2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

Like dokumenter
2016 Det Norske Samlaget

Minnebok. Minnebok NYNORSK

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Sofies hemmelegheit.

Elevundersøkinga 2016

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Info til barn og unge

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Last ned Sorg - Kristian Fjellanger. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Sorg Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Til deg som bur i fosterheim år

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Ulsteinvik Bibelen

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Årets nysgjerrigper 2010

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Minnedag 4. november 2018 Grindheim kyrkje Konsmo kirke Johannes 11,

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Refleksjon og skriving

Bibeltimar over Nehemja 1-4

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Innovativ anskaffing av tryggleiksskapande teknologi og responssentertenester.

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Frå novelle til teikneserie

OK, seier Hilde og låser.

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

MI BRILJANTE VENNINNE

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Erfaring og forsking

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

Biletbruk på nettet 1 2

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Ingen forsto oss ingen hørte på oss!

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

/

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Last ned Eg slepper deg utan at du velsignar meg - Eskil Skjeldal. Last ned

Last ned Eg slepper deg utan at du velsignar meg - Eskil Skjeldal. Last ned

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Lars Fiske Omslagsdesign: Øystein Vidnes

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Rusarbeid i ein kulturell kontekst

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Til deg som bur i fosterheim år

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Nettverk for psykososiale kriseteam

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Last ned Mysteriet i trua - Eskil Skjeldal. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Mysteriet i trua Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Det så rbåre livet. Kva skjer om nokon spør deg korleis du har det? Preike 20. september

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Transkript:

2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9236-0 Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond.

Om denne boka Gjennom livet opplever dei fleste kriser og hendingar som gjer dagane krevjande og vonde. Gro Skartveit har møtt folk som har vore ute ei vinternatt, men som har klart å finne tilbake til eit leveleg liv. Her får du historier om folk som blant anna har opplevd drap, sjølvmord, terror, sjukdom, angst og mobbing. Dette er historier om kriser, men først og fremst om korleis det er mogleg å gjere livet betre sjølv etter det aller verste har skjedd. Desse deler erfaringane sine: Jon Asgaut Flesjå, Stine Renate Håheim, Adrian Lorentsson, Torunn Austdal Rasmussen, Kjell Soleim, Monna Tandberg, Tolli Frestad, Brith Dybing og Victoria Kyllevik Gravdal. Forfattaren fortel også frå eiga historie. Helseminister Bent Høie har skrive forordet.

Gro Skartveit Livet etterpå Om vegen vidare etter alvorlege kriser Oslo 2016

Innhald Livet, heiter det Forord v/ helse- og omsorgsminister Bent Høie Innleiing: Kjære Gud, la meg få døy Jon Asgaut Flesjå Redaktøren som slutta å skrive Stine Renate Håheim Kampen etter terroren Adrian Lorentsson Å vere ingenting Torunn Austdal Rasmussen Sorga skal ikkje hindre meg i å leve Kjell Soleim Livet kan bli godt nok Monna Tandberg Gjennom smertepunkta Tolli Frestad Å vente på eitt-ferja Brith Dybing

Frå psykiatrisk pasient til psykiatrisk sjukepleiar Victoria Kyllevik Gravdal Basketballen avgjorde framtida Etterord Takk

Forord: Livet, heiter det «Det er noko psykisk», kviskrar me til kvarandre. Me kviskrar det når naboen ikkje trekkjer frå gardinene. Når kompisen ikkje tek telefonen. Når kollegaen ikkje kjem på jobb. Hjartesorg er like vanleg som hjartesvikt. Depresjon er like vanleg som diabetes. Nokre får ikkje sove om natta på grunn av vonde ledd. Nokre får ikkje sove på grunn av vonde tankar. Alle har me ei fysisk og ei psykisk helse. Me snakkar ganske mykje om den fyrste og ganske lite om den andre. Me diskuterer hjartesvikt, diabetes og vonde ledd både høgt og lenge i kantina på jobben og mellom hyllene i daglegvarebutikken. Men når det handlar om hjartesorg, depresjon og vonde tankar, vert samtalen ofte både fåmælt og lågmælt. Gro Skartveit har laga ei bok der modige menneske fortel om dei aller tyngste stundene sine. Alle har dei opplevd å miste. Dei har mista nokon dei elskar. Dei har mista helsa. Dei har mista trua på seg sjølve. Dei har mista trua på framtida. Skartveit fortel om ulike menneske med ulike opplevingar. Men mange av dei har noko felles. Dei vegrar seg for å dele det vonde med andre.

Det gjer dei tunge kjenslene tyngre. Det gjer dei svarte tankane svartare. Gro Skartveit er sjølv ei av dei. Ho såg mørkt på livet og ynskte mest av alt å døy, men spelte likevel rolla som positiv og glad jente både på jobb og heime. Heldigvis stoppar ikkje forteljinga til Skartveit der. For menneska i denne boka tør etter kvart å opne seg. Dei tør til slutt å fortelje nokon om saknet og sorga, om motløysa og kjensla av ikkje å vere god nok. Det hjelper dei vidare. Livet etterpå er ei sjølvhjelpsbok som vil hjelpe mange. Det er ikkje ei bok som hjelper oss å puste med magen eller sjå lyst på livet. Det er ei bok som viser oss at livet er både godt og vondt. Både lyst og mørkt. Det er ei bok som viser oss at det er lettare å kome i gang med livet etterpå om ein deler det vonde med nokon. Gro Skartveit og dei modige menneska i denne boka fortel det som det er. Dei kviskrar ikkje. Me treng ikkje kviskre, me heller. Det er noko psykisk. Det er noko fysisk. Livet, heiter det. Bent Høie, Helse- og omsorgsminister

Kjære Gud, la meg få døy Kvar kveld før eg sovna, var desse orda aftanbøna mi. Kveld etter kveld, veke etter veke bad eg til Gud om å få sleppe livet. Eg hadde ikkje energi, livsglede eller overskot. Det var vondt å leve. Å gjere slutt på livet ved eiga hjelp tenkte eg aldri på, men eg ynskte likevel sterkt å sleppe livet. Eg var ikkje sjuk, det var berre ikkje livsgneiste att, alt var eit ork. Tankane på morgondagen og dagane etter det gjorde vondt. Etter orda «Kjære Gud, la meg få døy» føydde eg svært ofte til «men la alle eg er glad i, få møte Deg». Ingen rundt meg visste om bønene mine eller korleis eg hadde det. Eg ville ikkje opne meg for andre. Å opne dørene til dei inste romma i meg kunne eg ikkje gjere for nokon. Det var farleg. Nokre visste at eg sleit, men ingen visste kor mykje. Eg har alltid vore ei ganske positiv, omgjengeleg, sosial og pliktoppfyllande jente, og den rolla spelte eg så godt eg kunne. Men då måtte ofte maska på når eg skulle møte andre, både på jobb og privat. Bak orda i bøna mi låg ei sterk tru på at livet mitt aldri kom til å endre seg. Eg trudde ikkje eg kunne få det godt nokon gong. Då var det betre å døy. Men eg vart ikkje bønhøyrd og måtte møte dagane som låg føre. Eg var

nøydd til å leve vidare med urolege netter, tunge tankar og lite livslyst. Men mørket var der ikkje for alltid. «Kva er vitsen med å fortelje offentleg om det som har vore vanskeleg? Kan ikkje det vonde vere privat?» Nokre vil nok stille desse spørsmåla. Etter at eg vart ferdig utdanna sosionom, har eg mellom anna arbeidd på ein institusjon for rusavhengige, med prostituerte i Stavanger og med pårørande til rusavhengige og innsette i fengsel. I dei fleste jobbane eg har hatt, har eg vore synleg og drive mykje utetterretta arbeid. I 17 år har eg vore lokalpolitikar, i førre periode som ordførar i Finnøy. Gjennom det eg har gjort, har folk sett ei side ved meg, ei viktig side. Men som menneske er me meir enn det me gjer, meir enn det som er synleg for andre. Dette gjeld både kjente og ukjente personar, ingen av oss er sparte for slag livet gjev. Ikkje alle slaga er like harde, ikkje alle av oss får like mange. Men livet er nokre gonger vanskeleg og brutalt vondt. Og her er det ikkje skilnad på kjent eller ukjent. Korleis møter me desse utfordringane, korleis kan me gå vidare med smerta livet påfører oss? Kan livet bli godt att? Ja, livet kan gå frå mørke til lysare dagar. Men det skjer ikkje av seg sjølv. Kamp, tårer og uthald må oftast til. I denne boka får du møte menneske som på ulike måtar har opplevd at livet vart svært vanskeleg. Nokre av dei du møter, hadde ikkje krefter og von til å møte morgondagen. Dei har hatt ulike kjensler, mellom anna frykt, sorg og sinne, og fleire har vore motlause. Men dei har jobba seg vidare. I dag er livet mykje betre, og dei fleste har mange gode dagar. Felles for alle som deler