22.01.2014 PRESSEPROGRAM DD. MM. Kong Harald og Dronning Sonjas besøk til Lærdal 23. januar 2014. Registrering av akkreditert presse Lærdal kommune har etablert pressesenter i 2. høgda i "KIWI-bygget" vis-a-vis Vill-lakssenteret. Her finst arbeidsstasjonar og tilgang til straum og internett. Registrering av akkreditert media skjer kl. 10.15 10.45 i pressesenteret. Her blir det delt ut presseprogram og ID-kort som gir tilgang til punkta som er reservert for media. Fotopool På grunn av stor interesse frå media blir det fotopool to stader i programmet. Inntil seks pressefolk får delta i fotopoolen, mot at dei gjer opptaka sine tilgjengelig for øvrig akkreditert presse etterpå. Kontaktinformasjon til deltakarane i fotopoolen blir sendt direkte til alle akkrediterte media og vil også bli publisert i pressesenteret. Parkering Vi gjer merksam på at det på dei ulike lokalitetane ikkje er reservert eigne parkeringsplassar for media. Vi oppmodar media om å vere ute i god tid. Pressekontakt For informasjon om kongeparets besøk; akkreditering og presseprogram: Rådgjevar Svein Helge Steinsåker, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Tlf. 90 89 50 78 (fmsfshs@fylkesmannen.no) For informasjon om pressesenter og henvendingar til Lærdal kommune: Pressekontakt Odd Helge Brugrand, Lærdal kommune Tlf. 400 65 069 Vi gjer merksam på at det kan bli mindre justeringar i programmet. Torsdag 23. januar 2014 11.35 Til Lærdal HH. MM. Kongen og Dronninga kjem til Lærdalsøyri med to helikopter, og vert mottekne av: - fylkesmann Anne Karin Hamre - ordførar Jan Geir Solheim - politimeister Ronny Iden Det blir ikkje lagt opp til mediedekking ved landingsområdet, jf. neste programpost. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde post@fmsf.no Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 50 55 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50
2/5 11.40 Til Vill-lakssenteret Jan Geir Solheim følgjer kongeparet inn på senteret, der dei helser på: - fylkesordførar Åshild Kjelsnes - rådmann Alf Olsen jr. - lensmann Magne Knudsen - brannsjef Gaute Johnsgaard - Røde Kors v/ Trygve Skjerdal - Sivilforsvaret v/ Ketil Horvei - Ragnar Tokvam (bonde som køyrde gyllevogn) Media står klar kl. 11.30. Fotopoolen står inne i lokalet, og øvrig pressekorps dekkjer ankomsten frå tilvist område utanfor senteret. 11.45 Orienteringar og samtale Orientering om brannen og krisehendinga - ordførar Jan Geir Solheim ønskjer velkomen og gir ei innleiande orientering - lensmann Magne Knudsen orienterer om innsatsleiing - brannsjef Gaute Johnsgaard orienterer - Ketil Horvei frå Sivilforsvaret orienterer - Trygve Skjerdal frå Røde Kors orienterer - Ragnar Tokvam orienterer Rådmann Alf Olsen jr. orienterer om kva som vil skje i Lærdal i tida framover Det vert deretter lagt opp til samtale mellom kongeparet og øvrige møtedeltakarar Fotopool dekkjer dei to første orienteringane, og blir deretter følgt ut av lokalet. Media er på plass ved neste fotopunkt kl. 12.15 12.25 Møte med elevar på Lærdalsøyri skule HH.MM. Kongen og Dronninga kjem til Lærdalsøyri skule, og vert mottekne av: - rektor Ivar Fykse - FAU-leiar Øyvind Hamre - oppvekstleiar Torunn Liltvedt Fykse, Hamre og Liltvedt følgjer kongeparet til klasse 8b, der kongeparet vil samtale med elevar og lærarar Media står klar kl. 12.15.
3/5 Fotopoolen og skrivepool står inne i klasserommet, og øvrig pressekorps dekkjer ankomsten frå tilvist område utanfor skulen. Fotopool dekkjer starten av møtet, og blir deretter følgt ut av lokalet. Media er på plass ved neste fotopunkt kl. 12.45 12.55 Omvisning i brannområdet Ordførar Solheim og brannsjef Johnsgaard orienterer kongeparet Kongeparet samtaler med ein familie som mista huset i brannen Media står klar kl. 12.45 og dekkjer hendinga frå tilvist område. 13.15 Besøk i hus som står igjen Kongeparet blir invitert inn i eit hus for samtaler med familiar Det blir ikkje lagt til rette for mediedekking inne i huset. Media er på plass ved neste fotopunkt kl. 13.30. 13.40 Til Lærdal sjukehus HH.MM. Kongen og Dronninga kjem til Lærdal sjukehus, og blir mottekne av: - direktør Jon Bolstad, Helse Førde - overlege Geir Berge Øverland Bolstad og Øverland følgjer kongeparet inn i sjukehuset Media står klar kl 13.30 og dekkjer ankomsten frå tilvist område. Det blir ikkje lagt opp til mediedekking inne i sjukehuset. 13.45 Orienteringar frå Lærdal sjukehus Bolstad og Øverland orienterer kongeparet om det som skjedde på sjukehuset under brannen Det blir ikkje lagt til rette for mediedekking inne på sjukehuset. Media står kl. 14.10 klar på tilvist område for pressemøtet. 14.20 Pressemøte ved sjukehuset Media står klar på tilvist plass kl. 14.10. Det blir anledning til å stille Kongeparet spørsmål om innsatsen i Lærdal og inntrykka frå dagens besøk. 14.30 Avreise frå sjukehuset Kongeparet tek avskjed med Bolstad, Øverland og Kjelsnes Bilkortesjen køyrer til helikopterlandingsplassen
4/5 Media dekkjer avreisen frå tilvist område 14.35 Avreise frå Lærdal HH.MM Kongen og Dronninga tek avskjed med - politimeister Ronny Iden - ordførar Jan Geir Solheim - fylkesmann Anne Karin Hamre Kongeparet går om bord i helikoptera og returnerer til Oslo Det blir ikkje lagt opp til mediedekking. Besøket er slutt
Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde post@fmsf.no Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 50 55 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50 22.01.2014