MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR EIDSDAL SKULE

Like dokumenter
HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING OG DISKRIMINERING. Slåtthaug skole

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Prosedyrer Kapittel 9a i opplæringsloven Elevenes skolemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan for et trygt, godt og inkluderende miljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN FOR Å SIKRE ET GODT PSYKOSOSIAL LÆRINGSMILJØ PÅ ÅSTVEIT SKOLE

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Handlingsplan mot mobbing

Plan for godt skulemiljø. Sør-Fron kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Plan mot mobbing og mistrivsel

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Forord

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT KRENKENDE ATFERD OG MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Plan for et godt læringsmiljø ved Nordre Modum ungdomsskole

Du må tru det for å sjå det

Alle elever og ansatte på Hauketo skole skal oppleve et godt læringsmiljø uten å bli utsatt for krenkende atferd eller mobbing.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Statens tilsyn med opplæringsloven kapittel 9a

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

HANDLINGSPLAN MOT KRENKENDE ATFERD OG MOBBING

Handlingsplan for håndtering av krenkende atferd på Kastellet skole

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VIGRESTAD SKULE PLAN FOR EIT GODT PSYKOSOSIALT MILJØ. Vigrestad skule

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3. Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø!

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Skjemaet brukes både i forbindelse med saker som angår det fysiske og det psykososiale miljøet.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Handlingsplan mot mobbing

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Eidet skole Handlingsplan mot krenkende atferd og mobbing. Eidet skole har nulltoleranse for mobbing og krenkende atferd!

Barnerettane i SKULEN

RUTINER I FORBINDELSE MED Opplæringslova Kapittel 9a

Sist revidert oktober 2017 TILTAKSPLAN MOT MOBBING VED LADE SKOLE

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Handlingsplan for et godt psykososialt skolemiljø

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Elevene sitt psykososiale arbeidsmiljø, mobbing og andre brudd på opplæringsloven 9a-3. Sentrum skole. Meldeskjema og tiltaksplan

Handlingsplan mot mobbing. Hanøy skole

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling

HEIDAL SKULE. Plan for arbeidet med elevane sitt skulemiljø Heidal skule SKULEMILJØARBEID. Heidal skule har nulltoleranse mot krenkjande åtferd!

Transkript:

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR EIDSDAL SKULE

1 INNLEIING Handlingsplanen er laga med bakgrunn i Kapittel 9a i opplæringslova. 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. 9a-3 Det psykososiale miljøet Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om der var gjort enkeltvedtak. Det er viktig å understreke at denne lovparagrafen handlar om meir enn mobbing. Mobbing, vald, rasisme og diskriminering er berre eksempel på «krenkjande ord eller handlingar». Lova gjeld også andre former for krenkjande ord eller handlingar, slik som negative, enkeltståande utsegn om ein person sin utsjånad, klede, tru, dialekt, funksjonshemming, seksuell legning osv. Definisjonar: Mobbing: En person blir mobbet når han eller hun, gjentatte ganger og over tid, blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere personer. Det er en negativ eller aggressiv handling når noen med vilje påfører en annen person skade eller smerte ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre måter. For å kunne bruke betegnelsen mobbing skal det også være en viss ubalanse i makt- og styrkeforholdet: den som blir utsatt for de negative handlingene, har vanskelig for å forsvare seg og er noe hjelpeløs overfor den eller de som plager ham eller henne. Etter denne definisjonen, som også blir brukt internasjonalt, er mobbing kjennetegnet av disse tre kriteriene: 1) Det dreier seg om aggressiv eller ondsinnet adferd, som 2) gjentar seg og varer ved over en viss tid 3) i en mellommenneskelig relasjon som er preget av en viss ubalanse i styrke- eller maktforholdet. Mobbing inntreffer ofte uten noen åpenbar provokasjon fra offeret si side. Diskriminering: Rasisme: Loven omfatter både direkte mobbing, med etter måten åpne angrep på offeret, og indirekte mobbing, med sosial isolering og utestenging frå gruppa. Diskriminering innebærer at en person blir dårligere behandlet eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonsdyktighet, trosbekjennelse, hudfarge, nasjonal eller etnisk opprinnelse. Diskriminering kan både være direkte og indirekte. Rasisme omfatter diskriminering på grunnlag av «rase», hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav. (Kunnskapsdepartementet, 2013) Det finst to hovudtypar av måtar å mobbe på: - Den openlyse; der nokon vert utsett for direkte angrep fysisk eller psykisk, med for eksempel spark, slag, skjellsord eller liknande. - Den skjulte; For eksempel når ein elev vert halden utanfor og ikkje får delta i leik, samtale eller fellesaktivitetar, ved utfrysing, "blikk", vende ryggen til eller liknande. Det er i Noreg innført nulltoleranse for mobbing. Dette tyder at det konsekvent skal takast tak i mobbaren for å stoppe mobbinga, og at det absolutt ikkje finst unnskyldning for slik åtferd.

2 KORLEIS OPPDAGE MOBBING OG ANDRE KRENKJANDE HANDLINGAR a. på skulen. Alle tilsette på skulen har til ei kvar tid plikt til å fylgje godt med for å oppdage krenkjande handlingar. Dei som utøvar slike handlingar, kan vere svært flinke til å halde dette skjult for vaksne. b. elevane. Elevane kan sjølv varsle til: kontaktlærar, rektor, sosiallærar, helsesøster eller ein person dei har tillit til. c. heime. Heller ikkje heime er det alltid at elevane fortel om at dei er utsette for krenkjande handlingar. Det er derfor viktig at foreldra er merksame og ser etter teikn og forandringar hos barnet. Nokre varselsignal: Når barnet: - kjem heim med sundrivne klede, øydelagde bøker eller har "mista" ting utan å kunne gjere greie for kva som har hendt. - har blåmerke, skadar, kutt og skrammer utan ei truverdig forklaring på korleis det har oppstått. - ikkje tek klassekameratar med heim, og sjeldan er med klassekameratar etter skuletid. - verkar redd for eller har motvilje mot å gå på skulen om morgonen. - vel ein ulogisk veg til skulen. - misser interessa for skulen og skulearbeidet går tilbake. - verkar ulukkeleg, deprimert eller har skiftande humør med plutseleg utbrot av sinne. - har dårleg appetitt, hovudverk eller vondt i magen. - søv uroleg om natta med mareritt og gråt i søvne. - stel eller bed om ekstra pengar (for å blidgjere mobbarane). Korleis oppdage at barnet plagar andre. Som foreldre kan det vere vanskeleg å oppdage og å erkjenne at eins eige barn mobbar eller utøvar krenkjande handlingar mot andre. Men dersom fleire av punkta nedanfor passar på ditt barn, bør du ta det alvorleg og følgje saka vidare. Det må understrekast at desse punkta må ein sjå på som hovudtendensar. Likevel er det sannsynleg at ein som aktiv plagar andre har eitt eller fleire av kjenneteikna nedanfor: Når barnet: - syner ei meir positiv haldning til vald enn elevar flest. - syner sterk trong til å dominere og undertrykkje andre born, til å hevde seg med makt og truslar for å få viljen sin. - har vanskar med å rette seg etter reglar. - verkar tøff og syner lita medkjensle for born som vert mobba. - er flink til å snakke seg ut av vanskelege situasjonar. - synest å like å håne, krenke, herse med, skade eller latterleggjere andre born. - er aggressiv, "frekk" trassig og i generell opposisjon. Det er alle si plikt å fylgje med og varsle om krenkjande handlingar. Den er ofte godt skjult og kan vere vanskeleg å få greie på. Offeret vert som regel trua til å teie. Det same kan gjelde medelevar, og i dei fleste tilfelle forstår ikkje borna heilt kor gale det er det dei er med på.

FORVENTNINGAR Eidsdal skule har ei felles plattform som seier: Eidsdal skule skal vere ein god stad for trivsel, læring og utvikling der alle er inkludert. 3 FØREBYGGJANDE TILTAK MOT MOBBING OG ANDRE KRENKJANDE HANDLINGAR Det viktigaste tiltaket mot mobbing og krenking, er å ha eit godt og inkluderande miljø der slik åtferd ikkje får gro fram. Her er det viktig med eit nært og godt samarbeid mellom skulen og heimen. Elevane er oftast eit spegelbilete av heimen og skulemiljøet, så her må vi vere konsekvente og gode førebilete både som lærarar og foreldre. Vi må sørgje for at elevane forstår kva krenkjande handlingar er, og kva fylgjer det kan ha, og at dei aktivt er med på å skape eit godt psykososialt miljø. a. undervisningsopplegg. Skulen brukar no "Mitt val" som eit opplæringsprogram for å skape sjølvstendige og gode haldningar blant borna. Foreldra er også med i dette opplegget og har ei svært viktig oppgåve med oppfylging heime. b. trivseltiltak. Skulen driv ein aktiv politikk med turar, med og utan overnatting, for å skape samhald i klassene/gruppene. Det er også viktig at elevane vert høyrde med meiningar og forslag. Elevane må få forklart og forstå kvifor reglar og normer må fylgjast, og at det er til deira eige beste. Skulen har som eit mål at alle elevar skal vere med på skulen sin avslutningsfest, og føle eit eigarskap til den. Elevane tek aktivt del i oppussing og utsmykking av skulen. Alle elevar skal føle seg velkomne og verdsette, dette arbeider vi for gjennom ros, tilpassa opplæring og omsyn til ynskje frå elevane. c. tilsynsordning. Elevane skal føle seg trygge på at dei lett får kontakt med vaksne, og dei skal føle seg trygge på at dei vert høyrt. I friminutta skal lærarane føre nødvendig og årvake tilsyn. Elevane må også sjølve seie ifrå dersom noko skjer. Fadderelevar og elevrådsrepresentantar vert særleg oppmoda om å varsle vaktlærar dersom dei oppdagar handlingar av krenkjande karakter. d. klasseråd/klassereglar. Alle klasser skal utarbeide sine reglar for trivsel i klassa. Dei skal vere opphengt på ein synleg stad. Kontaktlærar eller ein annan lærar er tilstades under klasseråd for å sikre at alt går føre seg på ein god demokratisk måte. e. elevsamtalar. Kontaktlærar skal minst to gonger i året ha samtalar med kvar einskild elev, der eitt tema skal vere om eleven opplever, eller veit at krenkjande handlingar skjer. 4. TILTAK Så snart krenkjande handlingar vert oppdaga, eller ved mistanke om mobbing, skal det varslast tenesteveg, og om mogeleg og føremålstenleg gripast inn av den som oppdagar dette. Tenesteveg ved Eidsdal skule er: varsel til kontaktlærar som varslar rektor umiddelbart. Rektor, kontaktlærar og involverte lærarar utgjer ei antimobbegruppe. Utgangspunktet for all handsaming er at det er dei som utfører desse handlingane som representerer problemet, og som må endre åtferd.

Dersom ikkje den krenkjande handlinga straks kan stoppast, har antimobbegruppa ansvar for å involvere foreldra til offeret og foreldra til mobbaren, og ta dei med i den vidare handsaminga av problemet. Når antimobbegruppa har skaffa seg oversikt over situasjonen, ved samtale med involverte partar, og i gruppa rundt, vert foreldra kalla inn saman med mobbaren for å lage ein skriftleg avtale om at mobbinga skal opphøyre. Mobbaren må få klart forklart kva krenkjande handlingar er, og kva den kan føre til. Likeeins må det seiast klart ifrå om at i fylgje lova er det forbod mot slike handlingar, og presentere moglege tiltak mot dei som krenkjar andre. Dei første vekene etter at avtale er laga vert eleven/elevane som mobbar tett oppfylgt for å sjå om avtalen vert halden. Offeret vert fortløpande halde kontakt med for å gi støtte, og for å få stadfesta om dei uønska handlingar tek slutt. I nokre tilfelle kan det vere praktisk å kome med råd og rettleiing til offeret om korleis situasjonen kan taklast. 5. TILTAK MOT DEN SOM KRENKJAR ANDRE Dersom avtalen vert broten og handlingane ikkje tek slutt, skal eitt eller fleire tiltak setjast i verk. Kva tiltak som vert valt er avhengig av situasjonen, alder på barna, alvorsgrad, personlegdom, osv. Åtferda til dei som krenkjar vert diskutert i klassa. Dei som krenkjar må møte foreldra til offeret saman med kontaktlærar og rektor. Dei som krenkjar må møte foreldra til offeret saman med sine foreldre, kontaktlærar og rektor. Dei som krenkjar må fylgje vaktlærar i friminutta. Dei som krenkjar må følgjast av føresette til og frå skulen. Dei som krenkjar må følgjast av føresette gjennom skuledagen. Dei som krenkjar får ikkje følgje skulebussen for ein periode, etter avtale med sjåfør. Dei som krenkjar må sitje på første benk i skulebussen, etter avtale med sjåfør. Andre tiltak som situasjonen krev. Denne planen skal kontaktlærarane leggje fram for klassene ved skulestart og for foreldra på klasseforeldremøte om hausten kvart år. Den skal vedtakast kvart år av SU på same måte som ordensreglane. Vedteken i SU 05.02.2013