BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Strynefjellet landskapsverneområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat Til adressatar i følgjeliste SAKSBEHANDLAR: MAGNUS SNØTUN ARKIVKODE: 2011/503-432.3 DATO: 13.12.2011 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE - PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE 7/2011 Tid: Tysdag 13.12.2011 Stad: Representantar til stades: Elles var desse til stades: Telefonmøte Rolv Kristen Øygard (leiar) Simen Bjørgen Torodd Urnes Jorunn Kirketeig Rannveig Brennhaug Bjørn Dalen og Magnus Snøtun Sakliste Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 70-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste 71-2011-73-2011 Særskilde styresaker 74-2011 Orienteringssaker Underskrift Eg stadfestar med mi underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i møtet. 14.12.2011 Rolv Kristen Øygard leiar (sign.) POSTADRESSE: POSTBOKS 987, 2626 LILLEHAMMER OG NJØSAVEGEN 2, 6863 LEIKANGER BESØKSADRESSE: SKJÅK UTMARKSSENTER (V/SKJÅK ALMENNING), 2690 SKJÅK OG LUSTER KOMMUNE, RÅDHUSET, 6868 GAUPNE TELEFON: SOGN OG FJORDANE:57 64 31 34 OPPLAND: 977 37 221 SOGN OG FJORDANE: FMSFPOST@FYLKESMANNEN.NO OPPLAND: POSTMOTTAK@FMOP.NO ORG.NR: SOGN OG FJORDANE: 974 763 907 OPPLAND: 970 350 934
Sak nr. 70-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjent. Sak nr. 71-2011 Budsjett for Breheimen nasjonalparkstyre 2012 1. Brev frå Direktoratet for naturforvaltning (DN) om drift av forvaltningsstyrer, dagsett 21.november 2011. 2. Budsjett 2012 Breheimen, dagsett 09.12.2011 Sekretariatet har teke som utgangspunkt eitt møte/samling per månad gjennom 2012 og fullt oppmøte av styremedlemmer. Det er planlagt at styret både skal møtast og at styret skal ha telefonmøter om lag på same nivå som i 2011. Driftsutgifter for sekretariatet er sett basert på meldingar frå DN og fylkesmenn om fagleg oppfølging og erfaringar frå 2012. Budsjettet ligg vedlagt. Styret vedtek å oversende framlegg til budsjett for Breheimen nasjonalparkstyre 2012 til DN for godkjenning. NASJONALPARKSTYRET FOR BREHEIMEN SIDE 2
Sak nr. 72-2011 Bestillingsdialog for 2012 1. Notat frå Direktoratet for naturforvaltning (DN) om opplegg for gjennomføring av bestillingsdialog mellom nasjonalparkstyrer og SNO, dagsett 1.november 2011. 2. Bestillingsskjema A + B for 2012, dagsett 09.12.2011 3. Bestillingsdialog 2012, dagsett 09.12.2011 Førebels liste over tiltak vart lagt fram for nasjonalparkstyret under møte den 10. 11. november på Skjolden. Basert på tilbakemeldingar frå styret, vart lista omarbeida til møte 1 om bestillingsdialogen med SNO lokalt den 08.12.2011. Sekretariatet og dei lokale representantane for SNO utarbeida i fellesskap skjema som skal sendast inn i samband med bestillingsdialogen for 2012 (vedlagte skjema/liste). Endeleg skjema C vil bli fylt ut i etterkant av styremøtet med vedteken prioritering. Styret vedtek å oversende vedlagte A + B + C skjema med prioriteringar for bestillingsdialogen for 2012. NASJONALPARKSTYRET FOR BREHEIMEN SIDE 3
Sak nr. 73-2011 Forvaltningsplan for Breheimen innsending til 2.gongs fagleg gjennomgong 1. Forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde Fagleg gjennomgang, dagsett 15.04.2011 2. Framlegg til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde, versjon 28.11.2011 (111209 Breheimen Forvaltningsplanutkast 28+30nov2011 jka+td.pdf) Fylkesmennene utarbeida eit utkast til forvaltningsplan som følgde med under høyringa av framlegget til verneplan. Ved utsending av vernevedtaket, brev datert 25.08.2009, følgde det med melding om oppstart av arbeidet med forvaltningsplan. Framlegget til forvaltningsplan vart sendt Direktoratet for naturforvaltning (DN) for fagleg gjennomgang den 22.desember 2010. Tilbakemeldinga frå DN, dagsett til 15.04.2011, lista opp behovet for oppretting og DN bad om ny fagleg gjennomgong for utsending på høyring. Mellom 1. og 2. gongs innsending av forvaltningsplan, har Breheimen nasjonalparkstyre vorte konstituert som forvaltningsmyndigheit for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde. Sekretariatet vurderar DN sine kommentarar som fagteknisk oppretting av planen og finn det formålstenleg at fylkesmennene rettar opp planen før 2.gongs innsending til DN. Breheimen nasjonalparkstyret sender inn planen til 2.gongs fagleg gjennomgang av DN. På grunn av skifte av forvaltningsmyndigheit, vil sekretariatet understreke behovet ein god høyringsrunde med involvering av partane. Styret vedtek å oversende framlegg til forvaltningsplan for Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde, versjon 28.11.2011, til 2. gongs fagleg gjennomgang hos Direktoratet for naturforvaltning. NASJONALPARKSTYRET FOR BREHEIMEN SIDE 4
Sak nr. 74-2011 Trakkemaskin gjennom isen i Strynfjellet LVO Bakgrunn: Strynefjellet sommarskisenter ligg like utanfor Strynefjellet landskapvernområde, men dei har behov for transport etter gamle Strynefjellsvegen frå Grotli på grunn av skredfaren i Videdalen. I fjor vinter vart det søkt om og gjeve løyve til motorferdsel med snøscooter og trakkemaskin i samband med førebuing til ny sesong. Fredag 09.12.2011 vart det køyrd ei trakkemaskin langs gamle Strynefjellsveg som mista vegen og køyrde ut i eit vatn (Vassvenda) og gjekk gjennom isen. Føraren kom seg ut og gjekk på ski tilbake mot Grotli. SNO ved Øyvind Angard vart deretter varsla. Det var ikkje søkt om løyve til denne motorferdsla. Laurdag vart det belta inn ei gravemaskin for å få trakkemaskina ut av vatnet og den skal nå køyrast tilbake mot Grotli att så fort som råd. SNO har varsla at dei vil melde forholdet til politiet for brot på verneforskrift og motorferdselslova. Bjørn vil i tillegg gå i dialog med sommarskisenteret for å informere og prøve å hindre tilsvarande situasjonar seinare. Kopi til: Direktoratet for naturforvaltning Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Skjåk kommune Lom kommune Luster kommune Lom Fjellstyre Luster Fjellstyre Jostedal Fjellstyre Skjåk almenning Lomseggen Sameige Uppigard Sulheim Fortun Grunneigarlag Skjolden Grunneigarlag Luster Grunneigarlag Vigdalen Grendalag Jostedal Grunneigarlag Fåberg Grunneigarlag NASJONALPARKSTYRET FOR BREHEIMEN SIDE 5