FUSA KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for plan og miljø Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 17.06.2014 Tid: Kl. 16:00 Forfall eller inhabilitet: Grunngjeve forfall til møtet, eller inhabilitet, må meldast snarast råd til postkasse@fusa.kommune.no eller ekspedisjonen tlf. 56 58 01 00. Administrasjonen kallar inn varamedlem. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida www.fusa.kommune.no og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen. Sak nr. Sakstittel Saksliste 040/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2014 041/14 PROSESSVEDTAK: VIDARE VURDERING AV INNSPEL TIL AREALDELEN AV KOMMUNEPLAN 2015-25 Eikelandsosen, 12/6-2014 Anne Martinsen Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 1 av5
Sakshandsamar: Jan Egil Leirstein Arkivsaknr: 14/710 Saksnr U t v a l Møtedato Saksbeh. 040/14 Utval for plan og miljø 17.06.2014 JEL GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2014 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Møtebok frå møtet 05.06.2014 vert godkjent. Saksframstilling: Saksdokument: Ikkje vedlegg : Møteprotokoll frå møtet 05.06.2014 Side 2 av5
Saksnr U t v a l Møtedato Saksbeh. 041/14 Utval for plan og miljø 17.06.2014 HHB Sakshandsamer: Helle Holte Bruland Arkivsaknr 12/215 PROSESSVEDTAK: VIDARE VURDERING AV INNSPEL TIL AREALDELEN AV KOMMUNEPLAN 2015-25 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Utval for plan og miljø gjer vedtak om at innspel som går fram av vedlegget i saka skal takast med vidare til konsekvensutgreiing, ROS-analyse eller til nærmare administrativ vurdering. Alle innspel om senterstruktur, nærings- og industriareal, friluftsliv /friluftsområde, akvakultur og landbruk vert vurdert vidare. Saksframstilling: Vedtaksmynde: Utval for plan og miljø Saksdokument: Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 12.06.2014 Vedlegg 1 Liste med innspel 12 6 14.pdf 76410 12.06.2014 Vedlegg 2, del I kartbilder innspel 11 6 14.pdf 76411 12.06.2014 Vedlegg 2, del II kartbilder innspel 11 6 2014.pdf 76412 Ikkje vedlegg: Faktiske opplysninger: Planprogram for arealdelen vart vedteke 22.10.2014. Her vart det gjort greie for planprosessen og 11 tema til rullering med kriterier for handsaming av innspel. Planprogrammet byggjer på samfunnsdelen frå 2011, og tek opp i seg overordna mål og strategiar for arealbruk. Fusa kommune er ein av ni kommunar som deltek i den interkommunale strandsoneplanen for Sunnhordland og Fusa. Dette er ein overordna plan for bruk og vern av strandsona i dei deltakande kommunane. Som ledd i arbeidet med strandsoneplanen har kommunen utført ei kartlegging av den funksjonelle strandsona. Kartlegginga vart utført av konsulentar v/ Asplan viak i 2013, den er ikkje juridisk bindande og har fungert som ei retningslinje for handsaming av innspel i strandsona. Igjennom arbeidet med innspela har det kome det fram fleire lokalitetar der funksjonell strandsone bør justerast for å vere konsekvent i vurderingane. Det vert lagt opp til ein gjennomgang av kartlegginga samstundes med konsekvensutgreiing (KU) og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for å sikre ei heilskapleg vurdering. Side 3 av5
Det vart opna for å koma med innspel til arealplanen for Fusa kommune, og den interkommunale strandsoneplanen for Sunnhordland og Hardanger, 28.11.2013 med frist 10.1.2014. Totalt er det motteke om lag 300 innspel fordelt på 215 journalpostar. Det føreliggjande dokumentet (vedlegg 1) gjer greie for tilhøvet til retningslinjene for innspel til arealbruk, og prioritering av kvart innspel. Innspela har vore presentert i Utval for plan og miljø over tre arbeidsmøte gjennomført 29.4., 13.5., og 23.5.2014. I samband med interkommunal strandsoneplan er det under arbeid eigne retningslinjer og føresegner for strandsona. Dette dokumentet er ikkje handsama politisk i Fusa kommune. For å handtere innspela som gjeld strandsoneplanen og for å sikre framdrifta for arealplanen til Fusa kommune vidare, har administrasjonen utarbeidd førebelse retningslinjer basert på arbeidsdokument frå interkommunal strandsoneplan. Førebelse retningslinjer for handsaming av innspel på naust, brygger ol. står under punkt 9, strandsone. Behandling av innspel Vedlegg 1 viser administrasjonen si faglege vurdering av innspela etter prinsipp vedtekne i planprogrammet og retningslinjer for arealbruk (skjema for innspel). Det har kome inn enkeltinnspel på tomtar og naust i LNF. Desse er ikkje tatt med til vidare vurdering. Det vert utarbeida retningsliner og føresegner til arealplanen for Fusa kommune, og retningslinjer og føresegn for interkommunal strandsoneplan skal implementerast i desse. Enkelttiltak utan overordna planformål må forhalde seg til retningsliner og føresegn til kart. Retningslinjene som er lagt til grunn for handsaming står som innleiing før kvar liste med innspel. Som vedlegg 2 ligg kartutsnitt med skriftleg vurdering, der innspela er talfesta (t.d. hytte 26, bustad 5 osb) slik at ein finn dei att i listene. Kartutsnitta viser vurdering av innspel inndelt i område, ikkje temavis. Listene viser alle innkomne innspel inndelt i tema, og det er gjort ei vurdering av kvart enkelt innspel. Listene over innspel er inndelt som følgjer: - Senterstruktur og tettstadsutvikling - Bustadområde - Fritidsbygg - Areal til friluftsliv/friluftsområde/vern/naturmangfald og kulturminne - Infrastruktur og transport - Nærings- og industriareal - Landbruk - Strandsone(naust, båthamner, funksjonell strandsone(fs) osb) Side 4 av5
Habilitet Formålet med reglane om inhabilitet er å forhindra at saker vert handsama og avgjort av tenestemenn/politikarar som har eigeninteressa i saka. Habilitetsreglene er med på å sikre ei mest mogeleg objektiv og upartisk saksbehandling. Rådmannen skal sjå til at saker som vert lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd, jf. kommunelova 23. Fusa utviklingsselskap har levert innspel om bustadområde på eigedommen til Are Fløisand. Det har også kome inn andre innspel til nye bustadområde i Eikelandsosen. Are Fløisand er gift med Berit Fløisand som er rådmann i Fusa kommune. I samsvar med forvaltingslova sine reglar om inhabilitet kap. II 6-10 seier rådmannen seg difor inhabil når det gjeld handsaming av bustadområde i Eikelandsosen. Underordna tenestemann kan leggja til rette grunnlaget for avgjerd, dvs. både gjera greie for fakta og i tillegg gjera vurderingar/koma med framlegg til vedtak. Rådmannen har i denne saka - ved vurdering av bustadområde i Eikelandsosen - følgd praksis som tidlegare er avklart med formannskapet: Er rådmannen ugild så skal det kun gjerast greie for faktiske forhold og det skal ikkje gjerast vurderingar/framlegg til vedtak. Planutvalet må etter dette gjera eventuelle prioriteringar av kva nye bustadområde som skal konsekvensutgreiast i Eikelandsosen. Utval for plan og miljø må sikra at ingen politiske representantar som er ugilde er med på å handsama saka. Ombodsmannen har sjølv plikt til å melda frå om tilhøve som kan føra til inhabilitet slik utvalet kan avgjera inhabilitetsspørsmålet. Vurdering: Utval for plan og miljø gjer no eit prosessvedtak. Det er ikkje eit endeleg vedtak om kva innspel som vert med i sluttvedtaket for arealdelen. Rådmannen rår til at omlag 160 av 300 innspel vert vurdert nærare. Av dei 160 innspela vi ønskjer å sjå nærare på, skal omlag 120 konsekvensutgreiast. Dette gjeld i hovudsak nye byggeområde (hus, hytter, naust, industri), og omfattar i liten grad friluftsområde o.l. Konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) skal utarbeidast av konsulent v/asplan viak. Det er svært viktig at arbeidet med KU og ROS startar opp snarast, slik at vi har desse dokumenta klare til hausten 2014. Side 5 av5