MØTEINNKALLING SAKLISTE. HOVUDUTVAL FOR OPPLÆRING Mo og Jølster vgs avd. Mo. Møtestad: Møtedato: Tid: kl. 10:00

Like dokumenter
Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Skulehelsetenesta oppsummering frå møta mellom skulane og vertskommunane ved oppstart av skuleåret

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Flora vidaregåande skule. Møtedato Kl. kl. 10:00 15:00

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Høringsnotat forslag til endringer i privatskoleloven

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

MØTE BOK. Sak 5/17 vart handsama først i møtet, deretter vart sakene handsama i kronologisk rekkefølgje.

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Sogn jord- og hagebruksskule, Aurland. Møtedato Kl. kl. 10:00

I budsjett 2014 og økonomiplan , kapittel 2 Budsjettprofil, heiter det m.a.:

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Ny GIV Overgangsprosjektet

Elev- og lærlingombod i HFK

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Delrapport 2 Modell 2

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

MØTEBOK. Hovudutvalet valde møteleiar og Ole Johnny Stubhaug til å godkjenne møteboka på vegner av organet.

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Åskora, 5 etg.) Møtedato Kl. 09:00 12:00

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

MØTE PROTOKOLL. Forfall til møtet: Alfred Bjørlo (V) (ikkje meldt forfall) Senea Sabanovic (Ap) Trude Brosvik (KrF)

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Finansutvalet, , FH-Sygna

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

MØTEBOK. Hovudutvalet for opplæring valde møteleiar og Trude Brosvik til å godkjenne møteboka på vegner av organet.

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Delrapport 7 Modell 7

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Spørsmålsrunde

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Delrapport 5 Modell 5

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

Høyringsframlegget til lokal inntaksforskrift er drøfta med rådgivarar og leiargruppa.

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Redusert eigendel elev-pc

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Høyring - endringar i forskrift til friskulelova m.m.

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse


MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Høring - forslag om endringer i privatskoleloven - ny friskolelov

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Søknader om fortrinnsrett kan delast i fire grupper, etter følgjande i forskrift til opplæringslova:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Transkript:

Side 1 av 1 Organ: Møtestad: MØTEINNKALLING HOVUDUTVAL FOR OPPLÆRING Mo og Jølster vgs avd. Mo Møtedato: 12.02.2014 Tid: kl. 10:00 Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling. SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel 1/14 14/272 Høyring - Framlegg om endringar i privatskulelova - innføring av mellombels dispensasjonsføresegn 2/14 14/824 Skriv og meldingar 12.02.2014

MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for opplæring Mo og Jølster vgs avd. Mo Møtedato 12.02.2014 Kl. kl. 10:00 14:00 Faste medlemer til stades: Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Norvall Nøringset (SV) Gunn Åmdal Mongstad (Sp) Per Atle Kjøllesdal (Sp) Nils P. Støyva (Ap) Karianne Torvanger (Ap) Henrik Oppen (Ap) Frida Melvær (H) Noralv Distad (H) Alfred Bjørlo (V) Det var ikkje kalla inn vara for Alfred Bjørlo (V) Ass. fylkesdirektør Tor-Einar H. Skinlo Fylkeshovudtillitsvald Rune Hovland Førstekonsulent Merete H. Nornes Merknader til innkalling og sakliste: Februarmøtet til hovudutvalet kolliderer med karrieremessa i Bergen for 2 år på rad. Fylkesdirektøren vart oppmoda om å prøve å legge til rette for at dette ikkje skjer igjen neste år. Utvalet vedtok ope møte. Møtebok frå 26.11.13 og 19.12.13 vart godkjend utan merknader. Orientering ved Mo og Jølster vgs, avd. Mo o Presentasjon og møte med elevar og tilsette. Munnlege orienteringar: Fylkesdirektøren informerte om oppfølging av God-betre-best og Den gode skuleeigar. I tillegg ga fylkesdirektøren ei status for arbeidet med prosjekt personal.

Møtebok Hovudutval for opplæring 12.02.2014 SAK 1/14 Høyring - Framlegg om endringar i privatskulelova - innføring av mellombels dispensasjonsføresegn Saka vart lagt fram utan tilråding Endringsframlegg: Høgre kom med følgjande framlegg til vedtak: «Sogn og Fjordane fylkeskommune har ikkje merknader til framlegget om mellombels dispensasjonsføresegn.» Arbeidarpartiet kom med følgjande framlegg til vedtak: 1. «Hovudutval for opplæring viser til at framlegg til ny friskulelov skal sendast på høyring hausten 2014. 2. Hovudutval for opplæring ber om at dispensasjonsregel for nye friskular ikkje vert innført no, og at lovverk kring oppretting av friskular vert handsama samla ved eventuell innføring av ny friskulelov.» Avrøysting: Noralv Distad (H) og Frida Melvær (H) røysta for framlegget til Høgre. Norvall Nøringset (SV), Gunn Åmdal Mongstad (Sp), Per Atle Kjøllesdal (Sp), Nils P. Støyva (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Henrik Oppen (Ap) røysta for framlegget til Arbeiderpartiet. Dette gir følgjande VEDTAK: 1. Hovudutval for opplæring viser til at framlegg til ny friskulelov skal sendast på høyring hausten 2014. 2. Hovudutval for opplæring ber om at dispensasjonsregel for nye friskular ikkje vert innført no, og at lovverk kring oppretting av friskular vert handsama samla ved eventuell innføring av ny friskulelov. -------------------------------------------------------- SAK 2/14 Skriv og meldingar 12.02.2014 VEDTAK: Skriv til orientering: 1. «Høyring Forslag til endringer av opplæringslova Påbygging til generell studiekompetanse», notat frå fylkesdirektøren datert 15.01.14 2. Søknad om oppretting av landsline/landsdekkjande tilbod for skiidrettar/skiskyting ved Stryn vidaregåande skule 3. «Betydningen av samarbeid mellom UMB og Sogn jord- og hagebruksskule», brev datert 26.11.13 frå universitetet for miljø- og biovitenskap 4. «Skulehelsetenesta møte med vertskommunen skuleåret 2013-2014, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.2014 5. Rapport frå skulebesøka 2013, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.14 Skriv til drøfting: 6. Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 - bestilling til hovudutvala, notat frå fylkesdirektøren datert 3.2.14 -------------------------------------------------------- Side 2 av 2

Side 1 av 3 Saksframlegg Saksbehandlar: Siri Merete Nedland, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 14/272-2 Høyring - Framlegg om endringar i privatskulelova - innføring av mellombels dispensasjonsføresegn Framlegg til vedtak: Fylkesdirektøren legg fram saka utan tilråding. SAKSFRAMSTILLING Kunnskapsdepartementet har i brev 10.01.2014 sendt på høyring eit framlegg til endring i privatskolelova. Framlegget er forankra i regjeringa Solberg si politiske plattform (Sundvoldenerklæringa), der det går fram at regjeringa vil opne for at fleire kan drive offentleg finansierte skular. Kravet til formål, slik det går fram av lova i dag, vert erstatta med krav til innhald og kvalitet. Regjeringa ønskjer at skular som oppfyller vilkåra skal ha rett til godkjenning med mindre ei heilskapsvurdering tilseier at godkjenning vil gje negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet. Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit større arbeid med sikte på heilskaplege lovendringar for å gjennomføre regjeringa sin politikk, mellom anna ei ny friskolelov. Desse framlegga skal sendast på høyring hausten 2014 og leggjast fram for Stortinget våren 2015. Nye private skular etter nytt lovverk vil difor først kunne starte hausten 2016. For å gjere det mogeleg å godkjenne einskilde private skular før ny lov er på plass, foreslår Kunnskapsdepartementet å innføre ein dispensasjonsregel. I særlege høve kan det gjevast godkjenning til private skular som ikkje fyller krava om grunnlag i privatskolelova 2-1, andre ledd. Private skular som vert godkjende etter dispensasjon skal kunne starte opp hausten 2015. Eitt av måla med å opne for dispensasjon er at departementet ønskjer å få erfaringar med søknader om nye private skular som er nyskapande sett i høve til eksisterande offentlege og private skular. Desse erfaringane meiner departementet vil vere nyttige i arbeidet med heilskaplege lovendringar seinare. Framlegget gir ein snever tilgang til dispensasjon frå kravet om grunnlag slik det går fram av andre ledd, sjå nedanfor. Søknader om godkjenning skal etter framlegget gjennom ei heilskapleg vurdering. Departementet vil leggje særleg vekt på om ein dispensasjon vil ha negative konsekvensar for den offentlege skulestrukturen eller for private skular som alt er etablerte i området. Godkjenning vil berre kunne gjevast dersom søkjaren dokumenterer eit pedagogisk tilbod eller ei organisering av opplærings som er nyskapande i høve til eksisterande offentlege eller private skular. Som døme på skular som vil kunne komme inn under dispensasjonsregelen nemner departementet private realfagsgymnas og einskilde yrkesfagskular. I vurderinga av sistnemnde alternativ vil departementet leggje stor vekt på om søknaden vert støtta av relevante bransjeorganisasjonar.

Side 2 av 3 Vertsfylket skal framleis gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og kan klage på departementet sitt vedtak. Gjeldande lovtekst i privatskolelova: 2-1.Godkjenning av skolar Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Vertskommunen eller vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter 6-1 og til å drive verksemd etter lova. Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag: a) Religiøst b) anerkjend pedagogisk retning c) Internasjonalt d) særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett e) norsk grunnskoleopplæring i utlandet f) særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma g) vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag. Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk. Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd. Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar. Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til nytt tredje ledd i 2-1: Departementet kan i særskilde tilfelle gi godkjenning til private skolar som ikkje fyller kravet om grunnlag i andre leddet. Noverande tredje, fjerde, femte og sjette ledd blir nytt fjerde, femte, sjette og sjuande ledd. Økonomiske konsekvensar: Staten yter tilskot til drift av private vidaregåande skular som er godkjende etter privatskulelova. Rammetilskotet til fylkeskommunane vert kvart år korrigert for endringar i talet på elevar i private og statlege skular på landsbasis («trekkordninga»). I tillegg vert det gjort ei omfordeling mellom fylkeskommunane («korreksjonsordninga»), ut frå talet på elevar i private og statlege vidaregåande skular. Ordninga byggjer på elevtalet to år tidlegare. I samband med det varsla lovarbeidet vil Kunnskapsdepartementet i løpet av 2014 også gå gjennom dagens trekk- og korreksjonsordning. Fylkeskommunen er ansvarleg for skyss av elevar på private skular innanfor fylkeskommunen der eleven bur. Ei etablering av nye private skular kan slik sett påverke tal elevar med rett til skyss, og med det føre til ein auke i skysskostnader.

Side 3 av 3 Fylkesdirektøren sine vurderingar: I Sogn og Fjordane er det i dag berre ein privat vidaregåande skule, Sygna vidaregåande skule i Balestrand. Skuleåret 2013-14 går 73 elevar frå fylket der. Tal elevar frå Sogn og Fjordane som går i private skular er rimeleg stabilt. Eit oversyn for dei siste 5 skuleåra åra viser dette: (tala i parentes er tal elevar som går på Sygna vgs i Balestrand) 2009-2010 221 (67) 2010-2011 241 (95) 2011-2012 211 (77) 2012-2013 178 (78) 2013-2014 207 (73) Kjelde: Vigo I følgje tal frå Utdanningsdirektoratet ligg det 420 søknader om godkjenning som privatskule og ventar. Kor mange som gjeld eit vidaregåande opplæringstilbod, og kor mange av desse som gjeld Sogn og Fjordane, er ikkje kjent for fylkesdirektøren. Fylkesdirektøren kan ikkje vurdere om ei lovendring vil føre til at fleire ungdommar søkjer til private skular. Det vil vere avhengig av både lokalisering, type tilbod og kostnader knytte til det. Det er difor heller ikkje mogeleg å seie noko om dette vil føre til ein auke i skysskostnader for fylkeskommunen. Fylkesdirektøren legg fram saka utan tilråding.

Saksprotokoll Organ: Møtedato: 12.02.2014 Hovudutval for opplæring Sak nr.: 14/272-3 Internt l.nr. 5746/14 Sak: 1/14 Tittel: Høyring - Framlegg om endringar i privatskulelova - innføring av mellombels dispensasjonsføresegn Behandling: Saka vart lagt fram utan tilråding Endringsframlegg: Høgre kom med følgjande framlegg til vedtak: «Sogn og Fjordane fylkeskommune har ikkje merknader til framlegget om mellombels dispensasjonsføresegn.» Arbeidarpartiet kom med følgjande framlegg til vedtak: 1. «Hovudutval for opplæring viser til at framlegg til ny friskulelov skal sendast på høyring hausten 2014. 2. Hovudutval for opplæring ber om at dispensasjonsregel for nye friskular ikkje vert innført no, og at lovverk kring oppretting av friskular vert handsama samla ved eventuell innføring av ny friskulelov.» Avrøysting: Noralv Distad (H) og Frida Melvær (H) røysta for framlegget til Høgre. Norvall Nøringset (SV), Gunn Åmdal Mongstad (Sp), Per Atle Kjøllesdal (Sp), Nils P. Støyva (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Henrik Oppen (Ap) røysta for framlegget til Arbeiderpartiet. Dette gir følgjande endeleg vedtak: 1. Hovudutval for opplæring viser til at framlegg til ny friskulelov skal sendast på høyring hausten 2014. 2. Hovudutval for opplæring ber om at dispensasjonsregel for nye friskular ikkje vert innført no, og at lovverk kring oppretting av friskular vert handsama samla ved eventuell innføring av ny friskulelov.

Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Merete Husabø Nornes, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 14/824-1 Skriv og meldingar 12.02.2014 Skriv til orientering: 1. «Høyring Forslag til endringer av opplæringslova Påbygging til generell studiekompetanse», notat frå fylkesdirektøren datert 15.01.14 2. Søknad om oppretting av landsline/landsdekkjande tilbod for skiidrettar/skiskyting ved Stryn vidaregåande skule 3. «Betydningen av samarbeid mellom UMB og Sogn jord- og hagebruksskule», brev datert 26.11.13 frå universitetet for miljø- og biovitenskap 4. «Skulehelsetenesta møte med vertskommunen skuleåret 2013-2014, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.2014 5. Rapport frå skulebesøka 2013, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.14 Skriv til drøfting: 6. Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 - bestilling til hovudutvala, notat frå fylkesdirektøren datert 3.2.14

Side 1 av 3 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Siri Merete Nedland E-post: Siri.Merete.Nedland@sfj.no Tlf.: 57 65 62 11 Vår ref. Sak nr.: 13/7801-3 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 1628/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 15.01.2014 Frå: Til: Fylkesdirektøren for opplæring Hovudutval for opplæring Orientering om fråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune Kunnskapsdepartementet sende 6.12. 2013 på høyring eit framlegg om å innføre ein rett til påbygging til generell studiekompetanse etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring. Høyringsfristen var 17.januar 2014. Fråsegna frå Sogn og Fjordane fylkeskommunen nådde difor ikkje politisk handsaming. Departementet tek sikte på at endringane kan tre i kraft frå 1.august 2014. Retten kjem i tillegg til eksisterande rett til å ta påbygging etter vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram, ikkje i staden for. Fylkesdirektøren si vurdering og fråsegn: Fylkesdirektøren er samd i Kunnskapsdepartementet sine framlegg og vurderingar slik dei går fram av Høyringsbrev og -dokument frå Kunnskapsdepartementet Fag- og yrkesopplæringa gir ein kompetanse som arbeidslivet treng. Med rett til påbygging vert det lagt til rette for at elevar kan fullføre fag- og yrkesopplæringa utan å miste sjansen til generell studiekompetanse ved seinare høve. Innføring av ein rett til påbygging etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring kan difor påverke elevane sitt søkemønster, slik at færre vel å søke vg3 påbygging etter vg2 yrkesfag. Fylkesdirektøren ønskjer å understreke: Retten får etter framlegget ikkje tilbakeverkande kraft. Av framlegga til ny lovtekst går det fram at dei som ønskjer å ta påbygging før utløpet av det året dei fyller 24 må gjere det som ein del av ungdomsretten etter opplæringslova 3-1. For dei som ønskjer å ta ut retten seinare gjeld vaksenretten etter opplæringslova kap. 4A. Retten etter 4A-3 skal berre gjelde berre dei vaksne som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæringa som del av ungdomsretten etter opplæringslova 3-1, men som tar påbygging som vaksne (frå og med det året dei fyller 25 år). Denne siste gruppa har etter framlegget ingen frist for når retten må takast ut. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 3 Retten til påbygging til generell studiekompetanse skal etter framlegget ikkje gjelde dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæringa som vaksne. Kunnskapsdepartementet gjer framlegg om at praksisbrevkandidatar berre kan få rett til påbygging dersom dei tilfredsstiller krava som er sette for rett til påbygging. Fylkesdirektøren for opplæring sende slik fråsegn til Kunnskapsdepartementet 17.1.2014: «Vi viser til høyringsbrev datert 6.12.2013. Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget om å innføre ein rett til påbygging til generell studiekompetanse etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring slik det er gjort greie for i høyringsbrev og -dokument.» Bakgrunn for framlegget frå Kunnskapsdepartementet: Eitt av sektormåla for grunnopplæringa er at alle elevar og lærlingar som er i stand til det skal gjennomføre vidaregåande opplæring. I Meld.St.20 (2012-2013) På rett vei er det presentert fleire ulike tiltak for å auke gjennomføringa, mellom anna eit betre sikringsnett mot fråfall, eit kvalitetsløft i fag- og yrkesopplæringa ved større fleksibilitet og relevans, og nye karriere- og utdanningsmulegheiter gjennom mellom anna alternative yrkesfaglege vegar. Eitt særleg tiltak i meldinga var å lovfeste ein rett til påbygging til generell studiekompetanse for elevar med fullført og bestått fag- og yrkesopplæring. Det har dei siste åra vore ein stor auke i tal elevar som søkjer påbygging etter vg2 på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Fleire undersøkingar, mellom anna evalueringa av Kunnskapsløftet, viser at mange elevar vel påbygging til generell studiekompetanse i staden for å gå ut i lære, for seinare å kunne gjennomføre høgare utdanning. Hovudårsaka er altså ikkje at dei ikkje får læreplass. Berre litt over halvparten av elevane på ordinær påbygging oppnår generell studiekompetanse. Mange av elevane manglar faglege føresetnader for å greie eitt eller fleire av faga. Ein studie frå NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) om påbygging i fem fylke viser at ein større del elevar fullfører og består påbygging etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring, samanlikna med ordinær vg3 påbygging. Mogelege årsaker til dette kan vere alder, motivasjon, opptakskrav, lågare veketimetal og betre faglege føresetnader. Framlegg til ny lovtekst: Nytt ellevte ledd i opplæringslova 3-1 (Rett til vidaregåande opplæring for ungdom): Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Retten gjeld elevar som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare. Retten kan takast ut når som helst innan utløpet av det året da eleven fyller 24 år. Lov føresegna om at retten må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem, alternativt seks år, som nemnd i tredje ledd, gjeld ikkje her. Nytt sjuande ledd i opplæringslova 4A-3 (Rett til vidaregåande opplæring for vaksne): Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter 3-1 første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Retten gjeld elevar som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.

Side 3 av 3 Innspel til fråsegna frå dei vidaregåande skulane Dei vidaregåande skulane vart inviterte til å melde innspel til høyringa. 3 skular har meldt tilbake at dei er samde i at det vert innført ein slik rett. Økonomiske konsekvensar Ei innføring av rett til påbygging til generell studiekompetanse etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring inneber ei utviding av retten til vidaregåande opplæring. Kunnskapsdepartementet trur at minst 2 500 elevar vil nytte seg av retten alt frå skuleåret 2014-15. Samla årleg kostnad for fylkeskommunane er stipulert til om lag 235 mill. kr. Fylkeskommunane vil få kompensasjon for auka kostnader gjennom rammetilskotet. I vedteke budsjett for Sogn og Fjordane fylkeskommune for 2014 er dette omtala slik: «Retten til påbygging etter oppnådd fagbrev vert styrka i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2014. Målsettinga er å gjere det meir attraktivt å fullføre ei yrkesutdanning. Det er foreslått å leggje inn ei samla løyving på 98 mill. kr til føremålet i rammetilskotet til fylkeskommunane. I tillegg er rammetilskotet foreslått redusert som følgje av at elevtalet i statlege og private skular aukar. Som følgje av desse endringane er budsjettramma for teneste 5210 auka med netto 1,882 mill. kr frå 2014.»

Side 1 av 6 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Knut Grinde E-post: knut.grinde@sfj.no Tlf.: 57 65 62 17 Vår ref. Sak nr.: 12/5537-32 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 3015/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.02.2014 Til: Frå: Hovudutvalet for opplæring Fylkesdirektøren for opplæring Skulehelsetenesta oppsummering frå møta mellom skulane og vertskommunane ved oppstart av skuleåret 2013-2014 Fylkesdirektøren har innført praksis med at skulane skal ha møte med sin vertskommune kvar haust før skulestart. I møte avtalar ein omfang og innhald i kommunen sitt bidrag i skulehelsetenesta det kommande skuleåret. God planlegging og koordinering av tenesta gir best utnytting av tilgjengelege ressursar. I møte 2. november 2011, sak 22/11, gjorde Hovudutval for opplæring slikt vedtak: «Fylkesdirektøren rapporterer til hovudutvalet frå dialogmøta mellom dei vidaregåande skulane og vertskommunane». Skulane har rapportert frå møta med sin vertskommune, sjå samandrag under. Ein skule har ikkje hatt møte med sin vertskommune, men rektor melder på e-post at sjølv om dei ynskjer at ressursen burde ha vore større, har dei eit tett og godt samarbeid med helsesyster. Dale vidaregåande skule 148 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid har ikkje endra seg frå i fjor (måndagar 11.00 14.30) helsesøster formidlar timebestilling for elevane til lege (gratistilbod) helsesøster er sentral i opplegg om trafikktryggleik for russen, smitte/åtferd ved meningokokk og trygg sex helsesøster møter fast i folkehelsegruppa, med fleire møte i løpet av skuleåret folkehelsegruppa samarbeider godt både i planlegging og gjennomføring av ulike temadagar, tilbod i kantina og elles ved ulike tiltak for elevane kommunen har ikkje helsestasjon for ungdom, elevane får tilbod gjennom skulehelsetenesta, og helsesøster ordnar med time hos lege og hjelper dei vidare til andre instansar om nødvendig helsesøster og PPT orienterer om tenestene sine i alle klassane ved skulestart, det er oppslag mange stader på skulen og dei finn info på heimesida i samarbeid med kommunen orienterer skulen ekstra til hybelelevane og dei på vg1 om ulike tilbod og tenester i kommunen (Velkommen til Fjaler), og helsesøster informerer om tilbodet på helsestasjonen og skulen helsesøster sitt tilbod på skulen har vore svært stabilt, og ho er tilgjengeleg på telefon Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 6 systemet fungerer svært godt, det er tett samarbeid med legetenesta i Fjaler, og samarbeidet med helsesøster er svært fleksibelt og fungerer godt Eid vidaregåande skule - 377 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er likt med fjoråret (måndagar 11.00 15.30) skulelege har kontortid ved skulen to timar annakvar onsdag frå nyttår vil helsestasjon for ungdom bli flytta til skulen helsesøster har ansvaret for prevensjonsundervisninga for russen, og er elles med på opplegg som Global Dignity Day, VIP i vg1-klassane og helselære for innføringsklassen helsesøster har faste samarbeidsmøte med rådgjevarar, avdelingsleiarar og spes.ped. koordinator kommunen har helsestasjon for ungdom ved skulen (kvar torsdag 14.30 16.30) det blir orientert om tilbodet ved at helsesøster går rundt i vg1-klassane, det ligg info på heimesida, på skilt og på elektroniske infotavler og det blir opplyst av kontaktlærar det kan skje at elevane blir utan tilbod over lengre tid, utan at kommunen set inn vikar i akutte tilfelle har skulen tett kontakt med legesenteret, i tillegg til at dei har medisinsk fagpersonell på huset Firda vidaregåande skule 396 inntekne elevar auken på helsesøster si kontortid skulen fekk i fjor er no teken ned att (måndag 08.30 12.00) skulelege har ikkje kontortid ved skulen skulehelsetenesta ansvarleg for fagleg opplegg (utvikla i samarbeid med skulen) innan Ungdom og psykisk helse (4 t for vg1-elevane), hybelkurs, russetid og helse. Nytt i år er «Ungdom og samliv» for vg2-elevane helsesøster har organisert og gjennomført vaksinasjon mot meningitt for russen helsesøster har tverrfaglege samarbeidsmøte med rådgjevarane og folkehelsegruppa kvar 14. dag vertskommunen har helsestasjon for ungdom (helsesøster og lege måndag 13.00 15.45) det blir orientert om tilbodet på opningskveld på Open skule, i vg1-klassane, på skulen si heimeside, i skulen sitt informasjonshefte og for lærarane på planleggingsdag i august det hender ikkje at elevane blir utan tilbod over lengre tid helsestasjonen har ei opa dør også utanom den faste tida, og mange elevar nyttar seg av tenestene skulen har eit svært godt samarbeid med helsesøster og vertskommunen, «til beste for elevane ved skulen» Flora vidaregåande skule 526 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor (tysdagar 09.00 15.00 og torsdagar 09.00 12.00) helsesøster tek del i VIP-opplegget (psykisk helse vg1), prevensjonsundervisning og førebygging av risikoåtferd for russen (vg2 og vg3) skulelege har ikkje kontortid ved skulen helsesøster har faste samarbeidsmøte med sosialpedagogisk team (pedagogisk leiar, rådgjevarar, OT-koordinator (oppfølgingstenesta), Ny Giv-koordinator, miljøkoordinator, bibliotekar, PPT-kontakten kommunen har helsestasjon for ungdom (halv dag ein gong for veka) det blir informert om tilbodet i klassane og på foreldremøte, info i Fronter og på skulen si heimeside. Info til lærarane ved skulestart det blir sett inn vikar ved lengre fråvær av skulehelsetilbodet

Side 3 av 6 Hafstad vidaregåande skule 463 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid har ikkje endra seg frå i fjor, og er måndagar 08.30 11.30 og torsdagar 08.30 14.30 (dette er ei dobling mot kva det var 2010/2011) tilbod om helsestasjon med to helsesystrer og lege kvar tysdag ettermiddag 14.30-17.30 skulelege har ikkje kontortid ved skulen (legekontoret ligg to min. gange frå skulen) helsesøster samarbeider med lærarar om VIP-opplegget til vg1-elevar (psykisk helse), har ansvaret for opplegg til vg2-elevane om anabole stereoidar, graviditet og alkohol og for vg3-elevane seksualundervisning, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar, smittevern og alkohol helsesøster er med på møta i rådgjevingsteamet kvar månad og er medlem i folkehelsegruppa markerer verdas prevensjonsdag i samarbeid med russestyret, arrangerer klamydiadag (tilbodet mykje brukt) og tilbyr meningittvaksine til alle mellom 17-19 år (tilbodet er mykje brukt) helsesøster informerer alle vg1-klassar, det er info på skulen si heimeside og på plakatar det blir sett inn vikar ved fråvær over lang tid Høyanger vidaregåande skule 172 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor (tysdag 11.30 15.00) skulelege har ikkje kontortid ved skulen helsesøster i lag med psykiatrisk sjukepleiar har VIP-opplegg for vg1-elevar (psykisk helse) og rusførebyggande tiltak for vg2- og vg3-elevar helsesøster har faste samarbeidsmøte med leiing og rådgjevingstenesta vertskommunen har helsestasjon for ungdom kvar onsdag 14.30-16.30, med helsesøster, jordmor og med lege det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i klassane ved skulestart og i brosjyre elevane har så langt ikkje stått utan skulehelsetenestetilbod over lengre tid Luster vidaregåande skule 108 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (annakvar tysdag 11.00 15.00 og annakvar onsdag 11.00 15.00) helsestasjon for ungdom i Gaupne kvar onsdag 15.00 17.00 skulehelsetenesta deltek med hybelkurs, verdas røykfrie dag og psykisk helsedag, der dei også har eigne undervisningsopplegg helsesøster har faste samarbeidsmøte med folkehelsegruppa ved skulen det blir orientert om tilbodet som fellesinformasjon ved skulestart og gjennom miljøkoordinator og kontaktlærar elevane har ikkje stått utan tilbod om skulehelseteneste over lengre tid Mo og Jølster vidaregåande skule (to avdelingar og to kommunar) 181 inntekne elevar omfanget er ikkje endra frå i fjor (kvar veke 08.30 11.30 (Mo) og 09.00 11.30 (Jølster)) helsestasjon for ungdom på Vassenden, medan tilsvarande tilbod for elevane på Mo er på Førde helsestasjon. Her jobbar to helsesystrer og ein lege helsesøster er med på opplegget med VIP for vg1-elevar på begge avdelingane (psykisk helse), og er ansvarleg for opplegg om prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar for russen, inkludert det å ta vare på kvarandre, alkohol og smitteførebygging, t.d. meningokokk og mononukleose skulen markerer verdas prevensjonsdag med film og stand, og arrangerer årleg Klamydiadag helsesøster skal også ha undervisning til alle vg2-elevane om anabole steroider, svangerskap og alkohol det er planlagt at helsesøster skal ha opplegg til alle vg2-elevane om anabole steroider, svangerskap og alkohol

Side 4 av 6 helsesøster har fast samarbeid med avdelingsleiar og rådgjevar, og deltek i folkehelsegruppa ved skulen det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i alle vg1-klassane og påbyggelevane ved skulestart, og lagt ut info på skulen si heimeside og på oppslagstavle. For avd. Mo finn ein informasjon også på Førde kommune sine sider ved langvarig fråvær prøver kommunen å omdisponere tilgjengelege ressursar (Jølster) dersom helsesøster blir vekke i lengre periodar, blir det sett inn vikar (avd. Mo/Førde kommune) skulehelsetenesta på avd Mo fungerer godt i dag Måløy vidaregåande skule 351 inntekne elevar Skulen har ikkje halde møte med vertskommunen for dette skuleåret. Rektor skriv kort at praksis blir vidareført og at skulen har eit tett og godt samarbeid med kontaktpersonen i skulehelsetenesta (helsesøster), men at ressursen sjølvsagt skulle ha vore større. Sogndal vidaregåande skule 728 inntekne elevar omfanget av helsesøster si kontortid er ikkje endra frå i fjor, med tilbod 4 dagar kvar veke drop-in-tilbod to av dagane, og fast kontortid måndagar, tysdag og torsdag 09.00 15.00 og fredag 12.00 15.00 skulelege har kontortid ved skulen torsdag 12-15, både timeavtalar og drop-in. Nokre veker er utan slikt tilbod, då skulelegen har oppdrag i grunnskulen helsesøster er med på, og delvis ansvarleg for, temaundervisning om psykisk og psykososial helse for vg1, rusundervisning for vg2, opplegg for russen saman med skulelege på trafikkdagen skulen markerer verdas tobakksfrie dag og Verdensdagen for psykisk helse helsesøster har fast samarbeid om elevtenesta kvar 3. veke med rådgjevarar, miljøkoordinator, oppfølgingstenesta og skuleleiinga skulemiljøutvalet kallar inn helsesøster til møte ved behov vertskommunen har helsestasjon for ungdom, open 3 t. kvar veke det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i infomøte med elevar og foreldre 10. klasse frå nabokommunar, i alle vg1-klassar ved skulestart (saman med miljøkoordinator og PPT), på foreldremøte vg1, på skulen si nettside og infoskjermar og på kommunen si nettside skulen har hatt tilfredsstillande tilbod for elevane dei fem siste åra, og kommunen har vore flink til å setje inn vikar ved behov ved langvarig fråvær tek helsestasjonen ved leiande helsesøster kontakt med skulen, og finn fram til alternative løysingar skulen er godt nøgd med skulehelsetenesta det er viktig for skulen at helsesøster er så mykje på skulen skulen er veldig tilfreds med at ein har skulelegen tilgjengeleg på skulen Stryn vidaregåande skule 264 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (kvar tysdag 09.00 12.00) skulelege har ikkje kontortid ved skulen helsesøster deltek i aksjonar for sunt kosthald, vatn, frukt og grønt, som ein del av folkehelsearbeidet helsesøster informerer i klassane om meningokokkvaksine for 17-19-åringar helsesøster har fast samarbeid med skulen sitt spesialpedagogiske team vertskommunen har helsestasjon for ungdom kvar torsdag 14.30-15.30, med tilbod særleg retta mot prevensjonsrettleiing og seksuelt overførbare sjukdommar. Elles gjeld tilbodet alle aktuelle helsespørsmål ungdommen kjem med det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet i klassane, på skulen si heimeside og infoskjermar og i brosjyrar

Side 5 av 6 elevane blir ikkje utan tilbod over lengre tid Øyrane vidaregåande skule 344 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (tysdagar og fredagar 08.30 15.00) skulepsykolog i kommunen har vore med på samarbeidsmøta ein gong i månaden helsesøster deltek på, og er delvis ansvarleg for, VIP-opplegg for vg1 (psykisk helse), rus og anabole stereoidar, alkohol, graviditet, klamydiadag og elles sosiale eller medisinske spørsmål frå skulen helsesøster har faste samarbeidsmøte med rådgjevartenesta, oppfølgingstenesta og folkehelsegruppa ved skulen vertskommunen har helsestasjon for ungdom, tysdagar 15.00 17.30 og fredagar 08.00 15.00. På fredagar har tilbodet vore variabelt, grunna mangel på skulelege det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet på heimesida og elevsider, av rådgivingstenesta, til alle klassar/elevar ved skulestart og ved seinare besøk i vg1-klassane og nokre vg2-klassar elevane her ikkje stått utan tilbod over lengre tid, skulen tek direkte kontakt med helsestasjon om dette oppstår etter behov som tidlegare år er helsesøster ein naturleg del av rådgjevartenesta ved skulen, og er med og gir eit forsterka tilbod i høve det sosialpedagogiske arbeidet ressursen gir tryggleik for skulen og særleg kontaktlærar i høve oppfølging og kontakt mot elevar som har sosiale og medisinske problem. I høve systemretta arbeid er dette også ein nødvendig ressurs for å kunne gi våre elevar eit nødvendig fullverdig tilbod helsesøster har dette året hatt fokus på å gjere skulehelsetilbodet synleg også for dei framandspråklege, både elevane i innføringsgruppa og elles rundt i klassane fokusområde for inneverande skuleår vil vere vidareføring av det meste som i år, men hovudmoment i årshjulet skal synleggjerast før skuleslutt - organisering av VIP vert endra - skulehelsetenesta er integrert i skulen sin handlingsplan mot rus, mobbing, sorg og krisesituasjonar. Som framtidig rutine vil ein ved skulestart gå gjennom desse for å avklare fokusområde Årdal vidaregåande skule 203 inntekne elevar omfanget av tenesta er ikkje endra frå i fjor (onsdag 08.00 15.00 og torsdag 12.00-15.00) skulelege har ikkje kontortid ved skulen, men elevar blir tilviste ved behov helsesøster tek del på VIP-opplegg i vg1 (psykisk helse) helsesøster har samarbeidsmøte med folkehelsegruppa, tverrfagleg team og kontaktlærar etter behov vertskommunen har helsestasjon for ungdom, måndagar 13.30 15.30 det blir orientert om skulehelsetenestetilbodet ved at helsesøster er rundt i alle vg1-klassane ved skulestart, på heimesida, på plakatar og info på inngangsdør elevane blir ikkje utan tilbod over lengre tid skulen har eit godt samarbeid med helsesøster, og ho blir flittig brukt av elevane Oppsummering Rapporteringa frå skulane viser stort sett same nivå på tilbodet som tidlegare. Skulane er i hovudsak godt tilfredse med samarbeidet dei har med helsesøster og vertskommune. Firda vidaregåande skule har for dette skuleåret fått redusert auken dei fekk i fjor, til tidlegare nivå. Men skulen rapporterer likevel positivt om tenesta, at «helsestasjonen har ei opa dør også utanom den faste tida» og at «skulen har eit svært godt samarbeid med helsesøster og vertskommunen, til beste for elevane ved skulen». Rektor ved Mo og Jølster vidaregåande skule nemner neste skuleår, og peikar på behov for auka ressurs ved avdeling Mo då, etter at fleire programområde og elevar vil bli flytta frå Øyrane og dit.

Side 6 av 6 Fylkesdirektøren meiner skulane tilbyr ei kvalitativ god skulehelseteneste, ut frå ressursane dei disponerer. Ved å planlegge godt på førehand, får ein nytte helsesøster og andre samarbeidspartar på ein god måte. Fylkesdirektøren har ikkje motteke bekymringsmeldingar frå skular dette skuleåret, og har difor ikkje teke initiativ til møte med nokon vertskommune.

Side 1 av 6 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Bekka Skaasheim E-post: bekka.skaasheim@sfj.no Tlf.: 57 65 62 10 Vår ref. Sak nr.: 13/6104-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4160/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.02.2014 Til: Frå: Fylkesutvalet Fylkesrådmannen Rapport frå skulebesøka 2013 Innleiing Styringsdialogen mellom fylkesdirektøren og skulane vart gjennomført i perioden oktober - november 2013, eitt besøk måtte skyvast til januar 2014. Fylkesdirektøren og ein medarbeidar gjennomførte alle besøk. Tema for styringsdialogen er forankra i nasjonale og fylkeskommunale føringar. Mål- og strategiar for vidaregåande opplæring, «God, betre, best» og tilhøyrande handlingsprogram dannar grunnlag for dei årlege satsingane i opplæringssektoren. Skulebesøka er ein del av kvalitetssystemet og gir eit grunnlag for å sjå «politikk i praksis», samstundes bidreg skulebesøka til at grunnlaget for evaluering og justering av satsingar i sektoren får høgare kvalitet. Skulebesøket er ein viktig arena for fylkesdirektøren der møte med elevar, tilsette og leiing gir ein meirverdi og forståing for utfordringar og suksessfaktorar ved den enkelte skule. Det er eit vesentleg element i fylkesdirektøren si innleiing i møte å beskrive «vegen frå politisk vedtak til klasserom og verkstad». Skulebesøka vart gjennomført som fellesmøte med skuleleiinga, representantar for tilsette og elevrådet. Nytt i 2013 var at elevrådet ved den enkelte skule vart invitert til å sende inn tema dei ønskte å ta opp med fylkesdirektøren. Førebuingane til møtet var i hovudsak lagt til rette frå fylkesdirektøren, og fylgjande tema var drøfta: Fellesmøte: Gjennomføring i vidaregåande opplæring ( heile løpet) Trivsel og mestring Open post: tema som elevane har meldt inn Møte med leiinga: Oppfølging av skulebruksplanen- personalforvaltning Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 6 Grunnlagsmateriale Fylkesdirektøren hadde på førehand sendt ut grunnlagsmateriale og statistikk : Tal elevar som fullfører og består vg1 og vg2 Tal elevar med normal progresjon Tal elevar som gjer omval eller er ute av vidaregåande opplæring. Tilstandsrapport på skulenivå Lokalt «gjennomføringsbarometer»- gjennomstrøyming Karakterutvikling Resultat frå elevundersøkinga Fylkesdirektøren ønskjer å knyte kommentarar til følgjande område: 1. Gjennomføring i vidaregåande opplæring Fylkesdirektøren presiserte i si innleiing at merksemda på talmaterialet som ligg til grunn ikkje må vere for detaljert, men å identifisere kva som er årsaka til resultatet og kva skulen kan gjere for den enkelte for å få positiv utvikling. Dei vidaregåande skulane har eit godt og tett samarbeid med ungdomsskulane. Dette er eit samarbeid som byggjer på fleire års praksis knytt til elevar med særskilte behov. Dette samarbeidet omfattar no langt fleire elevar. I arbeidet med god oppstart i vg1 er mottaket av elevane, gjennomføring av kartleggingsprøver og oppfølging av svakt presterande elevar viktige område. Det er framleis behov for å sikre rutinar knytt til dette arbeidet, særleg ved skular som rekrutterer frå fleire ungdomsskular. Det må også utviklast og etablerast nye rutinar for overgang av elevar mellom dei vidaregåande skulane. Dei fleste elevar frå grunnskulen har direkte overgang til vidaregåande opplæring. Utfordringa er å få elevane til å ha ordinær progresjon gjennom vidaregåande opplæring. Elevar frå Sogn og Fjordane har god gjennomføring på 5 år, men er ikkje så gode når det gjeld ordinær progresjon, jf. oversynet nedanfor for alle overgangane, både på yrkesfag og studieførebuande.

I skulebesøket måtte den enkelte skule gjere greie for progresjonen frå vg1- vg2 - vg3/bedrift. Det var ekstra merksemd på kva som er årsaka til at elevar ikkje fullfører og består, omval, sluttarar og om dei får læreplass. Fylkesdirektøren vurderer dette arbeidet til å vere «på rett veg», men her må arbeidast med rutiner for oppfølging av den enkelte. særleg på dei dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Side 3 av 6

Side 4 av 6 Karakterutvikling Elevar i Sogn og Fjordane har gode resultat og dei vidaregåande skulane arbeider godt med vurdering. Det nasjonale prosjektet «Vurdering for læring» er positivt for samarbeid med ungdomsskulane om felles vurderingspraksis. Fagnettverka arbeider og med vurderingskriterie i dei ulike faga. Avviket mellom standpunktkarakter og eksamen er og ein indikator for å arbeide med vurdering. Dei vidaregåande skulane har i stor grad eit akseptabelt avvik mellom standpunkt og eksamen. Fleire av elevane som fullfører vg1 og går vidare i vg2 får ikkje bestått i alle fag. Tabellane under viser resultata på dei ulike skulane for elevar med fullført og bestått både i vg1 og vg2: Fullført og bestått Vg1 2012 2013 Dale vidaregåande skule 72,2 % 85,1 % Eid vidaregåande skule 79,6 % 88,2 % Firda vidaregåande skule 88,2 % 87,7 % Flora vidaregåande skule 80,8 % 78,4 % Hafstad vidaregåande skule 91,9 % 92,7 % Høyanger vidaregåande skule 79,5 % 76,8 % Luster vidaregåande skule 73,6 % 40,7 % Mo og Jølster vidaregåande skule 88,1 % 76,5 % Måløy vidaregåande skule 59,8 % 73,9 % Sogndal vidaregåande skule 83,7 % 83,6 % Stryn Vidaregåande skule 82,9 % 85,3 % Øyrane vidaregåande skule 76,0 % 76,3 % Årdal vidaregåande skule 77,5 % 84,3 % Alle skulane 80,2 % 81,5 % Fullført og bestått Vg2 2012 2013 Dale vidaregåande skule 78,3 % 78,6 % Eid vidaregåande skule 78,9 % 87,3 % Firda vidaregåande skule 92,0 % 92,7 % Flora vidaregåande skule 85,1 % 83,9 % Hafstad vidaregåande skule 81,8 % 92,1 % Høyanger vidaregåande skule 85,2 % 77,2 % Luster vidaregåande skule 74,4 % 79,5 % Mo og Jølster vidaregåande skule 71,4 % 84,0 % Måløy vidaregåande skule 66,2 % 69,8 % Sogndal vidaregåande skule 91,0 % 82,8 % Sogn jord- og hageb.skule 75,0 % 71,4 % Stryn vidaregåande skule 89,9 % 83,2 % Øyrane vidaregåande skule 75,3 % 80,4 % Årdal vidaregåande skule 89,9 % 91,7 % Alle skulane 82,7 % 83,3 % I skulebesøket fekk skulane fram sine rutinar for oppfølging av elevar som ikkje har bestått i fag. Korleis skulen raskt identifiserer elevar med «hol» i kompetansebeviset, kva tilrettelegging skulane gir og kva fleksibilitet skulane har. Døme på dette kan vere: Kva gjer skulane når det viser seg ved

Side 5 av 6 1. termin at elevane har karakteren 1 eller IV(Ikkje vurdert)?kva tiltak set skulen i gang for å få eleven til å gjennomføre? Skulane gjer ein god jobb med å tilrettelegge for elevane, slik at fleire fullfører og består. Fylkesdirektøren utfordra skulane på å vidareutvikle gode rutinar i registrerings- og tilrettelggingsarbeidet. Skulane må nytte SATS i dette arbeidet. Yrkesretting av fellesfag kan gi elevane motivasjon og vise relevansen til programfag. FYR satsinga bidreg til dette. Elevane opplever dette som positivt og fleire skular har gode døme på dette. Trivsel og mestring Elevundersøkinga Trivsel og mestring i vidaregåande opplæring vert m.a målt i den årlege elevundersøkinga. Resultata som låg føre til skulebesøka var eitt år gamle og difor i mindre grad relevante. Resultata har over år vist høg trivsel og lite mobbing blant elevane. Elevane og skuleleiinga er særleg merksame på at nettmobbing er vanskeleg å avdekke. I dialogen retta fylkesdirektøren merksemd på førebuing, gjennomføring og oppfølging. 2. Open post innmelde tema frå elevane Fylkesdirektøren inviterte elevane til å melde inn tema dei var opptekne av. Tema som vart innmeldt og diskutert kan oppsummerast slik: Spørsmål relatert til struktur og opplæringstilbod Bruk av PC og mobil Helse- og miljø Elevane viste eit stort engasjement og tema gav gode diskusjonar. Fylkesdirektøren merkar seg at dialogen mellom skuleleiing, lærar og elevar er avgjerande for trivsel og utvikling av eit godt læringsmiljø for elevane. Gjennom slik dialog og gode rutiner for oppfølging av det psykososiale arbeidsmiljøet sikrar skulen elevane sine rettar. Fylkesdirektøren gav informasjon om struktur og rammer som politiske vedtak legg til grunn for topplæringstilbodet. Elevane var opptekne av at PC ordninga må betrast ved å få raskare levering. Bruk av digitale hjelpemiddel, PC og mobiltelefon utfordrar skulekvardagen. Behovet for å arbeide med haldningar til når og korleis PC og mobiltelefon vert nytta i læringsarbeidet kom tydeleg fram. Elevane er opptekne av helse- og miljøfremjande tiltak. Miljøkoordinatoren sin viktige rolle kom tydeleg fram. Tobakksfri skule var også tema. Elevane peika på kroppsøvingsfaget og det at mange elevar ikkje deltek i timane. 3. Oppfølging av skulebruksplanen, møte med skuleleiinga

Side 6 av 6 I denne delen av møte drøfta fylkesdirektøren særlege utfordringa ved den enkelte skule. Personalforvaltninga er krevjande i omstillingsarbeidet. Gode prosessar og involvering vil vere avgjerande for at fylkeskommunen framstår som ein ansvarleg arbeidsgivar. Konklusjonar, oppfølging og vidare arbeid Fylkesdirektøren vurderer skulebesøka som ein svært viktig del av kvalitetssystemet. Dialogen gir grunnlag for god kommunikasjon mellom skuleeigar og skulane. Vidare gir dialogen eit godt grunnlag for rapportering til politisk nivå. I besøka får fylkesdirektøren innsyn i om vi lukkast med å nå målsetnadane som er sett i styringsdokument, nasjonalt og på fylkesnivå. Skulebesøka gir skuleeigar eit grundig innsyn i skulekvardagen. Fylkesdirektøren ønskjer spesielt å understreke verdien av å møte representantar for elevane og tilsette. I møta fyller elevrepresentantane rolla si på ein svært god måte, dei er tydelege i tilbakemeldingane, er engasjerte og har stor merksemd på det dei vurderer som viktige for lærings- og skulemiljø. Elevblikket kan samstundes vere nyttige korrektiv i høve «etablerte» sanningar og handlingsmønster blant lærarar og skuleleiing. Dei to siste åra har innhaldet i skulebesøket vore «spissa» med tydlegare mål og færre tema. Det er avgjerande at vi held fast ved mål/ satsingar over tid, slik at vi kan sjå utviklinga over år. Opplæringssektoren har gode styringsdokument med definerte mål og gjennomføringsstrategiar. Likevel er det naudsynt å vurdere omfanget av tiltak og satsingsområde, for i større grad å kunne følgje opp og sjå resultat. Dette vil vere viktig i dialogen mellom politisk og administrativ skuleeigar når mål og tiltak skal evaluerast. Skulane viser at dei arbeider godt med det som var tema for skulebesøka i 2013. Skulane er komne ulikt langt og utfordringa er oppfølging for å sjå at planar og rutiner vert følgde opp. Det er fylkesdirektøren si vurdering at å halde fast ved færre mål og satsingar over tid gir skulane mulegheit til å sikre at praksisen er i tråd med målformuleringane. Dette er eit behov for å vere «tett på» i alle ledd frå politisk leiing til eleven i klasserom og verkstad. Både skuleleiarar, tillitsvalde og elevar gav tilbakemelding om at skulebesøka vart gjennomført på ein god måte. Elevane gav tydeleg uttrykk for at dei syntes det var meiningsfullt å møte skuleeigar på denne måten.

Side 1 av 2 Opplæringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Ingeborg Lie Fredheim E-post: ingeborg.lie.fredheim@sfj.no Tlf.: 57 65 62 23 Vår ref. Sak nr.: 14/882-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4031/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 03.02.2014 Til: Frå: Hovudutval for opplæring Fylkesdirektøren for opplæring Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 - bestilling til hovudutvala Fylkestinget vedtok i sak 55/13 Budsjett 2014/økonomiplan 2014-17. I budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017, kapittel 2 Budsjettprofil, heiter det m.a.: «På sikt må organisasjonen bu seg på at dagens driftsnivå må reduserast. Det må setjast i gang eit målretta arbeid for å sikre at fylkeskommunen til ei kvar tid har fokus på dei viktigaste oppgåvene innafor ei venta søkkande inntektsramme. Ein vesentleg del av hovudutvala sitt bidrag til/legitimitet i budsjettarbeidet ligg i å gje finansutvalet eit godt avgjerdsgrunnlag gjennom å prioritere eigen sektoraktivitetar innbyrdes. I løpet av våren 2014 skal hovudutval gå gjennom sektoren sine aktivitetar og rangere desse (altså ei rekkefølgjetenking, ikkje rammetenking som i dag). Dette skal danne grunnlaget for dei grep det må takast stilling til i komande planperiode.» I arbeidsdokument 1/14 til finansutvalet (tidlegare utsendt til fylkestinget) bad fylkesrådmannen finansutvalet konkretisere bestillinga til hovudutvala, og ta stilling til kva føringar som bør leggast til grunn for dette arbeidet. I arbeidsdokumentet kom fylkesrådmannen med følgjande tilråding: «Finansutvalet gjev hovudutvala i oppgåve å fremje ei innbyrdes prioritering mellom dagens aktivitetar på eigen sektor. Hovudutvala står fritt til å fastsette prosess og angrepsvinkel. Følgjande generelle føresetnader skal leggast til grunn; Plattform for prioriteringsarbeidet: Tenestenivået i kontoplanen. «Output»: Klår prioriteringsrekkefølgje på område/aktivitetar innafor sektoren. Tidshorisont: økonomiplanperioden (1-4 år). Bindingar: skal vurderast, og sjølvpålagde bindingar skal ikkje leggast vekt på i prioriteringane. Lovpålagde oppgåver: må ta omsyn til strukturkostnader om ein nyttar dette som prioriteringskriterium. Fylkeskostra: bør nyttast som illustrasjon på ressursbruk i høve andre fylkeskommunar på hovudaktivitetar innan kvar sektor (referanse AGENDArapporten 2010). Det skal nyttast R- 2013-data. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 2 Blanda finansiering: «utløysing» av statlege midlar som prioriteringskriterium skal vurderast eksplisitt. Tidsfrist: Endeleg prioriteringsvedtak i hovudutvala seinast 17. juni. Fylkesdirektørane får ansvar for å utarbeide naudsynt grunnlagsmateriale for hovudutvala sitt prioriteringsarbeid.» Finansutvalet slutta seg til tilrådinga frå fylkesrådmannen. Fylkesdirektøren vil leggje leggje fram sak for hovudutvalet på møtet i mars med ei skisse til prosess og angrepsvinkel for å løyse oppdraget frå finansutvalet.

Saksprotokoll Organ: Møtedato: 12.02.2014 Hovudutval for opplæring Sak nr.: 14/824-2 Internt l.nr. 5747/14 Sak: 2/14 Tittel: Skriv og meldingar 12.02.2014 Behandling: Dette gir følgjande endeleg vedtak: Skriv til orientering: 1. «Høyring Forslag til endringer av opplæringslova Påbygging til generell studiekompetanse», notat frå fylkesdirektøren datert 15.01.14 2. Søknad om oppretting av landsline/landsdekkjande tilbod for skiidrettar/skiskyting ved Stryn vidaregåande skule 3. «Betydningen av samarbeid mellom UMB og Sogn jord- og hagebruksskule», brev datert 26.11.13 frå universitetet for miljø- og biovitenskap 4. «Skulehelsetenesta møte med vertskommunen skuleåret 2013-2014, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.2014 5. Rapport frå skulebesøka 2013, notat frå fylkesdirektøren datert 4.2.14 Skriv til drøfting: 6. Budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 - bestilling til hovudutvala, notat frå fylkesdirektøren datert 3.2.14