Kortversjon. Økonomiplan

Like dokumenter
Kortversjon Årsrapport Informasjon frå Time kommune. Trygg og framtidsretta

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Trygg og framtidsretta

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Frivilligpolitisk plattform

Til veljarane i Tysnes

Innovasjonsmetoden vår

Internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Oversyn over økonomiplanperioden

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Program for. Årdal Venstre

? Foto: Simen Soltvedt?

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

TVERRFAGLEG SAMARBEID.

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Frivilligpolitisk plattform

Program for Masfjorden Venstre

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Prosjektmål Det er formulert tre delmål

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Ei god framtid for alle!

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Tertialrapport 2 tertial 2015

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Utkast til program Meland Høgre 2015

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Finnøy framleis aleine?

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Mestring og deltaking heile livet

Ål Venstre. Ål Venstre

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

ETNE VENSTRE

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Internasjonal orientert, aktiv og attraktiv

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Trygg og framtidsretta

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Politisk program for Jølster KrF

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Politisk Måldokument for Ungdommens Bystyre i Flora Kommune, Vedteke i møte 3 mai Revidert i møte 8 mars 2012.

KOSTRA og nøkkeltall 2016 Vågå Kommune

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Program OSTERØY HØGRE

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Transkript:

Kortversjon Økonomiplan 2017-2020

Innleiing Nedgangen i oljesektoren har gjeve lågare aktivitet i mange bransjar. Dette har ført til høgare arbeidsløyse, lågare folkevekst og netto utflytting frå regionen. Time sin låge vekst gjer at me mister veksttilskottet. Samtidig skjer ei omlegging i rametilskotssystemet, som også gjev kommunen lågare inntekter. Skatteveksten har vore lågare enn landsgjennomsnittet i fleire år, og situasjonen i arbeidsmarknaden gjer at sosialhjelpsutgiftene aukar. Kommunen har hatt store barnekull i fleire år, og kapasiteten må fremdeles aukast i både barneog ungdomsskulen. Med lågare vekst er det ikkje behov for ny barneskule på Bryne i planperioden, då kapasitetsutfordringane kan løysast i andre kommunale bygg. Innføring av nettbrett for alle klassetrinn er ei stor satsing i perioden. Me forventer at dette gjev resultat på mellom anna leseferdigheter, meir tilpassa opplæring, meir motiverte elevar og dermed også i neste omgang lågare fråfall frå vidaregåande skule. Inntektssvikten gjer at kommunen må setja i verk omstilling og effektivisering i tenesteytinga. Rammejusteringa vil vera på 10 millionar i 2018 og 25 millionar i 2019 og 2020 samanlikna med budsjettet for 2017. Time kommune sin visjon er «Trygg og framtidsretta», og målet er å levera trygge og framtidsretta tenester som møter behova til dei som bur, arbeider, driv næring og oppheld seg i kommunen. I tillegg til grunntenester som skule, barnehage, helse, omsorg og tekniske tenester, utviklar kommunen tilbod for ulike grupper og skal også vera ein sentral aktør i samfunnsutviklinga. Inntektene til kommunen er hovudsakleg statlege overføringar, skattar og gebyr, og i økonomiplanen går det fram korleis desse inntektene skal brukast til dei ulike tenestene i ein fireårsperiode. Årsrapport og rekneskap syner korleis pengane vart brukte og kva mål me nådde i året som gjekk. I kortversjonen av økonomiplanen presenterer me nokre av tiltaka som vart gjennomførte i året som gjekk. Vil du i tillegg lesa heile økonomiplanen for Time kommune 2016-2019, finn du alle overordna planar på www.time.kommune.no Har du spørsmål ta gjerne kontakt med oss via kontaktskjemaet på nettsida eller på Facebook. God lesing! Reinert Kverneland Ordførar Brit Nilsson Edland Rådmann

Lokalsamfunnet Time Time kommune skal vera eit smart lokalsamfunn der det er attraktivt å bu, opphalda seg og driva næring. Smarte løysingar krev samarbeid og involvering mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar. Kunnskaps-, velferds- og informasjonsteknologi er sentrale satsingsområde. Time for alle Time skal vera eit inkluderande samfunn med tilgjengelege møteplassar, transport og offentlege tenester. Alle skal kunna delta og bidra med sine ressursar inn i fellesskapet. Ein god og open dialog mellom innbyggjarar, næringsliv, politikarar og kommuneadministrasjon bidreg til at fleire involverer seg i samfunnutvikling og lokalpolitikk. For at innbyggjarane skal få nytta kompetansen og arbeidsevnen sin, vert det sett i verk kvalifisering og andre tiltak for å gje fleire grupper tilgang til arbeidsmarknaden. Det er innført aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar frå 2017, og kommunen må tilpassa tiltaka til den enkelte. Trygg i nærmiljøet For å sikra god beredskap vert risiko og sårbarheit jamleg vurdert, planane for beredskap vert oppdaterte og øvingar gjennomførte. I samarbeid med foreldre, frivillige, nabokommunar og politi førebyggjer me kriminalitet og bidreg til at barn og unge har gode og trygge oppvekstvilkår i nærmiljøet. Fysiske løysingar som gjer at opphaldsplassar og leikeplassar er opne og tilgjengelege er med på å gjera nærmiljøet trygt for innbyggjarane. Innovasjon og brukardialog er kommunen sin metode for å utvikla rette, gode, føreseielege og likeverdige tenester til innbyggjarane. Førebygging og tidleg innsats Førebygging og tidleg innsats er prioritert i alle tenester. Tverrfagleg samarbeid og høg fagkompetanse er viktig for å gjera ein innsats tidlegast mogleg. Arbeidsløyse, fråfall frå vidaregåande skule og uførheit i ung alder påverkar livskvalitet og helse. Tiltak som kan redusera og førebyggja desse utfordringane er innsatsområde. Kultur og trivsel Time kommune har eit mangfald av kulturaktivitetar, -arrangement og institusjonar. Frivillige lag og organisasjonar er ein stor ressurs for kulturlivet. Innbyggjarane skal ha trygg og enkel tilgang til område for leik, idrett og rekreasjon. Bryne kino og Storstova som eige kulturhus vil styrkja kulturtilbodet til innbyggjarane og bidra til aktivitet i Bryne sentrum. Bryne byen vår Bryne er regionssenteret på Jæren og skal vera ein attraktiv by å besøkja, leva i og investera i. I planperioden skal sentrum oppgraderast. Fritz Røed skulpturpark og Kaizersplassen vert fornya, og det vert sambruksområde for fotgjengarar og bilar i Reevegen. Kommunen legg til rette for at Bryne torg er ein attraktiv opphaldsplass gjennom året. Gjennom eit forpliktande samarbeid mellom gardeigarar, næringsliv og kommune vert aktiviteten i sentrum utvikla og styrkt. Kommuneorganisasjonen Når kommunen utviklar tenestene, skal brukarane sine behov stå i sentrum. Digitalisering kan gjera tenestene betre og meir tilgjengelege for innbyggjarane. Kommunen vil ha tilsette med rett kompetanse. Medarbeidarane driv innovasjon i kvardagen, slik at nye behov kan løysast samordna og effektivt. Som arbeidsgjevar vil kommunen leggja til rette for at dei tilsette vel miljøvennlege transportmiddel.

Økonomiske nøkkeltal (Beløp i mill. kr) Rekneskap Budsjett Budsjett 2017 2015 2016 Driftsinntekter 1241 1219 1241 Driftsutgifter -1186-1170 -1197 Finansutgifter -26-23 -26 Finansinntekter 40 36 39 Netto avdragsutgifter -34-39 -43 Netto driftsresultat 35 23 13 Driftsinntekter Budsjett 2017 Brukarbetaling 159 mill. kr. Overføringar 120,1 mill. kr. Rammetilskot 410 mill. kr. Driftsutgifter Budsjett 2017 Oppvekst 446 mill. kr. Administrasjon 68 mill. kr. Omsorg 261 mill. kr. Skatteinntekter 552 mill. kr. Rammetilskot er dei midlane kommunen mottek frå staten som kommunen sjølv kan prioritere. Samfunn 187 mill. kr. Folkemengd i Time 16 000 14 000 12 000 10 000 8 000 6 000 4 000 2 000 0 2011 2015 2019 2023 0-15 år 16-66 år 67 år +

Økonomiske nøkkeltal Folketalet i Time er omlag 18 000 personar. Det er venta vekst i folketalet i Time med nærare 15 % fram til 2019 og 36 % fram til 2027. Framskrivinga viser at veksten er venta å verta størst for aldersgruppa som er 67 år og eldre. Folketalsframskrivinga er usikker særleg grunna den økonomiske utviklinga i regionen. Folketalsutviklinga og endringane i alderssamansettinga har mykje å seia for omfanget av velferdstenester, barnehageplassar og skulebygg. 60 000 Netto gjeld per innbyggjar i kr. Salgs- og refusjonsinntekter 158 mill. kr. Finansiering av investeringar 2017-2020 50 000 40 000 30 000 20 000 10 000 - Eigenfinansiering 258 mill. kr. 2009 2011 2013 2015 2017 2019 Låneopptak 388 mill. kr. Investeringar mill. kr 400 350 300 250 200 150 100 50 0 2017 2018 2019 2020 Kultur, kyrkje og idrett IKT og administrasjon Skular Samferdsel, byutvikling og fritid Vatn og avløp Omsorg Barnehagar

Velferdstenester Dei kommunale velferdstenestene er organiserte i områda oppvekst, omsorg og samfunn. Oppvekst leverer tenester til barn og unge under 18 år. Omsorg sine tenester gis til dei som treng hjelp i kvardagen. Samfunn dekkjer resten av det kommunale tenestetilbodet. Innovasjon bidreg til å finna fram til betre og meir brukarretta tenester. Brukarane sine behov er utgangspunkt for å sikra rett teneste og rett kvalitet til rett tid. Arbeidet med å digitalisera kommunen held fram. Innbyggjarane skal kunna finna den informasjonen dei treng og løysa dei oppgåvene dei ønskjer uavhengig av opningstider. Oppvekst Sjølv om veksten i fødselstal og tilflytting har flata ut, må kapasiteten i oppveksttenestene framleis Sjølv om fødselstal og innflytting til kommunen har flata ut, er det fremdeles behov for auka kapasitet i skulen. Samtidig må talet på barnehageplassar justerast i forhold til behovet. Samanhengen mellom tidleg innsats, forskingsbasert kunnskap og kompetanse hos tilsette er viktig for eit godt oppvekstmiljø. Nye skulebygg ved Bryne ungdomsskule og Frøyland skule med fleirbrukshall vert ferdige til skulestart hausten 2017. revidera barnehagebruksplanen redusera overkapasitet ved å avvikla avdelinga Ragnestølsberget i Monsanut barnehage auka pedagogisk bemanning i barnehagane til 41 % som er nasjonalt nivå leggja til rette for assistentar til å ta fagutdaning minimun 15 lærarar deltek i vidareutdaning tilbod Kompetanse for kvalitet nettbrett på utvalde trinn på alle skulane rettleiingskompetanse på alle skular for nyutdanna lærarar utarbeida informasjon om tilbodet på helsestasjon, skulehelseteneste og familiesenter på fleire språk

Omsorg Omsorgstenestene har fokus på innovasjon, tidleg innsats og velferdsteknologi i tenesteytinga. Gjennom heiltidskultur og nye arbeidstidsordningar vert deltid redusert og tenestene tilpassa brukarane sine behov. brukarundersøkingar i Heimeteneste og Dagsenter for eldre prosjektet «heiltidskultur og arbeidstidsordningar» tiltak for å redusera sjukefråværet fokus på velferdsteknologi interkommunal øyeblikkeleg hjelp-tilbod for brukarar innan psykisk helse og rusarbeid organisering Stemmen burettslag kompetanseeining saman med Klepp og Gjesdal Samfunn Bryne brannstasjon har dagkassernert mannskap frå januar 2017. Fram mot år 2022 vert kostnadene til felles brannvesen endra frå berekning ut frå «historiske» kostnader til fordeling etter folketal. Dette vil gje Time høgare utgifter på sektoren. Det er planlagt sanering av vassleidningar og handtering av overvatn. Ei robust vassforsyning i heile kommunen er også planlagt i perioden. For å gjennomføra arbeidsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar må det opprettast tiltaksplassar i heile organisasjonen slik at tiltaka kan tilpassast den enkelte. Eit nært samarbeid med næringslivet vil også vera viktig for å leggja til rette for tilgangen til arbeidslivet. Bryne kino er planlagt ferdig i løpet av 2017. Når Bryne kino vert flytta til Bryne Torgsenter vil Storstova verta eit reindyrka kulturhus. etablera eit meir samanhengande turstinett opparbeida Kaizersplassen, Mølledammen nord og sør og sambruksområde (shared space) i Reevegen i tråd med handlingsplanen til ny sentrumsplan for Bryne styrkja vedlikehaldsarbeidet på kommunale vegar skifta ut halogenarmatur og kvikksølv i gatelys med nye LED-armatur alle bygningar som har vassforsyning, skal ha innstallert tilbakestrøymingsvern og vassmålar ta i bruk auka ressursar til kvardagsrehabilitering starta opp aktivitetstilbod for sosialhjelpsmottakarar i kommunal regi utvikla eit breitt aktivitetstilbod i Møllekjellaren i nært samarbeid med ungdommane etablera kino i Bryne Torgsenter i Bryne sentrum og drifta Storstova som eit eige kulturhus utvikla biblioteket til opplæringsarena for digital kompetanseheving for innbyggjarane gjennomføra nødvendige brannsikringstiltak etter tilsyn i kommunale bygg.

Dei største investeringsprosjekta i perioden 2017-2020: rehabilitera bygg A og C av rådhuset kjøp av Time vidaregåande skule utvida skulekapasiteten på Frøyland og Bryne byggja ny ungdomsskule saman med Klepp kommune i Vardheia rehabilitera og utvida Trollongane barnehage byggja/kjøpa fleire kommunale utleigebustader byggja Stemmen burettslag på Kvernaland utvida gravplassen ved Time kyrkje byggja nye fleirebruks-/idrettshallar på Kvernaland og Bryne auka innsats i utbetringa av leikeplassar og ballbingar utvida overvasskapasiteten i Bryne oppgradera uteområda på begge sider langs Mølledammen Satsar og gebyr for brukarbetaling er å finna på kommunen sine nettsider. Fullstendig versjon av økonomiplanen er tilgjengeleg på kommunen sine nettsider. Postboks 38, 4349 Bryne h Tlf. 51 77 60 00 h Faks 51 48 15 00 h E-post: post@time.kommune.no h www.time.kommune.no