1 Prosjektplan Kommunal næringsutvikling 1. Bakgrunn Fylkeskommunen v/næringsavdelinga, Innovasjon Norge og Fylkesmannen si landbruksavdeling har gått saman om prosjekt Kommunal næringsutvikling, eit prosjekt som skulle setje kommunane og førstelinjetenesta betre i stand til å arbeide med næringsutvikling. Med førstelinjetenesta meinast dei som arbeider i det kommunale tiltaksapparatet eller det som kommunen har definert som sitt tiltaksapparat. I arbeidet skulle og landbruk koplast betre på arbeidet med næringsutvikling. Prosjektet inneheld ei rekkje delprosjekt/ tiltak som saman skal støtte under dei måla ein har sett seg. Mange av tiltaka heng tett saman og det kravst god koordinering av dei ulike aktivitetane. Prosjektet skal evaluerast etter prosjektslutt for å sjå om ein har nådd dei måla og skissere korleis aktivitetane ev kan halde fram. Prosjektet skal avgrensast mot andre fylkeskommunale satsingar som til dømes LUK og vil mellom anna sjå dette i samanheng med arbeidet i prosjektet.
2 2. Mål og rammer Mål: Styrke førstelinjetenesta sitt næringsutviklingsarbeid slik at dei kan gje etablerarar og lokalt næringsliv eit betre tilbod. Dette skal skje gjennom (resultatmål): 1. Ei betre organisering av arbeidet med næringsutvikling på kommune- og regionnivå Større fagmiljø med auka stillingsressursar i minst ti kommunar i løpet av prosjektperioden 2. Auka kompetanse og auka merksemd rundt næringsutvikling på kommunalt nivå og betre verkty for næringsutvikling Alle i målgruppa skal ha eit fått eit kompetanseløft i løpet av prosjektperioden Utvikle betre verkty for målgruppa for å betre næringsutviklingsarbeidet 3. Betre kommunikasjon mellom lokalt og regionalt nivå og betre samhandling og kommunikasjon ut frå regionale aktørar www.driftig.no skal vere hovudkanalen for informasjon relatert til nærings- og gründerarbeid Ha gode nettverk og treffpunkt for tiltaksapparatet og regionalt nivå Målgruppe(r): Førstelinjetenesta definert som dei som arbeider i det kommunale tiltaksapparatet eller det som kommunen har definert som sitt tiltaksapparat. Brukarar av tiltaka etablerarane og lokalt næringsliv gjennom direkte og indirekte bruk av tiltaka. Prosjektperiode: Januar 2013 - desember 2014.
3 3. Organisering Arbeidet vert gjennomført som eit prosjekt med tilhøyrande delprosjekt /tiltak for å oppnå dei ønska måla. Delprosjekta skal levere konkrete tiltak som skal medverke til at måla i prosjektet vert nådde. Arbeidet vert organisert med utgangspunkt i PLP-metodikken (prosjektleiarprosessen). Oppdragsgjevar: Hovudutval for plan og næring (HPN). HPN løyver midlar til prosjektet og fylkesdirektøren for næring rapporterer om framdrift og status i prosjektet. Prosjekteigarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune (FK) ved Næringsavdelinga (NA), Innovasjon Norge (IN) og Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA). Prosjekteigarane er dei som har eigarforhold i prosjektet. Det er ulike typar av eigarar alt etter kor mykje ressursar ein stiller med inn i prosjektet. Styringsgruppe: Jan Heggheim, fylkesdirektør, FK Halvor Flatland, direktør, IN Christian Rekkedal, landbruksdirektør, FMLA Kjellaug Ekse Brekkhus, rådmann, Balestrand kommune, KS Styringsgruppa er ei formell gruppe som vert etablert for å vere støttespelar og rådgjevar for prosjektansvarleg (PA) og prosjektleiar (PL). Styringsgruppa tek avgjersler om oppstart eller avslutning av tiltak, korrigering av prosjektplanen, koordinering av informasjon mellom eigarane og syte for naudsynte ressursar i arbeidet. Prosjektansvarleg: Endre Høgalmen, ass. fylkesdirektør, NA, FK Prosjektansvarleg (PA) har overordna ansvar for framdrift og resultat og er prosjektleiaren (PL) sin overordna i prosjektorganisasjonen. PA skal sørgje for at prosjektplanen samsvarer med målsettingar og at ressursdimensjoneringa er realistisk. PA set i gong eller endrar retning i arbeidet om føresetnader vert endra eller måla ikkje nådde og tilrår ovanfor styringsgruppa. PA møter i styringsgruppemøta og er ansvarleg ovanfor styringsgruppa.
4 Prosjektleiar: Jan Ivar Rise, NA, FK Prosjektleiaren (PL) har ansvaret for å gjennomføre eller syte for at dei ulike prosjekta og aktivitetane vert gjennomført i høve til planen og at desse vert koordinert med kvarandre. Prosjektleiar har det operative ansvaret for prosessen og realisering av avgjerder teke i styringsgruppemøte. Prosjektleiaren har ansvar for å utarbeida naudsynte planar for prosessen med til dømes definering av mål/delmål, skildring av hovudaktivitetane, kalkylar, fastsetting av milepelar og avgjerdspunkt, risikoanalysar med identifisering av kritiske suksessfaktorar, etablering og ressursdimensjonering av prosjektorganisasjonen, osv. Det er prosjektleiar si oppgåve å halde PA orientert om framdrift og resultat. Prosjektleiar skal også syta for at PA har naudsynt avgjerdsgrunnlag. Prosjektleiaren bør knyte til seg ei ressursgruppe som kjem med innspel i høve til det daglege arbeidet med oppfølging av programmet og som kan nyttast til å drøfte ulike problemstillingar med. Delprosjektleiar: Kvart delprosjekt/tiltak har eigen delprosjektleiar (DPL) på grunn av at det vil vere ulike folk frå ulike aktørar som har ansvaret for å gjennomføre tiltaket. Når det er oppretta delprosjekt for gjennomføring av eit tiltak, vert hovudprosjektleiar sin organisatoriske rolle gjort om til prosjektansvarleg overfor delprosjektleiarane. Den einskilde delprosjektleiar kan knyte til seg ei arbeidsgruppe på prosjektet om det er høveleg. Delprosjektleiar rapporterer til prosjektleiar der desse er to ulike personar. Prosjektgruppe: Det vert oppretta prosjektgruppe internt på næringsavdelinga hos fylkeskommunen. Prosjektgruppa skal ha jamlege møter der framdrifta av prosjektet vert informert om og tilbakemeldingar frå målgruppa og eventuelle endringar vert diskutert. Grunnen er at arbeidet i prosjekt Kommunal næringsutvikling har same målgruppe som kommunegruppa på avdelinga. Det er derfor viktig å involvere representantane av kommunegruppa i prosjektet gjennom oppretting av prosjektgruppe.
5 4. Gjennomføring Prosjektet er delt inn i tre hovudaktivitetsområde med førebelse delprosjekt. Prosjekt portefølgen kan verte utvida/endra i prosjektperioden. Godkjenning av endringar er styringsgruppa sitt ansvar. Prosjektplanen skal og ha ei rullering og statusoppdatering for HPN ein gong i året. Kommunal næringsutvikling HA1. Organisering HA2. Kompetanse og verkty HA3. Kommunikasjon Organisering av tiltaksapparatet Kjennteikn på "næringskommunar" Frå prosjekt til permanent drift i næringsavd. Kompetansenivå i førstelinjetenesta PLP-kurs Kompetanseheving i dagleg arbeid Høgskulekurs med studiepoeng Vidareutvikling av kommunale næringsfond Etablerarkurs Program for småbedrifter - mindre enn 10 tilsette www.driftig.no som hovudkanal for informasjon Treffpunkt nytilsette og regionalt nivå Tiltaksforum
6 HA 1. Organisering Resultatmål: 1.1. Større fagmiljø enten gjennom auka stillingsressursar eller gjennom smartare organisering i minst ti kommunar i løpet av prosjektperioden. A. Organisering av tiltaksapparatet Prosjektmål: Tilføre meir kapasitet og breiare kompetane i kommunane sitt næringsapparat Forprosjekt er gjennomført der kompleksiteten i næringsapparatet er gjennomgått. Policynotat er lagt fram for HPN. HPN har vedtatt bruk av stimuleringstilskot for å fremje auka samarbeid mellom kommunar Ha god dialog om organisering med kommunane i dei årlege dialogmøta Peike på utfordringane med offentlege innkjøp i høve bruk av halvoffentlege vekstselskap Stimulere til auka forpliktande samarbeid om førstelinjetenesta mellom kommunane Gje innspel til regional verdiskapingsplan mellom anna i høve til o Utfordringar i høve til organisering knytt til statlege program sett i høve til fylkeskommunale og kommunale satsingar o hovudtrekk i innovasjonsinfrastrukturen i Sogn og Fjordane Arbeidet med dei tre første punkta vert delvis gjort som ordinær oppfølging av kommunale næringsfond og omstillingsarbeid og delvis I prosjektet. B. Kjenneteikn på næringskommunar Prosjektmål: Skaffe seg innsikt i kva som kjenneteiknar «næringsvennlege kommunar» i Sogn og Fjordane som kan verte lagt til grunn for mellom anna samarbeidsavtalar, næringsfond m.m. Innhente kunnskap om kva som vert rekna som næringsvennlege kommunar. o Bruke Distriktssenteret sitt arbeid Informere og motivere kommunane til å verte meir «næringsvennlege»
7 HA 2. Kompetanse og verkty Resultatmål: 2.1. Alle i målgruppa skal ha fått eit kompetanseløft i løpet av prosjektperioden. 2.2. Utvikle betre verkty for målgruppa for å betre næringsutviklingsarbeidet. A Kompetansenivå i førstelinjetenesta Prosjektmål: Tilby ønska kompetansenivå i førstelinjetenesta innan Næringsutvikling Coaching og rådgjeving Rapportering Vurdere kompetansenivå i førstelinja Vurdere krav til kompetanse i samband med stimuleringsordningar Tilby ønska kurs til førstelinja B PLP-kurs Prosjektmål: Alle i målgruppa skal ha gjennomgått PLP-kurs i løpet av prosjektperioden. Utarbeider oversikt over kven av tiltaksapparatet som har gjennomført PLP-kurs Tilby og gjennomføre PLP-kurs i heile fylket etter behov i prosjektperioden.
8 C Kompetanseheving i dagleg arbeid Prosjektmål: Alle i målgruppa skal ha auka sin kompetanse i løpet av prosjektperioden. Det er varierande nivå i høve til sakshandsaming i næringsarbeidet i kommunane av ulike årsaker. For at ein skal ta dei beste avgjerdene, bør utgreiings- og sakshandsamingsarbeid vere av god kvalitet. Kommuneprogrammet har utarbeidd eit kursopplegg for desse oppgåvene som vert tilbydd til målgruppa. Kursa vert arrangert kvart år etter behov. Evaluering av kurset skal skje undervegs og det bør vere oversyn over kor store delar av tiltaksapparatet som har tatt kurset. Tilby og gjennomføre kurs i generell sakshandsaming knytt til næringsutvikling i heile fylket etter behov i programperioden. DPL: Rune Fromreide, IN D Høgskulestudium med studiepoeng Prosjektmål: Tilby kompetansegjevande kurs innan intraprenør- og entreprenørskap til tiltaksapparatet. Som ledd i å heve kompetansen i førstelinjetenesta er det viktig å tilby og leggje til rette for kompetansegjevande høgskulekurs med studiepoeng. Innhald må ha relevans for målgruppa si satsing inn mot bedriftsutvikling og knoppskyting frå lokalt næringsliv. Kartlegge interesse og behov Utarbeide relevant innhald i høgskulestudium Iverksette fleksibelt høgskulestudium våren 2013 DPL: Jan Ivar Rise, FMLA
9 E Vidareutvikling av kommunale næringsfond Prosjektmål: Vidareutvikle og føre kontroll med bruken av kommunale næringsfond til å bli eit betre verkty for å støtte opp under kommunal næringsutvikling. Dei kommunale næringsfonda har auka dei siste åra og er eit viktig verkty for dei kommunane som får dette. Størrelsen på fonda tilseier at ein må arbeide for ein endå meir medviten og målretta bruk. Det er og viktig at ordninga vert godt følgt opp frå regionalt nivå og at ein ser på moglegheiter for kva fonda kan medverke til. Arbeidet skjer i ordinær oppfølging av satsingsområdet, men må koordinerast med arbeidet i prosjektet. Kontrollere bruken av kommunale næringsfond Følgje opp bruken av kommunale næringsfond Kurs og kompetanseheving DPL: Kristin Arnestad, NA, FK F Etablerarkurs Prosjektmål: Tilby modulbaserte etablerarkurs i alle regionar. Det har blitt arrangert ulike former for etablerarkurs rundt omkring i fylket. Det er eit ynskje at ein får koordinert desse og målretta bruken av midlane på etablerarkurs samstundes som ein sikrar at alle etablerarar får tilbod om kurs. Årleg gjennomføre etablerarkurs i kvar region i ein periode på to år og evaluere ordninga Skissere forslag til vidareføring ved eventuelt framhald
10 G EtablerarLINK Prosjektmål: Få eit einskapeleg verkty for kommunikasjon i og mellom tiltaksapparatet. EtblerarLINK vart innførd i 2009 som eit tilbod til kommunane som kommunikasjonsverkty for tiltaksapparatet og etablerarane. Tilbakemeldingar er dårlege. Bruken og nytten av EtablerarLINK står ikkje i høve til kostnadsbruken. Avtalen er sagt opp med verknad frå 17. mars Oversikt over etablererar i Sogn og Fjordane vert kjøpt frå Brønnøysundregistera H Program for småbedrifter mindre enn 10 tilsette Prosjektmål: Tilby førstelinjetenesta eit utviklingsverkty for småbedrifter for å skape utvikling og vekst. Fleire småbedrifter har potensiale for vidare utvikling og vekst men manglar kompetansen til å ta dei rette grepa for å kome vidare. Det er derfor viktig at tiltaksapparatet motiverer småbedriftene til å sette i gong utviklingsprosess for vidare vekst. For å mest mogleg effekt av verktyet må ein prekvalifisere eit bedriftsrådgjevarkorps som tiltaksapparatet kan nytte seg av i gjennomføringsfasen. Tilby førstelinjetenesta utviklingsverktyet «program for småbedrifter mindre enn 10 tilsette» Tilby opplæring i bruk av utviklingsverktyet Prekvalifisere bedriftsrådgjevarkorps for bruk av utviklingsverktyet i småbedriftene
11 HA 3. Kommunikasjon Resultatmål: 3.1. www.driftig.no skal vere hovudkanalen for informasjon relatert til nærings- og gründerarbeid. 3.2. Ha gode nettverk og treffpunkt for tiltaksapparatet og regionalt nivå. A Èin informasjonskanal for gründerar og tiltaksapparat Prosjektmål: At driftig.no det skal vere kanal for informasjon ut til gründerar og tiltaksapparat frå regionalt nivå. Driftig.no er ein gründerportal som vart sett i gong av partnarskapen gjennom program for entreprenørskap og nyskaping. Det er gjort mykje bra arbeid med portalen, men ei viss for betre er nødvendig. Det er tid for å fornye sida og målrette bruken. Utarbeide plan for drift av portalen i testperioden og fastsetje mål for testperioden Beskrive arbeidsoppgåver til redaksjonsgruppe frå partnarskapen Tilrå redaksjonsgruppe Marknadsføre ny portal Involvere partnarskap og kommunar for å forankre sida DPL: Lisbeth Bringebøen, NA,FK B Treffpunkt nytilsette og regionnivå Prosjektmål: Den nytilsette i tiltaksapparatet i førstelinjetenesta skal vert kjend med regionale samarbeidspartar, rollefordeling og oppgåver. Det er til dels stor utskiftning i tiltaksapparatet og det kan vere utfordrande å finne dei rette kontaktpunkta i det regionale apparatet. Det er og verdifullt at tilsette i førstelinjetenesta og regionalt nivå er oppdaterte på status på kvarandre og er merksame på utfordringar førstelinjetenesta har.
12 Innhente informasjon om nytilsette i målgruppa og utarbeide rutinar for innmelding om dette Invitere nytilsette til fylkeshuset for å gje informasjon om kva fylkeskommunen og Innovasjon Norge kan hjelpe til med og kven som er fagansvarleg å ta kontakt med C Tiltaksforum Prosjektmål: Tiltaksforum skal vere det viktigaste nettverksskapande treffpunktet i fylket for tiltaksapparatet. Tiltaksforum er ei samling som har blitt meir og meir kjend sidan oppstart. Tilbakemeldingane tyder på at dette er ei viktig samling som medverkar til nettverksbygging og erfaringsutveksling for førstelinjetenesta og det regionale nivået. Det er viktig at Tiltaksforum stadig er ei interessant samling for målgruppa og at samlinga ikkje overlappar andre samlingar som vert arrangert i fylket. Forprosjekt: Sjå på noverande opplegg og greie ut forbetringar Utvide ei samling til å inkludere bankar og investorar Inkludere landbruk i samlingane D