Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 22.03.2012 Dykkar dato 05.01.2012 Vår referanse 2012/329 331.1 Dykkar referanse 11/1266 Sund kommune Postboks 23 5371 Skogsvåg Sund kommune - budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015, vedteke i kommunestyremøte 20.12.2011. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarar dette til ein like stor auke i den statlege rammeoverføringa. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 131.307.000,- i skatt på eige og inntekt for 2012. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 88 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 281,23 mill. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med faktisk innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2012, mens prognosen nyttar tal pr. 01.07.2011 for innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga. Noverande inntektsprognose er kr 282,2 mill. Dei budsjetterte frie inntektene ligg altså om lag på same nivå som i den siste inntektsprognosen. Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr 9,55 mill i eigedomsskatt for 2012. Tilsvarande for budsjett 2011 var 9,25 mill. Takstgrunnlaget er alle faste eigedommar i kommunen og skattesatsen er to promille. Kommunen har ikkje botnfrådrag. Eigedomsskatt vart innført i 2008 Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % (vekt 0,635) og varekjøp med 2,0 % (vekt 0,365). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr 7,13 mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Kommunen si ordinære gjeld var etter førebels rekneskap for 2011 om lag kr 230,1 mill. Ordinære avdrag budsjettert for 2012 tilfredsstiller ikkje tilrådinga. Det vert lagt til grunn at kommunen har kontroll på avdraga sin storleik etter kommunelova 50 sjuande ledd. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatte. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar 2
med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Budsjettet legg opp til overføring til investeringsrekneskapen med kr 9.849.886,-. Fylkesmannen legg til grunn at kommunen si overføring til investering tilfredsstiller budsjett- og rekneskapsforskrifta kva gjeld 60 % av investeringsdelen av momskompensasjon. Netto driftsresultat i budsjettet er kr 13.782.404,-. Det er verdt å merke seg at inntekt frå eigedomsskatt utgjer om lag 70 % av storleiken på netto driftsresultatet. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Det er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen tilfredsstiller tilrådinga for 2012. Resultata er omtrent tilsvarande utover i økonomiplanperioden, jmf. under oppsummeringa. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2012 er det planlagt investeringar for til saman kr 96,12 mill. Dei største investeringane er utbygging av Stranda skole med kr 65. mill, gravplass på Kausland med kr 17 mill. Begge tiltaka vart starta i 2011. Tredje største investering er tak til ungdomsskule (kr 3,75 mill). Kommunestyret vedtar ikkje eksplisitt låneramme. Ut frå budsjettdokumenta går det fram at investeringane vert finansierte med lån stort kr 79,4 mill. Det er lagt opp til ei stor overføring frå driftsrekneskapen. Det er i vedtaket også rom for å ta opp kr 10,0 mill i startlån. I den vidare økonomiplanperioden er det store investeringar i 2013. Desse er knytte til nye omsorgsbustader (kr 43,75 mill) og Skogsvåg skule (kr 25 mill). I tillegg kjem trafikksikring Hammersland (kr 16 mill). Det er lite å sjå av kommunen sine planar i dei to siste åra av perioden. Faktisk er det berre planlagt kr 400.000,- for 2014 og ingenting for 2015. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr 54.180,-. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr 29.871,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå pr innbyggjar som ligg 7,2 prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). Kommunen auka gjelda kraftig i 2011. Gjeld pr innbyggjar er no kr 35.897,- og aukande. Også i 2013 er det lagt opp til store lån. 3
Oppsummering Kommunen har tidligare vert registrert i ROBEK. Netto driftsresultat varierer stort frå år til år, men i de siste seks åra har drifta berre vore negativ ein gong (i 2010). Resultata har likevel ikkje nådd det tilrådde nivået på minst tre prosent av brutto driftsinntekter. Kommunen ville hatt negative resultat alle dei siste fire år hadde det ikkje vore for eigedomsskatten. For budsjett 2012 utgjer skatt på eigedom nær 70 % av netto driftsresultat. Budsjettet er gjort opp med eit mindreforbruk. Der meirforbruk fører til registrering i ROBEK får ikkje mindreforbruk same konsekvens, men eit budsjett skal gjerast opp i null. Dette for at politikarane skal kunne vedta disposisjonane. Avdraga er blitt låge i budsjettet og ligg under anbefalinga. Kommunen er i ein fase der dei treng store lånefinansierte investeringar. Når fasen er over, kan kommunen, gitt rasjonaliseringsgevinst, klare høgare avdrag igjen. Kommunen satsar stort på skule, og på omlegging/rasjonalisering av skulestruktur. Det vert også arbeid med å gjere pleie- og omsorgssektoren meir funksjonell. Kommunen har nytta konsulenthjelp i dette arbeidet. Kommunen er i vekst. Folketalet steig med 10,6 % dei siste fem åra, og veksten held frem. Fylkesmannen rår til at kommunen nyttar planverktøyet betre. Økonomiplan drift er «flat» i heile perioden. Dei einaste som endrar seg etter kvart er renter og avdrag (som dei må etter låneopptak). Kommunen har ikkje tatt omsyn til befolkningsframskrivingar eller andre tilhøve det er mogleg å gjere anslag rundt. På investeringssida er det betre i den forstand at kommunen har lagt vekk eit særeige skjema for investeringar som Fylkesmannen tidligare har hatt innvendingar mot, til fordel for oppsett som definert av forskrift om årsrekneskap m.v. Men også her er det vanskeleg å sjå at ein har sett særleg framover. Kommunen har i realiteten ingen planar for 2014 og 2015. Fylkesmannen minner om at kommunelova seier at kommunen skal vedta økonomiplan for dei neste fire år. Ein kommune som har ambisjonar om (men ikkje konkret vedtatt) å spare kr 20 mill 2012- kroner i framtida (der kr 10 mill skal gå til styrking av resultat og kr 10 mill til fjerning av eigedomsskatt) må nytte planverktøyet fullt ut. Det vert elles vist til (ny) rettleiar frå KRD om budsjettering av investeringar. Kommunen har tatt fleire grep for å styrke økonomien. Fylkesmannen er nøgd med at resultata er på veg opp. I tillegg viser kommunen vilje til å ta vanskelige diskusjonar og fatte viktige avgjerder for å styrke økonomien i kommunen og samstundes ha kvaliteten på tenestene i tankane. 4
Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. 5