VÅR DATO VÅR REFERANSE 1 10.08.2015 2015/34961 DYKKAR DATO 06.07.2015 VÅR SAKSHANDSAMAR Ingrid Aanderud Sælen tlf 951 62 315 DYKKAR REFERANSE Melås Helse AS PB 164 6882 ØVRE ÅRDAL VEDTAK OM AVSLAG PÅ SØKNAD OM UTVIDA OVERTID ARBEIDSMILJØLOVA 10-6 1.INNLEIING Arbeidstilsynet syner til søknad om utvida overtid motteke 8. juli 2015 frå Melås Helse AS. Hovudverneombodet har slutta seg til søknaden. Søknaden har følgjande grunngjeving: «I januar 2015 starta ein omstillingsprosess i Melås Helse AS som medfører at tilsette kan komme i situasjon som overtalig. Dette gjeld i hovudsak miljøterapeutar, miljøarbeidarar og miljøassistentar som arbeider turnus. For å sikre desse arbeid vidare i Melås Helse AS, har bedrifta valt å ikkje tilsetje nye medarbeidarar før prosessen er ferdig. Samstundes med denne prosessen har vi starta 2 nye tiltak som treng døgnkontinuerleg bemanning. Desse tiltaka er «akutt» etter spørsmål frå kommunar som ikkje har kunna løyst oppgåvene i høve lovverket. Vi ser no at nokre av våre tilsette som direkte eller indirekte har vore med i oppstart og drift av desse har/ eller er i ferd med å nå grensa for overtid på 200 timar pr.år. Dette er miljøterapeutar, miljøarbeidarar og miljøassistentar i turnus, fordelt over fleire tiltak( avdelingar).» Det er ikkje nærmare kven som arbeide overtid, eller kor lenge ein har planar om at perioden for overtid skal vare. Det er heller ikkje kjend kva dei tillitsvalde meiner om saka. 2. REGELVERK Arbeidstid vert som hovudregel regulert av arbeidsmiljølova av 17. juni 2005 nr. 62 kap.10. Ein finn også reglar om arbeidstid for visse institusjonar i «Midlertidig forskrift om arbeidstid i institusjonar som har medleverordninger» av 24. juni 2005 nr. 686. Arbeidstilsynet er kjend med at Melås har praktisert såkalla medleverordning etter meleverforskrifta. Arbeidstilsynet har tidlegare ført eit postalt tilsyn ved verksemda og konkluderte under noko tvil med at Melås kunne fortsetje å nytte medleverturnus. Det vert vist til vår tilsynssak 14/92852 kor følgjande går fram: POSTADRESSE E-POST TELEFON ORGANISASJONSNR Postboks 4720 Sluppen post@arbeidstilsynet.no 81 54 82 22 974771748 7468 TRONDHEIM INTERNETT TELEFAKS Noreg www.arbeidstilsynet.no 73 19 97 01
VÅR REFERANSE 2 «Kommentaren (til forskriften) nevner som eksempel at arbeid med psykisk utviklingshemmede faller utenfor forskriftens virkeområde. Det kan dermed være noe usikkert hvorvidt medleverforskriften kan anvendes i dette tilfellet. Virksomheten har imidlertid praktisert forskriften i en årrekke etter det Arbeidstilsynet har forstått. Både arbeidsgiver og de tillitsvalgte mener arbeidstidsordningene etter medleverforskriften er positivt både for bruker/e og ansatte. Med vekt på at det er en midlertidig forskrift og dermed per definisjon en forskrift som snart skal endres, finner Arbeidstilsynet under noe tvil likevel ikke grunn til å gripe inn i en veletablert arbeidstidsordning, og pålegge virksomheten å følge arbeidstidsreglene i arbeidsmiljøloven i denne omgang. Arbeidsmiljølovens bestemmelser om arbeidstid gjelder derfor kun med de presiseringer og unntak som følger av forskriften, jf. forskriftens 1, 2. ledd.» Når det gjeld overtid er dette ikkje regulert i medleverforskrifta. Det er då arbeidsmiljølova 10-6 som regulerer verksemda sin moglegheit til å nytte overtid. Det går fram av arbeidsmiljølova 10-6(6) at Arbeidstilsynet etter søknad kan tillate samla overtidsarbeid på inntil 25 timar i løpet av 7 dagar og 200 timar i løpet av 26 veker. Samla arbeidstid (summen av avtalt arbeidstid, meirarbeid og overtid) må ikkje overstige 13 timar i løpet av 24 timar eller 48 timar i løpet av 7 dagar, med mindre det er inngått skriftleg avtale etter aml. 10-6(9). Grensa på 48 timar i løpet av 7 dagar kan gjennomsnittsbereknast over ein periode på åtte veker. Summen av gjennomsnittsberekna arbeidstid og overtid skal etter arbeidsmiljølovens 10-6(8) ikkje overstige 69 timar i nokon enkelt veke. Arbeidstakarane må seie seg villige til å utføre overtidsarbeid, jf. 10-6(7). Vidare føreset arbeidsmiljølova at arbeidstakarane er over 18 år, og at ein overheld kviletida dagleg og per veke, jf. 10-8. Arbeid utover avtalt arbeidstid må ikkje finne stad med mindre det ligg føre eit særleg og tidsavgrensa behov for det, jf. 10-6(1). 3. ARBEIDSTILSYNET SI VURDERING Inngangsvilkåra for å godkjenne søknad om overtid, er at det ligg føre eit «særlig og tidsavgrenset behov», jf. arbeidsmiljølova 10-6(1). Arbeidstilsynet skal ta stilling til om Melås Helse oppfyller desse. I lova sine forarbeid (NOU-2004-5 pkt. 23.10 merknadane til 10-6 s. 551 og Ot.prp. nr. 49 (2004 2005) ) går det fram at overtidsarbeid og meirarbeid ikkje må gjennomførast som ein fast ordning. Dette betyr at overtidsarbeid typisk kan finne stad når upårekna hendingar eller fråfall i arbeidsstokken har forstyrra eller truar med å forstyrre den jamne drifta, eller når arbeid er nødvendig for å hindre at anlegg, maskiner, råstoff, produkt tar skade. Vidare kan overtidsarbeid finne stad på grunn av manglande arbeidskraft med spesiell kompetanse. Det var i følgje forarbeida ikkje meininga å innskrenke moglegheita til å nytte
VÅR REFERANSE 3 overtid ved arbeidsmiljølova av 2005. Vilkåra for overtid etter aml (1977) er difor framleis relevante som tolkingsmoment og som eksemplifisering av kva som ligg i omgrepa «særlig og tidsavgrenset behov». Arbeidsmiljølova av 1977 49 nr. 1 fjerde ledd lød slik: «Overtidsarbeid og merarbeid må ikke gjennomføres som en fast ordning og må ikke finne sted uten i følgende særlige tilfelle: 1. når uforutsette hendinger eller forfall blant arbeidstakerne har forstyrret eller truer med å forstyrre den jevne drift, 2. når overtidsarbeid og merarbeid er nødvendig for at ikke anlegg, maskiner, råstoffer eller produkter skal ta skade, 3. når det er oppstått uventet arbeidspress, 4. når det på grunn av mangel på arbeidskraft med spesiell kompetanse, sesongmessige svingninger e.l. har oppstått særlig arbeidspress.» Melås har oppgjeve at dei er i ein «omstillingsprosess» som grunn til bruk av overtid. Vi kan ikkje sjå at dette er ein upårekna hending. Vidare vert det oppgjeve at ein samstundes har oppretta 2 nye tiltak. Heller ikkje dette er noko som kan karakteriserast som upårekna. Arbeidstilsynet kan dermed ikkje sjå at det ligg føre situasjon som oppfyller kravet om at det ligg føre eit «særlig forhold». Dette i seg sjølv er nok til å konstatere at Arbeidstilsynet ikkje kan gi samtykke til utvida overtid. Vilkåra for overtid er kumulative, dette vil seie at båe vilkåra må være oppfylte for at vi skal kunne imøtekome søknaden. Vi vil og gjere merksam på at vi heller ikkje finn at behovet for overtid er «tidsavgrenset». Dette inneber etter vår forvaltningspraksis at det som hovudregel ikkje skal utførast overtidsarbeid av ein og same årsak i meir enn 3 månader. Det går ikkje fram av søknaden at bruk av overtid gjeld ein avgrensa periode. Tvert i mot verker det til at verksemda sitt behov for fleksibilitet er vedvarande, og at det vert søkt ut i frå ein føre var tankegang. Arbeidstilsynet har forståing for at det i enkelte periodar og situasjonar er behov for å nytte overtid, men vi vil peike på at det er arbeidsgjevar sin plikt å organisere verksemda slik at det er ein forsvarleg balanse mellom oppgåver og ressursar. Vi kan dermed heller ikkje sjå at kravet om at overtid skal være «tidsavgrenset» er innfridd. Arbeidstilsynet finn på nemnde bakgrunn ikkje prov for at søknaden om utvida overtid skuldast eit «..særlig og tidsavgrenset behov». Arbeidstilsynet kan på ovannemnde bakgrunn ikkje sjå at det ligg føre ein ekstraordinær situasjon og det ligg heller ikkje føre opplysningar om at det er vurdert/gjennomført tiltak for å avgrense behovet for bruk av overtid, til dømes organisatoriske grep. Vi finn dermed ikkje grunnlag for å imøtekome søknaden. Arbeidstilsynet kan heller ikkje sjå at bruk av overtid er drøfta med dei tillitsvalde, utan at det har hatt betyding for avslaget. Det vert vist til 10-6(3) kor det går fram at: «Før arbeid som nevnt i denne paragraf iverksettes skal arbeidsgiver, dersom det er mulig, drøfte nødvendigheten av det med arbeidstakernes tillitsvalgte.»
VÅR REFERANSE 4 Omgrepet tillitsvald treng ikkje vere fagtillitsvald, men kan vere andre valde representantar for dei aktuelle arbeidstakarane. Ein søknad om utvida overtid må drøftast med dei tilsette eller valde representantar for desse, før Arbeidstilsynet eventuelt kan gje dispensasjon. Det ligg her føre ein uttale frå hovudverneombod, men det går ikkje fram av denne om saka faktisk har vore drøfta og kva dei tilsette meiner. Arbeidstilsynet gjer merksam på at vi ved ein eventuell klage vil trenge fleire opplysningar, jf. pkt. 5 under. Det er vidare mogleg at ein søknad om overtid ved medleverturnus, vil kunne bli vurdert på ein annan måte enn søknad om overtid ved arbeidstidsordning etter arbeidsmiljølova. Grunnen til dette er at arbeidstakarane allereie har omfattande arbeidstidsordningar. 4.VEDTAK Arbeidstilsynet finn ikkje at inngangsvilkåra for utvida overtid i 10-6(1) er oppfylte då det ikkje er dokumentert at det ligg føre eit «særlig og tidsavgrenset behov». Søknaden vert avslege. 5.KLAGE De kan klage på dette vedtaket jf. forvaltningslova 28. Fristen for å klage er 3 veker frå de får dette brevet. For nærmare informasjon om klageinstans, framgangsmåte ved klage og retten til å sjå saksdokumenta, sjå www.arbeidstilsynet.no/klage. Dersom dette vedtaket vert klaga på ber vi om følgjande dokumentasjon: skriftleg grunngjeving som syner kvifor det er nødvendig med overtidsarbeid kva periode det søkjast for kor mykje overtid ein søkjer, om det er dagleg og/eller per veke namn på tilsette det vert søkt for, eventuelt avdeling eller yrkesgruppe oversikt over den enkelte sine overtidstimer hittil i kalenderåret referat frå drøftingar med tillitsvald. Dersom det ikkje finst tillitsvald i verksemda, nyttast verneombodet eller annan representant for dei tilsette Tillitsvalde og verneombod skal gjerast kjend med vedtak frå Arbeidstilsynet, jf. aml. 18-6 åttande ledd. De finn meir informasjon om Arbeidstilsynet og om regelverket på www.arbeidstilsynet.no eller de kan kontakte oss på telefon 815 48 222. Vi ber om at det vert vist til vår referanse 2015/34961 ved seinare kontakt eller korrespondanse i denne saka. Med helsing Arbeidstilsynet Vestlandet Borghild Lekve regiondirektør (sign.) Ingrid Aanderud Sælen seniorrådgjevar (sign.)
VÅR REFERANSE 5 Dette brevet er godkjend elektronisk i Arbeidstilsynet og har difor ingen signatur. Kopi: Melås Helse AS PB 164 6882 ØVRE ÅRDAL v/verneombod Melås Helse AS PB 164 6882 ØVRE ÅRDAL v/ tillitsvalde Per Kristian Fonn Arbeidstilsynet Vestlandet