Strategikonferansen innspel frå Møre og Romsdal fylkeskommune til KS

Like dokumenter
Møteinnkalling. Utval: Fylkesutvalet Møtestad: 700 Fylkeshuset Molde Dato: Tid: 10:30

HOVEDARIFFOPPGJØRET FORBEREDELSER

MØTEINNKALLING. Administrasjonsutvalet. Dato: kl. 8:00 Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 15/01276 Arkivkode: 033

MØTEINNKALLING. Partssammensatt utvalg

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Formannskapet

Hovudtarifforhandling Utfordringar og moglegheiter! 17 år med IA-avtale. Kva no?

Hovudtariffoppgjeret Utfordringar og moglegheiter! 17 år med IA-avtale. Kva no?

Åfjord kommune Sentraladministrasjonen

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 011/12 12/685 Faste saker 012/12 12/628 Lønstillegg til uorganisert

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

ÅFJORD KOMMUNE Arkivsak: 2016/438

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet

Saksframlegg. Saksb: Sidsel Brath Arkiv: 18/421-1 Dato: HOVEDTARIFFOPPGJØRET 2018, DEBATTHEFTE FRA KS - KS SPØR

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Overhalla formannskap

Utvalg Utvalgssak Møtedato Hovedutvalg for administrasjon - arbeidsgiver Kommunestyret

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall meldes til Kristen Rusaanes på tlf eller på e-post:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato:

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Omstillingsavtale. for tilsette i kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster ny kommune i Sunnfjord

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti

Prop. 128 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Endringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Fylkesårsmøte mai 2015

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Lønnsundersøkinga for 2014

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Lønn ved tilsetting. Eit hefte om søkar sin situasjon når lønn skal avtalast.

Hovedtariffoppgjøret Strategikonferansen i Buskerud, Bente Stenberg-Nilsen, Arbeidslivsområdet, stab

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/12 12/620 Faste saker 009/12 12/618 Vidareføring av lokale lønst

Strategikonferansene 2014

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/09 09/80 POLITISK KVARTER 2 2/09 09/300 SENIORTILTAK - ENDRING I INSPIRASJONSBONUS 3

UTKAST TIL (sist oppdatert ) REGLEMENT OM TELEFONI FOR TILSETTE I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE.

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Kviteseid kommune. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:00 12:00

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa-

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Møtereferat frå HSAMU

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12: Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

RETNINGSLINJER. for reduksjon av uønsket deltid

VEDTAK NR 11/13 I TVISTELØYSINGSNEMNDA. Tvisteløysingsnemnda heldt møte mandag den 4. mars 2013.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Utvalg Utvalgssak Møtedato Namdalseid formannskap. 2. Hva vurderes som en realistisk og forsvarlig økonomisk ramme?

Hovedtariffoppgjøret Utdyping av temaene i debattheftet og utfordringsbildet foran tariff 2016

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Hovedoppgjøret Hovedoppgjøret LOs overordnede tariffpolitikk

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Til debatt 2017 Mellomoppgjør, hovedavtalen, særavtaler

Til debatt 2017 Mellomoppgjør, hovedavtalen, særavtaler

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars

Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår I SUNNFJORD KOMMUNE Illustrasjon: Gregory Idehen

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KS Strategikonferanse 2016 VELKOMEN! Ullensvang 2. og 3.febr.

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

2014/

Meld. St. 23. ( ) Melding til Stortinget. Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Styresak Anne Hilde Bjøntegård Verksemdoverdraging Eidfjord ambulansestasjon

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/65

Saksframlegg. Ark.: Lnr.: 11796/17 Arkivsaksnr.: 17/1966-1

En ny og god offentlig tjenestepensjonsordning

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 06.01.2016 721/2016 Iver Kåre Mjelve Saksnr Utval Møtedato U 4/16 Fylkesutvalet 25.01.2016 Strategikonferansen 2016 - innspel frå Møre og Romsdal fylkeskommune til KS Innleiing Strategikonferansen for medlemer i Møre og Romsdal blir i år avvikla i Molde 2.-3. mars. Fristen for innsending til KS av behandling av debattheftet er satt til 15. februar 2016. Det blir i samband med Strategikonferansen halde fylkesmøte med valde utsendingar til KS Møre og Romsdal. Fylkesmøtet er KS sitt høgste organ i fylket og møter to gongar i året i samband med arbeidet med å forankre konsultasjonar, tariffspørsmål, forpliktande avtalar og andre viktige/ prinsipielle saker. Debattheftet 1 er inndelt: Arbeidsgivarorganisasjonen KS, mandatprosessen, medlemmane og partane Lønsoppgjera i Noreg det inntektspolitiske samarbeidet og frontfaga Økonomiske overslag og føresetnader for 2016 det er venta lågare reallønsvekst Rekruttering, løn og lønsforhandlingar Arbeidsgivarpolitiske utfordringar Offentleg tenestepensjon tema i 2016 Resultatet vert vedteke av medlemmane særavtaleforhandlingane i 2016 Forutan ein generell presentasjon av dei aktuelle tema, inneheld debattnotatet 8 spørsmål som medlemmane blir oppmoda til å drøfte som ein førebuing til strategikonferansen. Møre og Romsdal fylkeskommunes vedtekne arbeidsgivar 2 - og lønspolitikk 3 legg grunnlaget for dei strategiar og synspunkt som kjem fram i denne saka. Bakgrunn Våren 2016 skal det forhandlast om Hovudtariffavtalen, og gjennomførast sentrale lønsforhandlingar i KS-området. Forhandlingane tek til etter påske og fristen er 30. april. Dersom partane ikkje vert samde går oppgjeret til mekling. KS har som arbeidsgivarorganisasjon fått fullmakt til å inngå sentrale tariffavtaler på våre vegne. Det er Hovudstyret i KS som vedtek forhandlingsmandatet. Dette krev brei forankring hos medlemmene, både gjennom gode politiske prosesser i kvar kommune og fylkeskommune og på dei fylkesvise strategikonferansane som KS arrangerer. KS har nå sendt ut årets debatthefte med problemstillingar og spørsmål knytt til det føreståande hovudtariffoppgjeret. Fylkestinget har det overordna arbeidsgivaransvaret i den enkelte fylkeskommune, og fylkesrådmannen legg difor frem problemstillingane og spørsmåla i debattheftet til politisk handsaming. 1 http://www.ks.no/debatthefte 2 https://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk 3 https://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk/loenn-tariff/loennspolitikk

1. KS som tariffpart og arbeidsgivarorganisasjon KS er landets største offentlege arbeidsgivarorganisasjon. Som overordna tariffpart forhandlar KS på vegne av medlemmane, unntatt Oslo kommune, med fire forhandlingssamanslutningar i dei sentrale tariffoppgjera. Dei fire samanslutningane er LO Kommune, Unio, YS Kommune, og Akademikerne Kommune. Desse representerer til saman 39 arbeidstakarorganisasjonar. I medhald av KS sine vedtekter skal Hovudtariffavtalen og Hovudavtalen vedtakast gjennom uravrøysting når oppgjeret er ferdig. For KS som arbeidsgivarorganisasjon er det difor viktig at medlemmane også tek stilling til forhandlings-/eller meklingsløysninga som vert sendt til uravrøysting. 2. Lønsoppgjer Tida med høg reallønsvekst ser ut til å være over. Auka priser og høgare arbeidsledighet betyr svakare reallønsvekst enn norske arbeidstakarar har vært vant til dei siste 15 åra. Den auka arbeidsløyse innan yrker knytt til petroleumsnæringa verkar truleg til å trekkje ned den gjennomsnittlege lønsveksten for heile økonomien. Hovudtariffavtalen gjeld over 420 000 tilsette, som utfører 330 000 årsverk. Den samla lønsmasse for kommunesektoren 253 mrd. kroner. Dei fleste arbeidstakarane i tariffområdet (ca. 90 prosent) er omfatta av systemet med sentral lønsdanning. Det vil seie at partane sentralt avtalar lønsendringane. Ved hovudoppgjera vert det sett vanlegvis og av ein pott til fordeling ved lokale lønsforhandlingar. 3. Arbeidsgivarpolitiske utfordringar Hovudtariffavtalen er eit viktig verkty for arbeidsgivarpolitikken. I tillegg til å regulere løns- og arbeidsvilkår for alle tilsette regulerast også andre forhold som pensjon, arbeidstid og ytingar/stønad under sjukdom m.m. Tema som kan være aktuelle i tariffoppgjeret 2016 er tiltak for å styrke arbeidet med heiltidskultur og økt nærvær. Framtidas rekrutterings- og kompetanseutfordringar vert og belyst i debattheftet. Pensjon er venta å bli eit sentralt tema i det komande tariffoppgjeret. KS ser det kan vere mogeleg å gjere tilpassing i offentlig tenestepensjon og AFP. Dette kan gi fordelar både for kommunane, arbeidstakarane og samfunnet. Regjeringa har starta eit arbeid med å greie ut mogelege endringar. Gode offentlige pensjonsordningar er et viktig rekrutteringsargument for kommunane. KS sine målsetningar for tilpassingane er at dei: - gir meir føreseielege pensjonsutgifter for arbeidsgivarane - bidrar til å avgrense kostnadsveksten - gjer offentleg tenestepensjon og AFP meir tilpassa arbeidslina - bygger på dei same prinsippa som alderspensjon i folketrygda - legg betre til rette for mobilitet mellom offentleg og privat sektor - sikrar fortsatt gode pensjonsordningar i offentleg sektor Spørsmål til debatt og svar I debattheftet for 2016 stiller KS åtte spørsmål Spørsmål 1 Kva for element i oppgjeret (f.eks. lokal pott eller generelle tillegg) skal prioriterast? Prinsippielt meinar vi at hovuddelen av lønsdanninga skal skje lokalt. Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av at det må vere dei lokale partane i samarbeid, med grunnlag i lokale premissar og behov, som i størst mogleg grad disponerer årslønsveksten for sine tilsette. Dette er ein føresetnad for å skape den nødvendige samanhengen mellom løns- og arbeidsgivarpolitikk og utvikling av tenestene.

Det vart i 2015 innført nytt lønssystem. Fram til 30.4.2015 var det eit system med minsteløn i. Frå 1.5.2015 fekk vi eit system med garantiløn og ansiennitetsmodell. Partane sentral kan gi sentralgitte tillegg ii inn i denne modellen. Vidare fastsett partane sentralt garantiløna og lønstillegg for ansiennitet iii. Lokalgitte tillegg kjem i tillegg til sentralt fastsett garantiløn. Med dette vart tidlegare utfordringar knytt til «flyte oppå/oppspising» av lokale tillegg løyst, og partane lokalt har no fått meir føreseieleg system for samanhengar mellom sentral og lokal lønsdanning. Det å gjennomføre lokale forhandlingar med brei medverknad frå einingsleiarar og tillitsvalte på ulike nivå er relativt omfattande. Det bør difor vere ei romsleg økonomisk ramme som blir satt av til lokal lønsdanning om det lokale forhandlingsapparat skal aktiverast. Både i 2014 og 2015 vart det gitt relativt store sentrale kronetillegg for å få på plass det nye lønssystemet. I mellomoppgjeret i 2015 vart det ikkje satt av midlar til lokale forhandlingar i kap. 4. Svar på spørsmål 1 Hovuddelen av lønsmidlar til disposisjon i 2016 bør nyttast i lokale forhandlingar. Spørsmål 2 Kva for stillingsgrupper bør eventuelt prioriterast ved sentrale tillegg? I HTA kap 4, pkt 4B er det ein del leiarstillingar som ikkje er omfatta av garantilønssystemet. Vi ser det som naturleg at desse stillingane blir omfatta av sentralgitte tillegg uttrykt i %. Utover dette ser vi ikkje behov for at sentralgitte tillegg vert nytta til å prioritere spesielle stillingsgrupper. Vi meiner dette vil bli teke godt i vare gjennom lokal lønsdanning og ved at hovuddelen av dei lønsmidlar som er til disposisjon går til lokale forhandlingar. Svar på spørsmål 2 Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at leiarstillingane i kap 4B blir gitt sentralt tillegg som ein prosent av si gjeldande årsløn, utover dette ser vi ikkje behov for at sentralgitte tillegg vert nytta til å prioritere spesielle stillingsgrupper. Behova våre blir godt dekt når hovuddelen av lønsmidlar til disposisjon i 2016 blir nytta i lokale forhandlingar. Spørsmål 3 Er det behov for å bruke delar av disponibel ramme til tilpassingar til det nye lønssystemet? Dersom det nye garantilønssystemet skal vidareførast i sin noverande form ser vi ikkje behov for å bruke ein vesentleg del av den økonomiske ramma til sentrale tillegg, jf pkt 1 og 2 ovanfor. Dersom det er vilje hos partane sentralt burde det ha vore ei sterkare harmonisering mellom 4B og 4C. Vi tenkjer då primært på ansiennitetsstigane som er ulike, men også at nivået for garantiløn for stillingar på masternivå er ulike mellom 4B og 4C. Dersom ei slik harmonisering skal skje vil nok dette krevje ein del konverteringskostnader. Noko av løysinga kan vere å overføre stillingar med krav om mastergrad i 4B til kap 5. På denne måten vil all lønsdanning for denne gruppa kunne skje lokalt. Svar spørsmål 3 Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at ansiennitetsstigane i kap 4 blir harmonisert slik at stigen i 4B går til 16 år. Stillingar i kap 4B med krav om mastergrad blir overført til kap 5.

Spørsmål 4 Korleis kan Hovudtariffavtalen bli eit betre verkty for å utvikle ein heiltidskultur? I gjeldande HTA er det i kap.1 pkt. 2.3.1 tatt inn følgjande reglar: «2.3.1 - Heltids-/deltidsstillinger Det skal som hovedregel tilsettes i full stilling. Unntak drøftes med de tillitsvalgte med mindre det er åpenbart unødvendig. Ved ledighet foretas en gjennomgang av arbeidsplaner og oppgavefordeling for å vurdere sammenslåing av deltidsstillinger. Ved ledig stilling skal deltidstilsatte ved intern utlysning i kommunen/virksomheten* tilbys utvidelse av sitt arbeidsforhold inntil hel stilling, dersom vedkommende er kvalifisert for stillingen. Arbeidsgiver skal informere og drøfte prinsippene for bruk av deltidsstillinger med de tillitsvalgte minst én gang i året. Det skal utarbeides retningslinjer med formål om å øke antall heltidstilsatte. Det vises til vedlegg 2 "Lokale retningslinjer for redusert bruk av uønsket deltid".» i nemnde vedlegg 2 er det tilråingar på kva dei lokale retningslinene for redusert bruk av uønska deltid bør fevne om. «Vedlegg 2 - Lokale retningslinjer for redusert bruk av uønsket deltid Lokale retningslinjer for redusert bruk av uønsket deltid bør bl.a. inneholde: Deltidstilsatte skal melde fra om de ønsker utvidet stilling. Ved ledighet foretas en gjennomgang av arbeidsplaner og oppgavefordeling for å vurdere sammenslåing av deltidsstillinger. Det er ingen forutsetning at den deltidstilsatte skal måtte ta hele den ledige stillingen. Det bør vurderes om deltidstilsatte gjennom kompetanseheving kan kvalifiseres til å få utvidet sitt arbeidsforhold.» Lov og avtaleverket stiller tydelege krav til verksemdene på dette området, og vår vurdering er at utfordringar knytt til deltid/heiltid er meir relatert til organisering og praksis enn det formelle rammeverket. I samband med auka merksemd på rekrutteringsprosessen for å sikre betre kvalitet og profesjonalitet i alle faser blir HTA sine føresegner løfta fram gjennom fylkeskommunen sine eigne opplæringstiltak i regi av Fylkesakadmiet 4 og ved rettleiing overfor einingane. Svar på spørsmål 4 Vi ser ikkje behov for endringar i HTA sine føresegnar i høve deltid/heiltid. Spørsmål 5 Er det behov for endringar i Hovudtariffavtalen sine sjukelønsreglar for å oppnå ein enklare praktisering av regelverket. sjukepengerettar. Retten til sjukeløn følgjer av vilkåra i folketrygdlova. Det er ei utfordring at arbeidsgivar i utgangspunktet må kunne det same som NAV sine sakshandsamarar utan å ha tilgang på vesentleg informasjon for å kunne fastsette tilsette sine 4 http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk2/fylkesakademiet

Det er difor særleg 8-1 HTA kap 1 vi ønskjer endring i. «8.1 - Utbetaling av lønn Arbeidsgiver utbetaler sykeløn og foreldrepenger til arbeidstakere som omfattes av HTA 1 hele den tid arbeidstakeren har rett til slik stønad etter folketrygdloven. Refusjonsbeløpet tilfaller arbeidsgiver. Retten til lønn opphører når arbeidsforholdet opphører.» I samband med etablering av nye arbeidsforhold vil nytilsette som blir sjukemeldt i løpet av dei første seks månadane kunne få sjukeløn frå fylkeskommunen utan at vi som arbeidsgivar har fullt innsyn i brukte sjukepengerettar i tidlegare arbeidsforhold. Dette kan i enkelthøve føre til at sjukepengar blir utbetalt utan at vi får dette refundert frå NAV. Med dagens regelverk har heller ikkje arbeidsgivar i slike høve rett til einsidig å krevje dette attende gjennom trekk i løn, jf. aml 14-15. Svar på spørsmål 5 Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at reglane i HTA kap. 1 8-1 blir vurdert endra. I tilfelle der nytilsette, som har brukt opp retten til stønad etter fylkestrygdeloven, får utbetalt sjukeløn fordi arbeidsgivar manglar informasjon om stønadsrettar, må då arbeidsgivar kunne krevje tilbakebetalt det beløpet som ikkje vert refundert frå NAV (t.d. ved lønstrekk). Spørsmål 6 Er det behov for endringar i avtaleverket som kan byggje opp under auka nærvær? I så tilfelle kva for endringar? I arbeidsgivarpolitikken 5 til Møre og Romsdal fylkeskommune er det merksemd på nærvær i alle livsfasar, m.a. for å sikre oss at vi held på kompetansen i samspel med livets utfordringar. Vidare gjennomfører fylkeskommunen regelmessige medarbeidarundersøkingar (anna kvart år) for å få kartlagt korleis tilsette vurderer ulike organisasjonskvalitetar og sitt psykososiale arbeidsmiljø. Forsking viser at organisasjonskvalitetar og det psykososiale arbeidsmiljøet er sentralt i forhold til sjukefråvær og avgangsalder. Dette er også ein viktig del av bakgrunnen for fylkeskommunen sin satsing på arbeidsgivarpolitikk og innretning av tiltak innafor dette området. God livsfase- og seniorpolitikk handlar difor i stor grad om god arbeidsgivar- og organisasjonspolitikk. Våre sjukefråværstal over tid 6 viser eit korttidsfråvær (1-3 d og 4-10 d) på knapt eit prosentpoeng. Fråværet 11-40 d har vore fallande og ligg no på knapt eit prosentpoeng. Langtidsfråværet over 40 d har hatt ein variasjon frå 4 prosentpoeng i 2006 til 3,4 prosentpoeng i 2014. Dette betyr at langtidsfråværet er det største utfordringsområdet. Nivået på sjukeløna er regulert i tariffavtalen. Nivået på refusjonen vi får etter folketrygdlova er noko lågare. Sjukeløn etter tariffavtalen inneber Ikkje avgrensing på 6 G Faste tillegg Lønsutvikling ved sentrale/lokale forhandlingar Ansiennitetsopprykk under fråværet Fulle feriepengar dvs. feriepengar for 200 dagar meir enn det NAV betaler feriepengar for Vi ser på innretting av nivået på sjukeløna saman med pensjonsordninga som viktige element i løns- og arbeidsvilkåra for offentleg sektor i konkurransen om 5 http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk2/livsfase 6 Perioden 2006-2014, tala for 2015 er ikkje klar i skrivande stund

arbeidskrafta. Vi er difor skeptiske til endring av desse vilkåra sjølv om dette utgjer vesentlege kostnadselement i forhold til våre samla lønskostnader. Eventuelle endringar i sjukeløna må i tilfelle samordnast med det statlege tariffoppgjeret. Kommunane kan ikkje tilby sine tilsette dårlegare lønsvilkår under sjukdom enn statlege tilsette har på same område. Elles stiller lovverket tydeleg krav til verksemdene og tilsette i forhold til oppfølging og førebygging av fråvær. Dette både i høve arbeidsgivar sitt ansvar for tilrettelegging og dei tilsette sin aktive medvirkningsplikt. Vår vurdering er difor at utfordringar knytt til dette spørsmålet er meir relatert til organisering og praksis enn det formelle rammeverket. I samband med auka merksemd på arbeidsgivarpolitikken 7 og «Inkluderande arbeidsliv» 8 for å sikre auka nærvær blir regelverket og partane sine roller/ansvar løfta fram gjennom Fylkesakademiets opplæringstiltak og ved rettleiing overfor einingane. Svar på spørsmål 6 Vi ser ikkje behov for endringar i HTA sine føresegnar som verkemiddel i høve det å byggje opp under auka nærvær. Spørsmål 7 Er gjennomgangen av pensjon i debattheftet i samsvar med fylkeskommunen sitt synspunkt? Den offentlege pensjonsordninga er under press etter pensjonsreforma. Arbeids- og sosialdepartementet si arbeidsgruppe for offentleg pensjon la den 17.12.2015 fram ein rapport «Nye pensjonsordninger i offentlig sektor 9». Det har vore og er eit sterkt ønskje at offentleg sektor held fram med like pensjonsordningar. Det er difor grunn til å tru at dei sentrale partane vil ha stor merksemd på denne rapporten og det staten legg opp til å gjere i høve pensjonsspørsmålet. Dagens offentleg tenestepensjonsordning er m.a. ikkje god for yngre årskull Avgrensa moglegheit for kombinasjon løn og pensjon (kun anledning for pensjonistløn) Avgrensa moglegheit for å kompensere levealdersjustering AFP stadig mindre verdifull ikkje høve til tidligpensjonering Ved tidlegare handsaming i fylkesutvalet i høve debatthefte til KS, seinast i sak U- 3/15 utala fylkesutvalet: «Pensjonsordninga i offentleg sektor er eit viktig incitament i vår rekrutteringsstrategi og i høve vår seniorpolitikk. Det er viktig å ikkje svekkje ordninga slik at ho blir oppfatta som mindre gunstig. Element som kan vere aktuelt å vurdere er arbeidstakarnes andel av pensjonspremien, auka fleksibilitet i høve til arbeidslina og at pensjonsordninga legg til rette for ønska mobilitet mellom offentleg og privat sektor.» Svar på spørsmål 7 Pensjonsordninga i offentleg sektor er eit viktig incitament i vår rekrutteringsstrategi og i høve vår seniorpolitikk. Det er viktig å ikkje svekkje ordninga slik at ho blir oppfatta som mindre gunstig. Element som kan vere aktuelt å vurdere er arbeidstakarane sin del av pensjonspremien, auka fleksibilitet i høve til 7 http://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/arbeidsgivarpolitikk2/visjon-verdiar-og-maal 8 http://mrfylke.no/intranett/kvalitetsleiing-hms/hms/inkluderande-arbeidsliv 9 https://www.regjeringen.no/globalassets/departementene/asd/dokumenter/2015/rapport_oftp_2015_12_17.pdf

arbeidslina og at pensjonsordninga legg til rette for ønska mobilitet mellom offentleg og privat sektor. I ny offentleg tenestepensjonsordning blir det viktig å innrette den slik at den gir meir føreseielege pensjonsutgifter for arbeidsgivarne bidreg til å avgrense kostnadsveksten gjer offentleg tenestepensjon og AFP meir tilpassa arbeidslina byggjer på dei same prinsippa som alderspensjon i folketrygden i høve levealdersjusteringa legg betre til rette for mobilitet mellom offentleg og privat sektor sikrar fortsatt gode pensjonsordningar i offentleg sektor Spørsmål 8 Ser fylkeskommunen behov for særskilte endringar i særavtalar som har utløp i 2016? I tilfelle kva for endringar? Av dei avtalane som har utløp i 2016 vil vi gjere framlegg om endringar i ein avtale: Sentrale generelle særavtalar SGS 1010: Følge av pasient/klient/ bruker/elev 10 Gjeldande avtale har eit komplisert regelverk for honorering ved kortare ekskursjonar innanlands. Vi ønskjer å gjere framlegg om endringar slik at ein kan handsame slike ekskursjonar etter same forenkla logikk som for opphald ved bemanna leirskule. Svar på spørsmål 8 Forslag til tillegg i Del II A pkt 6 (tillegget er utheva) «6 - Bestemmelser for undervisningspersonale ved reise til/fra og opphold ved bemannet leirskole, samt kortere ekskursjoner innenlands. 6.1 - Omfang Bestemmelsene regulerer arbeidstid og godtgjøring for reise til/fra og opphold ved bemannet leirskole for grunnskolen etter opplæringsloven og gjelder undervisningspersonale som har ansvar for og deltar sammen med elevene, både under reisen og oppholdet. Det kan ikke kreves godtgjøring etter andre tariffbestemmelser for denne type reise og opphold. Ved lokal enighet mellom partene på skolen kan kortere ekskursjoner innenlands reguleres og godtgjøres etter Del II A pkt 6, i stedet for etter Del I A pkt 5.» Forslag til vedtak: Fylkesutvalet vedtek slik uttale til spørsmåla og problemstillingane reist i debattheftet for strategikonferansen hovudtariffoppgjeret 2016 1. Hovuddelen av lønsmidlar til disposisjon i 2016 skal nyttast i lokale forhandlingar. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje behov for at sentralgitte tillegg vert nytta til å prioritere spesielle stillingsgrupper. Behova våre blir godt dekt når hovuddelen av lønsmidlar til disposisjon i 2016 blir nytta i lokale forhandlingar. 10 Gjeldande avtale SGS 1010 er vedlagt (https://alfresco.mrfylke.no/share/s/_6qo_tcprqmspgzpow4ypw )

3. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at ansiennitetsstigane i kap 4 blir harmonisert slik at stigen i 4B går til 16 år. Stillingar i kap 4B med krav om mastergrad blir overført til kap 5. 4. Vi ser ikkje behov for endringar i HTA sine føresegnar i høve deltid/heiltid. 5. 5. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at reglane i HTA kap. 1 8-1 blir vurdert endra. I tilfelle der nytilsette, som har brukt opp retten til stønad etter fylkestrygdeloven, får utbetalt sjukeløn fordi arbeidsgivar manglar informasjon om stønadsrettar, må då arbeidsgivar kunne krevje tilbakebetalt det beløpet som ikkje vert refundert frå NAV (t.d. ved lønstrekk). 6. Vi ser ikkje behov for endringar i HTA sine føresegnar som verkemiddel i høve det å byggje opp under auka nærvær. 7. Pensjonsordninga i offentleg sektor er eit viktig incitament i vår rekrutteringsstrategi og i høve vår seniorpolitikk. Det er viktig å ikkje svekkje ordninga slik at ho blir oppfatta som mindre gunstig. Element som kan vere aktuelt å vurdere er arbeidstakarane sin del av pensjonspremien, auka fleksibilitet i høve til arbeidslina og at pensjonsordninga legg til rette for ønska mobilitet mellom offentleg og privat sektor. I ny offentleg tenestepensjonsordning blir det viktig å innrette den slik at den gir meir føreseielege pensjonsutgifter for arbeidsgivarne bidreg til å avgrense kostnadsveksten gjer offentleg tenestepensjon og AFP meir tilpassa arbeidslina byggjer på dei same prinsippa som alderspensjon i folketrygden i høve levealdersjusteringa legg betre til rette for mobilitet mellom offentleg og privat sektor sikrar fortsatt gode pensjonsordningar i offentleg sektor. 8. Møre og Romsdal fylkeskommune gjer framlegg om eit tillegg i SGS 1010, Del II A pkt 6 (tillegget er utheva) «6 - Bestemmelser for undervisningspersonale ved reise til/fra og opphold ved bemannet leirskole, samt kortere ekskursjoner innenlands.» og «Ved lokal enighet mellom partene på skolen kan kortere ekskursjoner innenlands reguleres og godtgjøres etter Del II A pkt 6, i stedet for etter Del I A pkt 5.» Vedlegg 1 Debatthefte 2 Fotnote 10 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Dag Lervik personalsjef

i Minstelønssystemet fram til 30.4.2015 ii Sentralgitte tillegg

iii Garantiløn og lønstillegg for ansiennitet