MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesrådet for funksjonshemma Indre Sogn Asvo / Klingenberg hotell Årdalstangen Møtedato 09.06.2015 Kl. 10.00 14.30 Faste medlemer til stades: Norunn Lunde Furnes, Odd Atle Stegegjerdet, Solfrid Fossberg, Solfrid Lillebø, Geir Liavåg Strand Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Sekretariat for møtet: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem Ingen merknader til innkalling og sakliste. Solfrid Lillebø skal få tilsendt sakspapir og vedlegg på papir. Fylkesrådet for funksjonshemma hadde omvising hos Indre Sogn ASVO og fekk informasjon om bedrifta v/ dagleg leiar Jarle Øy. I tillegg var det konsert av ASVO-bandet. Indre Sogn Asvo har som intensjon at dei gjennom gode rollemodellar, god arbeidsleiing, god opplæring og lønsam produksjon av varer og tenester skal skape utviklande og trygge arbeidsplassar. Dei skal profilere seg med god kundehandsaming og feilfri produksjon av varer og tenester. Slagordet til bedrifta er: «Ei bedrift for alle!» Dei vil vere ein inkluderande arbeidsplass og treningsplass for menneske med ulike og unike ressursar, behov og moglegheiter. Indre Sogn ASVO har i dag tre ulike tiltak bestilt av NAV: VTA: Varig tilrettelagt arbeid APS: Arbeidspraksis i skjerma verksemd AB: Arbeid med bistand Kommunane kjøper plassar på eigne vilkår. Indre Sogn ASVO har fylgjande produksjonsavdelingar: Vaskeri, skilt, sy, trevare, mekanisk og glas.
Følgjande skriv vart lagde fram til orientering: Meldesak 1) Oppsummering frå bedriftsbesøk hos Indre Sogn ASVO Det er eit tankekors at bedrifter som Indre Sogn ASVO er «vekstbedrifter», med bakgrunn i at det vert eit auka tal av ungdommar som brukarar. Bedrifta har stor tillit i kommunen, ved at kommunen nyttar bedrifta mykje. Indre Sogn ASVO har teke over det kommunale vaskeriet. Konklusjon: Nyttig å sjå korleis bedriftene i fylket jobbar med å få til ein inkluderande arbeidsplass og treningsplass for alle slags menneske. Meldesak 2) SOR-konferansen i Bergen 4. 5. mai 2015 Informasjon frå Norunn og Odd Atle som deltok på konferansen i mai. Innleiing med at dette er gode konferansar som tek opp interessant innhald. Tema for denne konferansen var: «Livsstil et spørsmål om valg. Sunne og aktive liv for mennesker med utviklingshemning utfordringer og muligheter» Konklusjon: Dette er gode konferansar som set viktige tema på dagsorden, og det er ein fordel om representantar frå fylkesrådet møter på desse konferansane. Meldesak 3) Rapport frå Møre og Romsdal om universell utforming på ferjene Norunn orientererte om ein rapport som Statens vegvesen har skrive om universell utforming på ferjene i Møre og Romsdal, og kartlegginga som har vore gjort. Rapporten er utforma med bilete som eksempel, og koda med fargane grøn og raud, alt etter kva som har vore etter regelverket og ikkje. Fylkesrådet meinte det hadde vore interessant å få høyre med samferdsleavdelinga i fylket, om ein kan gjere tilsvarande kartlegging av ferjer i Sogn og Fjordane. Det kom fram forslag om at ein kunne ha synfaring på ei ferje i fylket, på neste møte i fylkesrådet den 22. september. Konklusjon: Fylkesrådet ber om at samferdsleavdelinga tek initiativ til ei tilsvarande kartlegging av universell utforming på ferjene i Sogn og Fjordane, og oppfølging av kravspesifikasjonane. Fylkesrådet meiner det kan vere fornuftig å ha synfaring på ei ferje i Sogn og Fjordane på neste møte i fylkesrådet den 22. september. Meldesak 4) Informasjon frå Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse i Sogn og Fjordane (LPP) Utdrag frå brevet: «Kommunestyret/fylkestinget skal vedta mandat, samansetjing av rådet og tal medlemmer. Rådet skal vere sett saman av politikarar og representantar frå brukarorganisasjonane. Tilsette i administrasjonen i kommunen/fylket kan også vere representert i rådet. Brukarorganisasjonane har rett ril å kome med forslag på medlemmer til rådet. Det er viktig at dei ulike brukargruppene, psykisk utviklingshemma, fysiske funksjonshemma, rus og psykiske sjuke, er representert. I Sogn og Fjordane er brukarorganisasjonane innan psykisk helse og rus kun representert i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i nokre få kommunar. LPP meinar dette ikkje er tenleg ut frå den nasjonale målsettinga om å sikre at verdifull erfaringskompetanse på ein systematisk måte blir nytta i tenesteutviklinga og planarbeidet i kommunen. LPP vil oppfordre kommunane til å syte for at brukarorganisasjonar innan psykisk helse og rus blir representert i alle kommunale/fylkeskommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne. LPP ber om at denne saka blir sett på sakslista på neste møte i dei kommunale råda i kommunane i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.» Side 2 av 5
Konklusjon: Fylkesrådet tek informasjonen til vitande. Meldesak 5) Landskonferansen i Bodø 19. 20. august 2015 Det er rådet for likestilling av funksjonshemma som inviterer til årets landskonferanse for fylkesråda for funksjonshemma. Konferansen finn stad på Scandic Havet Hotell i Bodø. Tema for konferansen er todelt: «Tilgjengelighet til kulturarrangement» og «Medvirkning ved barn og unge». Det er statsråd Solveig Horne i Barne- og likestillingsdepartementet som skal innleie konferansen. Konferansen har oppstart kl. 10.00 19. august, og er ferdig kl. 13.00 20. august. Påmeldingsfristen er 30. juni 2015. Deltakarane må betale rom og dagpakke sjølv direkte til hotellet. Viser elles til e-post sendt til medlemmene i fylkesrådet 19. mars. Konklusjon: Fylgjande medlemmer melder seg på landskonferansen i Bodø: Norunn Lunde Furnes, Odd Atle Stegegjerdet, Solfrid Fossberg, Solfrid Lillebø, Geir Liavåg Strand. Meldesak 6) Budsjettprosessen fram til fylkestinget 16. juni 2015 Økonomiplanen har fylgjande framdrift: Dato Økonomiplan Politisk nivå Adm. nivå 12.05.15 Framleggingsdato for kommuneproposisjonen 2016 13.05.15 Eit samla fylkesting vert orientert om: Kommuneproposisjonen Ferdigstilte utgreiingar og vidare arbeid med økonomiplan 2016-19 Hovudutvala vurderer "eigne" utgreiingar og kjem med sine tilrådingar om prioriteringsrekkefylgjer. Til desse møta vil det ikkje liggje føre administrative tilrådingar FT HU 26.05.15 Fylkesrådmannen legg ut si tilråding til økonomiplan med tanke på handsaming i hovudutval, fylkesutval og fylkesting FRM 02.06.15 Hovudutvala si handsaming HU 03.06.16 Fylkesutvalet si handsaming FU 16.06.15 Fylkestinget si slutthandsaming FT Referata frå hovudutvala sine møter finn de på heimesida til www.sfj.no Konklusjon: Fylkesrådet lagar eigen uttale til fylkestinget om personsamanfall. Meldesak 7) Ymse Det var forslag frå Norunn om å lage to uttalar til fylkestinget som skal ha møte 16. juni. Fylkesrådet for funksjonshemma laga uttale til to saker som skal opp i fylkestinget 16. juni: sak 15/1745 personsamanfall mellom fylkesrådet for eldre og fylkesrådet for funksjonshemma, og sak 15/3150 skyssreglementet for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Uttale frå fylkesrådet for funksjonshemma om personsamanfall mellom fylkesrådet for eldre og fylkesrådet for funksjonshemma: Fylkesrådet er glad for FU sitt vedtak, om å halde på dagen si ordning med å halde på to separate fylkesråd. Fylkesrådet for funksjonshemma har desse endringane til nytt reglement: 1. Det vert ikkje gjort endringar i organiseringa av fylkesrådet for eldre, og fylkesrådet for funksjonshemma. 2. Namnet på rådet vert endra til: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Side 3 av 5
3. I reglementa for begge fylkesråda vert det teke inn ei formulering om at det skal vere kjønnsbalanse ved samansetning av fylkesråda. Uttale frå fylkesrådet for funksjonshemma om skuleskyssreglementet for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane: Fylkesrådet for Funksjonshemma fekk høve til å handsame saka i møte 9.juni sidan Hovudutval for Samferdsle 2.juni vedtok at saka også skal til Fylkestinget. Fylkesrådet for Funksjonshemma er takksam til Hovudutval for Samferdsle for dette høvet til å gje råd i tråd med den funksjonen vi skal ha, men vi reagerer på at ikkje administrasjonen har innlemma Fylkesrådet for Funksjonshemma i høyringsprosessen av reglementet, der fristen var 6.mai 2015. Vi ser at det nye skyssreglementet har meir tekst og er klårare på fleire punkt. Det er eit oversiktleg dokument som truleg kan gje svar på ofte stilte spørsmål om skyss kvart skuleår. Vi har desse merknadene: 1. Fylkestinget skal i juni ta stilling til om Fylkesrådet for funksjonshemma eventuelt skal endre namn til Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Dersom denne namne-endringa vert vedteken, ser vi det som naturleg at det same omgrepet vert innført i det nye reglementet. 2. Funksjonshemma elevar må ikkje få svekka rett til heimreiser. I saksutgreiinga kan det sjå ut som at funksjonshemma elevar på internat kan få utvida heimreisene med meir enn 6 reiser i året slik det er no. Det vert i pkt. 4.6 synt til at nokre statlege kompetansesenter dekker inntil 7 heimreiser for sine elevar og at ein elev kan søkje fylkeskommunen om å få dekka fleire reiser. Dette er positivt, og Fylkesrådet for funksjonshemma forventar at dersom elevar med funksjonshemming må gå på ein skule som ikkje dekker heimreiser så får dei også rett til å søkje om å få dekka heimreisene sine. Retten må gjelde anten skulen/kompetansesenteret er statleg eller privat. 3. I gjeldande reglement heiter det at Fylkeskommunen er ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter kap. 7 i Opplæringslova og kap. 10 i forskrift til Opplæringslova. Vi merkar oss at i det nye reglementet er det fleire endringar som gjeld Følgje og tilsyn punkt 8.2 Følgje og tilsyn vil ofte gjelde funksjonshemma elevar. Det vert presisert at skulen eller foreldra har ansvaret, og det er vanskeleg å oppfatte det annleis enn at fylkeskommunen her har eit mindre ansvar og at ansvarsfordelinga mellom skulen og foreldre til funksjonshemma elevar vil kunne variere frå skule til skule. Vi ber Fylkeskommunen som skuleeigar følgje opp at skulane her utøver skjønn og har lik praksis. Fylkesrådet for funksjonshemma har forståing for at skuleskyssen må samordnast, og at dette også kan gjelde for funksjonshemma elevar. Vi minner likevel om at kva som er akseptabel reisetid for ein funksjonsfrisk elev kan vere noko heilt anna for ein funksjonshemma elev. Side 4 av 5
SAK 5/15 Skriv og meldingar 2015 - FFF Dette gir følgjande VEDTAK: Fylkesrådet for funksjonshemma tek skriv og meldingar til vitande. Fylkesrådet for funksjonshemma lagar uttale på sakene som er meldt inn under ymse (meldesak 7), og sekretær sender uttalene til fylkestinget. -------------------------------------------------------- Side 5 av 5