Sakliste til årsmøtet 2017

Like dokumenter
Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Vedtekter for Fusa Kraftlag

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Vedtekter for Vestland SV

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Protokoll for generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS 21. juni kl på Strandtun, Sandane

Sakspapirer til representantskapsmøte Solstrand Hotell og Bad, Os tirsdag kl Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

Fortid & notid for framtid

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

for NORDTVEIT VASSVERK SA

Utkast til selskapsavtale (vedtekter) etter samanslåing av Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) og Sogn og Fjordane Revisjon IKS(SFR)

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 26/13 35/13

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

2. Val av ein person til å skrive under møteboka saman med møteleiar 3. Godkjenning av innkalling og sakliste

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

STYREPROTOKOLL. Onsdag 6. april 2016 holdt styret for Haugaland Kontrollutvalgssekretariat IKS styremøte. Møtet blei leia av styreleiar Arne Gjerde.

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

Vedtekter for Sognefrukt SA

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

ÅRSMØTE Det vert halde årsmøte i Fitjar Kraftlag SA tirsdag 12. mai kl i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, kultursalen.

Sogn og Fjordane Energi AS-innkalling til generalforsamling

Vedtekter for Sognefrukt BA

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Etne E-lag. 7. Fastsetje godtgjersle for tillitsvalde

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

VEDTEKTER FOR SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

VEDTEKT av februar 2007

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Interesselaget for farga spælsau

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE 2014

INNKALLING TIL ANDELSEIGAR /ÅRSMØTE I SKOGEIGARLAGET

Samnanger kommune Møteprotokoll

Generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

Norges Husflidslag er ein organisasjon som arbeider for å fremje god norsk husflid kulturelt, sosialt og økonomisk.

VEDTEKTER. Vedtatt av årsmøtet

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

INNKALLING TIL ANDELSEIER-/ÅRSMØTE I SKOGEIERLAGET

Samnanger kommune Møteprotokoll

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

ÅRSMØTE Det vert halde årsmøte i Fitjar Kraftlag SA tysdag 7. juni kl i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, kultursalen.

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

Innkalling til representantskapsmøte i SIM, 28. april

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Velkommen til. årsmøte!

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Transkript:

Sakliste til årsmøtet 2017 OPNING AV MØTET MED NAMNEOPPROP. SAK 1. Godkjenning av innkalling og sakliste SAK 2. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokollen SAK 3. Årsmelding 2016 SAK 4. Revidert årsrekneskap 2016 SAK 5. Medlemskontingent 2017 SAK 6. Arbeidsplan for 2017 SAK 7. Budsjett for 2017 SAK 8. Vedtektsendringar SAK 9. Instruks for valnemnda SAK 10. Val a. Leiar for eitt år b. Styremedlemar for to år c. Tre varamedlemar i nummerrekkefølgje for eitt år d. Medlem i valnemnda for tre år. e. Personleg varamedlem for valnemnda for eitt år f. Medlemar til valnemnd for valområde nord og sør med vara g. Revisor SAK 11. Godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valnemnda 1

SAK 1. Godkjenning av innkalling og sakliste Årsmøtet godkjenner innkalling og sakliste SAK 2. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokollen Styreleiar Sigmund Reksnes vert valt som møteleiar Assisterande dagleg leiar Åse Leirgulen vert valt som skrivar Utsendingane Hans Frislid og Ingrid Larssen Sekse vert valt til å skrive under møteprotokollen SAK 3. Årsmelding 2016 Årsmelding frå Styret og Årsmelding om fagleg verksemd ligg ved i eige dokument. Årsmeldinga frå styret og årsmeldinga om fagleg verksemd vert godkjende som Norsk Landbruksrådgiving Vest SA si årsmelding for 2016. Årsmøtet tek debatten til vitande. SAK 4. Revidert årsrekneskap 2016 Resultatrekneskapen for NLR Vest SA viser eit underskot på 538 802 kr. Ei årsak til det negative resultatet er store ekstra kostnader knytt til revidering og samordning av rekneskapa frå dei fire tidlegare einingane og innføring av felles datasystem og administrasjonsplattform for heile verksemda. Styret og dagleg leiar reknar med at kostnadene for rekneskap og revisjon vert om lag kr 280 000,- lågare i 2017 enn i 2016. Det vert også lågare datakostnader og serverleige. NLR Vest SA vil framover ha auka fokus på inntening, og det er forventa ei forbetring av resultatet i 2017. Det vart ikkje investert i varige driftsmidlar i 2016. Totalkapitalen pr. 31.12.2016 var 17 260 359 kr, og eigenkapitalen er 31 % av totalkapitalen. Likviditeten er akseptabel. Revidert årsrekneskap for 2016 vert godkjent som Norsk Landbruksrådgiving Vest SA sitt rekneskap for 2016. Underskotet på kr. 538 802,- vert dekka ved overføring frå annan eigenkapital. SAK 5. Medlemskontingent 2017 Før vedtak om samanslutning av dei fire einingane vart det utarbeidd eit dokument som låg til grunn for samanslutninga. I dette dokumentet er det skissert korleis medlemskontingenten skal vere i perioden 2016 2018. 2

I 2016 var kontingentsatsane fastsatt til : Grunnkontingent: 1000,00 kr pr år Arealkontingent grovfôr og korn 5,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- Arealkontingent frukt og bær 40,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- Arealkontingent grønsaker og potet 35,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- Dei fire einingane vart einige om følgjande overgangsordningar: NLR Sunnmøre: 2016: 25 % rabatt og 2017: 10 % rabatt på arealkontingent. 2018: Full kontingent. NLR Hordaland og NFR Hardanger: 2016: 5% påslag frå 2015 på arealkontingent. 2017: 5 % påslag frå 2016 på arealkontingent. 2018: Full kontingent. NLR Sogn og Fjordane: 2016: Samla maksimalkontingent på 3500 kr. 2017 Full kontingent. Styret ynskjer at medlemskontingent for 2017 vert slik som skissert i nemnte dokument. Kontingentsatsane for 2017 vert lik som i 2016 og overgangsordning som skissert i grunnlagsdokumentet vert vidareført. Satsar for 2017 : Grunnkontingent: 1000,00 kr pr år Arealkontingent grovfôr og korn 5,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- Arealkontingent frukt og bær 40,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- Arealkontingent grønsaker og potet 35,00 kr/da med maksimalkontingent kr 1800,- NLR Sunnmøre: 2017: 10 % rabatt på arealkontingent. NLR Hordaland og NFR Hardanger: Arealkontingent med rabatt i 2016, får eit påslag på 5 % i 2017. NLR Sogn og Fjordane: 2017: Full kontingent. SAK 6. Arbeidsplan for 2017 Arbeidsplan for 2017 er eit eige vedlegg til sakspapira. Dei tre faggruppene har arbeidd med handlingsplanar for sine fagområde. Sjå vedlagte arbeidsplan. NLR Vest vil ha ein tett oppfølging av medlemar når det gjeld jordprøver og gjødslingsplanar. Målet er at alle medlemar skal ha godkjente planar, og vi tilbyr ei grundig gjennomgang kvart 4. år. Dei fire einingane som stod bak samanslutninga hadde ulike tilbod til medlemane. NLR Vest vil tilby rådgjeving på alle fagområde til medlemane i heile regionen. I 2017 er det planlagt kurs innan alle fagområde. Det vert tilbod om kurs i heile regionen, slik at det skal vere mogleg for medlemane å delta på kurs utan lang reiseavstand. NLR Vest held fram med forsøks- og utviklingsarbeid. Mykje av forsøksverksemda utførast i samarbeid med NIBIO, men vil også ha eigne forsøksfelt og utprøvingar. Klimarådgiving på gardsnivå vert eit viktig satsingsområde framover, og NLR Vest deltek aktivt for å utvikle gode verktøy for klimarådgivinga. I 2017 er det planlagt opplæring av rådgjevarar ved hjelp av NLR Kretsløpstolken. I 2017 vil vi samarbeide tett med TINE og andre aktørar om gjennomføring av prosjektet Grovfôr 2020, som har som mål å heve avlingsmenga og avlingskvaliteten for grovfôrprodusentane. 3

I samarbeid med Sogn og Fjordane Bondelag vert Mentorordninga for sauebønder gjennomført i 2017. Årsmøtet tek Arbeidsplan 2017 til vitande. SAK 7. Budsjett 2017 I budsjettet er lønskostnadene den aller største kostnadsposten. I lønsbudsjettet er det teke med tilsetjing av to nye medarbeidarar i 100% stilling frå juni 2017. Tre medarbeidarar, med tilsaman 1,15 årsverk, har varsla at dei ynskjer å gå av med pensjon fyrste halvår 2017, og det er ikkje teke med løn for dei siste del av året. Det er lagt inn ein lønsauke på 2,8 %. Auka lønskostnader vert dekka inn med reduserte kostnader på rekneskap og revisjon, data og serverleige og innkjøp av kompetanse. Auka inntekter skuldast i hovudsak dobla inntekter på HMS-tenester, som i 2016 berre gjaldt for halve året. 4

Budsjett for Norsk Landbruksrådgiving Vest SA 2017 Tekst Rekneskap pr 31.12.2016 Budsjett 2017 DRIFTSINNTEKTER Salsinntekter vidaresal varer kr -1667794 kr -1840000 Rådgjevingstenester og eigne kr -2786565 kr -4805000 fagmøte Konsulenttenester, oppdrag og kr -2808916 kr -1930000 feltgodtgjersle Kurs kr -2122078 kr -2100000 Prosjekttilskot kr -6688996 kr -6550000 Medlemskontingent og støtte frå kr -5827730 kr -5875000 andre Rammetilskot kr -5100875 kr -5319000 Kommunale tilskot kr -613075 kr -600000 Andre tilskot kr -75055 kr -75000 Andre inntekter kr -398907 kr -360000 SUM DRIFTSINNTEKTER kr -28089992 kr -29454000 DRIFTSKOSTNADER Innkjøp av varer for vidaresal kr 1537630 kr 1350000 Innkjøp av kompetanse kr 1085298 kr 700000 Rådgiving, forsøk, mm kr 367804 kr 407000 Fagmøte, markdagar kr 617413 kr 631000 Kurskostnader kr 1344282 kr 1500000 Lønskostnader kr 16022721 kr 16835000 Andre personalkostnader kr 1500379 kr 1728000 Styregodtgjersle kr 95987 kr 100000 Kontorkostnader kr 1111811 kr 1142200 Serverleige, lisensar dataprogram kr 1028357 kr 670000 Telefon, porto kr 412068 kr 440000 Rekneskapsføring og revisjon kr 698791 kr 425000 Reise- og møtekostnader kr 1729647 kr 1930000 Sum Kontingentar kr 696764 kr 722000 Sum Andre driftskostnader kr 388985 kr 354000 Sum Avskrivningar kr 44100 kr 45000 DRIFTSKOSTNADER kr 28682038 kr 28979200 Driftsresultat kr 592 046 kr -474 800 FINANSPOSTER kr -61 284 kr -60 000 RESULTAT ETTER FINANSPOSTER kr 530 762 kr -534 800 Årsmøtet tek Budsjett 2017 til vitande. 5

SAK 8. Vedtektsendringar Valnemnd I 2016 har NLR Vest SA hatt ei valnemnd på åtte personar som har dekka heile regionen og kome med innstilling til alle val på krinsmøta og på årsmøtet. I vedtektene for NLR Vest SA og i instruksen for valnemnda står det at det skal veljast ei valnemnd til årsmøtet på 3 personar og ei valnmend på fire personar til valområde nord og ei valnemnd på 4 perosnar til valområde sør. Valnemnda har kome med tilbakemelding om at det er vanskeleg å kome med framlegg til kandidatar til årsmøteutsendingar frå krinsar der dei ikkje er kjende. Dei ser at slik vedtekter og instruks for valnemnd er utforma i dag, vert valnemndsarbeidet for valområda vanskeleg framover. Styret har drøfta synspunkt og innspel frå valnemnda. Styret legg fram for årsmøtet forslag til endring av vedtektene 12, slik at det vert valt ei valnemnd til kvar krins. Gjeldande vedtekter 12. Krinsmøte Krinsmøta er medlemsmøte som skal haldast før årsmøte og ekstraordinære årsmøte. Årsmøtet fastset tal krinsmøte i regionen, men møta skal haldast i naturleg avgrensa, geografiske område. Alle årsmøtesaker skal presenterast på krinsmøta. Kvart av møta vel utsendingar som skal representere krinsen i årsmøte i to år og varautsendingar for eitt år. Tal utsendingar frå kvar krins vert fastsett ut frå medlemstal. Ved avrøystingar har kvart medlemsbruk ei stemme, som kan nyttast ved personleg frammøte. Sakene vert avgjort med vanleg fleirtal. Det skal førast protokoll frå krinsmøta. Forslag til endring 12. Krinsmøte Krinsmøta er medlemsmøte som skal haldast før årsmøte og ekstraordinære årsmøte. Årsmøtet fastset tal krinsmøte i regionen, men møta skal haldast i naturleg avgrensa, geografiske område. Alle årsmøtesaker skal presenterast på krinsmøta. Kvar krins vel på møtet utsendingar som skal representere krinsen på årsmøtet i NLR Vest SA i to år og varautsendingar for eitt år. Tal utsendingar frå kvar krins vert fastsett ut frå medlemstal. Kvar krins har ei valnemnd samansett av tre medlemar og ein varamedlem. Valnemndsmedlemane vert valt på krinsmøta og har ei funksjonstid på tre år. Medlemen med lengst funksjonstid fungerer som leiar av valnemnda. Varamedlemen har funksjonstid 1 år. Valnemnda skal leggje fram forslag til krinsmøtet på kandidatar til utsendingar til årsmøtet og ein medlem og ein varamedlem til valnemnda i krinsen. Ved avrøystingar har kvart medlemsbruk ei stemme, som kan nyttast ved personleg frammøte. Sakene vert avgjort med vanleg fleirtal. Det skal førast protokoll frå krinsmøta. Utsendingar til årsmøtet i NLR. Styret sine oppgåver og plikter. NLR Vest kan i 2017 ha 10 utsendingar til årsmøtet i NLR, 1 for kvar 400 medlem. Tidlegare praksis i dei tidlegare einingane, er at styret har peika ut utsendingane, og det har stort sett vore 6

styremedlemane som har vore utsendingar. Alle medlemane i styret og vara bør få høve til å vere utsendingar til årsmøtet i NLR. Slik ordninga er i da må det utnemnast fleire utsendingar i tillegg. Det er kort tid mellom årsmøtet i regionen og årsmøtet i NLR sentralt og praktisk vanskeleg å vente til årsmøtet med å velje utsendingane. Styret ynskjer at det skal fastsetjast i vedtekene til NLR Vest korleis utsendingar til årsmøtet i NLR skal veljast, og kjem med forslag til endring av paragraf 8, slik at det vert ein av styret sine oppgåver å utnemne utsendingar til årsmøtet i NLR. Gjeldande vedtekter 8. Styret sine oppgåver og plikter Styret er ansvarleg for forvalting av føretaket. Styret skal leie NLR Vest i samsvar med offentlege lover og forskrifter, eigne vedtekter og årsmøtevedtak, samt forvalte føretaket sine midlar. Styret kallar inn til årsmøte og krinsmøte. Styret skal kvart år leggje fram årsmelding og revidert rekneskap for siste driftsår, budsjett og styret sin arbeidsplan for inneverande år. Forslag til endring 8. Styret sine oppgåver og plikter Styret er ansvarleg for forvalting av føretaket. Styret skal leie NLR Vest i samsvar med offentlege lover og forskrifter, eigne vedtekter og årsmøtevedtak, samt forvalte føretaket sine midlar. Styret kallar inn til årsmøte og krinsmøte. Styret skal kvart år leggje fram årsmelding og revidert rekneskap for siste driftsår, budsjett og styret sin arbeidsplan for inneverande år. Styret med varamedlemar representerer NLR Vest SA på årsmøtet i NLR sentralt. Om NLR Vest SA kan stille med fleire utsendingar enn det er styremedlemar og vara som har høve til å reise, utnemner styret det resterande tal utsendingar. Årsmøtet vedtek framlagte forslag til endring av paragrafane 12 og 8 i vedtektene. SAK 9. Instruks for valnemnda Valnemnda til årsmøtet har tre medlemar med vara. Valnemnda har kome med forslag om at ein medlem bør representere hagebruksmiljøet, ein medlem bør representere jordbruksmiljøet i Sogn og Fjordane eller på Sunnmøre, og ein bør representere jordbruksmiljøet i Hordaland. I gjeldane instruks er det eit avsnitt om valnemnd til valområde. Om det vert ei valnemnd i kvar krins, fell ordninga med valområde bort. Om det vert ei valnemnd til kvar krins, bør det vere ein eign instruks for desse valnemndene. Styret legg fram følgjande forslag til ny instruks til valnmnda i NLR Vest SA og til instruks for valnemndene til krinsane: 7

Instruks for valnemnda til årsmøtet i NLR Vest SA Valnemnda med varamedlem vert valt av årsmøte. Valnemnda er samansett av 3 medlemar med tre års funksjonstid kvar, der ein vert valt kvart år. Kvar medlem i valnemnda skal ha personleg vara som vert valt for 1 år. Tillegg: Valnemnda vert samansett av ein medlem frå hagebruksmiljøet, ein medlem frå jordbruksmiljøet i Sogn og Fjordane eller på Sunnmøre, og ein medlem frå jordbruksmiljøet i Hordaland. Alle val som vert gjort av årsmøtet skal førebuast av valnemnda. Mandat Valnemnda skal gje innstilling til alle val på årsmøte, jfr. vedtektene 10 pkt 7. a) leiar for eitt år b) to styremedlemar for to år, iflg vedtektene 7 c) tre varamedlemar til styret i nummerrekkefølgje for eitt år d) ein medlem i valnemnda for tre år e) varamedlemar for valnemnda for eitt år f) revisor Valnemnda skal gjere framlegg om godtgjersle til tillitsvalde, medrekna reise- og diettgodtgjersle. Avsnitt om valnemnd valområde vert stroke: Valnemnd valområde. NLR Vest har krinsar som vel utsendingar og varautsendingar til årsmøtet i NLR Vest SA blant medlemane i krinsen. Årsmøtet i NLR Vest vedtek valområde for NLR Vest SA, og kor mange krinsar som høyrer til kvart valområde. Årsmøtet vedtek også, utifrå medlemstalet, kor mange utsendingar som skal veljast frå kvar krins. Valnemnd for valområdet legg fram for krinsmøta forslag til kandidatar til årsmøteutsendingar. Valnemnda for NLR Vest SA legg fram for årsmøtet innstilling til val av: a) to medlemar til valnemnd for kvart valområde for to år b) to varamedlemar for valnemnd for kvart valområde for eitt år Presentasjon Valnemnda bør gje ei samrøystes innstilling. Dersom valnemnda ikkje kan gje ei samrøystes innstilling, skal røystetal for dei ulike framlegga gå fram. Valnemnda si innstilling skal vere klar innan 20 31.januar og skal følgje innkalling til årsmøte. Valnemnda legg fram innstillinga for årsmøtet med presentasjon av kandidatane. Valnemnda sin arbeidsmåte 1) Valnemnda skal handsame personopplysingar som kjem fram under arbeidet fortruleg. 2) Styret i Norsk Landbruksrådgiving Vest gjev valnemnda orientering om tidspunkt for årsmøte innan 1. desember året før årsmøtet. 3) Valnemnda skal i god tid før årsmøtet, og seinast 1. januar, sørgje for at dei tillitsvalde i organisasjonen som er på val, får førespurnad om dei stiller seg til disposisjon for tillitsverv i organisasjonen. 4) Alle kandidatar som valnemnda ønskjer å føreslå, skal vere spurde om dei tek på seg vervet. 5) Valnemnda skal ta omsyn til produksjon, kjønn, og geografi ved framlegg til kandidatar. Styret skal vere eit team, som saman skal ha breidde i faglege og personlege eigenskapar, og fungere godt som eit organisasjonsutviklande styre. Valnemnda skal så langt råd sikre at dei ulike produksjonsgreinene vert representerte i styret. 6) Val av tillitsvalde er svært viktig både på kort og lang sikt. Valnemnda bør difor vurdere situasjonen i eit langsiktig perspektiv når innstillinga til val blir sett opp. 7) Administrasjonen i Norsk Landbruksrådgiving Vest SA skal stå til disposisjon for valnemnda med sekretærarbeid dersom det er ønskje om det. 8

Instruks til valnemndene i krinsane i NLR Vest SA Kvar krins har ei valnemnd samansett av tre medlemar og ein varamedlem. Valnemndsmedlemane vert valt på krinsmøta og har ei funksjonstid på tre år, der ein vert valt kvart år. Medlemen med lengst funksjonstid fungerer som leiar av valnemnda. Valnemnda skal på krinsmøta leggje fram forslag på kandidatar til utsendingar til årsmøtet i NLR Vest og forslag til ein medlem og vara til valnemnd for krinsen. Årsmøtet vedtek, utifrå medlemstalet, kor mange utsendingar kvar krins har til årsmøtet. Utsendingane og varautsendingane til årsmøtet i NLR Vest SA vert valt blant medlemane i krinsen. Alle som har betalt grunnkontingent for året forut for årsmøtet, vert rekna som medlemar i NLR Vest SA. Næringsdrivande føretak som er medlem i organisasjonen, kan velje at innehavar sin ektefelle kan representere medlemen i organisasjonen. Presentasjon Valnemnda til krinsen bør gje ei samrøystes innstilling. Dersom valnemnda ikkje kan gje ei samrøystes innstilling, skal røystetal for dei ulike framlegga gå fram. Valnemnda si innstilling skal vere klar innan 20. januar og skal følgje innkallinga til krinsmøtet. Valnemnda legg fram innstillinga for krinsmøtet med presentasjon av kandidatane. Valnemnda sin arbeidsmåte 1) Valnemnda skal handsame personopplysingar som kjem fram under arbeidet fortruleg. 2) Styret i Norsk Landbruksrådgiving Vest gjev valnemnda orientering om tidspunkt for krinsmøte og årsmøte innan 1. desember året før krinsmøtet. 3) Valnemnda skal i god tid før krinsmøtet, og seinast 1. januar, sørgje for at dei tillitsvalde i organisasjonen som er på val, får førespurnad om dei stiller seg til disposisjon for vidare tillitsverv i organisasjonen. 4) Alle kandidatar som valnemnda ynskjer å føreslå, skal vere spurde om dei tek på seg vervet. 5) Valnemnda skal ta omsyn til produksjon, kjønn, og geografi ved framlegg til kandidatar. 6) Val av tillitsvalde er svært viktig både på kort og lang sikt. Valnemnda bør difor vurdere situasjonen i eit langsiktig perspektiv når innstillinga til val blir sett opp. 7) Det skal førast protokoll for møta i valnemnda. Protokoll sendast administrasjonen i NLR Vest SA 8) Administrasjonen i Norsk Landbruksrådgiving Vest SA står til disposisjon for valnemnda, om det er ynskje om det. Årsmøte vedtek ny Instruks for Valnemnd til årsmøtet og Instruks for Valnemnd til krinsane. SAK 10.Val Val. Innstilling frå valnemnda til årsmøtet i NLR Vest SA 21. mars 2017 Styret i NLR Vest SA har etter årsmøtet i 2016 vore: Styreleiar: Sigurd Reksnes, Gloppen Nestleiar: Bjarte Naterstad Kvinnherad Styremedlem: Helge E. Opedal, Ullensvang Styremedlem: Geir Longva, Haram Stine Huseby, representant for medarbeidarane Alle dei medlemsvalde representantane i styret har dette fyrste året hatt funksjonstid i eitt år. 9

Valnemnd i NLR Vest SA har etter årsmøte i 2016 vore: Arve Svoren, Ørsta Audun Gjerde, Radøy Lars Inge Vik, Fusa Magnus Opedal, Ullensvang Olav L. Bleie, Ullensvang Peder L. Rogne, Haram Svein Per Ervik, Selje Åslaug Stadheim Ese, Vik i Sogn Alle medlemane i valnemnda har funksjonstid eitt år. Innstilling frå valnemnda til årsmøtet 2017 Valnemnda i NLR Vest SA legg fram ei samrøystes innstilling til årsmøtet 2017: Styret: Styreleiar for eitt år: Sigurd Reksnes Gloppen Attval Styremedlem for eitt år: Helge E. Opedal Ullensvang Attval Styremedlem for to år: Tore Sigurd Fitjar Fitjar Ny Styremedlem for to år: Ragnhild Eidså Vanylven Ny Varamedlem til styret for eitt år: 1. vara: John Elling Vereide Gloppen Ny 2. vara: Jan Gunnar Vaage Samnanger Ny 3. vara: Ann Mari Bjørnøy Haram Ny Valnemnd med vara: 1 medlem for eitt år (leiar): Jon Nummedal Vik Ny Personleg vara for eitt år: Jarl Inge Haram Haram Ny 1 medlem for to år: Jørund Kvestad Ullensvang Ny Personleg vara for eitt år: Ingrid Larssen Sekse Ullensvang Ny 1 medlem for tre år: Tore Gjerstad Lindås Ny Personleg vara for eitt år: Lars Inge Vik Fusa Ny Valnemnd for valområde sør (krins 1 7, Hordaland) 1 medlem for eitt år: Knut Flatebø Jondal Ny 1 medlem for eitt år: Halldis Øvstedal Vaksdal Ny 1 medlem for to år: Magnar Askeland Meland Ny 1 medlem for to år: Knut Opedal Ullensvang Ny Vara for valnemnd i valområde sør: 1. vara: Audun Gjerde Radøy Ny 2. vara: Magnus Opedal Ullensvang Ny Valnemnd for valområde nord (krins 7-11, Sogn og Fjordane og Sunnmøre): 1 medlem for eitt år: Åslaug Stadheim Ese Vik i Sogn Ny 1 medlem for eitt år: Arne Skaar Haram Ny 1 medlem for to år: Svein Per Ervik Selje Ny 1 medlem for to år: Ola Steinsvik Volda Ny 10

Vara for valnemnd i valområde nord: 1. vara: Svein Helge Bringsvor Sande Ny 2. vara: Geir Ole Ervik Selje Ny Revisor: Hardanger Revisjon SAK 11.Godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valnemnda Valnemnda innstillar for årsmøtet uendra stasar for godtgjersle til tillitsvalde. Satsane i 2016 har vore: Styreleiar kr. 35 000,- pr år Nestleiar kr. 10 000,- pr år Styremedlem kr. 5 000,- pr år Per møtedag vert godtgjersla kr. 2 100,-, og for telefon- eller skypemøte vert godtgjersla kr. 500,-. Reiseutgifter vert dekka etter staten sin satsar. Valnemnda får tilsvarande møtegodtgjersle som styret. Leiar i valnemnda for får ein årleg godtgjersle på kr. 5 000,-. Satsane for godtgjersle til tillitsvalde i 2017 vert: Styreleiar kr. 35 000,- pr år Nestleiar kr. 10 000,- pr år Styremedlem kr. 5 000,- pr år Per møtedag vert godtgjersla kr. 2 100,-, og for telefon- eller skypemøte vert godtgjersla kr. 500,-. Reiseutgifter vert dekka etter staten sin satsar. Valnemnda til årsmøtet får tilsvarande møtegodtgjersle som styret. Leiar i valnemnda for årsmøtet får ein årleg godtgjersle på kr. 5 000,-. 11