1. Refleksjonar, litt uforpliktande på tampen



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):


NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ehandel og lokalt næringsliv

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I LAGMANNSRETTANE. Nynorsk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Møtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Tilgangskontroll i arbeidslivet

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Saksbehandling kva er no det?

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brukarrettleiing. epolitiker

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VEDTEKT av februar 2007

NOREGS HØGSTERETT. HR P, (sak nr. 2009/202 og sak nr. 2009/397), straffesaker, ankar over dom, (advokat Steinar Thomassen)

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

IKT-kompetanse for øvingsskular

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Møtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE


Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Den nye seksjon for applikasjonar

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Informasjonshefte Tuv barnehage

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ledelse over fjord og fjell

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

MØTEBOK Tysnes kommune

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Med god informasjon i bagasjen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Refleksjon og skriving

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Psykologisk førstehjelp i skulen

Transkript:

1 Innlegg på Domstolleiarmøtet 6. mai 2013 Karl Arne Utgård, styreleiar i Domstoladministrasjonen Domstolleiarar, gjestar. 1. Refleksjonar, litt uforpliktande på tampen Stunda er inne for å reflektere over arbeidet dei siste åra og ikkje minst over vegen vidare. Det er mine personlege synsmåtar, nokså uforpliktande på tampen av styreperioden. 2. Arbeidet i styret Det er andre som er i betre posisjon til meg enn å gi ei god vurdering av arbeidet i styret og til styret. For meg har det i alle fall vore interessante år, som har vore krevjande men også med små unntak trivelege. Det blir litt rart å slutte som styreleiar, men eg trur likevel at det er eit snev av sjølvinnsikt i det når eg seier at eg trur det er bra både for meg og for DA med ei avløysing etter åtte år. Dersom dette kan oppfattast som eit innlegg i diskusjonen om åremål for leiarane i dei største domstolane, får det stå si prøve. Eg vil nytte høvet til ein liten kommentar til samansetjinga av styret. Frå ein del hald har det vore retta innvendingar mot at det ikkje har fleirtal av dommarar, og det har vore innvendingar mot at det er departementet som nemner opp styremedlemmene. Mitt syn er at styret er balansert samansett. Det er fem frå domstolane, fire av dei dommarar og ein frå andre grupper av tilsette, det er to advokatar og to allmenne representantar. Dette gir ei god domstolsfagleg innsikt, samtidig som det varetek at dei som med eit nyord blir kalla brukarane dei profesjonelle aktørane og folk flest kan ha innverknad gjennom advokatar og allmenne representantar. Etter mitt syn gir det styrke å ha med både advokatar gjerne både prosedyreadvokatar og forretningsadvokatar og allmenne representantar det vere seg akademikarar eller tidlegare rikspolitikarar. Til dei som er kritiske til samansetjinga minner eg om at dommarar lever godt med at det er svært mange saker der fagdommarar ikkje er i fleirtal. Dernest er det faktisk fleirtal frå domstolane i styret i DA med fire dommarar og ein annan tilsett av i alt ni. Oppnemninga blir gjort av Justisdepartementet. For min del har eg litt vanskeleg for å sjå kva som skulle vere alternativet. Det kan vere at den danske ordninga med

2 at det er mange grupper som har valrett, og der det dermed er eit stort styre, kunne vere eit alternativ. Realiteten i det ville nok vere at meir avgjerdsmakt ville bli flytta ut av styret. Så lenge departementet ved oppnemninga held seg på armlengdes avstand til personar som har nære tilknytingar til den sentrale statsadministrasjonen, har eg for min del ingen innvendingar mot at det er departementet som nemner opp styret. Dagens samansetjing av styret gir etter mitt syn legitimitet for styret til å ha breidde i dei oppgåvene DA arbeider med, noko mange gløymer når dei samanliknar utanlandske ordningar med vår. Den norske Domstoladministrasjonen går lenger enn dei fleste samanliknbare organisasjonen i å ha meining om spørsmål som går på domstolane si rolle i store samanhengar. Det kunne vi etter mitt syn ikkje gjort utan den breidde som styret har, der også brukarane i vid meining har tung representasjon. Styret framstår dermed ikkje som noko laugsstyre, med dei ulempene det har. Det er også viktig at styret er samansett slik at ingen i styret oppfattar seg som representantar for eller som valde frå spesielle interesser. Mi oppfatning er at det ikkje har vore tilløp eingong til å fremje særinteresser i styrearbeidet. 3. Fornying og endring Domstolane er avhengig av fornying og utvikling. Mitt mantra er at ein organisasjon som ikkje endrar seg, vil døy. Ikkje berre i tingsretten men også i tingrettane må ei ordning vere "i samsvar med tida og tilhøva". Endringar byggjer i mange tilfelle på lovendringar. For organisatoriske endringar og for kompetansespørsmål er dei heilt avgjerande. Men slike endringar dukkar ikkje opp av seg sjølv. Det må vere nokon som ønskjer dei. Diskusjonen om eigne familiedomstolar er eit slikt spørsmål, som Tor Langbach vil seie meir om. Tvistar om barn må i større grad løysast utanfor domstolane, samtidig som domstolane må vere den beste problemløysaren der det er tvist. Skjer det ikkje noko med volumet av desse sakene i domstolane, vil nok andre løysingsmåtar tvinge seg fram. Endringane i arbeidsmåten i domstolane kan ofte vere kompleks. Tar vi tvistelova som døme er det litt uklart kor mykje endring som kom som følgje av tvistelova, kor mykje som kom som følgje av diskusjonane rundt tvistelova, og kor mykje som ville kome uansett, som følgje av den allmenne samfunnsutviklinga. Mitt poeng er i grunn at det er viktig at arbeidsmåten i domstolane heile tida er gjenstand for diskusjon, og at det må skje endring. Her har DA ei viktig rolle. Prosjekta, som starta før mi tid i styret i DA, om Domstoler i endring og om Ledelse, Organisasjon og Kompetanse, LOK, er døme på prosjekt som har vore drivarar i diskusjonane.

3 Det har frå DA vore lagt stor vekt på både utvikling av leiarar og på kompetanse og kvalitetsarbeidet. I alle organisasjonar er det viktig med gode leiarar. Den tida er slutt då den "flinkaste" dommaren eller eventuelt dommaren med lengst ansiennitet vart utnemnd til leiar. Føresetnader for å vere ein god leiar må i dag vere avgjerande, sjølv om det bør vere slik at leiarane gjerne bør veljast mellom den beste halvparten av dommarane, for å låne formuleringa frå justitiarius Sandene så han slutta i Høgsterett. Med rundt 110 domstolar samla sett, er det ei utfordring å meistre leiaroppgåvene for alle. Det er ei utfordring å gi utnemnde domstolleiarar eit godt startgrunnlag og ei vidare kvalifisering. Med dei lange tenestetidene mange har som leiarar, vil påfyll og vidareutvikling vere tvingande nødvendig. Domstolleiarar står her ikkje i noka anna stilling enn andre leiarar. Og det er ikkje til å kome forbi at leiaroppgåvene stadig er meir krevjande. Ikkje minst blir det eit aukande behov for at domstolleiarane er med på fornying og utvikling; ikkje berre på fagleg nivå men like mykje på administrativt nivå. Notatet frå DA med framlegg om åremål for leiarane i dei største domstolane fall ikkje i god jord i domstolane. Eg ser at alternativet med seks pluss seks år ikkje høver godt inn i ein domstoltankegang, og dette alternativet burde ikkje vore med i utkastet. Derimot meiner eg at ein periode på åtte eller ni år, utan høve til oppattnemning i domstolleiarfunksjonen, burde vere ei god løysing, og det for alle tre nivå. Behovet for fornying og utvikling har gitt grunnlag for slike løysingar i ei eller anna form så godt som overalt i statleg sektor, og eg kan ikkje sjå at det er noko som tilseier ei anna løysing i domstolane. Det er så at det er opna for at domstolleiarar med lang tenestetid i praksis oftast kan gå over i vanleg dømmande embete etter fylte 60 år. Dette er val styrt av den enkelte domstolleiar, og det er ikkje utan vidare samanfall mellom den enkelte sitt val og behovet for fornying. For meg står det som eit tankekors at det skal utnemnast personar som leiarar for kanskje både 15 og 25 år, utan at det er grunnlag for overprøving. Eg går ikkje gjennom dei rettslege spørsmåla, ut over å seie at det etter mitt syn ikkje er ein del av den dømmande funksjonen å administrere ein domstol, så langt det ikkje grip inn i avgjerder i enkeltsaker. Mi oppfordring er at dommarar og domstolleiarar går gjennom kva som må til dersom målet er at det framleis skal vere dommarar og ikkje til dømes økonomar eller statsvitarar som leiar domstolane om eit par tiår. Den som ikkje trur det er eit perspektiv kan ta eit attersyn på debatten for nokre tiår sidan om sjukehusa, der det den gongen vart halde fram som umogeleg at andre enn legar kunne leie sjukehusavdelingar eller sjukehus. Det kan vere at LOK-rapporten om deling av dommarfunksjonen og leiarfunksjonen trefte betre enn det oppfatninga om den var den gongen. Det kan vere at åremål som domstolleiar er er ein variant som gir ei

4 betre løysing enn det. Men eg åtvarar mot haldningar som går ut på at alt er bra og at ikkje noko må endrast for leiarfunksjonane. 4. Ny teknologi Så over til IKT. Lovisa vart etablert av Justisdepartementet, og det var ei svær satsing i starten av det førre tiåret. Data-plattformane for domstolane var inntil nyleg godt over ti år gamle. Vi må vedgå at vedlikehald og fornying av IKTsystema lenge ikkje vart tilstrekkeleg prioriterte i åra etter etableringa. Midlar til stillingar vart prioriterte. Ei oppdatering av IKT-systema måtte skje på fleire nivå, heilt frå grunnen av og opp til dei programma vi ser på skjermen, og det gjekk ikkje gjekk så godt. Eg skal ikkje dvele meir ved desse velkjende tilhøva. Eg starta som dommar rundt årtusenskiftet. Høgsterett hadde den gongen ein server i kjellaren med eit samla minne som det ein i dag får på ein mobiltelefon til nokre tusen kroner. Det var ikkje Internett på kontora, og heller ikkje ekstern e-post. Så kan ein tenkje på kva som finst i dag, sjølv med vår nokså forsiktige standard. Og domstolane skal vidare. I desse dagane startar endeleg prøveprosjektet elektronisk samhandling, ELSAM, eitt år forseinka. Dei profesjonelle aktørane kan sende inn dokument elektronisk til nokre domstolar i Midt-Norge som då skal gå direkte inn i domstolane sine system. Det er ein milepåle. DA må ta forsiktige skritt vidare. Visjonen må vere at domstolane opererer papirfritt. Det er ikkje mogeleg blir det kanskje sagt. Kvifor ikkje, er mitt spørsmål. Mange andre i privat eller offentleg sektor har klart det. Og det går den vegen. Så må domstolane vere i stand til å nyttiggjere seg dokumenta. Lite er vunne om ELSAM og nytt politisystem berre flyttar over til domstolane å kopiere opp papirdokument. Dette krev system for dokumentorganisering litt ut over det som i dag følgjer av utdragslova for å kunne handtere dokumenta elektronisk. Det blir spennande å sjå løysinga. For min del må eg vedgå at eg er litt fasinert av styreportalen til DA, der dokumenta ligg sentralt lagra. Samtidig har kvart styremedlem det vi kan tenkje oss er eit personleg, gjennomsiktig ark til å leggje over som det skrivast på enten med tastatur eller elektronisk penn. Det tok berre ein times demonstrasjon før alle i styret både var inne i bruksmåten og fasinerte av systemet. Eg minner her om at tvistelova har som utgangspunkt at prosesskriv skal sendast elektronisk. Men ja, det krev arbeid der det må skje endring i arbeidsmåtar og der lovverket må justerast. Alt kan ikkje bli likt i ei elektronisk verd som i ei papirverd.

5 Vi er her samtidig avhengig av andre, ikkje minst eit sterkt driv i Justisdepartementet, også ut over det å skaffe pengar. Det må etablerast gode ordningar for sikker identifikasjon av personar, for digital signatur, lover og forskrifter må skrivast i strukturert form, og det må lagast retningslinjer for strukturert form på materiale som skal inn i avgjerdene. Materialet må altså flyte friksjonsfritt gjennom ledda, frå politi, til påtalemakt, derifrå til domstolar og forsvarar, og så frå domstolane til Kriminalomsorga og eksempelvis til Statistisk sentralbyrå. Den som trur at politiet kan klare sin del av dette ved å flikke på eit fleire tiår gammal datasystem, tar etter mitt syn grundig feil i kva som må til. Ei utvikling mot meir digitale, og i framtida fullt digitale, domstolar krev eit aktivt og sterkt DA. Og det krev leiarar som er innstilte på modernisering og endring. Sjølve arbeidet med IKT må gjerast av andre enn domstolleiarane, men det er lite å få gjort utan at domstolleiarane har ei viss innsikt i og ei viss interesse for det. Sjølv om det tidvis har butta mot når det gjeld IKT, meiner eg det skjer ei satsing som lovar godt. For meg har det vore viktig at dette feltet har vorte prioritert. 5. Om kvalitet og kompetanse Domstolane er kompetansebedrifter. Vi har gjerne tenkt på kompetanse som kunnskap om jussen, det vere seg materielle reglar eller prosessreglar. Og vi har meint at det for ein dommar er særleg viktig å vere god i prosess; det er det som er vårt reiskap, vi kan likevel ikkje lære alt i alle fagdisiplinar. Samtidig: allmennpraktikaren er på veg ut i advokatvera. Vi rekrutterer dermed dommarar som ofte har ein svært spesialisert bakgrunn. Det krev nok at vi framleis har eit visst fokus også på materiell jus. Så har vi kunnskap om det å vere dommar. Korleis handterer ein ei stor jurysak, eller kva gjer ein i ei sak med mange vitne? Korleis skal ein som dommar opptre overfor dei som ein møter i retten? Vi ser at det er nødvendig med utvikling av dette. I forlenginga av dette vil eg seie at det ofte kan vere slik at større domstolar kan ha gode interne opplegg både om prosess og om materiell jus. Eg synest likevel for min del at det her lett blir eit litt for snevert perspektiv. For det første har dei store domstolane eit ansvar for å bidra til dommarfellesskapet i det heile. Og for det andre meiner eg at også dommarar i dei store domstolane på alle nivå har godt av å møte andre dommarar, så vel i kurs om fagtema som i uformelle samtalar for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar.

6 Vi er eit mangekulturelt samfunn; i nokre område av landet i svært stor grad. Det er nødvendig å ha ein viss kunnskap om livssituasjonane til alle som bur i dette mangfaldige landet. Vi ser samtidig at alt dette smeltar saman. Tek vi familiesaker som døme, er det avgjerande at vi har ein dommarstand som er godt oppdatert og som kan handtere slike saker på ein måte som samfunnet ser seg tent med. Inn i dette kjem også spørsmålet om moderat spesialisering; sjølv om dette kanskje ikkje er så aktuell problemstilling på eit felt som alle dommarar har temmeleg mange av. Domstolane skal levere kvalitet. Det er litt for enkelt å tenkje seg at dette berre har med dommararbeidet å gjere. Vi har mange andre i domstolane, med litt varierande oppgåver. Det let seg ikkje gjere å få til fornying av arbeidet i domstolane utan at det skjer kontinuerleg og målretta utvikling av desse. Det er viktig at det skjer ei kompetanseutvikling også for desse gruppene. Ikkje minst krevst det dersom overgang til meir elektronisk arbeid skal vere mogeleg. Og det krevst dersom det meir av det arbeidet dommarar gjer i dag, skal kunne overførast til andre. Rapportane om kompetanseløpa er no lagde fram, med unntak om det som gjeld dommarane i dei alminnelege domstolane. Kvalitetsprosjektet er også i godt arbeid. Dette er etter mitt syn heilt avgjerande for det som skal skje i domstolane. Det er viktig at dette blir prioritert framover. Eg har tre synspunkt som eg vil kome med: Det bør på plass eit krav om obligatorisk utdanning, nokon lunde etter mønster frå den advokatforeininga har. Det kan t.d. vere snakk om eit årleg krav på 16 timar, der opp til halvparten kan takast internt og resten ved deltaking på eksterne kurs til dømes i DA eller hos JUS Juristenes Utdanningsenter. For mange er dette ikkje noko nytt, men det er dessverre enkelte som bør ha eit slikt krav. Og ja; det er mi meining at dette bør vere styrande overfor domstolleiarene, som då ikkje kan disponere denne tida i domstolane. For jordskiftedomstolane må det skje auka opplæring i samband med den nye jordskiftelova. Det kjem på plass. I tillegg bør det vere ei større vektlegging av prosess. Når først domstolsporet er valt, har det konsekvensar. Domstolleiarane har ei viktig rolle i dette. Val av utdanningstilbod ligg i prinsippet innanfor styringsretten. Og det må for alt personale kome inn ei nyttevurdering. Eit nokså konkret døme: Når det skjer ei omforming av arbeidet, med større bruk av teknologi og andre arbeidsformer, må val av kompetansetiltak for saksbehandlarane omsynta dette.

7 For meg har det vore viktig å sikre at DA og domstolane vektlegg kompetanse og kvalitet. Eg har ikkje sett utgreiingane om kompetanseløpa, og kvalitetsprosjektet er ikkje sluttført. Men det er med tilfredsheit at eg ser at det blir lagt opp til vidare målmedviten satsing. 6. Oppbygging av den dømmande funksjonen 6.1 Kva oppgåver bør domstolane ha Spørsmålet om domstolsstruktur som til dømes kor mange tingrettar vi skal ha krev eit syn på kva domstolane skal gjere. Først når ein veit kva arbeid som skal gjerast, kan det lagast ein plan for organisering av arbeidet. Domstolane har i dag verken handelsregister, tinglysing eller praktisk namsmannsarbeid. Det er likevel igjen ein del forvaltningsfunksjonar. Styret har meint at dette ikkje bør liggje til domstolane, som bør ha ein reindyrka dømmande funksjon. I dag har politiet ein del sivile gjeremål, som til dømes namsfunksjonen og også visse typar skjønn. DA har meint at det bør kunne utviklast ein rettsfunksjon på grunnplanet ei slags vidareføring av forliksråd og konfliktråd - som tek over ein del av oppgåvene. Skjønnsoppgåvene som politiet har i dag, bør kunne overførast til jordskiftedomstolane, og dei første stega til dette er då også tekne i utkastet til ny jordskiftelov. Så eit anna spørsmål. Ein bør ikkje slå seg til ro med måten saker blir avgjorde på. Lat meg ta eit døme. Forslaget til ny straffeprosessordning i Sverige går inn for at den sikta kan godta at saka blir avgjort i tingretten utan at han møter, der forslaget frå politiet er ei straff av fengsel i seks månader eller mindre altså noko som går vidare enn vår ordning med tilståingsdom. Det er også forslag om at det ikkje treng vere meddommarar i saker for tingretten sjølv om skuld ikkje er vedgått, dersom straffepåstanden er fengsel i seks månader eller mindre. Det kan innvendast at desse forslaga ikkje sparer dommarane for så mykje arbeid. Det kan diskuterast, men det vil lette på det administrative apparatet og på tidsplanlegginga, og det vil dessutan stille mindre krav til rettssalar. Lagmannsrettane er relativt store, og det er også klart eit behov for styrking av desse, dersom det ikkje blir gjort endringar i regelverket for desse. Det er derfor grunn til å åtvare mot å etablere nye organ med ankerett direkte til lagmannsretten. Skulle det bli etablert eit særskilt organ i familiesaker, bør det bli ei nemnd, der overprøving skjer i tingretten og med avgrensa anke til lagmannsretten. Etter mitt

8 syn burde det same gjennomførast i trygderettssaker, med overprøving i tingretten med avgrensa høve til å anke til lagmannsretten. Det bør også vurderast å gjere noko med ordningane for å tillate overprøving i lagmannsretten. At det no er krav til grunngiving for nekting av å fremje straffeanke, tilseier at det bør kunne skje endring i silingsordninga. Såleis er det etter mitt syn ikkje lenger grunn til automatisk ankerett i seksårssaker, dersom det er klart at anken ikkje vil føre fram. Det gjeld først og fremst for seksårssaker der den faktiske straffa i tingretten er låg, til dømes eitt år, men det gjeld etter mitt syn også for alvorlege saker. Og det kan vere grunn til å avgrense også ankeretten i sivile saker. I Sverige blir 75 % av alle sivile anker til hovretten nekta; hos oss er det tilsvarande talet 5 %. Eg går ikkje inn på tekniske spørsmål; eksempelvis ankenekting eller samtykkekrav, men det står for meg som openbert at det er grunn til å sjå på spørsmålet. Etter mitt syn bør det også gjerast noko med talet på dommarar i lagmannsretten. Proposisjonen til ny jordskiftelov er spennande lesing. Etter den kan ei anke i ei jordskiftesak avgjerast av ein jordskiftelagdommar med meddommarar, og det kan vere to lagdommarar og ein jordskiftelagdommar. Men det kan også vere ein lagdommar, ein jordskiftelagdommar og ein meddommar. Som gammal skjønnsadvokat minnest eg mange overskjønn, også ganske store, med ein juridisk dommar saman med skjønnsmenn. Og som fast forsvarar i lagmannsretten i si tid møtte eg i saker med to juridiske dommarar og tre meddommarar. Dette bør tenkjast gjennom. 6.2 Struktur Eg har kommentert endring i arbeidsoppgåver. For struktur er det ytterlegare eitt tilhøve som kjem inn. Folketalet i landet stig med rundt 1 prosent årleg. Og denne veksten kjem stort sett i Oslo- og Stavanger-områda og i nokre andre større byområde, der folketalet aukar med opp til to prosent årleg. I seg sjølv tilseier veksten i folketalet større ressursar til domstolane. Alternativet er at det blir frigjort ressursar ved at saker blir trekte ut, slik eg alt har vore inn på. I alle fall krev utviklinga at ein større del av domstolsressursane blir knytt til dei områda der folketalet veks sterkt. Ikkje minst gjeld det Oslo-området, der både vekst i folketal, tyngd i aktivitetar og multikulturelle utfordringar tilseier at det må skje ein auka innsats. Eg ser at samanslåing av Oslo tingrett og Oslo byfutembete ikkje gir noko svar på dette. Sjølv om det byfutembetet kanskje bør gå inn i dei ordinære domstolane også i Oslo, bør det bli som del av ei meir samla løysing der Oslo tingrett blir redusert i

9 storleik, og det samtidig som dei tilgrensande domstolane Asker og Bærum, Nedre Romerike og Follo blir vesentleg større. DA har meint at talet på førsteinstansdomstolar bør reduserast til rundt 30. Ein reduksjon er i samsvar med den tenkinga som er i andre land og også med det som skjer elles skjer rundt oss. Først og fremst er det ei overordna kvalitets- og kompetansevurdering som ligg til grunn for synet. Og det må vere mogeleg å få gode støttefunksjonar og ein profesjonalisert administrasjonen. Ikkje minst må domstolane på litt sikt vere attraktive arbeidsplassar. I svært mange tilfelle ligg domstolane i dag svært tett, utan problematiske reisevegar mellom dei, slik at omsynet til brukarane ikkje tilseier så mange domstolar. Også for lagmannsrettane er det utfordringar. Ikkje minst gjeld det for det sentrale austlandsområdet. Omfanget av ankebehandling bør nok reduserast, men det er likevel ei utfordring kva som skal skje særleg i Oslo-området. For meg står det som klart at landet ikkje bør ha ytterlegare ankedomstolar, og det er då spørsmål om å justere grensedraginga for Borgarting mot Eidsivating og eventuelt Agder. Dette bør skje straks grensene for førsteinstansdomstolane i Oslo-området er ferdig fastlagde, og kan krevje kraftfulle grep. 6.3 Talet på dommarar Etter mitt syn har Noreg eit tal på dommarar som er i eit rimeleg høve til folketalet. Vi bør ikkje løyse utfordringane med mange saker med å auke talet på dommarar, men sjå litt på kva saker domstolane behandlar og også litt på måten dette blir gjort på. Eg har gitt nokre innspel til dette i innlegget no, og lar det vere med det her. 6.4 Fleire ressursar Eg har ikkje tenkt å seie så mykje om økonomien i domstolane. Eg vil berre kome med eitt synspunkt: Vi hadde ein diskusjon med domstolleiarar i haust, i lys av at halvparten av tildelinga på 40 millionar kroner to år tidlegare vart teken bort. Dermed måtte også halvparten av den tidlegare auken i stillingar bort. Frå førstelagmennene og leiarane i dei store tingrettane vart det framheva at saksavviklinga måtte ha første prioritet, og at særleg midlar til kompetanse måtte kuttast. Eg er sterkt ueinig i tankegangen frå domstolleiarane. Kompetansearbeidet

10 er eit avgjerande område for domstolane. Etter mitt syn er midlane å likestille med såkorn, og det er svært uheldig for ein bonde å bruke det sjølv om det buttar imot. Måten midlane til kompetanse blir brukte på kan det vere ulikt syn på, men det kan ikkje stillast spørsmålsteikn ved at dette er midlar som må liggje fast. Det overraska meg også at dette kom på eit tidspunkt då rapportane om dei ulike kompetanseløpa var i kjømda. Det gir heller ikkje noko signal til Justisdepartementet for ikkje å seie til Finansdepartementet om at domstolane treng meir pengar, dersom midlane til langsiktige tiltak som til kompetanse blir fjerna, og sakene derfor ikkje berre blir avgjorde innanfor tidsfristane men også godt innanfor desse. Det er eit politisk spørsmål kva nivå arbeidet i domstolane skal leggjast på, og DA sin jobb her er eigentleg å synleggjere for politikarane kva som må til og kva som er konsekvensane av ulike alternativ. Ventelister er ikkje domstolane sitt ansvar åleine. 7. Jordskiftedomstolane Eg har ikkje snakka noko særleg om jordskiftedomstolane. Då spørsmålet om statusen av jordskiftedomstolane kom opp, var eg med i styret i dommarforeininga. Synspunktet der var at jordskiftedomstolane i hovudsak ikkje driv dømmande verksemd, og at dei då heller ikkje burde administrerast av DA. Eg møtte i den gongen i næringskomiteen i Stortinget som styremedlem i Den norske Dommerforening, og Magne Reiten møtte frå jordskiftedommarane i TEKNA. Noko av det første som møtte meg som styreleiar i DA var Magne Reiten som styremedlem. Eg trur vi deretter har sett svært så likt på det som gjeld jordskiftedomstolane. Korleis har det så gått? Det er 34 jordskifterettar, og det kjem nok til å skje ein reduksjon i dette talet. Strukturen er under vurdering. For oss alle må det vere tankevekkjande at det ikkje har vore råd å få kvalifiserte søkjarar til jordskifterettane på Vågåmo og i Kongsvinger, og at desse jordskifterettane derfor i alle fall for nokre år framover blir drivne frå Lillehammer og Hamar. Ønskje om større fagmiljø er nok ein del av forklaringa. Jordskiftedomstolane har tre faggrupper; dommarar, ingeniørar og saksbehandlarar. Og det er nokre stillingar som jordskiftedommarfullmektig, for å sikre fornying

11 både på kort og lang sikt. Det er nok ønskjeleg å spisse dommarrolla, og redusere talet på dommarar noko til fordel for vekst særleg på ingeniørsida. Jordskiftedommarane tok etter mitt syn eit val då dei ønskte å bli embetsdommarar. Litt av den gamle, litt uformelle handlemåten måtte bytast ut med ei meir formell dommarrolle. Den utviklinga har nok gått vidare. Eg kan nemne at DA no har fått kompetansen til å fastsetje fagkrava til jordskiftedommarar. Det er ikkje ei usannsynleg utvikling at ein del av jordskiftedommarane i framtida vil vere juristar med tilleggsutdanning. Det mest spennande akkurat no er proposisjonen om ny jordskiftelov. Dette er viktig; det er ei nødvendig fornying av jordskiftearbeidet. Eg omtalar berre to punkt: Ein del dømmande funksjonar blir flytta over til jordskifterettane. Såleis blir private vegskjønn etter veglova 53 blir flytta over frå tingrettane til jordskifterettane. For nokre typar saker kan det kanskje seiast at løysinga var opplagd eg tenkjer på beiteskjønn, gjerdeskjønn og skjønn etter servituttlova dette var tidlegare lensmannsskjønn. Eg ser for meg at det i politimeldinga blir varsla at fleire sivile gjeremål blir tekne bort frå politiet, og at i alle fall det meste av dette blir overført til jordskifterettane. Det andre eg vil nemne er ankeordninga. Det har der vore ein verdfull dialog mellom jordskifteoverrettane og lagmannsrettane. Løysinga er at jordskifteoverrettane blir avskaffa, og at alle ankar går til lagmannsrettane. Som før nemnt blir jordskifteoverrettane lagde ned, og lagmannsrettane får eigne jordskiftelagdommarar som tek del i alle ankar over jordskifte, og som også kan delta i andre saker om fast eigedom. Dette er ei spennande og prinsipiell endring. For min del var eg usikker til det siste på om proposisjonen kom tidsnok til å bli behandla i Stortinget no i vår. Når den no kom, må eg seie at eg er så tilfreds med både det og med innhaldet at det berre er å sitje stille og håpe at det ikkje skjer noko uventa. Eg har berre oppdaga ei setning eg ikkje likar heilt. Det gjeld økonomien i gjennomføringa. Dette er et spørsmål som har sider både til Landbruksdepartementet og til Justisdepartementet. Men eg har bestemt med for at eg skal tru at også dette er i orden, og seier ikkje meir om det. *** Takk for ordet.