REGIONALAVDELINGA Planseksjonen - REG AVD J. Tufteland AS Postboks 131 5401 Stord Dato: 12.05.2015 Vår ref.: 2015/3988-5 Saksbehandlar: pernord1 Dykkar ref.: Fråsegn til oppstart av detaljregulering for Korggardsvika, Husnes, gnr 144, bnr 44 m.fl. - Kvinnherad kommune. Varsel om synfaring Vi viser til brev datert 09.04.2015 om oppstart av arbeid med detaljregulering for Korggardsvika. Hovudføremålet med reguleringa er tilrettelegging for bustader, naust, næringsområde, småbåthamn, trafikkområde, leikeområde og friområde. Føremålet er i hovudsak i strid med kommuneplanen der området er sett av til næringsføremål. Kommunen har vurdert at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Hordaland fylkeskommune vurderer oppstartsmeldinga ut i frå fylkeskommunens sektoransvar og målsettingar i regionale planar. Vurdering og innspel Planfaglege innspel Generelt bør planlegging og utvikling vera i samsvar med overordna plan. I denne saka har vi ikkje vesentlege innvendingar til den føreslåtte endring av planføremål i høve til kommuneplan, då dette kan sjåast som ein konsekvens av utviklinga av regionsenteret Husnes. Arkitektur, estetikk og landskap Planområdet er eksponert både frå land og sjø. Det må leggjast vekt på høveleg omfang, arkitektonisk utforming og tilpassing til landskapet for bygg og anlegg. Barn og unges interesser Det må leggjast til rette for trygg ferdsel og trygg skuleveg for born og unge. Tilgang til attraktive leikeområde må sikrast. Folkehelse og friluftsliv Det må leggjast til rette for gode bumiljø, fråvær av konflikt mellom ulike føremål som næring, bustad og småbåthamn, gode uteareal og allmenn god tilgang til strandsona og andre fri- og friluftsområde. Klima og energi Det må takast omsyn til klimaendringar og ekstremver ved lokalisering og utforming av bygg og anlegg i området. Det bør vektleggjast klimavenlege løysingar og klimamåla i regional klimaplan må leggjast til grunn. Kulturminne Planen sin verknad på kulturminne og kulturmiljø skal dokumenterast og vurderast som eitt av
Side 2/3 punkta i planutgreiinga ved offentleg ettersyn. Hordaland fylkeskommune kan ikkje akseptera planar som er i konflikt med viktige kulturminneinteresser. Vi har i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i det gjeldande området, men det er kjent ei rekkje funn i området rundt, spesielt på Onarheim; gravhaugar (id. 66386, 95070, 135153) og steinalderbuplass (id. 135141), men og på Kaldestad; mellomalderkyrkjestad (id. 84755) og kokegropfelt (id. 11304). Etter ei vurdering av planområdet finn me det nødvendig å gjennomføre ei synfaring før vi kan gje fråsegn til planen, for å vurdere om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne. Me gjer merksam på at det vil vera ein fordel for tiltakshavar å klarleggja spørsmål omkring kulturminneverdiar i området på eit tidleg tidspunkt i planprosessen. Ved synfaringa vil ein ta stilling til om det er naudsynt med ei vidare arkeologisk registrering for å få oppfylt undersøkingsplikta etter 9 i kulturminnelova. Synfaringa vil verta gjort så raskt som råd er. Samferdsel Planen bør visa korleis bebuarar og brukarar av planområdet får tilgang til kollektivtilbod. Vegtilknyting og vegstandard må klargjerast og rekkefølgjekrav bør vera aktuelt for å sikra trygg ferdsel til ei kvar tid ved utviklinga av området. Senterutvikling Det må leggjast vekt på at utbygging i området bidrar til å styrkja regionsenteret Husnes, men gode forbindelsesliner til sentrum, særleg for gåande og syklande. Det vert vist til regional plan for attraktive senter i Hordaland. Meir informasjon Meir informasjon om plantema, rettleiarar og statistikk/kart kan ein finne på nettsidene våre www.hordaland.no/plan/startpakke. Oppsummering Hordaland fylkeskommune ber om at planarbeidet legg særleg vekt på estetikk og landskapstilpassing, barn og unge sin interesser, klimatilpassing, folkehelseomsyn, gode vilkår for gåande og syklande og omsynet til ei god utvikling av Husnes som regionsenter. Området har potensiale for funn av kulturminne og Hordaland fylkeskommune vil snarast gjera ei kulturminnefagleg synfaring. Marit Rødseth plansjef Per Nordmark saksbehandlar Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900 5020 Bergen Tlf: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Kontonr. [5201 06 74239]
Side 3/3 Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Saksbehandlar: Per Nordmark, Planseksjonen - REG AVD, REGIONALAVDELINGA Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900 5020 Bergen Tlf: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Kontonr. [5201 06 74239]
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Fylkeskonservatoren - Kultur- og idrettsavd Omega Areal as Kvassanesvegen 4 5582 ØLENSVÅG Dato: 29.12.2015 Vår ref.: 2015/3988-7 Saksbehandlar: larbirk Dykkar ref.: Oppstart av planarbeid - Korggardsvika - gnr 144 bnr 44 - detaljreguleringsplan - Kvinnherad kommune - Varsel om arkeologisk registrering Viser til brev av 09.04.2015 med varsel om oppstart av planarbeid frå J. Tufteland AS. Viser også til brev datert 12.05.2015 med varsel om kulturhistorisk synfaring. 09.12.2015 mottok me e-post frå Omega Areal as ved Eileen P. Selland, som har overteke planarbeidet for tiltakshavar. Hordaland fylkeskommune, Fylkeskonservatoren, har vurdert saka som regional sektorstyresmakt innan kulturminnevern. Den 26.08.2015 gjennomførde arkeolog frå fylkeskonservatoren ei synfaring i det aktuelle området. Med bakgrunn i synfaringa finn vi det nødvendig med ei arkeologisk registrering for å avgjera om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne, jf. 9 i kulturminneloven. Vi har ikkje heimel til å krevja registreringa gjennomført før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn, men det vil vera ein fordel for tiltakshavar å klarleggja spørsmål omkring kulturminneverdiar i området på eit tidleg tidspunkt i planprosessen. Jf. Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner 9, jf. 10, må kostnadene ved registreringa betalast av tiltakshavar. Kostnadsoverslag er lagt ved. Dersom det er ynskjeleg med ei arkeologisk undersøking på noverande tidspunkt i planprosessen, ber vi om skriftleg godkjenning av kostnadsoverslaget samt ressursnummer. Om det er ynskjeleg at oppdraget vert utført i feltsesongen 2016 er det ein fordel med rask tilbakemelding, slik at vi kan plassere oppdraget inn i vår feltsesong. David J. Aasen Sandved Kst. fylkeskonservator Lars Øyvind Birkenes Seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Per Nordmark Vedlegg: Kostnadsoverslag Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA PB 7900 5020 Bergen Tlf: 55 23 90 00 e-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Foretaksnr. NO 938 626 367 mva. Kontonr. [5201 06 74239]
VEST J. Tufteland AS jtas@jtas.no Deres ref.: Vår ref.: 2015/1708-2 Arkiv nr.: 413.2 Saksbehandler: Gunvor Steffensen Dato: 20.04.2015 Uttale til melding om oppstart av planarbeid - Gnr 144 bnr 44 mfl - Korggardsvika - Husnes - Kvinnherad kommune - Hordaland fylke Vi viser til brev datert 09.04.2015 vedrørende igangsetting av ovennevnte planarbeid. Det opplyses at i den nye reguleringsplanen vil området bli regulert til bustader, naust, næringsområde, småbåthamn, trafikkområde, leikeområde og friområde. Varslet planområde går ut i sjø. Ved planlegging i sjø må det tas hensyn til sjøvertsferdsel, og det er derfor viktig at det ikke planlegges tiltak/aktiviteter som kan komme i konflikt med fremkommeligheten i farvannet. De tiltak som planlegges etablert må dimensjoneres slik at de kan motstå blant annet drag og bølgeslag ifra påregnelig båttrafikk m. v. i området. Det må tas med i reguleringsbestemmelsene at tiltak som faller inn under havne og farvannslovens bestemmelser skal godkjennes av havnemyndighet. Kystverket vil be om at planforslaget oversendes for uttale når dette foreligge. Med hilsen Knut Stenevik avdelingssjef Gunvor Steffensen Dokumentet er elektronisk godkjent Vest - Plan- og kystforvaltningen Sentral postadresse: Kystverket Postboks 1502 6025 ÅLESUND Telefon: Telefaks: Bankgiro: +47 07847 +47 70 23 10 08 7694 05 06766 Internett: E-post: Org.nr.: Brev, sakskorrespondanse og e-post bes adressert til Kystverket, ikke til avdeling eller enkeltperson www.kystverket.no post@kystverket.no NO 874 783 242
J. Tufteland AS Stord Husnes/Stord 16. mai 2015 Merknader til planarbeidet i Bogsnes Takk for nyttig og godt møte på Husnes torsdag 7. mai. Som avtalt summerer vi opp dei synspunkta vi la fram i form av denne merknaden til oppstarten av planarbeidet. Utviding av planområdet Vi ber om at 144/40 blir innlemma i planområdet. Tilkomstveg Eigedomane våre, 144/40 og 144/222, treng ein eigna tilkomstveg. Vi ser det som naturleg at denne vert teikna inn frå hovudkrysset ved fylkesvegen, og at hovudvegføringa i stor grad tangerer opp mot dei tilgrensande næringsområda. Høg grad av utnytting Når det gjeld bustader på eigedomane våre, ønskjer vi høg grad av utnytting, samtidig som det estetiske og harmoniske vert teke omsyn til. Dersom det lèt seg gjera, ønskjer vi å ta stilling til storleiken på husa på eit seinare tidspunkt. Det ideelle er å då kunna velja mellom vertikal- og horisontaldelte to- til firemannsbustader i to til tre høgder avhengig kor dei vert plasserte i terrenget, kombinert med nokre fine tomter for einebustader. Vi vil tru at desse i mest mogeleg grad bør ligge vestvendt. Vi ser for oss at det bør kunna leggjast til rette for omlag 30 bueiningar innanfor 144/40 og 222. Som nemnt i møte ønskjer vi eit samspel med Tufteland for å få til ei god regulering for desse eigedommane. Fyllinga Den tidlegare varsla fyllinga på 144/212 er etter vårt syn for dominerande, jmfr. tidlegare kommentarar i samband med søknad om løyve til fylling. Vi oppfordrar på ny om at denne blir dempa ein del, både med tanke på det estetiske og på at Korgarsvika ikkje skal koma i bakevja. Husnes Brygge AS Når det gjeld bustadblokkene som skal byggjast på Husnes Brygge AS/Fatland sine område, ønskjer vi at det vert teke omsyn til estetisk fin utforming og harmoni med omgjevnadene og den bygginga som seinare
vil koma på våre område. For oss betyr det mykje at blokkene i minst mogleg grad stengjer for utsikt, sol og lys for husa som seinare vil bli bygde på 144/40 og 144/222. Venleg helsing Kjersti Aarsand og Trude Aarsand Eigarar av 144/222 og 144/40