INNHALD Sid e 2 1. FØREORD 2. INNLEIING 3 3. KVEN KONTAKTAR OMBODET? 4 4. 30 % AV SAKENE KJEM FRÅ ELEVAR 4 5. 70 % AV SAKENE KJEM FRÅ LÆRLINGAR 5 6. UTFORDRINGAR FRAMOVER NÅR DET GJELD LÆRLINGAR 6 7. STAND PÅ SKULANE 7 8. ELEVRÅDSARBEID 8 9. KORLEIS UTVIKLE SYNLEGE OG VELFUNGERANDE ELEVRÅD? 10 1 SAMARBEID MED OPPLÆRINGSAVDELINGA 0. 11 1 UNGDOMMENS FYLKESTING 1. 11 1 UTDELING AV FAGBREV 2. 11 1 LÆRLINGSAMLINGAR 3. 13 1 LANDSKONFERANSE FOR ALLE OMBODA I LANDET 4. 13 1
1 KAN OMBODET FÅ NED FRÅFALLSPROSENTEN? 5. 14 2
1. FØREORD Ombodsordninga er no rimeleg kjend i Sogn og Fjordane og tal førespurnader har auka for kvart år. Rolla som brubyggjar mellom dei ulike instansane er sentral i dette arbeidet. Det er viktig at dei involverte partane i ei sak blir ansvarleggjort. Ombodet arbeider for at det ikkje blir gjort urett mot elevar og lærlingar, og at dei som jobbar innan vidaregåande opplæring ikkje forsømmer sine plikter overfor denne gruppa. Kvart år kjem det nye elevar og lærlingar inn i systemet. Det vil seie at informasjonsarbeid om ombodsordninga er ein kontinuerleg prosess. 3
2. INNLEIING Arbeidet til ombodet dreiar seg i all hovudsak om å bevisstgjere elevar og lærlingar når det gjeld både rettar og plikter. Dersom dei opplever problem i opplæringssituasjonen, kan dei ta kontakt med elev- og lærlingombodet for å få råd og hjelp. Ombodsordninga er meint å vere eit lågterskeltilbod, der ein kjem tidleg på bana før problemet er blitt for stort. Elev- og lærlingombodet jobbar på eit fritt og sjølvstendig grunnlag og er av den grunn ikkje part i saka. Nettopp det er viktig for ikkje å bli oppfatta som bukk og havresekk. Det blir fokusert på korleis elevane og lærlingane kan vere med å påverke kvaliteten på si eiga opplæring, og korleis ein går fram for å ta opp ei sak med næraste overordna. I Sogn og Fjordane er det omlag 4300 elevar og 850 lærlingar i vidaregåande opplæring. Illustrasjonsfoto: Dale vidaregåande skule 4
3. KVEN KONTAKTAR OMBODET? Framleis er det slik at det er fleire lærlingar enn elevar som kontaktar elev- og lærlingombodet. Mange opplever det som ein stor overgang å bli arbeidstakar, med dei plikter og rettar det medfører. På bedrifta er ein gjerne åleine som ungdom medan ein på skulen har fleire frå si aldersgruppe rundt seg. Likevel er det også ein auke i tal førespurnader frå elevar dette skuleåret. Det skuldast i all hovudsak at elevar er blitt flinkare til å ta kontakt tidleg i prosessen, og på den måten gjer sakene lettare å løyse. Slike saker kan gjerne vere at elevar søkjer råd frå ombodet i forkant av å ta saka opp med lærar sjølv. Dette er ei svært positiv utvikling, og er med på å gjere elevane i stand til å handtere problem ved sjølv å gå tenesteveg. Ombodet ønskjer å gje ros til rektorar/skuleleiing for måten saker har vore behandla på dei gongene ombodet har vore kopla inn. 4. 30 % AV SAKENE KJEM FRÅ ELEVAR Her følgjer ei oversikt over saker frå elevar: Framgangsmåte ved klage på standpunktkarakter/eksamenskarakter Lite elevmedverknad i ulike fag Spørsmål vedkomande Kunnskapsløftet Uklar informasjon om rett til tilpassa opplæring Føring av fråvær Sein varsling om manglande karaktergrunnlag Elevar som føler dei ikkje blir tekne på alvor av lærar, eller blir behandla urettvist Syndebukkmentalitet i klassen Konflikthandtering elev elev, elev lærar Rett til lån/stipend under utdanning 5
Informasjon om lovverket (opplæringslova, forvaltningslova og arbeidsmiljølova) 6
Oppfordinga frå elev- og lærlingombodet er alltid å løyse saka på lågast mogleg nivå. Dersom vedkommande ikkje maktar å føre saka sjølv, eller av andre grunnar ønskjer det, kan ombodet delta i vidare saksgang. Illustrasjonsfoto: Årdal vidaregåande skule. 5. 70 % AV SAKENE KJEM FRÅ LÆRLINGAR Her følgjer ei oversikt over saker frå lærlingar: Lærling føler seg oversett og ikkje teken på alvor Manglande tilbakemelding på utført arbeid Einsidige og gjentekne arbeidsoppgåver utan læringsprogresjon Lang ventetid før alle papir og formalitetar er på plass Permittering på bedrifta Fagansvarleg lite eller ikkje til stades Ikkje gjennomført vurderingssamtale Lite informasjon i starten av læretida. Uklar ansvarsfordeling 7
Spørsmål vedkomande bruk av overtid Spørsmål vedkomande lønn 8
6. UTFORDRINGAR FRAMOVER NÅR DET GJELD LÆRLINGAR Sogn og Fjordane er ikkje det fylket som er verst stilt når det gjeld å skaffe lærebedrifter, men framleis er det lærlingar som strevar med å få lærlingplassar, men eg har merka meg auka innsats frå opplæringsavdelinga på dette området. Det er gledeleg at det i større grad blir satsa på annonsering. I tillegg veit eg at det har blitt satsa på møte med kommunane for å oppfordre til rekruttering av ung arbeidskraft innan offentleg sektor. Informasjon til potensielle lærebedrifter er eit pluss. Det kan føre til at fleire tek på seg denne viktige oppgåva. Oppfølging av eksisterande lærebedrifter er også viktig for å sikre framtidig rekruttering av ung arbeidskraft. Dei som er instruktørar og fagansvarlege treng å få både informasjon og den støtte som trengst for å imøtekomme lærlingar på best mogleg måte. Dei ulike opplæringskontora per bransje og fagopplæringa har eit stort ansvar her. 9
Illustrasjonsfoto: Dale vidaregåande skule. Elev- og lærlingombodet ønskjer å halde fram med å møte alle vg2 yrkesfagelevane i vårsemesteret, og på den måten gje informasjon om ombodsordninga før lærlingane går ut i lære. 7. STAND PÅ SKULANE I tillegg til å tilby skulering og møte med elevråda har ombodet hatt ekstra god erfaring med å ha stand rundt om på skulane dette skuleåret. Ombodet tilbyr ovannemnde, men det er faktisk slik at fleire og fleire tek kontakt sjølv og spør om eg kan komme på skulebesøk. Det fungerer slik at ombodet får tildelt eit område på skulen slik at elevar som har spørsmål kan ta direkte kontakt med ombodet der og då. Dag og tid for standen er publisert på førehand. Illustrasjonsfoto: Stand på Høyanger vidaregåande skule 10
På desse standane informerer eg også om rettar og plikter. I tillegg har eg med plakatar og informasjonsmateriell. Dette er ein fin måte å komme i direkte kontakt med elevane pluss at nye elevar blir kjend med ordninga. Det er også lettare å ta kontakt i ettertid når elevane er blitt kjende med ombodet. 11
8. ELEVRÅDSARBEID Elev- og lærlingombodet registrerer ein auke i fokus på elevrådsarbeid og elevmedverknad generelt på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette er særs gledeleg etter å ha sett ekstra fokus på nettopp dette dei seinare åra. Skuleåret 2009/2010 har ombodet gjennomført intervju med elevrådsstyra for å få oversikt over kva som blir jobba med. Illustrasjonsfoto: Årdal vidaregåande skule Her følgjer ei oversikt over saker som elevråda har jobba med: Arbeidsmiljø Motivasjon for elevrådsarbeid Faste rutinar for elevrådsarbeid Informasjon om ombodsordninga Deltaking på Elevtinget Temadagar OD og andre innsamlingsaksjonar Kantinemat, vassdispenser Ski-dag, juleavslutning og påske lunsj Internasjonal dag og open dag Ballturnering 12
Opplæringslova legg vekt på aktiv medverknad frå elevar og føresette. Dette er ikkje minst viktig i spørsmålet som vedkjem skulemiljøet til elevane. I utgangspunktet er det fylkeskommunane som har ansvaret for at dei lovfesta råd og utval blir oppretta, og at dei fungerer slik lova krev. Dei ulike lovpålagde utvala er: Skuleutval Elevråd Skulemiljøutval Skuleutval: Eit rådgjevande organ som i utgangspunktet er utan avgjerdsmynde, men kan bli delegert dette av fylkeskommunen. Utvalet uttalar seg om alle saker som vedkjem skulen. Elevråd: Elevane sitt eige organ. Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst eit medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet jobbar for velferdsinteresser, arbeidstilhøve og læringsmiljøet for elevane. Skulemiljøutval: Skal vere eit rådgjevande organ for skulen i arbeidet med skulemiljøet. Kan slåast saman med andre utval, men skal då utvidast medlemsmessig slik at elvane har fleirtal. Utvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet. I tillegg til dei nemnde organ for medverknad skal skulen organisere og gjennomføre opplæringa slik at elevane har moglegheit til å delta aktivt i utforminga av eigen læringssituasjon. 13
14
9. KORLEIS UTVIKLE SYNLEGE OG VELFUNGERANDE ELEVRÅD? Ein av føresetnadene for å drive eit godt elevråd er at elevrådsarbeidet blir støtta av leiinga på skulen. Elevrådet skal ha eigen kontaktperson blant personalet som skal bistå og følgje opp arbeidet. Elevane må få opplæring i å drive elevråd, det må settast av tid, og dei må få kontorlokale med utstyr slik at dei kan utføre elevrådsarbeidet. Det skal også settast av midlar på budsjettet til skulen som elevrådet kan disponere. Illustrasjonsfoto: Høyanger vidaregåande skule. Ein del elevråd gir uttrykk for at det er vanskeleg å få elevrådsrepresentantane til å engasjere seg i elevrådsarbeid. Difor har ombodet valt å fokusere på motivasjons- og møtearbeid ved skulebesøka. Følgjande punkt har det blitt jobba med: Informere aktivt om kva elevrådet har fått til. 15
Vere strukturert. Lag møteplan og la denne, saklister og referat vere lett tilgjengeleg for alle elevane på skulen. Informere alle elevane på skulen om kva elevrådet til ei kvar tid jobbar med. Informasjonen kan gå gjennom tillitselevane i kvar klasse. Involver elevrådet i kva elevrådsstyret jobbar med. Sett i gang aktivitetar/miljøtiltak for alle, vere synlege i skulekvardagen Dersom elevrådet kjem i konfliktssituasjon med leiinga kjem elevrådskontakten i ein lojalitetskonflikt. Ombodet er ein nyttig avlastning for elevrådskontakten og kan sikre at elevrådet får den oppfølging dei treng i slike saker. 10. SAMARBEID MED OPPLÆRINGSAVDELINGA Mykje av arbeidet til ombodet er av førebyggjande art. Dersom saker ikkje let seg løyse ved dialog med elev og skule, eller med lærling og bedrift, tek ombodet det opp med opplæringsavdelinga. På den måten får dei ansvarlege høve til å ordne opp i eigne rekker utan at det nødvendigvis endar opp som klagesak. Dette er ei arbeidsform som fungerer bra, og som ombodet per no ikkje ser grunn til å endre på. 11. UNGDOMMENS FYLKESTING Ombodet deltok på Ungdommens fylkesting i oktober 2009. Underteikna set pris på denne invitasjonen, og prøver å få med seg tinget kvart år. Her kjem ungdommane sjølve fram med sine 16
uttalar og synspunkt som er viktige å ha med seg i det vidare arbeidet. 17
12. UTDELING AV FAGBREV I byrjinga av april 2010 deltok ombodet på utdeling av fagbrev og meisterbrev som vart arrangert av Opplæringsavdelinga. Ramma rundt var høgtideleg og fin, og det var ei oppleving å sjå at så mange fekk fag-, sveine- og meisterbrev. 526 fagarbeidarar var inviterte til fag- og sveinebrevutdelinga i 2010. Av desse var 358 lærlingar, 166 praksiskandidatar, og 2 har teke fagbrev etter opplæring i skule. Til saman representerte kandidatane 68 ulike fag! I nokre av dei små faga var det berre ein kandidat som har avlagt fagprøve, medan det i dei store faga som tømrar og elektrikar var det nær 50 som fekk sitt fagbrev dette året. Til utdelinga var også dei 45 som bestod meisterbrevet siste året invitert. Det er ein stor auke i tal meisterbrev i høve til tidlegare år. Dei representerte bilfaget, tømrarfaget, røyrleggjarfaget, kulde- og varmepumpemontørfaget, ventilasjons- og blekkenslagerfaget og målarfaget. 18
Illustrasjonsfoto: Utdeling av fagbrev 2010. 19
13. LÆRLINGSAMLINGAR Også i år arrangerte Sogn og Fjordane fylkeskommune tre svært vellukka lærlingsamlingar i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Slike samlingar er viktige arenaer for lærlingane. Fleire aktørar som jobbar for og med lærlingar var inviterte til å bidra under samlinga, mellom dei underteikna. Regionvise samlingar av denne art bør etter mi meining gjennomførast framover. 14. LANDSKONFERANSE FOR ALLE OMBODA I LANDET Minst to gonger per år møtest alle elev- og lærlingomboda i landet til felles konferanse. På desse konferansane har vi ulike tema, som er relevante for alle fylka. På kvar vår plass jobbar vi med problemstillingar som har fellestrekk. Det er nyttig å utveksle idear og erfaringar på desse samlingane. På denne måten har vi danna eit nettverk som gir både inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet. I tillegg brukar vi kvarandre som ressurs i saker av generell art. Stort sett kvar veke er vi i kontakt med kvarandre og drøftar felles problemstillingar. 20
Illustrasjonsfoto: Landskonferansen våren 2010. 15. KAN OMBODET FÅ NED FRÅFALLSPROSENTEN? Det er grunn til å tru at svaret er ja. I alle fall har underteikna fått tilbakemeldingar som tilseier at fleire har vore nære på å slutte opplæringa si dersom dei ikkje hadde fått kontakt med ombodet. Det at underteikna ikkje er part i saka gjer det enklare for både elevar og lærlingar å ta kontakt fordi ein unngår lojalitetskonflikt. Ombodet nyttar høvet til å takke alle involverte partar for eit godt og konstruktivt samarbeid skuleåret 2009/2010! Venke Nordeide Elev- og lærlingombod i Sogn og Fjordane 21