor del av kaka er diakonien? Svaret var at diakoniarbeidet ikkje skulle vera ein sektor av kaka, men det var det gode fyllet mellom laga og skulle vera smurd utover heile kaka! Då vert det ikkje så lett å plassera det inn som tiltak på ein plan. Så spørsmålet vert kanskje kvar ein skal setja grensa for kva som er diakoni eller ikkje: Skal det vera reint sosiale tiltak, eller kan også opplæring og andakt kallast diakoni? Soknerådet må ta stilling til om dei ynskjer vedta planen slik han ligg føre, eller om dei har innspel til endringar i planen. Vedlegg: 17 Framlegg til diakoniplan. Representantar for diakoninemnda tok del på denne saka. Diakoninemnda sitt framlegg til Diakoniplan for Samnanger, vart vedteken. et var samrøystes Sak 18/13 SR GODKJENNING AV LOKALE GUDSTENESTEORDNINGAR Me har fått godkjend dei lokale gudstenesteordningane våre, med nokre merknader. Det gjeld: Nattverdsliturgien på Haga her må me velja ein av dei føreslegne i heilskap Me kan ikkje nytta druejuice i nattverden Kyrkjelyden må vera med på dei ledda som er syndsvedkjenning. (No syng presten ein del og kyrkjelyden syng syng: Herre Gud ver oss nådig) Me må laga ferdig utskrivne liturgiar med alle ledd, som vikarar kan nytta. Soknepresten orienterte om saka på møtet. Vedlegg 18: Godkjenning GT-ordning Soknerådet gjorde desse endringane i gudstenesteliturgien for Haga: Heile kyrkjelyden syng syndsvedkjenninga saman med presten. Setninga om å stundom nytta druejuice i staden for vin, skal strykast. Me skal nytta vanleg nattverdsliturgi etter den nye ordninga med C-utgåva av nattverdsbøn.

Me skal nytta presens av Du Guds Lam, som ber all verdsens synder.. (Gjeld for alle nattverdsgudstenester) et var samrøystes Sak 19/13 SR GODLEIKSFESTIVAL (Saka kom opp på møtet under eventuelt. Var berre sett opp som meldingssak) Fakta Etter initiativ frå Hilde Aarvik, bestemte soknerådet i desember at dei ynskte å ha godleiksfestival i mai/juni. Dette er ein festival der kyrkjelyden gjer godt for andre, plukkar boss, vaskar bilar, pussar opp, ryddar hagar, målar o.s.b. Det viser seg at Hilde ikkje har høve til å vera med å planleggja dette. Kjersti M. Bruvik og Gullborg Aasgaard er også spurd om å vera med og organisera, utan at nokon av dei svara ja. Det vart på soknerådsmøtet spurd om nokon frå soknerådet ynskte å ta på seg å leia dette arbeidet. Det var det ikkje. Vurderingar Dette er ein festival som krev at heile kyrkjelyden stiller opp. Skal det først gjerast, må det gjerast skikkeleg med brask og bram. Då treng me nokon entusiastiske leiarar for festivalen, som verkeleg har lyst å jobba med saka. Me treng å gå ut med informasjon tidleg og få kyrkjelyden med oss. Me treng god tid til førebuing og organisering. Godleikfestivalen vert utsett til neste år. Det skal i god tid setjast ned ei gruppe som kan jobba med saka. Sak 20/13 SR KYRKJELYDSHELG (Saka kom opp på møtet under eventuelt. Var berre sett opp som meldingssak) Soknerådet har bestemt kyrkjelydshelg på Wallemtunet 24.-26. mai. Ungdomane reiser opp fredagskvelden. Opplegget for dei tek Hilde Aarvik og Line Bjørhovd seg av. Me treng ei nemnd til å ta seg av opplegget for resten av helga. Anlaug R. Hauge skal leia nemnda for kyrkjelydshelga. Ho får med seg Gullborg Aasgaard, Inger Odland, Kristi Mjelstad og Anne Tandstad.