V2.17 Synfaring til kraftverk nr. 0712 Tysdag 22.02.2005 kl. 12.30 Med på synfaring: Lars Jenssen, Dorothee Huber og Steinar Lund Kraftverket var bygd i 1913, men er seinare påbygd og modifisert. Kraftverket har to aggregat. Det er to inntak som har røyrgate til kvart sitt aggregat. Maskinfakta nedanfor er gjeldande for maskina med det høgste inntaket, vi såg på det lågaste. Figurskissene viser derfor det lågaste inntaket. Dei to inntaka er identiske i utforming, men av litt ulik storleik. Dei vart bygd i 2002. Før ombygging var inntaka var ofte problematiske, spesielt med tanke på drivgods. Under planlegging av det nye inntaket har dei hatt fokus på dette problemet. Eigar er P/L Utvik E-verk, eit andelslag frå 1913. Kontaktperson er Rasmus Hage (913 27 868). Han har drifta av kraftverket som deltidsjobb. Hage har vore svært aktiv i planlegginga av dei nye inntaka. Tekniske data Feltstørrelse, km 2 : Middelvassføring, m 3 /s: Namn vassdrag: Kommune: Fylke: ukjend ukjend ukjend Stryn Sogn og Fjordane Installert effekt. kw: 750 på ei maskin Årsproduksjon, planlagt, GWh: ukjend Årsproduksjon, reell, GWh: ukjend Slukeevne, l/s: 700 Tal turbinar: 2 Turbintype: Horisontal francis Trykkhøgd, m: 254 Inntaket Elva er sperra av ein platedam i betong. Det er eit basseng oppstrøms dammen, merka I på figurane. Inntaket er på sida. Her blir vatnet tatt inn gjennom ei grovvaregrind med vertikale impregnerte trestavar i dimensjon 5/4x4. Desse er skråstilte for at drivgods ikkje skal hekte seg. Frå dette sekundærbassenget, merka II, renn vatnet inn ei luke med hydraulisk styrt lukeblad. Frå dette overbygde kammeret, merka III, blir vatnet på nytt leda inn på sida gjennom ei finvaregrind i svart plast. Denne har ståande stavar. Kammeret innanfor finvaregrinda er merka IV. Nedstrøms inntaksluka er ei ny luke, til tapping. Når tappeluka opnast, og inntaksluka stengjast, vil noko av vatnet på innsida av finvaregrinda (kammer IV) renne tilbake gjennom grinda (til kammer III) og dra med seg det som eventuelt har festa seg. Vidare blir dette spylt ut gjennom tappeluka. Kammera er merka på figur 2 29, 2 30 og 2 31. Patentet fungerer i følgje Rasmus Hage svært bra. Når ein manøvrerer lukene på denne måten er det svært lite som må fjernast manuelt frå finvaregrinda. 120
Problem: Før ombygginga var det eit frontalinntak. Det var ofte problem med drivgods og lauv som tetta varegrinda. Reinskejobben var vanskeleg og risikabel. Det hendte at både varegrinda og luka framfor grinda vart blokkert av drivgods. Ved høge vassføringar var det då nesten uråd å gjere noko med problemet. Til slutt vart heile inntaket bygd om. Hittil har dei berre positive erfaringar, og er svært nøgd med det nye inntaket. figur 2-29 Planskisse over inntaket. figur 2-30 oppriss av inntaket sett motstrøms. 121
figur 2-31 Lengdesnitt av inntaket. 122
V2.18 Synfaring til kraftverk nr. 0713, Vasstaket kraftverk Tysdag 22.02.2005 kl. 09.00 Med på synfaring: Lars Jenssen, Dorothee Huber og Steinar Lund Kraftverket vart bygd i 2000. Eigarar er Sigmund Haugen (95 93 83 30, 57 87 78 82) og Jens Hogrenning. Dei to planla kraftverket gjennom 4 år og bygde det meste på under eit halvår. Dei har gjort grundig forarbeid og har derfor tatt høgde for dei fleste problemstillingar i tilknyting til inntak. BNT har levert maskineri, Ing Hermod Seim har bidrege under inntaksplanlegginga.(utbyggjarene planla sjølv, men måtte ha ingeniør for å få det godkjent) Inntaket er plass støypt, stasjonsbygningen består av prefabrikkerte betongelement. Tekniske data Feltstørrelse, km 2 : 20 Middelvassføring, m 3 /s: 1,3 Namn vassdrag: Hogrenningelva Kommune: Stryn Fylke: Sogn og Fjordane Installert effekt. kw: 612 Årsproduksjon, planlagt, GWh: 4 Årsproduksjon, reell: 3,7 Slukeevne, l/s: 400 Tal turbinar: 1 Turbintype: Hor. pelton Trykkhøgd, m: 200 netto Styring: Automatisk, trykkcelle i inntak Rørgata er 552 m lang. Materialet er Duktilt betongfora stjøpejern, av fransk fabrikat. Rørgata er nedgravd. Diameter er 400 mm. Inntaket Vatnet blir leda frå elva i ei utsprengd renne inntil ein bratt fjellvegg. Fjellveggen dannar den eine sida i renna, den andre sida er i betong, sjå figur av snitt A A. Noko innanfor innløpet er eit bjelkestengsel. I enden av renna er eit sandfang med botntapperør. Avgrensinga mellom sandfanget og inntaksbassenget er ein terskel. Varegrinda er på 1,2 x 3 m 2. Med ei slukeevne på 0,4 m 3 /s gjev dette ein inntakshastigheit på 0,11 m/s. Lysopninga er 20 mm, og grinda er av PE for å motvirke ising. Grinda er levert av Aquaservice. Problem: Det vart danna sarr då deler av bjelkestengselet vart gløymt i utsparringa. Då stengselet vart fjerna, var problemet løyst. Det rann over frå lufteventilen og inn i inntakshuset (huset som inntakskonet er bygd inn i) ved avslag av maskin. Dette skuldast at lufteventilen ikkje var høg nok. Eigarane forlenga røret. 123
Varegrinda blir reinska 1 gong i veka. Kommentar til kraftverket: Inntaket er svært gjennomtenkt, og kraftverket er nærmast problemfritt. figur 2-32 Planskisse av inntaket. figur 2-33 Lengdesnitt av inntaket. Hellinga av renna er overdriven. figur 2-34 Tverrsnitt A - A. Plasseringa er vist på planskissa. 124
V3 Rapportar frå telefonundersøking 125
V3.1Telefonundersøking, kraftverk nr. 801, Breiskallen kraftverk 20.01.05 kl. 09.50 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 294 Middelvassføring, m 3 /s: 4,7 Namn vassdrag: Åvella Byggjeår: Eigar: Kontakt: 80-talet Vokks Kraft Olav Stensli 61 11 27 50 Rørgate Materiale: GUP Lengd, m: 600 Diameter, mm: ca. 1300 Maskin Installert effekt. kw: 900 Årsproduksjon, reell, GWh: ukjend Årsproduksjon, planlagt, GWh: 4,4 Slukeevne, l/s: 4 Tal turbinar: 1 Turbintype: dobbel francis Trykkhøgd, m: 27 netto Styring: automatisk frå vannstand Prosjektering: Ukjend. Ny eigar for 3 år sidan Inntaket Gravitasjonsdammen er i betong, og omtrent 15 m lang. Høgda er 2,5 3 m. Flomløpet er eit fritt overløp med lengd 15 m. Dammen har ei botnluke med manuell manøvrering. Vidare er det ei driftsluke i stål med hydraulisk manøvrering. Luka er ei glideluke. Varegrinda har ståande stavar og klokkestyrt automatisk rive. Problem: Grovvaregrinda går tett av greiner og lauv. I periodar må det reinskast dagleg. Andre opplysningar: Minstevassføringa er på 150 l/s. Årsproduksjonen har auka frå 4,4 i snitt dei siste 10 åra til 5,5 i snitt dei siste 3 åra. Vokks kraft, som tok over for 3 år sidan, meiner dette skuldast meir effektiv drift. Vokks Kraft AS har 8 små kraftverk. Dei fleste har konvensjonelle inntak i magasin. Her vart vald ut eit elveinntak, som er mest relevant for BEDUIN. 126
V3.2Telefonundersøking, kraftverk nr. 802 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 19,6 Middelvassføring, m 3 /s: 1,01 Navn vassdrag: Bessa Byggeår: 96 Eigar: Knut Lund Rørgate Materiale: Lengd, m: 700 stål 250 mm, støpejern 300 mm, plast 300mm Maskin Installert effekt. kw: 98 Årsproduksjon, reell, GWh: 0,732 Årsproduksjon, planlagt, GWh: - Slukeevne, l/s: 200 Tal turbinar: 1 Turbintype: pelton Trykkhøgd, m: 150? Styring: manuell Prosjektering: Ola O. Håvardsrud, sjølvlært (var med på 50-Talet) Inntaket Vatnet blir leda i eit plastrør i ei grøft frå elva til inntaksbassenget, som ligg attmed elva. Dammen er i betong, har lengd 4 m og høgd 2,5 m. Flomløpet er ei spalte på 100 mm breidd i dammen. Ved større flom er heile damkrona overløp. Botnluka er ein rørstuss med ventil. Denne har manuell manøvrering og diameter 250 mm. Det går an å skyfle ut sediment gjennom denne med krafse. Topp inntak er dykka 1,5 m. Varegrinda har areal (0,6m) 2 = 0,36 m 2. Hastigheita gjennom grinda blir (0,2m 3 /s) / (0,36 m 2 ) = 0,77 m/s. Lysopninga er 10 mm. Problem: Før rann vatnet direkte i grøfta frå elva til inntaksbassenget. Det var problem med krav botnis. Elva rann då oppå, og ikkje inn i inntaket. Derfor har eigar lagt plastrør i grøfta. Problemet er kraftig redusert. Andre opplysningar Kraftverket vart bygd i 1948. Det var då eit likestrømsanlegg på 48 kw. Det vart rehabilitert i 1961, med rør frå Trondheim og Bodø (350 m + 300 m) Anlegget rauk i ein flom i 1995, då vart det bygd nytt inntak. Eidefoss kjøper overskotskrafta. 127
V3.3Telefonundersøking, kraftverk nr 804, Skoltefoss kraftverk 20.01.05 kl. 09.15 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : Middelvassføring, m 3 /s: Navn vassdrag: ukjend ukjend Øyangen Byggeår: 1988 Eigar: Vannkraft Øst Kontakt: Odd Jørgensen 61 35 85 81 Rørgate Materiale: plast PN6 + tre Lengd, m: 50 m + 100 m Diameter, mm: 1500 Maskin Installert effekt. kw: 700 x sin ϕ Årsproduksjon, reell, GWh: 2,8 Årsproduksjon, planlagt, GWh: 2,4 Slukeevne, l/s: 5500 Tal turbinar: 1 Turbintype: kaplan Trykkhøgd, m: ca 20 Styring: ukjend Prosjektering: Bjarne Nereng Inntaket Inntaket ligg i elv. Dammen er i betong, integrert i ei bru. Lengda er 10 m. Flomløpet er eit fritt overløp på 10 m. Varegrinda er dykka ca 1 m. Grindreinskinga er manuell. Trykket framfor turbina, vassføringa og kraftproduksjonen blir målt. Problem: Drivgods er eit sjeldan problem. Det har vore kvist og kvas i turbinhjulet. Andre opplysningar kraftverket tek inn elva Øyangen. Anlegget ligg i Øystre Slidre i Oppland. Dagens kraftverk er bygd i 1988, men det var bygd kraftverk her allereie i 1920. 128
V3.4Telefonundersøking, kraftverk nr 805, Eid kraftverk 20.01.05 kl. 09.15 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : Middelvassføring, m 3 /s: 60-70 Navn vassdrag: Byggeår: 2000 Eigar: Vannkraft Øst Kontakt: Odd Jørgensen 61 35 85 81 Rørgate Materiale: Lengd, m: Diameter, mm: Maskin Installert effekt. kw: 4600x2 Årsproduksjon, reell, GWh: 5,2 Årsproduksjon, planlagt: 5,2 Slukeevne, l/s: 85 000 Tal turbinar: 2 Turbintype: kaplan Trykkhøgd, m: 12,5netto Styring: Prosjektering: Norconsult automatisk frå vannstand Vannkraft Øst er under Oppland Energiproduksjon (61 22 14 00). Dei har kraftverka Fossheimfoss 2 MW, Kjøljuva 0,8 MW, Eid 9,2 MW. Her vart Eid vald som eksempel. Inntaket Dammen er ein platedam i betong. Høgda er 14 m. Flomløpet er 2 luker. I tillegg er det to hydrauliske botnluker, type segment. Desse har dimensjonar 12,5 x 8 m 2. Inntaket er dykka 9 m. Varegrinda har lysopning 50 mm og blir renska med ein grabb. Falltapet over varegrinda blir målt. Ved ein terskelverdi blir Jørgensen varsla på mobil. Problem: Det blir ein del lauv, siv og buskar i inntaket. Lenser vart lagt ut i haust. Framleis har dei for lite driftserfaring til å fastslå kor effektivt dette er. Hittil verkar lensene lovande. Sarr hindrar vatn i å nå inntaket. Vatnet flommar då over jordbruksland. Sarrdanninga skuldast eit grunt parti i elva. Dei handterer dette ved å senke vannstanden til det løyser seg opp. Mogleg sarrproblemet kan reduserast ved å utvide elveløpet (graving, sprengning) i det kritiske partiet. Andre opplysningar Varegrind i glasfiber er vurdert, men ikkje gjennomført. Dette pga tvil om slitasjeeigenskapane mot grabben. Fisketrapp er bygd, denne er vellykka. Der vandra 452 fisk i år, og 700 i fjor. 129
V3.5Telefonundersøking, kraftverk nr. 1401 25.01.05 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 43 Middelvassføring, m?/s: 1,3 Navn vassdrag: Ueråna Byggeår: 94-94 Eigar: Olav Gustav Gurebo 37 04 52 71 90 18 67 99 Rørgate Materiale: GRP Lengd, m: 230 Diameter, mm: 800 Maskin Installert effekt. kw: 170 Årsproduksjon, reell, GW: 0,8 1,3 Årsproduksjon, planlagt: Slukeevne, l/s: 1650 Tal turbinar: 1 Turbintype: Francis Trykkhøgd, m: 18,4netto Styring: manuell Prosjektering: Hernes Prosjekter. (Hernes har vore ansatt i NVE) Inntaket Dammen er i betong, 4 m høg og 8 m lang. Det frie overløpet er 25 m langt, og adskilt frå dammen ved ein steinknaus. Topp inntak er dykka mellom 1 og 3 m. Driftsluka er 2 x 3,5 m2, i tre. Denne blir manøvrert med talje, det fungerer greitt. Inntaksbassenget er ein fløtedam på 100 mål. Mellom bassenget og eit anna vatn er to plastrør som har mindre kapasitet enn kraftverket. Det meste av drivgodset går over overløpet. Eigar rakar varegrinda 1-2 gonger i veka om hausten. Varegrinda er i aluminium. Arealet er 2 x 4,5m 2, og lysopninga 3,5 cm. Hastigheita gjennom grinda blir 1,65 m 3 /s / 9 m 2 = 0,18 m/s. Problem: Her er ingen problem direkte knytt til inntaket. Verknadsgraden er merkbart redusert etter rehabilitering av maskina. Eigar vil gjerne auke kapasiteten på røra mellom inntaksbassenget og nabovatnet. Dette protesterer naboen på. 130
V3.6Telefonundersøking, kraftverk nr. 1502, Damtjønn kraftverk Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : Middelvassføring, m 3 /s: Navn vassdrag: ukjend ukjend ukjend Byggeår: 1992 Eigar: Vegard Moe 930 04 030 35 97 55 81 Rørgate Materiale: plast Lengd, m: 400 Diameter, mm: 125 Maskin Installert effekt. kw: 5,5 Årsproduksjon, reell, GWh: 0,04 Årsproduksjon, planlagt, GWh: 0,04 Slukeevne, l/s: 0,014 Tal turbinar: 1 Turbintype: pelton Trykkhøgd, m: 70 Styring: ukjend Prosjektering: Fossing rør og tresliperi Inntaket Fyllingsdammen er mellom 20 og 25 m lang og 3 m høg. Flomløpet er eit fritt overløp med lengd 2 m. Dykkinga (avstand til topp inntaksrør) er 2 m. Inntaksrista er ei stålplate med 8 mm hol Problem: Humus tettar risthola. Hola er små, og det er antakeleg høgt humusinnhald i vatnet. Eigar stakar opp hola med jamna mellomrom. Rista bør erstattast med ei varegrind med ståande stavar. Denne er enklare å reinske. Dessutan tek det nok lenger tid å tette spaltene mellom stavane enn det tek å tette hola. Kraftverket er så å seie problemfritt. 131
V3.7Telefonundersøking. kraftverk nr. 1503, Trontveit Kraftverk Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 15 Middelvassføring, m 3 /s: 0,48 Navn vassdrag: Trontveitåni Byggeår: 1992-1996 Eigar: Jan Wærstad 67 55 09 06 Rørgate Materiale: stål, plast Lengd, m: 525 Diameter, mm: 325i, 360y Maskin Installert effekt. kw: ukjend Årsproduksjon, reell, GWh: ukjend Årsproduksjon, planlagt, GWh: 0,7 Slukeevne, l/s: 400 Tal turbinar: 2 Turbintype: pelton Trykkhøgd, m: 100 Styring: manuell Prosjektering: Fossing bruk, NVE Inntaket Dammen er ein platedam i betong, 15 m lang. Høgda er 3 m. Flomløpet er eit fritt overløp med lengd 15 m. Driftsluka er ei stålplate med manuell manøvrering. Inntaket er dykka 2 m. Varegrinda har areal 1,5 x 1 m 2 og lysopning 2,3 cm. Problem: Det blir ein del pinnar, kvast og lauv i inntaket. Dette reinskar eigar ut for hand. Kraftverket hadde og luftproblem. Dette skuldast at røret låg med motfall eit kort strekk. Røret vart justert, og det var vellukka. Sarr fører ein sjeldan gong til tetting av varegrinda. Dette skjer ved barfrost, svært sjeldan. Eigar skrapa isen av for hand. Varegrind av plast er eit alternativ. Problemet oppstår sjeldan, og eigar kunne leve med å skrape is dei få gongene det vart problem. Andre opplysningar: Avrenning, l/skm 2 : 32 Middelvassføringa er berekna frå dette talet, som Wærstad oppgav. Turbina er italiensk, dynamoen er levert av siemens. 132
V3.8Telefonundersøking, kraftverk nr. 1803, Rotnes Minikraftverk Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : ukjend Middelvassføring, m 3 /s: 3,8 Navn vassdrag: Nitelva Byggeår: 1940 Eigar: Rotnes Bruk Kontakt: Andreas Rotnes 99 74 4000 Rørgate Materiale: stål Lengd, m: 120 Diameter, mm: 1300 Maskin Installert effekt. kw: 240 Årsproduksjon, reell, GWh: 1-1,5 Årsproduksjon, planlagt, GWh: ukjend Slukeevne, l/s: 2500-3000 Tal turbinar: 1 Turbintype: Trykkhøgd, m: 10 Styring: horisontal dobbel francis Turbinstyring, PLS med GSM-sendar Kort om kraftverket: Anlegget vart bygd i 1905. I 1940 vart det flytta og ombygd. Kraftverket havarerte i 1987. 1 Mkr vart investert, og stasjonen var drift att i 1996. Maskina er på 300 kva teoretisk. Ø = 0,8 240 kw. No blit maskina kjørt på 170 kw pga ulydar ved større pådrag. Anlegget hadde i utgangspunktet ein gamal steinfyllingsdam (mølledam) frå 1881. Inntaket I dag er dammen ein gravitasjonsdam av betong. Lengda er 30 m, og høgda 1,5 m. Flomløpet er fritt langs heile krona, i tillegg er det nåleluker. Eigar må gå på flomløpet for å manøvrere desse. Noko risikabelt, kona liker det ikke. Det er ei driftsluke i inntaket. Det går ein 30 m lang kanal frå dammen til inntaket, som ikkje er dykka. Grovvaregrinda er 2,5 x 1m 2 og har lysopning på 4 5 cm. Finvaregrinda er 5 m2. Falltapet over dei to grindene totalt blir målt. Hastigheita gjennom grinda blir 3 m 3 /s / 2,5 m 2 = 1,2 m/s. Problem: Gras, mose frå botn, vedpinnar og løv tettar varegrinda. Eigar reinskar for hand. Grinda er ikkje dykka. Det er uheldig. Dessutan er arealet lite i forhold til slukeevna, hastigheita er høg. Større varegrind hadde redusert problemet. Dykking hadde og vore gunstig. Ved dykking hadde ein framleis fått ein del rask på grinda, men ein del drivgods er flytande, og denne fraksjonen hadde ein unngått. Sarr tettar grindene. Dette skjer ikkje kvart år, og kan då vurderast som bagatellmessig. Hadde det vore eit hyppig problem, kunne ein anbefalt tiltak som for eksempel varegrind i plast. Isgang har ført til litt skader. Det har av og til blitt ei iskappe i røret. Røret er ikkje nedgravd. Det har hendt at maskina måtte stoppast. Ved oppstart har det kome ein del stygge smell i det isen ramlar ned i stasjonen. Hittil har maskina kome uskadd frå det Andre opplysningar Eigar meinte nedslagsfeltet var anten 23 eller 41 km 2. Avrenninga er på om lag 133
17 l/skm 2,dette gjer middelvassføringar på høvesvis 0,391 og 0,697 m 3 /s. Eigar oppgav ei middelvassføring på 3,8 m 3 /s. Her er det ikkje samsvar. Effekt = 1000 kg/m 3 x 9,81 m/s 2 x 2,5 m 3 /s x 10 m = 245 kw Middelvassføringa stemmer nokolunde med oppgitt effekt, så her er antatt at oppgitt verdi på nedslagsfeltet er feil. 134
V3.9Telefonundersøking, kraftverk nr 1901 G, Gapestad 19.01.05 kl. 0900 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 464,2 Middelvassføring, m 3 /s: 6,7 Navn vassdrag: Rakkestadelva Byggeår: 1985 Eigar: NGK Kontakt: Tore Riddervold 91 68 27 19 57 66 72 40 Maskin Installert effekt. kw: 0,46x3 Årsproduksjon, reell, GWh: 4,5 Årsproduksjon, planlagt, GWh: 4,8 Slukeevne, l/s: 2500x3 Tal turbinar: 3 Turbintype: propell, snudd pumpe Trykkhøgd, m: 6 netto Styring: automatisk Prosjektering: Flükt pumper, Oslo Kort om kraftverket Gapestad kraftverk er eit av 4 kraftverk i Rakkestad Kraftverker Da. I undersøkinga vart to kraftverk vald ut til prosjektet, Gapestad og Haugaard. NGK: Norsk Grønn kraft. Består av Akershus kraft, Østfold E-verk, E-co, Buskerud kraft, 25% kvar i NGK. Andre kontaktar: Morten Karlsen, 95 28 40 65 adm. Dir norsk grønn kraft Bjørn Røvik 57 66 72 62, kraftverksjef Øystein Rafoss, E-co, 69 88 71 03 Inntaket Ein betongkulvert leier fram til tre loddrette inntaksrør i stål. Dammen er ein betongterskel med høgd 0,5 m. Flomløpet er eit fritt overløp med lengd 40 m. Inntaket ligg i enden av ein 40 m lang kanal og er dykka om lag 0,5 m. Kanalen står vinkelrett på dammen. Grovvaregrinda har areal 10 x 3 m 2, finvaregrinda har areal 3,5 x 3 m 2. Lysopningane er på høvesvis 150 mm og 50 mm. Finvaregrinda har ei hydraulisk rive. Hastigheita gjennom grovvaregrinda blir 7,5 m 3 /s / 30 m 2 = 0,25 m/s. Problem: Lauv, halm og gras tetta varegrinda. Bever forårsaka mykje kvist og kvas. Kombinasjonen av ulike typar samanfiltra drivgods var problematisk å reinske for hand. Det vart danna ein strømvirvel ned gjennom grinda når ho var dekt med mykje lauv og drivgods. Mykje av drivgodset kjem under overflata. Riddervold kalla vatnet suppevatn pga leirjord i vatnet. Grindreinskar vart montert, denne har fungert fint. 135
Noko sprengstein kjem og inn i inntaket. Dette blir fjerna med gravemaskin. Turbina bar tydeleg preg av sedimentslitasje. Dei gamle blada var i bronse. Desse vart erstatta med blad i syrefast stål, og dette var ei klar betring. Isflak hindrar av og til vatnet. Vidare blir det danna sarr i utløpet til kraftverket, dette medfører av og til problem i neste kraftverk 136
V3.10 Telefonundersøking, kraftverk nr 1901 H, Haugaard 19.01.05 kl. 0900 Tekniske data: Feltstørrelse, km 2 : 374,1 Middelvassføring, m 3 /s: 5,6 Navn vassdrag: Rakkestadelva Byggeår: 1985 Eigar: NGK Kontakt: Tore Riddervold 91 68 27 19 57 66 72 40 Maskin Installert effekt. kw: 0,14x3 Årsproduksjon, reell, GWh: 1 Årsproduksjon, planlagt, GWh: 1,84 Slukeevne, l/s: 2500x3 Tal turbinar: 3 Turbintype: propell, snudd pumpe Trykkhøgd, m: 6 netto Styring: automatisk Prosjektering: Flükt pumper, Oslo Kort om kraftverket Haugård kraftverk er eit av 4 kraftverk i Rakkestad Kraftverker Da. I undersøkinga vart to kraftverk vald ut til prosjektet, Haugaard og Gapestad. NGK: Norsk Grønn kraft. Består av Akershus kraft, Østfold E-verk, E-co, Buskerud kraft, 25% kvar i NGK. Andre kontaktar: Morten Karlsen, 95 28 40 65 adm. Dir norsk grønn kraft Bjørn Røvik 57 66 72 62, kraftverksjef Øystein Rafoss, E-co, 69 88 71 03 Inntaket Ein betongkulvert leier vatnet fram til tre loddrette inntaksrør i stål. Dammen er ein betongterskel med høgd 2 m. Flomløpet består av eit fritt overløp, med lengd 40m, og ei flomløpsluke. I tillegg har dammen ei botnluke med hydraulisk manøvrering. Luka er i stål, med dimensjonar 1,4(b)x1,8(h) m 2. Inntaket ligg i enden av ein 20 m lang kanal og er dykka om lag 1 m. Varegrinda er i stål, og arealet er på 4 x 2 m 2. Lysopninga er 5 cm. Grindreinsking foregår med hydraulisk rive som dreg med drivgods opp på dammen. Hastigheita blir 7,5 m 3 /s / 8 m 2 = 0,94 m/s. Problem: Lauv, halm og gras tetta varegrinda. Bever forårsaka mykje kvist og kvas. Kombinasjonen av ulike typar samanfiltra drivgods var problematisk å reinske for hand. Mykje av drivgodset kjem under overflata. Riddervold kalla vatnet suppevatn pga leirjord i vatnet. Grindreinskar vart montert, denne har fungert fint. 137
Av og til får dei halmballar og store tre i inntaket. Halmballane kjem frå jordbrukslandet, og trea er ofte felt av bever. Begge delar må parterast med motorsag og heisast ut med lastebilkran. Kommentar til inntaket Riddervold har drive med kraftverk i lang tid, og hadde ei rekkje gode råd: girlause maskiner er meir driftssikre og mindre støyande inntaksgrindarealet er for lite. Arealet bør aukast, hastigheita bør senkast i heile inntaket innløpet, som er traktforma, samlar opp alt drivgodset. Denne utforminga er dårleg. Inntaket må ha ein geometri som gjer det lettare å få drivgods forbi propellturbin med asynkron generator gjer dårleg verknadsgrad i eit elvekraftverk med store variasjonar i driftsvassføring. I elvekraftverk bør ein ha ei meir fleksibel maskin Riddervold er ikkje heilt nøgd med turbinane frå Flükt. Dei har slutta å produsere turbinar grindreinskeapparat er viktig for helse og stabil drift 138
V4 Kostnadsoverslag kraftverk Sørdalen 139
V4.1Kraftverk I 140
141
142
V4.2Kraftverk II 143
144
145
V4.3Kraftverk III 146
147
148
V4.4Kraftverk IV 149
150
151
V4.5KraftverkV 152
153
154
V4.6Kraftverk VI 155
156
V4.7Kraftverk VII 157
158
V4.8Kraftverk VIII 159
160
V4.9Kraftverk IX 161
162
V4.10 Kraftverk X 163
164
V4.11 Endeleg overslag Sørdalen 165
166
167
V5 Kostnadsoverslag kraftverk Borddalen 168
V5.1Kraftverk I 169
170
V5.2Kraftverk II 171
172
V5.3Kraftverk III 173
174
V5.4Kraftverk IV 175
176
V5.5Kraftverk V 177
178
V5.6Kraftverk VI 179
180
V5.7Endeleg overslag Borddalen 181
182
183
V6 Utrekning av kanallengd og tunnellengd Kanallengd Vel helling på grøfta slik at strømminga blir kritisk. Set breidda B = 2 m, og reknar med middelvassføring, Q = 3,63 m3/s. Gravitasjonskonstanten g = 9,81 m/s2. Reknar ut arealet A: Q 2 B/(gA 3 ) = 1 A = (Q 2 B/g)1/3 = [{( 3,63 m 3 /s)2 x 2 m} / 9,81 m/s 2 ]1/3 = 1,39 m 2 Vassdjupn H: H = A / B = 1,39 m / 2 = 0,70 m Våt omkrets P: P = B + 2H = 2 m + 2 x 0,70 m = 3,4 m Hydraulisk radius R: R = A / P = 1,39 m 2 / 3,4 m = 0,4 m Mannings formel, for å finne kritisk helling hf / L (antek at Mannings tal M = 30): I = h f / L = (Q 2 ) / (M 2 x A 2 x R 4/3 ) = (3,63 m 3 /s) / ({30 m 1/3 /s} 2 x {1,39 m 2 } 2 x {0,4 m} 4/3 ) = 0,025 Set altså grøftehellinga I = 0,025 figur 6-1 prinsippskisse av forenkla terrenghelling i elveløp. I følgje 1:5000 kart går elvebotnen ned 5 m 80 m nedanfor overløpsterskelen. for å forenkle berekninga er det her antatt at elvebotnen har konstant helling mellom høgdekotene. Figuren over viser den forenkla geometrien. Botnen av grøfta skal flukte med botnen i inntaksbassenget. Med helling I = 0,025 blir grøftebotnen då liggjande 184
h = 0,025 x 80 m = 1,96 m under bakken 80 m nord sør for overløpet. Nedanfor dette punktet går elvebotnen 5 m ned dei neste 45 meterane. For å finne den resterande grøftelengda løysast følgjande likning, I1 er terrenghelling og I2 er grøftehelling: I 1 x X = I 2 x X + 1,96 X = 22,7 m Totallengda til grøfta blir då 22,7 m + 80 m = 102,7 m Tunnellengd Antek manningstal M = 60 m 1/3 /s. Vel areal A = 2 m 2. diameteren D blir då lik D = [(4 x A)/π] 1/2 = [4 X 2 m2/3,14] 1/2 = 1,6 m Våt omkrets P blir P = D x π = 1,6 m x 3,14 = 5,01 m Hydraulisk radius R blir R = A/P = 2 m 2 / 5,01 m = 0,40 m Dette medfører ei helling på I = Q 2 /(M 2 x A 2 x R 4/3 ) = (3,63 m 3 /s) 2 /((60 m 1/3 /s) 2 x (2 m 2 ) 2 x {0,4 m} 4/3 ) = 0,0031 Reknar lengda etter same prinsipp som kanalen, og får ei lengd L på 82,3 m. Då er det rekna på ei linje som strekkjer seg frå botnen av bassenget og sørover. Tunnelen har ei høgd og vil i prinsippet nå dagen før denne lengda, som då blir konservativ. Sidan høgdene er henta frå 1:5000 kart må desse verdiane reknast som ganske usikre. 185
V7 Slamsugar I mange inntaksbasseng blir det avsett sediment. Dette skjer pga den låge vasshastigheita. Bassenget kan bli fylt opp, slik at ein ikkje får tak i driftsvatn. Sedimenta kan tette inntak, varegrind, luker og tappeløp. Sedimenta kan kome vidare inn i vassvegane og medføre slitasje på turbin, ledeapparat, ventiler og luker. Ein måte å handtere dette på, er å tappe ut vatnet frå bassenget og grave ut sedimentet. Dette er billig og enkelt. Ulempa er at ein mistar produksjonsvatn under operasjonen. Eit alternativ er å nytte slamsugar med hevertprinsipp. Sugehovudet er då utforma slik at både vatn og sediment blir sugd inn. Prinsippet for heverten er vist i figurane under. figur 7-1 prinsippskisse av slamsugar med slange gjennom dammen. Dersom det er tapperør i dammen, går det an å kople denne til hevertsystemet. Fordelen då er at alt er dykka. Dermed er det nok å skru opp ventilen, eventuelt senke nedstrøms ende av slangen, så vil vatnet byrje å renne. Ulempa er at dersom røret går tett under dammen, kan det vere ein betydeleg jobb å utbetre dette. figur 7-2 prinsippskisse av slamsugar med slange over dammen. I denne figuren er slangen lagt over krona på dammen. Dermed har ein tilgang til heile slangen. Fordelen med det er at ein lettare kan utbetre om slangen går tett. Ei ulempe er at ein ikkje kan ha sugehovudet meir enn omtrent 7 m under høgbrekket på slangen. Ei anna ulempe er at ein må ha eit system for å starte heverten. 186
figur 7-3 skisse av detalj for å starte heverten. I utgangspunktet er vannstanden lik innanfor og utanfor røret på oppstrøms side før bruk. Resten av røret er luftfylt. For å starte heverten kan denne prosedyren nyttast: ventil I og III blir stengt ventil II blir opna røra blir fylt med vatn gjennom røret over ventil II ventil II bli stengt ventil I og III opnast Det er viktig at ein får fylt opp leidningen ordentleg, at all luft er pressa ut. Eventuelle luftbobler vil kunne øydeleggje hevertverknaden. Vidare er det viktig at enden av nedstrøms slange er godt under vass - spegelen når ventilane blir opna. I teorien må fallhøgda vere minst like stor som falltapet. 187
figur 7-4 døme på utforming av slamsugarhovud. Fotograf: Dorothee Huber. figur 7-5 skisse av objeket på figur 7-4. Jacobsen (1997) beskriv eit eksperiment med slamsugar i Jhimruk. Dette eksperimentet vil bli raskt gjennomgått her for å gje ein ide om dimensjonar og kapasitetar. Oppsett for eksperimentet Eit 35 50 m langt rør var lagt inn i bassenget. Indre diameter var 0.125 m. Røret gjekk gjennom bjelkestengselet. Røret hadde ingen ventil, og systemet vart starta/stoppa ved at nedstrøms enda vart heva/senka. Total fallhøgd var begrensa til 2.0 2.1 m. Sedimenta var for det meste fin sand og silt, med litt innslag av stein på storleik med småpoteter. Resultat Kjøringa varte i 26 minutt. Omtrent 7 m 3 sediment vart sugd ut. Dette gjer ein kapasitet på 16 m 3 sediment i timen. Gjennomsnittleg konsentrasjon var omtrent 10%. Dette er eit svært enkelt og økonomisk system. Ein må nok rekne med litt prøving og feiling før ein får justert sugehovudet til kvart enkelt inntak. I Noreg er ikkje sediment eit så stort 188
problem som det er i for eksempel Nepal. Blant dei inntaka som vart synfart i BEDUIN, var det sjeldan aktuelt å reinske bassenget for sediment meir enn ein gong i året. 189
V8 Samanheng mellom vasshastigheit og problem med tetting av varegrind Nedanfor er lista opp dei anlegga som er undersøkt i BEDUIN. Målsetnaden her var å finne ein samanheng mellom vasshastigheit og grad av problem med tetting av varegrind. I ein del anlegg er både slukeevne og grindareal oppgitt, då er det greitt å rekne ut vasshastigheita. I andre anlegg manglar slukeevna. Der det er mogleg er denne berekna frå andre data. I fleire av anlegga er ikkje vassføring og grindareal vitale data oppgitt. Anleggsnr: Hastigheit gjennom grind/sil, m/s: Reinskeintensitet: 301 5,8, rør med hol jamnleg 302 401 problem, det var einaste opplysning 402 403 0,21 Ny grind, uvisst 404 ukjend grindstorleik 405 ukjend grindstorleik nokre få gonger om hausten 406 ukjend silareal 407 ukjend silareal 408 0,24 Ikkje oppgitt, men problematisk 501 storleik sil ukjend 2 3 gonger for hausten 502 0,28 2 gonger sist haust 503 504 505 0,0675 fleire gonger for dagen 601 701 702 703 704 705 ikkje i drift 706 0,79 dagleg 707 0,24 ingen driftserfaring 708 0,127 ingen driftserfaring 709 0,28 ingen driftserfaring 710 ukjend silareal 711 0,4 akseptable intervall 712 svært stor sjeldan 713 0,11 1 gong i veka 801 ukjend dagleg, maskinreinsk 802 0,77 Ingen problem, fjellinntak 804 805 ukjend lite problem 1001 storleik grind ukjend 1002 1003 1004 1201 190
1202 1203 1401 0,18 1 2 gonger i veka om hausten 1501 1502 ukjend ristareal 1503 0,27 litt reinsk, ingen intervall oppgitt 1801 1802 1803 1,2 litt reinsk, ingen intervall oppgitt 1804 1901G 0,25 problem, ingen intervall oppgitt 1901H 0,94 problem, ingen intervall oppgitt 191