REGULERINGSPLAN FOR ANGLEVIK, MOSTERHAMN GNR. 10 BNR. 1 MFL. BØMLO KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER 1.0 REGULERINGSFØREMÅL 1.1 Det regulerte området er vist på planen med plangrense. 1.2 Arealet innanfor plangrensa er regulert til følgjande føremål: 1. BYGGEOMRÅDE - Bustader - Naust - Hytter - Rorbuer 2. LANDBRUKSOMRÅDE - Jordbruk/ skogbruk 3. OFFENTLIGE TRAFIKKOMRÅDE - Kjøreveg 4. FRIOMRÅDE - Park/Turveg 5. SPESIALOMRÅDE - Frisiktsone 6. FELLESOMRÅDE - Felles avkjørsel/parkering/snuplass - Felles leikeområde - Felles båthamn - Felles gangveg
2.0 FELLES FØRESEGNER 2.1 Desse føresegner kjem i tillegg til Plan- og bygningslova, og gjeldande føresegner for Bømlo kommune. Kommunen kan, når særskilde grunnar ligg føre, dispensere frå reguleringsføresegnene i planen. 2.2 Etter at desse føresegnene er gjort gjeldande, er det ikkje høve til å inngå privatrettslege avtalar som strir imot føresegnene til planen. 2.3 Som retningslinje for byggjeplanar gjeld reguleringsplan med tilhøyrande føresegner. 2.4 Plassering og utforming av bygningar skal vere fastsett i samband med byggemelding. 2.5 Byggegrense mot veg er vist på plankartet. 2.6 Ubebygde delar av tomta skal ikkje nyttast til lagring. 2.7 Transformatorkiosker, kabelskap o.l kan oppførast i området etter nærare avtale, og då berre der dei etter kommunen sitt skjønn ikkje er til ulempe. 2.8 Ved byggjearbeid skal det takast all mogleg omsyn til terreng og vegetasjon. 2.9 Bustadhus og hytter skal tilkoplast godkjent vatn- og avløpsanlegg. Det må liggja føre samla plan for teknisk anlegg og godkjent utsleppsløyve for heile naustområdet før byggjeløyve kan gjevast i naustområdet. 2.10 Det skal opparbeidast fartsdumpar i vegen frå kyrkja mot Anglevik før nye hus kan tas i bruk. Kostnaden med fartsdumpar tas av utbyggjar. 2.11 Tiltak i sjø som faller inn under hamne- og farvasslova skal godkjennast av Karmsund Hamnevesen. Tiltak som kaiar, flytebrygger, utfyllingar, sjøleidningar m.m. krev løyve frå hamnemynde i tillegg til handsaming etter plan- og bygningslova, jf. Hamneog farvasslova 27. Tiltakshavar pliktar å gje melding til Bergens Sjøfartsmuseum dersom ein under arbeid i sjøområda finn skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminne. Dersom kulturminne på sjøbotnen kan bli råka av tiltaket, må arbeidet under vatn straks stoppast. Verksemda må i så fall ikkje takast opp att før museet har undersøkt og eventuelt frigjeve områda. Eventuelle brot på desse vilkåra vil vere i strid med føresegnene i Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne. 3.0 BYGGEOMRÅDE 3.1 OMRÅDE FOR BUSTADER 3.1.1 Innanfor området regulert til bustader, kan det oppførast frittliggjande bustadhus. Tillatt bebygd areal, BYA( inkl. garasje/uthus), må ikkje overstige
25% av tomta sitt areal. Det kan byggjast maks 2 høgder + kjellar. Maks gesimshøgde er 6 m. 3.1.2 Det skal nyttast saltak med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Takform vert fastsett i samband med byggemeldinga. 3.1.3 Det skal vere plass til garasje og minst ein biloppstillingsplass på eigen grunn. Frittliggjande garasje kan innanfor føresegnene i byggeforskriftene førast opp i nabogrensa. Plasseringa skal godkjennast av kommunen. Plassering av garasjen skal vere vist på situasjonsplanen som fylgjer byggemeldinga for bustadhuset, sjølv om garasjen ikkje skal byggjast med det same. 3.1.4 Inngjerding og planting skal ikkje vere sjenerande for nabo eller almen ferdsel. Ubebygd areal skal gjevast ei tiltalande utforming. Kommunen kan gje pålegg i kvart einskilt høve. 3.1.5 Ved private avkjørsler skal det ikkje setjast opp hekk, gjerde eller andre sikthindringar nærare enn 3 m frå vegen. 3.2 OMRÅDE REGULERT TIL NAUST 3.2.1 Det skal ikkje byggjast naust med meir enn 40 m2 BRA. Maksimal mønehøgd er 5 meter fra målt ferdig gulv 3.2.2 Det må dokumenterast veg/biloppstillingsplass eller tilkomstrett til nausttomta før frådeling og godkjenning av byggeløyve. 3.2.3 Isolasjon er tillat. 3.2.4 Garnloft skal vera utan knevegger. 3.2.5 Taket skal utformast som saltak, med takvinkel mellom 35 og 45 grader. Takutstikk bør vera knappe. Taktekking skal vera som på tradisjonelle naust. Takvindu vert ikkje godkjend på naust. 3.2.6 Både vindauge og dører må ha gode proporsjonar, og høve til resten av bygget. Vintlauga skal vera ståande (høge). Naust skal ikkje ha store glasflater. 3.2.7 Terrassar, balkongar, ark, karnapp eller rekkverk o.l. må ikkje byggjast. 3.2.8 Bygningen skal framstå som naust - både utvendig og innvendig - ikkje som hytte, bustad eller anna. 3.2.9 Det kan godkjennast utvendig spylekran med påkopling til utvendig vegg Det kan godkjennast toalett og dusj. Maksimal størrelse på våtrom er 4m 2. Sløyebenk og vask er tillat. 3.2.10 Fargebruk og materialbruk i murar, kledning og taktekking skal vera som for tradisjonelle naust, og harmonerast med omkringliggjande naustmiljø.
3.2.11 Sprenging, graving, utfylling og bygging i strandsona skal ikkje starta opp før det ligg føre ei samla fullstendig godkjent byggemelding for alle tiltak. 3.2.12 Nye tiltak skal ikkje ta i bruk meir av strandlina enn det som er naudsynt for bruken av naustet. 3.3 OMRÅDE REGULERT TIL HYTTER 3.3.1 Fritidshus skal ha karakter av frittliggjande hytte tilpassa terreng. Maks grunnflate på hytta er 90 m2. Det kan byggjast maks 1 høgd med innreidd loft. 3.3.2 Det skal nyttast saltak med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Takform vert fastsett i samband med byggjemeldinga. 3.3.3 Nærområde utanfor skal kunne nyttast til brygger og båtfortøying. 3.4 OMRÅDE REGULERT TIL RORBUER 3.3.l I området kan det byggjast bygningar med kombinert føremål: Naust og fritidshus. 3.3.2 Det kan byggjast maks. 2 høgder. Maks. mønehøgde er 6,5 m. 3.3.3 Takvinkel skal vera 35-45 grader. 3.3.4 Utforming av bygningane skal elles vera i samsvar med føresegner for rorbuer i gjeldande kommuneplan for Bømlo kommune. 4.0 LANDBRUKSOMRÅDE 4.1 Området skal nyttast til tradisjonell skog- og landbruksdrift. 5.0 OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE 5.1 Regulert veg skal opparbeidast etter tekniske planar godkjent av kommunen, slik at den kan overtakast som offentleg veg. 5.2 Regulert vegbreidd er vist på plankartet. 6.0 FRIOMRÅDE 6.1 Friområdet skal nyttast til park/turveg. 7.0 SPESIALOMRÅDE
7.1 Frisiktsone. Arealet vil i planen være kombinert med andre føremål. 7.2 Det kan ikkje førast opp tekniske innretningar med høgd større enn O,5m over vegen. Areal som ligg høgare skal planerast ned til 0,5m over veg. 8.0 FELLESOMRÅDE 8.1 FELLES AVKJØRSEL/PARKERING/SNUPLASS 8.1.1 Felles veg kan nyttast av tilgrensande eigedommar. 8.1.2 Der anna ikkje er bestemt, skal all biloppstilling skje på eigen grunn. 8.1.3 Parkeringsplassane kan nyttast av tilgrensande hytte/ naust område. 8.2 FELLES LEIKEOMRÅDE 8.2.1 Området skal nyttast til leik og fritidsaktivitet. Vegetasjon og landskap skal i størst mogleg grad ivaretakast. 8.2.2 Sandkasseplassar og andre leikeområde skal opparbeidast etter godkjende detaljplanar. 8.2.3 Fellesarealet skal vere felles for alle hus og hytter i planområdet. 8.3 FELLES BÅTHAMN 8.3.1 Området kan nyttast til molo, brygger og båtfeste. 8.3.2 Felles båthamn kan nyttast etter eigen avtale med grunneigaren. 8.4 FELLES GANGVEG 8.4.1 Der ikkje anna er bestemt, kan felles gangveg nyttast av tilgrensande eigedommar. Rev.: 09.03.99 Vedtak kommunestyret 12.04.99 Rev.: 30.04.07 Rev.: 16.06.08 Rev.: 29.05.09 J. Tufteland AS Rev.: 04.07.16 EDB Tjenester Norge Ltd
J. TUFTELAND AS