Planprogram Revisjon av Kommuneplanen for Balestrand kommune Sognebåten i Balestrand Balestrand mai. 2014 1
Innhald 1. Føremål med planarbeidet... 3 1.1 Grunnlag i Kommunal planstrategi 3 1.2 Tema som skal vurderast i samband med rulleringa 3 1.3 Føringar for arbeidet med kommuneplanen arealdelen.. 6 2. Planprosessen med deltakarar, opplegg for medverknad og tidsfristar. 7 2.1 Styring av planarbeidet... 7 2.2 Deltakarar. 7 2.3 Opplegg for medverknad.. 7 2.4 Tidsfristar. 8 2
1. Føremål med planarbeidet Føremål med planarbeidet er rullering gjeldande Kommuneplanen samfunnsdelen, 25.03.10 og Kommuneplanen arealdelen, 25.03.10. 1.1 Grunnlag i kommunal planstrategi for Balestrand kommune Følgjande føringar skal bli lagt til grunn, jf. kommunal planstrategi : Kommuneplanen samfunnsdelen Fokus på definerte hovudutfordringar og utviklingspotensiale for Balestrand kommune: 1. Bustader 2. Næring 3. Marknadsføring Beredskapsområdet skal få ein eigen del i planen. Kommuneplanen arealdelen. Har mykje tilgjengeleg utbyggingsareal som ikkje vert teke i bruk i gjeldande kommuneplan. Vil vere ein delvis revisjon. Kan også vurdere «ingen revisjon». Framtidig vegopprusting for Fv 55 Esefjorden vert løyst gjennom eigen kommunedelplan. 1.2 Tema som skal vurderast i samband med rulleringa Det skal gjerast ei vurdering av status, utformast strategiar og konkrete målsetjingar for følgjande tema: 1.2.1 Bustader Vi har ein god del eldre og fråflytta hus. Mange vert nytta til feriebustader og svært få av desse er til sals eller utleige. Også få nyare hus er til sals/utleige. Dette gjer at det er få hus tilgjengeleg i marknaden. Kostnadene med å bygge ny bustad har så langt vore ein del høgre enn marknadsverdien ved sal av hus. Risikoen for tap ved ev. sal er nok ein viktig grunn til at talet på nye bustader har vore låge dei seinare åra. Det er også ein relativt einsarta bustadmasse i Balestrand med mange einebustader. 1. Realiserer attraktive tomter for nybygging. 2. Realiserte ferdige leilegheiter/husvære for sal i sentrumsområdet. 3. Stimulere til sal/utleige av eldre hus 4. Tilgjengelege gjennomgangsbustader 5. Gjennomgang av bustadareal i arealdelen. 3
1.2.2 Næring Næringslivet i kommunen er variert og relativt stabilt. Arbeidsløysa har tradisjonelt vore svært låg. Det er mange små føretak og berre 11 verksemder med meir enn 5 tilsette. Det er over 200 arbeidstakarar som pendlar ut av kommunen, medan ca. 100 pendlar inn. Det er med dette eit underskot av arbeidsplassar og også arbeidsmiljø av ein viss storleik som tiltrekker yngre arbeidstakarar/ etablerarar. Balestrand er med dette også avhengig av at eit større bu og arbeidsområde fungerer godt med tanke på kommunikasjonar og tilrettelegging av tenestetilbod. Tradisjonelle næringar i Balestrand som landbruk og reiseliv har dei seinare åra hatt vanskelege rammevilkår. 1. Ta vare på og utvikle eksisterande bedrifter i kommunen 2. Knoppskyting frå eksisterande bedrifter Nettverk mellom eksisterande bedrifter (fysisk, nettbasert) 3. Nye arbeidsplassar/nye bedrifter Tilgjengeleg næringsområde, lokale Næringsapparat som kan hjelpe fram idear konkret og målretta. 4. Gjennomgang av næringsareal i arealdelen 5. Satse på fritidsbustader 6. Stimulere til utvikling av opplevingsprodukt 1.2.3 Marknadsføring - omdøme Balestrand har ein fin visjon og slagord i «Balestrand inspirerer deg». Det er derimot viktig å forankre og gje denne visjonen eit konkret innhald som folk i kommunen kjenner seg att i. Skal visjonen leve må vi som bur her bidra gjennom våre haldningar og handlingar til at alle som er her og besøker oss faktisk opplever at Balestrand er ein flott stad der vi ynskjer å bu. 1. Gjennomføre eige tilflyttingsprosjekt. Kommunikasjonsplattform (heimeside, heilskapleg marknadsføringspakke) Mottak og hjelp ved førespurnader (struktur/koordinering, rutinar og haldingar) 2. Rette seg mot dei unge samt fremme internasjonal perspektiv. 3. Prosjekt: Prøve-bu i Balestrand 4. Kommunikasjonsstrategi for Balestrand kommune Heimeside, tenestetorg, ttilsette m.v 1.2.4 Samferdsle Balestrand har dei seinare tiåra kome i ein skugge av større utviklingsprosjekt på av infrastruktur på vegsida i regionen. Rutegåande tilbod som Sognebåten, ferjetilbod/frekvensar og bussruter er også under løpande vurdering og press. Det har vore jobba godt opp mot regionale og statlege styremakter dei seinare åra, og kommunen har fått inn viktige prosjekt i fylkeskommunen sine planar. Det er viktig for kommunen å ha trygge vegar og god kommunikasjon, slik at innbyggarane naturleg å kunne ta del i eit større bu- og arbeidsmarknadsområde. Kommunen skal ha ein gjennomtenkt strategi på dette området som skal nyttast i dette arbeidet. 1. Søke fellesskap og løysingar med nabokommunar og Sogn Regionråd. 2. Trygge vegar 3. Tilbod med hyppige og faste ferjefrekvensar som gjer det naturleg å vere i eit større bu- og arbeidsmarknad. 4. Akseptable kollektivtilbod tilpassa behov og næringsliv. 4
1.2.5 Helse og omsorgstenestene Balestrand har ikkje uvanleg menge eldre, men ein stor sektor med menneske med særskilde behov for pleie og omsorg. Dette heng i stor grad saman med kommunen sin tidlegare rolle som vertskommune for PU. Innan helse fører samhandlingsreforma med seg nye krav og utfordringar. Lang avstand til sjukehus og redusert ambulanseteneste er særskilde utfordringar for kommunen. Helse og omsorgssektoren er den delen av kommunal drift som er av klart størst ressurs messig omfang (økonomiske ressursar og personale). 1. Halde på og utvikle funksjonar innan primærhelseteneste. 2. Auke fokus på fagleg kompetanse 3. Auke fokus på tverrfaglegheit 4. Samordne og effektivisere bu og arbeids/aktivitetstilbod innan omsorg. 5. Fokus på rehabilitering - samhandlingsreform 1.2.6 Oppvekstvilkår for barn og unge Balestrand har dei seinare åra hatt nedgang i tal barn og unge. Dette krev at tenestene vert tilpassa til det omfang som er reelt. Tenestene innan «oppvekst» er no samla i ei avdeling som har ansvar for barnehage, skule og fritidstilbod til born og unge, og det er viktig å sjå alle tilboda i samanheng. 1. God og inspirerande læring. 2. Samordning mellom tenestene 3. Framtidsskulen i Balestrand eiga strategivurdering. 4. Oppgradering av Sagatun barnehage. 5. Utarbeiding av eigen ungdomsplan. Stimulere og legge til rette for at ungdom kan vere aktive og vere med å skape sine tilbod. I dette ha fokus på eit fungerande ungdomsråd, elevråd på skulane, styre ungdomens hus. 6. Balestrand kommune har eit aktivt engasjement blant innbyggjarane, dugnadsviljen er stor. Det er avgjerande at dette engasjementet finns. Kommunen skal vere aktiv medspelar og tilretteleggjar for kulturarbeidet som vert gjort gjennom lag og organisasjonar. 1.2.7 Beredskap Utgangspunkt Etter forskrift om kommunal beredskapsplikt skal kommunen utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet. Arbeidet skal gjerast med bakgrunn i overordna ROS analyse. Dette er eit nytt lovkrav og kommunen har tidlegare ikkje hatt dette med som ein integrert del av plansystemet. Avklare konkrete førebyggande tiltak som kan betre samfunnstryggleiken. Kan gje grunnlag for prioritering av tiltak etter kost/nytte vurdering. (Det skal utarbeidast eit handlingsprogram til samfunnsdelen som vert kopla opp i mot økonomiplan og budsjettprosessen i kommunen). Også andre tema kan bli vurderte særskild i planfasen om ein finn det naudsynt. 5
1.3 Føringar for arbeidet med kommuneplanen arealdelen. Framtidig vegopprusting for Fv. 55 Esefjorden vert løyst gjennom eigen kommunedelplan. For nye utbyggingsområde skal det bli gjennomført konsekvensutgreiing, jf. plan og bygningslova 4-2 og forenkla ROS-analyse, jf. Plan og bygningsloven 4-3. Med bakgrunn i dette skal det bli stilt vidare krav om planlegging og utgreiing før utbygging kan skje. Ny faresonekartlegging skal bli lagt inn som omsynssone i planen. Dersom eksisterande byggeområde er innanfor faresone skal område som ikkje er utbygde bli vurdert teke ut av planen. Arealdelen skal i tillegg skal omarbeidast i henhald til gjeldande Plan og bygningslov. Dette gjeld koding av arealføremål, innlegging av omsynssoner samt oppgradering føresegner og retningsliner med riktig heimel for desse. 6
2. Planprosessen med deltakarar, opplegg for medverknad og tidsfristar 2.1 Styring av planarbeidet Formannskapet er kommunen sitt «faste utval for plansaker» og styringsgruppe for denne planprosessen. Arbeidet vert i utgangspunktet gjennomført av administrasjonen i kommunen. Det vert i løpet av prosessen vurdert om det er naudsynt å hente inn ekstern kompetanse til einskilde utgreiingar eller andre delar av planprosessen. 2.2 Deltakarar Følgjande aktørar vert tilsendt planprogram og planutkast (NB kan bli supplert); Offentlege planinstansar Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Statens vegvesen, region vest NVE, region vest Fiskeridirektoratet Kystverket, region vest. Bergvesenet Andre aktørar Balestrand Næringsforum Balestrand ungdomsråd Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Tjugum og Esefjorden grendalag Fjordane grendalag Kvamsøy grendalag Nesse grendalag Grunneigarar som vert direkte berørte av tiltak Visit Sognefjord 2.3 Opplegg for medverknad Plan og bygningslova sine krav til høyringar og offentleg utlysing vert følgt. Alle som ynskjer plandokument tilsendt skal få dette. Bruk av heimeside. All dokumentasjon av plandokument og utgreiingar vert lagt ut på kommunen si heimeside. 7
Det vert sett ned faggrupper av administrasjonen, der også eksterne partar kan bli inviterte til å delta, som skal jobbe særskild med satsingsområda i samfunnsdelen: 1. Bustader 2. Næring 3. Marknadsføring 4. Beredskap Det vert helde ope møter med presentasjon og direkte høve for innspel og diskusjonar for planutkast samla eller einskilde fagtema. Det vil bli helde drøftingsmøte med partar som ynskjer det ut i frå interesse eller for avgrensa fagtema. 2.4 Tidsfristar Planarbeidet skal som utgangspunkt ha slik framdriftsplan: Hovudfasar og milepelar Ansvar Dato (mnd.år) Oppstart, Planprogram Utarbeiding av forslag til Planprogram RM 05.14 Vedtak om oppstart av planarbeid og planprogram F 06.14 Planprogram på høyring/off. ettersyn fram til RM 09.14 Vedtak av planprogram F/K 09.14 Gjennomføring av planutarbeiding og handsaming Utarbeiding av planforslag med konsekvensutgreiingar. Gjennom RM 01.15 prosessen vert det lagt opp til ulike former for aktiv medverknad: Tett dialog med formannskap. Bruk av faggrupper. Bruk av planforum. Off. møte på tema/planutkast Vedtak om høyring/off. ettersyn av planforslag med konsekvensutgreiing F 02.15 Planutkast på høyring/off ettersyn fram til RM 04.15 Slutthandsaming (med eventuell avklaring/mekling) F 05.15 Vedtak av kommuneplanen K 06.15 RM Rådmann, F Formannskap, K - Kommunestyret 8