OS KOMMUNE Rådmannens stab Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 23.03.2010 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Forfall: Harald Døsen (Ap) Torill Keys (Ap) Norvald Skåtøy (Ap) Laila Reiertsen (FrP) Sølvi Bugge (FrP) Robert Kaastad (FrP) Elling Røttingen (FrP) Hedevig Holst (H) Jonny Garvik (H) Eirik Neverdal (Tvs) Sigurd Petter Laugen (Tvs) Vara som møter: (er under arbeid) Anne Kristine Tøsdal Sigvaldi Thorlaksson Leiv Gunnar Heggland Anders Bogevik Nebb Frank Rune Jensen Tore Per Olsen Bjørn Matland Øystein Nordvik Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 23/10 08/2052 MERKNAD TIL KLIMAPLAN FOR HORDALAND - HØYRING 3 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 19.03.2010 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK MERKNAD TIL KLIMAPLAN FOR HORDALAND - HØYRING Saksbehandlar: Widar Sorø Arkiv: K23 &13 Arkivsaksnr.: 08/2052 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 31/10 Os Formannskap PS 16.03.2010 23/10 Os kommunestyre PS 23.03.2010 Framlegg til vedtak: Formannskapet i Os kommune har følgjande merknader til Klimaplanen for Hordaland: Kap. 6.7. Mål og tiltak for bygningar. (s 48) Strategi A: Energieffektivisering og energikonvertering Forslag til tiltak, 6) Stimulere til riktig bruk av solenergi, bioenergi, etc. (Døme på riktig bruk kan vere; bruke solpanel der det har mest effekt i høve til solenergi, bruke bioenergi frå forbrenning direkte til oppvarming.) Kap 7.10. Mål, tiltak og retningsliner for arealbruk og transport (s 61, 62, 63) Strategi A: Meir effektiv arealbruk Retningsline: 6) Ved nye vegutbyggingar skal det sikrast areal for og anleggast samanhengande sykkelvegar i ei avstand på minst 10 km ut frå lokalsenter/kommunesenter. (auka frå 5 km) (gjeld òg Strategi C, Delmål sykkel, Forslag til tiltak, kulepkt 1) Strategi C: 6) Sørgje for at bybana kan konkurrere med biltransport når det gjeld reisetid. (tilleggssetning til pkt 6) 9) Etablere tilfredstillande og nok parkering ved bybane- og bussterminalar. Delmål godstransport: Om tog skal vere det mest attraktive reisemiddel for personar mellom Bergen og Oslo så meiner Os kommune at ein må ned i mindre enn 4 timar, samt at det òg må vere konkurransedyktig på pris. Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Behandling i Os Formannskap i møte 16.03.2010 Behandling i utvalet: Nils-Olav Nøss (Ap) kom med følgjande framlegg til vedtak: Kap. 2. Mål og visjon 2.4.1 Visjon: Hordaland fylke skal vera klimanøytralt. Kap.3. Klimaendringar og klimagassutslepp. Kapitlet kan med fordel forkortast Kap. 4. Energi s. 30. Strategi B: Hordaland sin energibruk skal i størst mogleg grad koma frå fornybare energikjelder Nytt punkt 3. Det vert lagt til rette for at cruiseskip brukar fornybar energi/elektrisk kraft når dei ligg til hamn i fylket. 4. Det skal etablerast eit biogassanlegg i Rådalen. Matavfall, avfall frå næringsidustrien og avfall frå vass- og avløpsnettet i Hordaland skal leverast til biogassanlegget. Under strategi C: Hordaland skal vera en føregangsregion i produksjon av fornybar energi. Nytt punkt: 3. Effektivisering og modernisering av eksisterande vasskraftverk. Under Strategi D: Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning Nytt punkt: 3. Det skal stimulerast til forsøksprosjekt med bygging av lågenergihus og passivhus i område der dette er eigna. Kap. 5. Forbruk og avfall s.38 Strategi F. Auka grad av materialgjenvinning, inkl. kompostering Nytt punkt 3. Alt avfall skal gjenvinnast eller forbrennast i nærleiken av der det vert produsert. Ein bør unngå at avfall vert sendt ut av regionen til t.d. Sverige. 4. Påverke statleg mynde til å redusera forbrenningsavgifta slik at det vil løna seg å levera avfallet der det vert produsert. s. 39 Strategi G Auka gjenvinning av restavfall som ikkje vert materialgjenvunne Nytt punkt 3: Restavfall frå biogassanlegget skal brukast til gjødsel og skal i den grad det er mogeleg erstatta kunstgjødsel. s.39 Ny strategi H: Oppfølging av eksisterande verkemidlar Forslag til tiltak: Side 3 av 9
1. Det vert innarbeidd rutinar for å følgja opp og kontrollera at retningsliner for å redusera klimautslepp vert følgt. Regionalt samarbeid om avfallbehandling Ei rekke interkommunale og private renovasjonsanlegg har gått saman om å selja avfall til Sverige og det går daglege trailerlass over store strekningar. Forslag til tiltak: - Stimulera til betre regionalt samarbeid om levering og behandling av avfall i eigen region. Kap. 6. Bygningar s.48 Strategi A Energieffektivisering og energikonvertering Nytt punkt 8: Alle nye hus skal dokumentera framtidig omtrentleg energiforbruk og det skal vera krav til mest mogeleg miljøvenleg oppvarming. Det skal stimulerast til installasjon av varmepumpe i eldre hus og oljefyring vert som hovudregel forbode. Nytt punkt 9: Stimulera til at det vert bygd fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde/ tomter vert sett av til dette. Kap.7. Arealbruk og transport Til innleiinga: Biogassanlegg Det føreligg planar om eit biogassanlegg i nærleiken av noverande forbrenningsanlegg i Rådalen. Det er viktig at biogassanlegget vert realisert så snart som råd slik at produksjon av biogass kan starta opp. Organisk materiale som fiskeavfall og anna matavfall vert i dag sendt til Danmark. I transportsektoren kan biogass erstatta bruk av fossilt brennstoff. Biogass kan brukast i transportsektoren som drivstoff til bussar, renovasjonsbilar, ferjer og hurtigbåtar og som tilskot til forbrenningsomnane. s.61 Strategi A: Meir effektiv arealbruk Delmål miljøvenleg transportnett: - retningsline 6 skal endrast til: ved nye vegutbyggingar skal det byggjast samanhengande sykkelvegar i ein avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter/kommunesenter s.62 Strategi C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport Delmål sykkel: - punkt 1: skal endrast til: Utbygging av sykkelvegnettet i Hordaland skal prioriterast - punk 1, kulepunkt 3 skal endrast til: ved alle vegutbyggingar skal det også byggjast sykkeltrasear - punkt 1, kulepunkt 4 skal endrast til: trygge gangvegar og sykkelstiar til alle skular slik at skulevegen er så trygg at foreldre vel å lata barna gå til skulen i staden for å bli køyrde med privatbil Side 4 av 9
s.64 Strategi E: Redusera utslepp frå køyrety og farty Delmål lette kjørety: Nytt punkt 2: - Alle fylkeskommunale kjørety skal gå på drivstoff som er mest optimale med omsyn til klima. Delmål tunge kjørety: Nytt punkt 2: Ved framtidige anbod på kollektivtrafikk i fylkeskommunen skal det stillast krav om bruk av biogass og elektrisitetl som drivstoff. Nytt punkt 4: Det skal innførast ein fylkeskommunal tiltakspakke med gode incentivordningar for å få fart på satsinga på klimanøytralt drivstoff som elektrisitet og biogass. Kap. 8 Næringsutvikling s.70 Forslag til tiltak - Arbeidet med miljøsertifisering av næringslivet må intensiverast - Biorestar frå biogassanlegg kan erstatta kunstgjødsel i jordbrukssektoren. Mest ytterleggåande forslag: Kap. 7 Arealbruk og transport s.63 Strategi D: Avgrensa biltrafikken Trafikkregulering: - punkt 5: skal endrast til: Det vert innført rushtidsavgift (vegprising) for personbilar i Bergensregionen. Gustav Bahus (FrP) kom med følgjande endringsframlegg: Delmål godstransport: Om tog skal vera det mest attraktive transportmiddel mellom Bergen og Oslo, meiner Os kommune at ein må ned mot 4 timar, og det må gjerast utbetringar på Bergensbanen. Marianne Hjelle (FrP) forlot no møtet. Det er 8 røysteføre i salen Votering: Administrasjonen sitt framlegg 6.7.A vart samrøystes vedteke. Administrasjonen sitt framlegg 7.10.A endra til 5 km fekk 5 røyster (3Frp, 2H) og vart vedteken. Administrasjonen sitt framlegg 7.10.C vart samrøystes vedteke. Bahus sitt framlegg til Delmål godstransport vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt kap.2.4.1 Visjon fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sin kommentar til kap 3 vart samrøystes vedteken. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 4.B.3 fekk 2 røyster (1Ap, 1Tvs) og fall. Side 5 av 9
Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 4.B.4 fekk 2 røyster (1Ap, 1Tvs) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 4.C.3 vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 4.D 3 vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 5.F.3 vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 5.F.4 vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 5.G.3 fekk 2 røyster (1Ap, 1Tvs) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til tiltak i pkt 5.H fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg om regionalt samarbeid om avfallsbehandling vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 6.A.8 fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 6.A.9 vart samrøystes vedteke. Arbeidarpartiet sitt framlegg til innleiinga i kap 7 fekk 2 røyster (1Ap, 1Tvs) og fall Arbeidarpartiet sitt endringsframlegg til kap 7.A fekk 3 røyster (1Ap, 1Krf, 1Tvs og fall. Arbeidarpartiet sitt endringsframlegg til kap 7.C.1 fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt endringsframlegg til kap 7.C.2 fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt endringsframlegg til kap 7.C.3 vart samrøystes vedteke. Arbeidarparitet sitt framlegg til nytt punkt 7.E.2 Lette køyrety fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 7.E.2 Tunge køyrety fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 7.E.4 Tunge køyrety fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 8.1 fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 8.2 fekk 3 røyster (1Ap, 1Tvs, 1Krf) og fall. Arbeidarpartiet sitt mest ytterleggåande endringsframlegg Kap 7.D.5 fekk 2 røyster (1Ap, 1Tvs) og fall. Vedtak: Formannskapet i Os kommune har følgjande merknader til Klimaplanen for Hordaland: Kap.3. Klimaendringar og klimagassutslepp. Kapitlet kan med fordel forkortast Kap. 4. Energi Under strategi C: Hordaland skal vera en føregangsregion i produksjon av fornybar energi. Nytt punkt: 3. Effektivisering og modernisering av eksisterande vasskraftverk. Under Strategi D: Hordaland skal ha ei robust, stabil og fleksibel energiforsyning Nytt punkt: 3. Det skal stimulerast til forsøksprosjekt med bygging av lågenergihus og passivhus i område der dette er eigna. Kap. 5. Forbruk og avfall Strategi F. Auka grad av materialgjenvinning, inkl. kompostering Side 6 av 9
Nytt punkt 3. Alt avfall skal gjenvinnast eller forbrennast i nærleiken av der det vert produsert. Ein bør unngå at avfall vert sendt ut av regionen til t.d. Sverige. 4. Påverke statleg mynde til å redusera forbrenningsavgifta slik at det vil løna seg å levera avfallet der det vert produsert. Regionalt samarbeid om avfallbehandling Ei rekke interkommunale og private renovasjonsanlegg har gått saman om å selja avfall til Sverige og det går daglege trailerlass over store strekningar. Forslag til tiltak: - Stimulera til betre regionalt samarbeid om levering og behandling av avfall i eigen region. Kap. 6. Bygningar Strategi A Energieffektivisering og energikonvertering Nytt punkt 9: Stimulera til at det vert bygd fleire passivhus og lågenergihus og at eigna bustadområde/ tomter vert sett av til dette. Kap. 6.7. Mål og tiltak for bygningar. (s 48) Strategi A: Energieffektivisering og energikonvertering Forslag til tiltak, 6) Stimulere til riktig bruk av solenergi, bioenergi, etc. (Døme på riktig bruk kan vere; bruke solpanel der det har mest effekt i høve til solenergi, bruke bioenergi frå forbrenning direkte til oppvarming.) Kap.7. Arealbruk og transport Kap 7.10. Mål, tiltak og retningsliner for arealbruk og transport (s 61, 62, 63) Strategi A: Meir effektiv arealbruk Retningsline: 6) Ved nye vegutbyggingar skal det sikrast areal for og anleggast samanhengande sykkelvegar i ei avstand på minst 5 km ut frå lokalsenter/kommunesenter. (gjeld òg Strategi C, Delmål sykkel, Forslag til tiltak, kulepkt 1) Strategi C: Meir offentleg transport og meir miljøvenleg transport 6) Sørgje for at bybana kan konkurrere med biltransport når det gjeld reisetid. (tilleggssetning til pkt 6) 9) Etablere tilfredstillande og nok parkering ved bybane- og bussterminalar. Delmål sykkel: - punkt 1, kulepunkt 4 skal endrast til: trygge gangvegar og sykkelstiar til alle skular slik at skulevegen er så trygg at foreldre vel å lata barna gå til skulen i staden for å bli køyrde med privatbil Delmål godstransport: Om tog skal vera det mest attraktive transportmiddel mellom Bergen og Oslo, meiner Os kommune at ein må ned mot 4 timar, og det må gjerast utbetringar på Bergensbanen. Side 7 av 9
Vedlegg: Klimaplan for Hordaland 2010 2020, Regional plan, høyringsutkast lagt ut på Hordaland Fylkeskommune si nettside: http://www.hordaland.no/pagefiles/26118/klimaplan%20for%20hordaland.%20h%c3%b8 yringsutkast.pdf Saksopplysninger Os kommune har ikkje nokon eige kommunedelplan som omhandlar klima spesielt, men det er utarbeida ein Energiutgreiing for kommunen. I følgje Forskrift om Energiutredninger utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området og såleis skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Som områdekonsesjonær har BKK Nett AS engasjert Vestnorsk Enøk AS til å delta i utarbeiding av energiutgreiing for Os kommune i Hordaland fylke. I høve til potensiale for alternative energiløysingar har Vestnorsk Enøk kome fram til følgjande: Energifleksible løysingar Fjernvarme o ikkje tradisjon for å gjere bruk av Plan- og bygningslova (PBL) i Os kommune for å fremje slike løysingar. (men det har i den siste tida vore lagt inn ein del føringar om krav til energi i føresegner til reguleringsplanar) o kan bli aktuelt i samband med etablering av nye bustadfelt eller industriområde. Energiøkonomiserande tiltak o samla potensiale kring 17,1 GWh/år Energistyringssystem o samla potensiale kring 13,3 GWh/år Kjelde: Energiutgreiing Os kommune, http://www.os.hordaland.no/ Kommentar til pkt 9, lagt til under Strategi C: (s 63) 9) Etablere tilfredstillande og nok parkering ved bybane- og bussterminalar. I høve til mange av måla Klimaplanen skisserar for å auke den kollektive andelen av transport så handlar det mykje om å endre folks vanar og haldningar. Men det er òg viktig å leggje til rette dette og gjere det praktisk mogleg for folk å nytte det kollektive transporttilbodet. Mykje av busetnaden i Hordaland er så spreidt at det er lite praktisk for innbyggarene å basere seg 100% på kollektiv transport, då spesielt barnefamiliar (henting i barnehage, etc). Med eit tilfredstillande parkeringstilbod ved buss- og bybaneterminalar vil ein leggje til rette for meir bruk av kollektiv transport og såleis nå fleire brukarar som elles ville brukt bil i mykje større grad. Situasjonen i Os i dag er at mange tar bilen inn til Osøyro eller andre knutepunkt for å ta Side 8 av 9
buss vidare til Bergen. Men det er ikkje noko tilfredstillande parkeringstilbod i dag for dette, noko som fører til at fleire køyrer privat til Bergen. I høve til delmål for sykkel og tog (samanhengande sykkelvegar i ei avstand på minst 10 km ut frå lokalsenter/kommunesenter og mindre enn 4 timar for persontransport med tog mellom Oslo og Bergen) så har ikkje kommunen tatt omsyn til om dette vil la seg gjere reint økonomisk, men skal tog kunne konkurrere med flytrafikken så meiner kommunen ein må leggje seg på eit meir ambisiøst nivå. Å auke anlegginga av nye sykkelvegar ut frå lokalsenter/ kommunesenter frå 5 km til 10 km vert òg eit reknestykke i høve til antal som vil benytte seg av sykkel når avstandane kjem over 5 km, men kommunen vil likevel rå til at ein òg satsar meir ambisiøst her, då dette vert eit reknestykke som omhandlar meir enn økonomi og klima. Elles vil Os kommune støtte opp om Klimaplanen og tiltaka i han og arbeide vidare for at desse måla kan verte realiserte innan dei milepælane som er skissert. Widar Sorø Sakshandsamar Side 9 av 9