BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT Presentasjon Politisk dag 12.11.13 ved omsorgstenesta Elisabeth Norman Leversund & Anja Korneliussen
BAKGRUNN FOR ORDNINGA OG LOVHEIMEL Ideane bak ordninga kjem frå independent living bevegelsen frå 60- talet, USA Studentar som hadde ynskje om meir uavhengigheit og sjølvbestemmelse, ynskje om større medverknad og kontroll over eige liv Prøveordning i Noreg frå 1994 BPA vart i år 2000 heimla i sosialtenestelova, seinare helse og omsorgstenestelova 3-8 «Kommunen skal ha tilbod om personlig assistanse i form av praktisk bistand og opplæring, organisert som brukarstyrt personleg assistanse» Innført i alle landet sine kommunar i 2001
BPA- KVA ER DET? BPA er «alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til menneske som grunna nedsett funksjonsevne er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare dagleglivets gjeremål, både i og utanfor heimen» BPA kan tildelast uavhengig av diagnose Utgangspunktet for ordninga er at brukar kan ivareta rolla som arbeidsleiar og at brukar har eigeninnsikt og ressursar til eit aktivt liv i og utanfor heimen Assistent-ordning (dvs. ingen formelle krav til kompetanse)
RUNDSKRIV Rundskriv I-20/2000: «Brukarstyrt personleg assistanse vert tatt inn i sosialtenestelova 4-2 bokstav a. Kommunane pliktar å ha ordninga. Tildeling skal vurderast på same måte og innanfor dei same rettslege rammene som dei andre tenestene etter lova (NB! Gjeld praktisk bistand- ikkje helsehjelp) Rundskriv I-15/2005 ordninga vert utvida til personar som ikkje kan ivareta brukarstyringa sjølv, til dømes personar med psykisk utviklingshemming og familiar med born med nedsett funksjonsevne, personar med kognitiv svikt. Verge/foreldre eller andre kan ivareta brukarstyringa (dvs arbeidsleiinga). Brukar bør etter kvart settast i stand til å utøve meir og meir brukarstyring på eiga hand.
ARBEIDSLEIING Kommunen sitt vedtak gir ramma for bistanden som vert tildelt som BPA. Brukar kan inn forbi ramma bestemme kva assistentane skal gjere og til kva tidspunkt hjelpa vert gitt Arbeidsleiar er eit ikkje- løna arbeid. Får opplæring i mellom anna arbeidsmiljølova, ferielova, HMS etc. Omfattar mellom anna intervju og tilsetting av assistentar, utarbeide og ajourhald av arbeidsplan. Kontrollere og attestere timelister. Opplæring av assistentar. Ansvar for ferieavvikling og skaffe vikar ved ferie, sjukefråvær etc. Oppfølgjing av sjukemeldte. Utarbeide rutinar/prosedyrer. Rettleiing av assistentane.
SAKSHANDSAMING/SAKSGANG Etter mottak av søknad> heimebesøk og samtale med brukar, evt pårørande> innhente opplysningar frå aktuelle instansar (fastlege, fysio/ergo, spesialisthelsetenesta, teneste for barn og unge etc..)> Kva behov har brukar?>kva ynskjer brukar? (brukarmedverknad er heilt sentralt!) > vurdere brukar sine behov> bistand til personlege funksjonar? Bistand til daglege gjeremål? Behov for aktivitet? Behov for sosial kontakt?>vurder eigeninnsikt, ressursar til aktivt liv i og utanfor bustad> vurder omfanget av bistand> er det hensiktsmessig å organisere bistanden som BPA?> vurder saka opp mot lovverk, rundskriv, prinsipp og kriterier for tidleing> sakshandsamar gjer innstilling i saka> sak vert presentert i tildelingsnemnda> endeleg avgjerd
FLORA KOMMUNE Har 6 brukarar med BPA ordning per oktober 2013, i tillegg til tre nye søkjarar. Det vert levert om lag 28 000 årstimar BPA. 4 av tiltaka er i privat regi (ULOBA BA). Største tiltak på om lag 300 timar for veka, dei minste er mellom 15-20 timar for veka. På landsbasis om lag 3000 brukarar (2669 i 2010) meir enn 90 % av brukarane under 67 år. I gjennomsnitt hadde kvar brukar 32 timar kvar veke. Om lag halvparten av brukarane treng i tillegg helsefagleg behandling og oppfølging (snitt 12 timar heimesjukepleie kvar veke) Rapport frå helsedirektoratet
RETTIGHEITSFESTING AV BPA? I samband med ny helse- og omsorgstenestelov ba stortinget regjeringa om å komme med eit forslag til rettigheitsfesting av brukarstyrt personleg assistanse (BPA) for brukarar med stort behov innanfor dei same økonomiske rammene som gjeld i dag* Høyringsfrist i august 2013. Saka er no under behandling og skal attende til Stortinget Helsedirektoratet har påpeika at ein må unngå at ein rettigheit til BPA vert utforma slik at kommunen si faglege vurdering vert sett til side. Hensynet til kommunen sin moglegheit til å utøve god kontroll av forsvarligheit må tilleggast vekt. Forslag til rettigheitsfesting av BPA: Rettigheiten skal slå inn ved behov for praktisk bistand mellom 25-32 timar for veka Behovet skal vere varig (meir enn 2 år) Rettigheitsbestemmelsen vil ikkje omfatte støttekontakt (kostnad) Helsetenester i heimen og ulike typar avlastningstiltak skal ikkje omfattast av ordninga.. Ikkje rett til BPA på natt? (NB! Unntak) Ikkje rett til BPA ut over 1:1 bemanning? (NB! Unntak) Øvre aldersgrense, til dømes 67 år? Forslag om evaluering av rettigheitsfesting etter 3 år Ansvar for både organisering og finansiering skal framleis ligge til kommunane (ikkje folketrygda) Ved omgjering av anna tilbod til BPA ordning vil kommunen få tid (4 mnd) til at tenestetilbod skal vere på plass
FLORA KOMMUNE- PRINSIPP OG KRITERIUM FOR TILDELING AV OMSORGSTENESTER Styringsdokument for omsorgstenesta- Bst sak 132/08, planlagt revidert hausten 2013 Kriterium/vurderingstema: Bistandsbehovet er så omfattande eller av ein slik art at det meir føremålstenleg kan ivaretakast gjennom BPA enn tradisjonelle omsorgstenester BPA skal vurderast på lik linje med ordinære omsorgstenester, som til dømes praktisk bistand. Tal timar tildelast ut i frå dette. Brukar eller andre er i stand til å ta på seg arbeidsleiarrolla Brukar har eigeninnsikt og ressursar til eit aktivt liv i og utanfor bustaden Hjelpebehovet skal vere omfattande og opp mot 20 timar for å utløyse rett til tenestetilbodet
BRUKARTILFREDSHEIT Undersøking frå Østlandsforskning synte at meir enn 90% av brukarane var «svært eller nokså tilfreds» med ordninga. BPA betyr mykje for yrkesdeltaking, utdanning og moglegheiten for eit aktivt og sjølvstendig liv Brukarar i Flora gir uttrykk for det same Brukarane fortel at fleksibilitet, sjølvstende og ein god relasjon til assistentane er viktig for dei
FLORA KOMMUNE- TILSYN OG ANSVAR Både kommunen og fylkesmannen har tilsynsplikt med BPA tiltaka. Det er tilsynsmessige utfordringar mellom brukaren sin styringsrett, kommunen sitt ansvar for ei forsvarleg teneste samt innsyn og kontroll med korleis offentlege ressursar vert nytta. Tenesta skal vere fagleg og etisk forsvarleg. Staten sitt helsetilsyn peikar på følgjande: Svikt kan skje når brukar sjølv ikkje er i stand til å medverke og bestemme. Brukarar med kognitiv svikt eller psykisk utviklingshemming, eller nedsett kommunikasjonsevne er ekstra sårbare. Variasjon av tildelingspraksis i kommunane og brukarane sine behovvil kunne gje variasjon av tilgjengelegheit for å få ordninga med BPA Assistentar har ikkje dokumentasjonsplikt Det kan vere krevjande å sikre at tenesta er forsvarleg når private aktørar yter tenester på vegne av kommunen. Det er enkeltpersonar (assistentar) med ulik kompetanse, og som manglar eit fagmiljø rundt seg, som kan bidra til å sikre kvaliteten. Kommunen må ha system for å sikre forsvarleg tenesteyting. I samband med revurdering av «prinsipp og kriterie for tildeling..» held ein på å utarbeide nye rutinar for tilsyn
TAKK FOR OSS!