Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 04.05.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2016/5041 331.1 Dykkar referanse Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 RONG ØYGARDEN KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 09.desember 2015. Det er vedteke budsjettendringar i kommunestyremøte 15.mars d.å. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidde innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til auke i skatteøyret for kommunane frå 11,35 prosent i 2015 til 11,8 prosent i 2016. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 118.636.000,- i skatt på eige og inntekt for 2016. I 2015 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 6,0 prosent. Det er i statsbudsjettet rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2015 til 2016 med 6,0 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2015 var 85,3 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 255,8 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2016 er no oppdatert med endelege innbyggjartal per 01.01.2016 og innkomen skatt i 2015. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal per 01.01. 2016. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal per 01.07.2015. Dei budsjetterte frie inntektene er ikkje for høge samanlikna med den førebelse inntektsprognosen, basert på statsbudsjettet. Det vil vere uvisse knytt til skatteutviklinga både lokalt og nasjonalt. Pårekna skatteinntekter for kommunane samla vil bli vurderte på nytt i revidert nasjonalbudsjett. Eigedomsskatt Det er budsjettert med om lag kr. 155.155.000,- i eigedomsskatt for 2016. Innkomen eigedomsskatt i 2015 var om lag det same som budsjettert for i år. Eigedomsskatten for 2016 er vedteke med sju promille på verk og bruk. Utbytte Utbytte frå BKK var i 2015 kr. 2,1 mill. Det er for 2016 også budsjettert med kr. 2,1 mill. (0,52 prosent av kr. 400 mill.). Pris og kostnadsvekst Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i statsbudsjettet 2,7 prosent. I dette inngår pårekna lønsvekst også med 2,7 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 25,9 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dei budsjetterte avdraga oppfyller det tilrådde minstenivået for ordinære avdrag. Nye lån blir teken opp som serielån med nedbetalingstid på 20 år. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. 2
Kommunane er i tidlegare år tilrådd å ha eit netto driftsoverskot i prosent av driftsinntektene på minst tre prosent, basert på prinsippet om formuebevaring. Momskompensasjon frå investeringar har til og med 2013 vore inntektsført i driftsrekneskapen. Frå og med 2014 blir momskompensasjonen frå investeringar i staden inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. På denne bakgrunn reduserte Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i sin rapport frå november 2014 det tilrådde nivået for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, frå tre prosent til 1 ¾ prosent for kommunane generelt (For fylkeskommunane er det tilrådd eit høgare nivå som følgje av ansvar for tidlegare riksvegar). Fylkesmannen si vurdering er at netto driftsoverskot bør vere noko høgare enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. I rekneskapen for 2015 er det eit netto driftsoverskot med kr. 64,7 mill. I budsjett 2016 er det eit netto driftsoverskot med kr. 51,3 mill. Av netto driftsoverskot i budsjettet er kr. 33,1 mill. planlagt overført til investeringar. Kr. 12,2 mill. av overskotet er planlagt sett av til styrking av disposisjonsfond. Kommunen legg no til grunn ei årleg driftsfinansiering av investeringar med minst kr. 33,1 mill. I det beløpet for 2016 inngår også finansiering av eigenkapitalinnskot i KLP, kr. 950.000,-. Fylkesmannen er positiv til at kommunen legg til grunn denne årlege driftsfinansieringa av investeringar. Netto driftsoverskot er blitt styrka i dei siste åra. Netto driftsoverskot må bli vurdert i samanheng med kommunen sine høge eigedomsskatteinntekter og uvisse knytt til desse inntektene. På denne bakgrunn er det viktig at kommunen har eit høgt netto driftsoverskot og at ikkje ein for stor del av eigedomsskatteinntektene blir brukt til driftsføremål. Det vil vere ei uvisse knytt til dei høge eigedomsskatteinntektene over tid. Kommunen må ha tilstrekkeleg stort disposisjonsfond som driftsreserve. Ved utgangen av 2014 hadde kommunen eit disposisjonsfond med om lag kr.13,1 mill. Ved utgangen av 2015 var disposisjonsfondet styrka til om lag kr. 54,0 mill. Fylkesmannen er positiv til at disposisjonsfondet er blitt styrka og at kommunen prioriterer styrking av fondet i opplegget vidare. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2016 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 116,3 mill. Investeringane kan fordelast mellom ordinære investeringar kr. 69,1 mill., investeringar i vatn, avlaup og renovasjon (VAR) kr. 46,3 mill. og eigenkapitalinnskot i KLP kr. 950.000,-. Sistnemnde tilskot blir, i samsvar med regelverket, ikkje finansiert med lån. VAR - investeringane blir finansierte fullt ut med låneopptak. VAR - investeringane bør vere fullt ut sjølvfinansierande gjennom gebyra frå abonnentane. 3
Fylkesmannen tilrår kommunen å auka graden av sjølvfinansiering innan VAR - sektoren gjennom gebyra. Dersom gebyrinntektene aukar, vil ein større del av eigedomsskatteinntektene kunne bli haldne utanom drifta og i staden gå til avsetjing/investeringar. Dei ordinære investeringane (kr. 69,1 mill.) er blant anna i kommunale bustader, infrastruktur, idrettsbane og ferdiggjering av Tjeldstø skule. Dei samla investeringane kr. 116,3 mill., medrekna VAR - investeringar og KLP innskot, blir finansierte med bruk av lån (kr. 74,6 mill.), driftsfinansiering (kr. 33,1 mill.) og momskompensasjon (kr. 8,6 mill.). Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2014 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr. 69.840,- per innbyggjar. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 61.250,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket, utanom Bergen, har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet si langsiktige lånegjeld ved utgangen av 2014 var kr. 65.503,- per innbyggjar. Pensjonsforplikting er ikkje medrekna. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2015 er rekna til om lag kr. 327,3 mill., eller kr. 67.461,- per innbyggjar. Det er rekna med ein relativt stor auke i kommunen sitt gjeldsnivå i løpet av økonomiplanperioden. Kommunen sine investeringar bør over tid vere på eit moderat nivå, særleg dei investeringane som ikkje er sjølvfinansierande korkje gjennom gebyr eller leigeinntekter. Kommunen må unngå eit for høgt gjeldsnivå blant anna på bakgrunn av uvisse knytt til utviklinga i eigedomsskatteinntektene. Det vil også kunne bli eit høgare framtidig rentenivå. Sjølv om kommunen førebels har høge nok inntekter til å bere gjelda, vil det vere risiko for at den økonomiske situasjonen kan bli meir krevjande over tid. Oppsummering Det er viktig at kommunen har eit høgt netto driftsoverskot og at ikkje ein for stor del av eigedomsskatteinntektene blir brukt til driftsføremål. Fylkesmannen er positiv til at disposisjonsfondet er blitt styrka og at kommunen prioriterer styrking av fondet i opplegget vidare. Kommunen må unngå eit for høgt gjeldsnivå blant anna på bakgrunn av uvisse knytt til utviklinga i eigedomsskatteinntektene. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann 4
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Deloitte AS, Postboks 6013, 5892 Bergen 5