Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl. 19.00 Til kl. 20.30 Aurland fjellstyret Holo 12.12.14 TIL STADES PÅ MØTET Medlemar Erling Nesbø, Bjørn Ebne, Bente Steine, May Britt Martinsen, John Håland. Varamedlemar Alv Loven, Kjetil Lien Nilsen. Andre Håkon Øydvin, Harald Skjerdal. HANDSAMA SAKER Sak nr./år 37/14, 38/14, 39/14 UNDERSKRIFTER Vi stadfestar med våre underskrifter at blada i møteboka som vi har signert for er førde i samsvar med det som blei fastsett på møtet. UTSKRIFTER Hovudutskrift er sendt til Fjellstyremedlemane og -.
Sak 37/14. Referat og meldingar Følgjande meldingar vart refererte: 1) Møtebok frå fjellstyremøtet den 5. november 2) Haustmøte Hardangervidda vart halde i Eidfjord den 6. desember Erling Nesbø orienterte frå møtet. 3) Kart over fellingsstader i reinsjakta 2014 4) Ein jeger har vedteke førelegg etter sak meld under reinjakta i år 5) E-co Energi AS 6.11.: Melding om tiltak friluftsanlegg Aurland 3 Merknad: Fjellstyret ser det som særs positivt at det gamle gjerdet med fundament o.a. vert rydda heilt vekk. Det må takast omsyn til at det er beitedyr i området om sommaren, og at det ikkje står att noko som kan utgjera nokon fare for desse. 6) Statskog SF v/kristin A. Midtmageli 7.11.: E-post til E-CO i samband med melding om tiltak ved friluftsanlegg Aurland 3 7) Kontingent Aurland hjorteutval for 2014 8) Førebels fellingsrapport for hjort og elg i Nordheimsdalen 9) Morten B. Stensaker, e-post 1.12: Spørsmål om ny fiskereportasje frå Aurland/Nordfjella Merknad: Fjellstyret meiner at det i ein eventuell ny reportasje bør fokuserast meir på vatn som treng å fiskast hardare. 10) Lagerplass under halvtak ved fiskehuset i Fossheim - forslag til løysing Merknad: Fjellstyret er positive til den føreslegne løysinga. Er avhengig av at styret for Aurland Setjefisk sluttar seg til, for å få gjennomført det. 11) Styregodtgjersle for 2014, refusjon av reiseutgifter m.m. Merknad: Skjema vart utdelt til medlemane. Vert i tillegg utsendt digitalt, saman med skjema for dekking av reiseutgifter.
Sak 38/14. Fjellstyrebudsjettet for 2015 Framlegg til budsjett låg føre. Samrøystes vedtak: Budsjettet for 2015 vert godkjent slik det ligg føre, med inntekter på kr. 2.360.000, utgifter på kr. 2.319.400 og eit årsoverskot på kr. 40.600. Sak 39/39. Høyring: Rehabilitering av overløp Langavatnet og Vestredalsdammen Saksutgreiing låg føre, saman med planar for tiltaka. Handsaming i møtet: Fjellstyret meiner at anleggsvegen forbi Vestredalsdammen ikkje må stengjast lenger enn høgst naudsynt, sidan dette er ein viktig veg for dei som t.d. driv med fiske i statsallmenningen. Det same gjeld vegen til Langavatnet. Elles bør det lagast ein betre permanent veg ned til vatnet ved dammen på Langavatnet òg, slik det er nemnt i framlegget når det gjeld Vestredalsdammen. Samrøystes vedtak: Fjellstyret sin uttale til NVE vert det som står under overskriftene «Kort om tiltaka» og «Kommentarar til dei to landskaps- og miljøplanane» i saksutgreiinga, med følgjande tillegg: Anleggsvegen forbi Vestredalsdammen må ikkje stengjast lenger enn høgst naudsynt, sidan dette er ein viktig veg for dei som t.d. driv med fiske i statsallmenningen. Det same gjeld vegen til Langavatnet. Elles bør det lagast ein permanent veg ned til vatnet ved dammen på Langavatnet òg, slik det er nemnt i framlegget når det gjeld Vestredalsdammen. Vedteken høyringsuttale, vert send til NVE: Kort om tiltaka Sideoverløpa på dei to reguleringsmagasina, som skal ta unna mykje vatn i flaumperiodar, tilfredsstiller ikkje nyare krav frå NVE. Difor skal følgjande gjerast: - Toppen av betongterskel skal piggast vekk, terskel skal forsterkast med boltar, og det skal støypast ny øvre del. - Trau i nedkant av terskel skal utvidast ved fjellsprenging. Om lag 200 m3 ved Vestredalsdammen og 20 m3 ved Langavatnet skal vekk. - Nye snøluker skal på plass. - Sikring av vegkant mot overløp med stabbesteinar (Vestredalen) eller støyp+rekkverk (Langavatnet).
Arbeida ved Vestredalsdammen skal føregå i tida 1. mai 12. august, i følgje framdriftsplanen. Ved Langavatnet skal arbeidet føregå i tida 1. juni 14. september. Anleggsvegane som passerer desse dammane skal stengjast i heile anleggsperioden. Kommentarar til dei to landskaps- og miljøplanane: Temaet Kulturminne er litt mangelfullt i begge planane, noko som truleg har bakgrunn i at lokale registreringar av t.d. fangstgraver ikkje automatisk vert fanga opp av Riksantikvaren og andre med nasjonalt ansvar på området. Det er såleis registrert dyregraver ved nedste Bruahallvatnet, 1,5 km i luftline frå anleggsområdet ved Vestredalsdammen, som er noko nærare enn dei gravene i Råsdalane som er nemnde i rapporten. Tilsvarande finn ein eit stort fangstanlegg for villrein på Klovafjellet, 3 km i luftline nordover frå anleggsområdet ved Langavatnet. Dette er grundig skildra i ein artikkel i bladet «Villreinen» for 2011, side 40-41. Temaet Villrein er handsama grundig i begge planane, og i tillegg i notatet med supplerande opplysningar. Det er i stor grad nytta informasjon frå dyreposisjonsprogrammet til NINA for dei 3 siste åra, noko som gjev bra oversikt over korleis reinsflokkane nyttar områda for tida. Det er positivt at arbeida ved Langavatnet ikkje skal starta opp før 1. juni, d.v.s. etter at kalvinga er over. Det er i dette området at faren for konflikt med villreinkalvinga er størst. I området ved Vestredalsdammen, der sprenginga skal skje i mai, altså i kalvingstida for reinen, er det mindre truleg at det føregår reinskalving. For brukarinteresser som friluftsliv og utmarksnæring er opplysningane i planane meir ufullstendige. Det vert i planen lagt vekt på at det ikkje er hytteeigarar som nyttar vegen opp mot store Vargevatnet, at dette ikkje er statleg sikra friluftsområde, og konkludert med at stenging av denne vegen difor vil ha liten konsekvens for allmenne brukarinteresser. Her må det påpeikast at det er stor aktivitet knytt til fritidsfiske i allmenningen. 300-400 tilreisande løyser årleg fiskekort for stong. I tillegg er det omlag 100 lokale fiskarar som kjøper sesongkort for garn. Fjellstyret meiner difor at det er store brukarinteresser knytt til denne vegen, og at han ikkje bør stengjast lenger enn det som er heilt naudsynt for å få utført anleggsarbeidet. Det same gjeld langt på veg anleggsvegen opp til Langavatnet. Området ved Vargene er og sentralt i samband med reinsjakt og småviltjakt, men sidan arbeidet skal avsluttast innan midten av august, vil det truleg få lite å seia for desse aktivitetane. Det er ikkje heilt rett at det ikkje finst hytter i nærområda til Vestredalsdammen; Fjellstyrehytta rett nedanfor dammen ligg berre 360 m frå anleggsområdet. Denne er base/bustad for fjelloppsyn /gjetar frå slutten av juni og ut beitesesongen. Det meste av sprenging og piggingsarbeid skal etter planane føregå tidlegare på vårparten, og vil såleis truleg ikkje vera til særleg sjenanse for den som skal bu i hytta.
Temaet Utmarksnæring bør supplerast med at fjellfiske er ein viktig aktivitet i området. For fjellstyret, som tilbyr fiskerett gjennom sal av fiskekort, utgjer dette ei betydeleg inntekt. For mange bygdefolk som satsar på garnfiske gjev dette eit godt tilskot av fjellfisk til hushaldet. Dei planlagde vegstengingane vil redusera tilgangen til viktige fiskevatn i allmenningen, og gjera at sesongfangstane i desse vatna vil gå ned. Fjellstyret har mangeårig statistikk som syner fangstmengdene i dei aktuelle vatna. Eit tiltak som både fjellstyret og dei som fiskar ville ha sett stor pris på, var om den vegen som skal byggjast ned til Vestredalsvatnet ved lukehuset, og som er meint å berre vera mellombels i samband med anleggsarbeidet, vart liggjande permanent etter avslutta arbeid. Det har lenge vore eit problem at det er vanskeleg å få båt ned til vatnet på ein lettvint måte, noko som har avgrensa utnyttinga av fiskeressursane her. Dersom regulanten stiller seg positiv til dette, og NVE gjev løyve, vil dette vera eit stort pluss for brukarinteressene. Det er og ynske om ein betre tilkomstveg til Langavatnet, for dei som skal nytta båt på vatnet. Det må og nemnast at dei gode beita i dette fjellområdet gjer at det er intensivt utnytta som sauebeite. Over 2000 sauer/lam vert årleg sleppte på beite i Stemmerdalen, og beitar på begge sider av dalføret - også i nærområda til Vestredalsvatnet. Dette må det takast omsyn til under anleggsarbeidet. Nordfjella og Fjellheimen villrennemnd skriv i sin høyringsuttale m.a. følgjande: «For å fange opp evt. flokkar på trekk mot anleggsområdet så raskt at ein stogg kjem i tide bør det etablerast ei oppsynsordning i anleggsperioden.» Her kan det opplysast at Aurland fjellstyre har eit operativt fjelloppsyn i områda der dei to damutbetringane skal føregå, med ei oppsynshytte som ligg like i nærleiken av Vestredalsdammen. I den tida arbeidet skal føregå er det 3 personar knytt til denne oppsynsordninga. Dersom det skal etablerast eit oppsyn med tanke på å fanga opp trekk av villrein inn mot anleggsområda (noko som fjellstyret vil tilrå), vil det vera naturleg å nytta seg av den oppsynsordninga som er etablert i området.