Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld for alle gutar og jenter i alderen 8-12 år. Fotballaktiviteten er sentral, men er utforma som eit supplement til den vanlige fotballtreninga på ettermiddagen. I tillegg til den fysiske aktiviteten, blir det satt fokus på kosthold, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale ferdigheiter også utanfor idrettsbana. Borna skal bli utfordra på samarbeid, sjølvstendigheit, ansvar og planlegging. Leiar for Telenor Xtra prosjektet er tidligare landslagsspelar Halvar Thoresen. Telenor Xtra Hødd Fotballfritidsordning følgjer skuleruta, dvs. ikkje FFO i feriane eller på dagar der borna har fri frå skulen. Vedtektene for Hødd FFO finn du på vår heimeside www.hodd.no under fana «Sport» Søknadsfrist Fristen for å melde seg på Telenor Xtra Hødd Fotballfritidsordning frå august 2015 er 1. april. Send søknad til E-post: gardshol@hodd.no Telefon: 99 54 21 59 Adresse: Høddvegen 30 Post: Postboks 248, 6067 Ulsteinvik Foto: NFF 1
Telenor Xtra Hødd FFO IL Hødd Fotball starta opp fotballfritidsordning i 2007 med suksess. Fem år seinare, i 2012, valte klubben å bli med på Telenor Xtra konseptet til Norges Fotballforbund. Klubben har det siste året jobba med å styrke FFO, slik at vi kan tilby eit betre tilbod for deltakarane frå august 2015. Dette mellom anna større fokus på kvalitet, ei ending i organisering, innhald og aktivitet. Ein viktig nysatsing er tilbodet for 5-7. klasse Endringar frå august 2015: Eit nytt kvalitetstilbod for 5.-7.klasse Utvida opningstid til kl.16.30 Tilbod til elevar frå alle dei fire skulekrinsane i kommunen Tilsette FFO leiar og FFO sportsleg leiar Kompetente trenarar med god trenarutdanning Aktiviteten skal vere betre tilpassa barna Det vil vere differensierte gruppe på tvers av aldersgruppene. Større fokus på individuell tilbakemelding til spelar Hjelp til eigentrening Bruk av nye Ulsteinhallen Målsetjing om eigne jentegrupper Betre kvalitet på måltidet Nyheitsbrev kvar månad Tilbod 5. 7.klasse: 2 dagar Onsdag og fredag Pris: 2 dagar: kr.1100,- pr mnd Matpengar på kr.75,- pr mnd. kjem i tillegg. Totalpris: 1175,- pr,. månad Syskenrabbatt (gjeld også FFO 2.-4. klasse) Frå barn 2 og oppover: 25 % Foreldre får foreldrefrådrag på skatten for pass av barn etter skatteetaten sine reglar. Alle som deltek på Telenor Xtra Hødd FFO får i tillegg 25% rabatt på alle Hødd sine fotballskular. Litt om dagen på FFO Borna vert henta på skulen (Ulsteinvik, Ulstein, Hasund Haddal) etter skuleslutt med buss/ minibuss,. På Høddvollhuset vert dei teken i mot av vaksne instruktørar. Her ventar eit sunt måltid, fotballtrening i Ulsmohallen eller ute, samt moglegheit for leksehjelp, eller eigentrening i Ulsmohallen/ute/Ulsteinhallen 2
Eigenaktivitet Eigenaktivitet eller eigentrening har som formål å heve kvaliteten på dagens tilbod. Her får borna vere med å ta ansvar for eiga utvikling. Spelarane vil kunne få velje mellom å drive eigentrening, aleine eller i grupper. Det vere seg innanfor fotball eller andre aktivitetar. Kvar spelarar vil få samtalar med trenar der dei diskuterer kva og korleis dei kan vidareutvikle seg som fotballspelar. Eit viktig mål vil også vere utvikling av eigen sans til å reflektere over og måle eigen framgang. Ein del av eigentreninga vil skje i Ulsteinhallen. Det vil og vere mogleg for dei som har behov for «å roe ned» å gjere det på Høddvollhuset. Her kan ein mellom anna få leksehjelp, spele brettspel eller andre liknande inne aktivitetar. Det er sjølvsagt alltid vaksne tilstade ved eigenaktivitet Kvifor er eigenaktivitet viktig? Det å kunne vere med å ta ansvar for eiga utvikling er særs viktig for born og unge, både i idrett, skule og i andre samanhengar. Det å legge opp til at borna kan få ta ansvar for å velje kva dei vil bruke tida si på håper vi at dei kan bli meir medvitne korleis dei jobbar for å utvikle seg og kva måtar som er tenleg for dei sjølve. Reglar Vi har også enkelte reglar som borna må følgje når dei deltek på FFO. Dersom ein deltakar bryt ein regel, vil han eller ho få ei åtvaring i form av eit gult kort. Om deltakaren fortsetter å bryte reglar etter han eller ho har fått gult kort same dag, vil det medføre raudt kort. E-post blir sendt heim med grunngjeving til raudt kort Sentralt i regelverket er dette å respektere kvarandre, både trenarar og medspelarar. Vi skal oppføre oss og vise god folkeskikk! Reglane vert presenterte for deltakarar og foreldre ved oppstart. 3
Telenor Xtra Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å styrke opplegget for 5.-7. klasse. Mål Telenor Xtra Hødd FFO ønskjer å tilby eit nytt kvalitetsopplegg for gutar og jenter 5.-7.klasse. Målet med dette er å kunne tilby ekstra kvalitetstreningar etter skuleslutt som skal vere eit supplement til den vanlige lagstreninga. Tilbodet skal vere for alle, og skal vere tilrettelagt slik at borna skal få ulike utfordringar ut frå interesse, ferdigheiter og modning. Treningane vil ha ulike tema, innhald og aktivitetar. Dette kan vere aktivitetar som koordinasjon/ bevegelse, spenst/ hurtigheit, styrke og uthald. Tilbodet har fokus på læring og utvikling innan fotball Forventningar At dei som deltek på dette har ynskje om å utvikle seg vidare som fotballspelar Alle skal respektere og støtte kvarandre Respektere og høyre på når ein vaksen snakkar Positiv Har med klede etter vêrforholda det kan bli trening ute! Tek med joggesko til kvar treningsøkt Alle skal hjelpe til med å samle utstyr etter treningsøkta Mat, drikke og frukt skal kastast i søppeldunken Ansvarlege Telenor Xtra Hødd FFO vil på desse treningsøktene bruke personar med god sportsleg kompetanse. Sportsleg leiar har ansvaret for innhaldet i treningsøktene. Leiar: André Aurvåg Gardshol, bachelor i Sport Management. Fotballutdanning: UEFA-B lisens Trenarar: Vi ønskjer trenarar med god kompetanse og erfaring skal leie desse øktene. Det skal tilsettast ein sportsleg leiar for Hødd FFO, 2.-7. klasse. Det er ei målsetting for klubben at alle trenarane skal ha minst UEFA B- lisens eller tilsvarande. 4
Anlegg Ulsmohallen Ulsmohallen Vår hovudarena på FFO er Ulsmohallen. Her er vi sikra gode forhold uansett vær. Kunstgrasbana Enkelte av treningane vil gå på kunstgrasbana på Høddvoll. Gamle Høddvoll stadion Om våren/ hausten tek vi i bruk gamle Høddvoll stadion til ulike aktivitetar. Dette kan vere friidrett eller orientering. Tarebingen Enkelte av treningane vil gå i Tarebingen på Høddvoll. Ulsteinhallen Ulsteinhallen er tenkt til frileik. Det vil seie alternative aktivitetar som inne-bandy, handball, kanonball, friidrett osv. 5